Meld. St. 40 (2012–2013)

Fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2013 og fisket etter avtalane i 2011 og 2012

Til innhaldsliste

Del 4
Fisket etter avtalane i 2011 og 2012

5 Fisket etter avtalane i 2011 og 2012

5.1 Den felles forvaltninga

I omtalen av fisket etter avtalane for 2011 og 2012 er hovudvekta lagt på i kva grad Noreg og dei partane som får tildelt kvotar i norske område, faktisk utnyttar desse kvotane. Først presenterer vi dei norske kvotane i sonene til andre statar og utnyttinga av desse, jf. pkt. 5.2 nedanfor. Deretter, i punkt 5.3, presenterer vi kvotane andre statar har i norske område og utnyttinga av desse. Kommentarane til kvoteutnyttinga omfattar berre åra 2011 og 2012.

I dei neste avsnitta vert omgrepet «felles forvaltning» nytta om ein del sentrale fiskebestandar. Felles forvaltning tyder at to eller fleire land/samanslutningar av land har avtala å forvalte ein bestand saman, fordi bestanden finst i sonene til fleire land. Dette inneber at det i dei årlege kvoteforhandlingane vert avtalt ein totalkvote for bestanden, som vert fordelt på dei aktuelle avtalepartane.

5.2 Norsk utnytting av kvotar

I avsnitt 5.2 og 5.3 er kvotane henta frå dei årlege kvoteavtalane, med eventuelle oppdateringar. Fangsttala er baserte på landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet eller på dei fartøya som har rapportert fiska frå dei ulike jurisdiksjonsområda. Dette er anten til Fiskeridirektoratet eller til ansvarlege i tredjeland, det vil seie styresmaktene i kyststaten. Rapporterte fangsttal frå fiskefelta kan avvike frå tala i landings- og sluttsetelstatistikken som viser utlossa kvanta. Symbolet (–) i tabellane tyder anten ingen fangst eller ingen kvote.

Noreg – Russland

Fellesbestandane

Noreg og Russland har felles forvaltning av artane torsk, hyse, blåkveite og lodde. Noreg sine kvotar (etter overføringar til tredjeland) og fangstar av desse bestandane går fram av tabell 5.1. Delar av dei norske kvotane for desse bestandane kan fiskast i russisk økonomisk sone, sjå tabell 5.2.

Tabell 5.1 Oversikt over norske kvotar (etter overføring til tredjeland) og fangst på fellesbestandane i Barentshavet

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2011

2012

2011

2012

Torsk

337 269

357 196

338 5682

354 4582

Hyse

155 470

158 453

158 204

159 0632

Blåkveite

7650

9165

8348

9123

Lodde

275 000

221 000

273 070

222 324

1 Fangsttala (inkl. forskingsfangst) er henta frå Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 4. april 2013.

2 Registrert ungdoms- og rekreasjonsfiske utgjer i 2011 og 2012 høvesvis 1405 tonn og 1788 tonn torsk, men ein reknar med at heile avsetninga på 7000 tonn vart teken. I 2012 vart det avsett 300 tonn hyse til ungdoms- og rekreasjonsfiske. Det er registrert 85 tonn, men ein legg til grunn at heile avsetninga vart teken.

Kommentarar til oversikta

Kvotetala inneheld kvotar avsett til forsking. For åra 2011 og 2012 vart det avsett 7 000 tonn torsk til forskings- og forvaltningsformål. Avtalen for 2011 og 2012 opna vidare for å avsetje 4000 tonn hyse til forskings- og forvaltningsformål. Noreg avsette 2000 tonn hyse og 2000 tonn gjekk såleis inn i disponibel kvote for norske fartøy. I 2011 og 2012 vart det overført 48 000 tonn og 30 000 tonn lodde frå Russland til Noreg i byte mot 15 000 tonn og 10 000 tonn norsk vårgytande sild.

Som fylgje av at Noreg ikkje inngjekk bilateral avtale med Færøyane i 2011 og 2012, og sidan EU ikkje har noko interessant å bytte mot torsk og hyse frå Barentshavet, vart det i både 2011 og 2012 tilbakeført torsk og hyse frå kvota avsett til tredjeland i norsk-russisk fiskerikommisjon til nasjonal kvote. Det vart tilbakeført 18 016 tonn og 17 399 tonn torsk i høvesvis 2011 og 2012, og 6720 tonn og 5200 tonnhyse i 2011 0g 2012til nasjonal kvote. Torskekvoten nord om 62°N vart ikkje oppfiska i 2012. Den uregistrerte delen av rekreasjonsfisket er lagt til tala og ein legg vidare til grunn at heile avsetninga på 7000 tonn vert teken og dermed enda utnyttingsgraden på 100,4 og 99,3 prosent.

Utnyttingsgraden for hyse var på om lag 101,8 prosent i 2011, medan den i 2012 var på 100,4 prosent. Kvoten vart altså noko overfiska i 2011. Bakgrunnen var at hysa var lettare tilgjengeleg enn venta sommaren 2011 for havfiskeflåten, og overfisket skuldast uunngåeleg bifangst i andre fiskerier etter at direktefisket etter hyse vart stoppa hausten 2011. Loddekvoten vart godt nytta i 2011 og 2012.

Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen vart i 2009 einige om ein totalkvote på 15 000 tonn blåkveite i tre år framover og ein fordelingsnøkkel som gav Noreg ein kvote på 7650 tonn blåkveite. I 2011 vart partane einige om ein totalkvote på 18 000 tonn for 2012, der Noreg fekk ein kvote på 9165 tonn. Av dette skulle 750 tonn brukast til forsking. Denne kvoten vart overfiska med 9,1 og 0,5 prosent i 2011 og 2012.

Tabell 5.2 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i russisk økonomisk sone

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2011

2012

2011

2012

Torsk

140 000

140 000

450

463

Hyse

30 000

35 000

580

179

Blåkveite

7650

8415

-

4

Reker

2500

2500

-

1838

Grønlandssel

7000

7000

200

-

Lodde

270 000

216 000

67 695

710

Steinbit

2200

2200

54

955

Flyndre

500

500

-

-

Bifangstkvote

500

500

1

1

1 Fangsttala (inkl. forskingsfangst) er henta frå Fiskeridirektoratets registre for elektroniske fangst- og aktivitetsdata per 3. april 2013.

Generelt har trålarane og andre havfiskefartøy fastsette kvotar praktisk talt utan overregulering, og dei held seg stort sett innanfor desse kvotane. Kystfiskeflåten består av mange fartøy som stadig vert meir effektive. Varierande grad av deltaking i fisket i kystflåten gjer det nødvendig å regulere fisket med såkalla overregulering. Overregulering er differansen mellom summen av maksimal-/fartøykvotane og gruppekvoten. Overreguleringa vert uttrykt i prosent av gruppekvoten, differansen vert omtalt som overregulering. Dersom summen av maksimal-/fartøykvotane er 13 000 tonn og gruppekvoten er 10 000 tonn, er overreguleringa 30 prosent. Tilgangen på fisk kan variere frå år til år, mellom anna på grunn av vêrforhold langs kysten. Dersom fiskeristyresmaktene bommar med graden av overregulering for kystfiskeflåten og ikkje greier å korrigere dette i tide, kan det føre til at dei fastsette kvotane vert overfiska. Ulike forhold kan òg føre til at kvotane ikkje vert fiska eller utnytta fullt ut.

Kommentarar til oversikta

Norske kvotar og fangstar i russisk økonomisk sone (RØS) går fram av tabell 5.2. Med unntak av lodde i 2011 og reker i 2012 nytta Noreg lite av sonetilgangen i RØS i 2011 og 2012. Noreg kunne fiske heile loddekvoten i RØS.

Noreg – EU

Fellesbestandane

Noreg og EU har felles forvaltning av artane torsk, hyse, sei, kviting, raudspette og sild i Nordsjøen, sjå tabell 5.3. Delar av dei norske kvotane for konsumfiskbestandane kan fiskast i EU si sone av Nordsjøen, sjå tabell 5.4. Makrell er forvalta i eigen avtale mellom partane.

Tabell 5.3 Norske kvotar (etter overføringar til EU og tredjeland) og fangstar på fellesbestandane i Nordsjøen

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2011

2012

2011

2012

Torsk

4729

4659

4758

4559

Hyse

6918

8301

1183

1069

Sei

48 596

40 666

47 216

33 219

Kviting

1293

1116

28

94

Raudspette

4538

5209

1224

1025

Nordsjøsild

57 154

119 529

60 850

119 623

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 3. april 2013. Fangstala for sei og sild er både frå ICES-område IIIa og IV, medan makrelltala er frå ICES-område IIa, IIIa ,IV og VIa.

Tabell 5.4 Oversikt over Noreg sine kvotar (etter overføringar til EU og tredjeland) og fangstar i EU sitt farvatn, og tildelte kvotar frå EU i grønlandske farvatn

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar (tonn)

2011

2012

2011

2012

EU1:

Makrell

182 827

180 843

114 624

56 452

Sild2

50 000

50 000

46 432

61 646

Augepål

0

5000

19

1839

Kolmule

6587

94 227

6949

94 413

Tobis

20 000

2300

19 383

1995

Brisling

10 000

10 000

10 036

9136

Hestmakrell

3550

3550

3863

44

Torsk2

4729

4659

1543

1744

Hyse2

6918

8301

273

247

Sei2

48 596

39 780

18 562

14 305

Blålange

150

150

95

140

Lange3

6140

6140

3818

4908

Brosme3

2923

2923

2111

2150

Kviting2

1293

1116

8

49

Raudspette2

4538

5209

1172

939

Sjøtunge

50

50

-

-

Blåkveite

350

350

474

592

Kombinert kvote

140

140

247

235

Andre artar

2720

2720

1099

1825

EUGRL, Vest-Grønland4:

Blåkveite

800

800

589

801

Kveite

75

75

-

-

Skolest/Isgalt o.a.5

120

120

35

25

EUGRL, Aust-Grønland4:

Reker

3100

2900

-

-

Blåkveite

824

824

-

570

Kveite

75

75

-

-

Uer6

-

1500

-

630

Lodde

7965

-

7965

-

1 Fangsttala er henta frå Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 3. april 2013.

2 For desse fellesbestandane avtalar EU og Noreg storleiken på TAC for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane kan fiske i dei respektive sonene.

3 Av den samla kvoten for lange og brosme kan inntil 25 prosent vere bifangst (maksimalt 3 000 tonn).

4 Fangsttala er henta frå Fiskeridirektoratets registre for elektroniske fangst- og aktivitetsdata per 3. april 2013.

5 For begge åra har Noreg ein felles kvote ved Vest- og Aust-Grønland på 120 tonn skolest/isgalt.

6 Kvoten på uer ved Aust-Grønland kan òg fiskast i internasjonalt farvatn og EU-sona.

Kommentarar til oversikta

Norsk kvote og fangst inneheld kvantum relatert til forsking. Fangsttala inneheld ikkje norsk bifangst frå industritrålfisket. Bifangstane varierer frå år til år i storleik og art.

Norske kvotar i EU sitt farvatn og tildelte kvotar frå EU i grønlandske farvatn (EUGRL), med tilhøyrande fangstar

Noreg fekk i 2011 og 2012 tildelt kvotar av blåkveite og kveite for fiske i grønlandsk sone både av EU og Grønland.

For desse artane er det i denne meldinga berekna at kvoten frå Grønland vert utnytta først (sjå tabell 5.7). Eventuelle fangstar ut over Grønlandskvotane vert avrekna mot Noreg sine kvotar tildelte av EU (sjå tabell 5.4).

Kommentarar til oversikta

Noreg sine kvotar i EU-farvatn og tildelte kvotar frå EU i grønlandske farvatn, med tilhøyrande fangstar, går fram av tabell 5.4. Sidan 2009 har Noreg fiska tobis i EU-sona i byte mot torskekvote i Barentshavet.

I 2011 og 2012 kunne Noreg fiske 68 % av totalkvoten på kolmule ut frå kyststatsavtalen i EU-sona, samt eit kvantum framforhandla i den bilaterale avtalen mellom Noreg og EU.

Frå og med 2011 fekk Noreg høve til å fiske heile sin makrellkvote i EU-sona.

Blålange, lange, brosme, pigghå, brugde og håbrann kunne fiskas i Nordsjøen og vest av 4°V. Kombinertkvoten gjaldt linefiske etter havmus, mora, skjelbrosme, isgalt og skolest.

Kvoten «andre artar» i område IV og IIa omfattar fiske på artar det ikkje er fastsett kvotar for til Noreg i EU-sona.

Når det gjeld dei tildelte kvotane i grønlandske farvatn, vert desse slått saman med kvotane som Noreg får tildelt av Grønland. I denne meldinga vert den norske fangsten kvoteavrekna kvoten tildelt frå EU sist.

Inntil 2005 har eit element i den årlige kvoteavtalen mellom Noreg og EU vore ei overføring av lodde i den grønlandske fiskerisona til Noreg. Kvoten måtte fiskast innan kalenderåret, og vart i 2004 fastsett til 15 000 tonn. Dette loddekvantumet har referanse til Grønland sin del i trepartsavtalen for lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen. På grunn av den spesielle biologiske situasjonen i 2004 var det vanskeleg å berekne bestanden og TAC vart sett til 335 000 tonn lodde. Dermed vart det ikkje samsvar mellom loddekvoten til Grønland på 36 850 tonn og kvantum overført til EU. EU hadde dermed ikkje stor nok loddekvote for å oppfylle si plikt overfor Noreg. Dette førte til at Noreg og EU vart einig om ei løysing der overføringa av lodde i den grønlandske fiskerisona vart redusert til 7 035 tonn i 2004. Noreg har sidan då hatt 7 965 tonn lodde til gode. I 2011 vart det igjen opna for eit sommarloddefiske, og Noreg fekk då overført 7965 tonn lodde frå EU.

Noreg – EU (Sverige – Danmark), om fisket i Skagerrak/Kattegat

Torsk, raudspette og reker kan fiskast i Skagerrak. Dei andre artane i Skagerrakavtalen kan fiskast både i Skagerrak og Kattegat.

Tabell 5.5 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2011

2012

2011

2012

Torsk

139

138

70

121

Hyse

88

101

122

239

Kviting

19

19

8

8

Raudspette

159

159

215

122

Sild2

4001

6002

116

446

Makrell

3000

3000

1236

674

Brisling

3900

3900

709

482

Reker

3882

3300

2637

3566

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 27. mars 2013.

2 Inntil 50 prosent av sildekvoten i Skagerrak kan fiskast i Nordsjøen.

Kommentarar til oversikta

Norske kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat går fram av tabell 5.5. Dei viktigaste fiskeria for Noreg i Skagerrak er fisket etter reker. Fangstane av torsk i tabellen omfattar berre fisket utanfor grunnlinja.

Desse kvotane vart fastsette i den bilaterale kvoteavtalen mellom Noreg og EU. I 2011 og 2012 var det høve for norske fartøy til å fiske inntil 3000 tonn makrell i Skagerrak.

Noreg – Færøyane

Tabell 5.6 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i færøysk sone

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2011

2012

2011

2012

Lange/blålange

-

-

-

-

Brosme

-

-

-

-

Sei

-

-

-

-

Makrell

-

-

-

-

Hestmakrell

-

-

-

-

Kolmule

1672

16 302

-

-

Andre artar

-

-

-

-

1 Faroe Islands Fisheries Inspection per 10. januar 2012 og 11. april 2013.

Kommentarar til oversikta

Norske kvotar og fangstar i færøysk sone går fram av tabell 5.6.

Tabell 5.7 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i grønlandsk sone.

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2011

2012

2011

2012

Vest-Grønland:

Blåkveite

900

900

900

900

Aust-Grønland:

Blåkveite

275

275

145

275

Kveite

235

160

66

84

Uer

700

1900

547

413

Vest- og Aust-Grønland:

Torsk

750

750

800

795

1 Fiskeridirektoratets registre for elektroniske fangst- og aktivitetsdata per 3. april 2013.

Grunna usemje i makrellforvaltninga vart det ikkje inngått ein bilaterale avtale mellom Noreg og Færøyane i 2011 og 2012. Det vart inngått kyststatsavtale om forvaltning av kolmule. Noreg fikk høve til å fiske 1672 tonn kolmule i 2011 og 16 302 tonn kolmule i færøysk sone i 2012.

Norske fartøy fiska ikkje kolmule i færøysk sone i 2011 og 2012.

Noreg – Grønland

Kommentarar til oversikta

Noreg sine kvotar og fangstar i grønlandsk sone i 2011 og 2012 går fram av tabell 5.7. I tillegg kan norske fartøy fiske i grønlandsk sone på kvote tildelt av EU (sjå tabell 5.4).

Det deltok tre trålarar og eitt linefartøy i fisket etter blåkveite på Vest-Grønland både i 2011 og 2012. I fisket etter blåkveite ved Aust-Grønland deltok to linefartøy og tre trålarar i 2011, medan to linefartøy og to trålarar deltok i 2012.

Noreg fekk rekekvote frå EU i 2011 og 2012, men kvoteutnyttingsgraden vart svært liten (sjå tabell 5.4). I 2012 fekk Noreg også uer- og torskekvote.

Kvoten på uer er delt i botnlevande og pelagisk uer. Den pelagiske uerkvoten frå Grønland og EU kan fiskast i internasjonalt farvatn. Denne kvoten vart godt utnytta (sjå tabell 5.16).

I fisket etter kveite ved Aust-Grønland er det berre høve til å fiske med line. To fartøy deltok i både 2011 og 2012.

Før 2003 har det ikkje vore mogleg å utnytte torskekvoten som følgje av den dårlege bestandssituasjonen for torsk ved Grønland, men dei to siste åra vart torskekvoten godt utnytta.

Noreg – Island, om fisket etter botnfisk og lodde i islandsk sone

Tabell 5.8 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i islandsk sone

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2011

2012

2011

2012

Brosme, lange, blålange

500

500

450

467

Kveite

-

4

-

Uer

-

-

17

32

Anna

-

-

45

80

Lodde2

49 926

42 071

46 171

40 603

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 2. april 2013.

2 Sesongen 2011/2012og 2012/2013

Kommentarar til oversikta

Noreg sine kvotar og fangstar i islandsk sone går fram av tabell 5.8. I tillegg til kvoten på 500 tonn botnfisk hadde norske fartøy òg høve til å ha inntil 25 prosent bifangst av andre artar. Noreg utnytta botnfiskkvotane ved Island godt i både 2011 og 2012.

Forvaltninga av norsk vårgytande sild

Noreg sine kvotar og fangstar av norsk vårgytande sild går fram av tabell 5.9 og 5.10.

Tabell 5.9 Oversikt over kvotar og fangstar1 (tonn) før og etter overføringar i 2011

STAT

Kvote

Balanse 2010

Overføring

Kvote etter overføring og fleksibilitet

Fangst1

Balanse 2012

64 319

9654

-

73 973

57 051

6432

Færøyane

50 981

-360

-3000

47 621

53 270

-5649

Island

143 359

3908

1483

148 750

148 053

697

Noreg

602 680

-39 583

-16 483

546 614

572 238

-25 624

Russland

126 661

4611

15 000

146 272

144 429

1843

Totalt

988 000

-21 770

-3000

963 230

975 041

-22 301

Grønland

-

-

3000

3000

2940

-

1 Fangsttala er innrapportert frå deltakande land under fempartsforhandlingane oktober 2012.

Kommentarar til oversikta (tabellane 5.9, 5.10, 5.11 og 5.12)

November 2008 vart kyststatane EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland einige om å innføre kvotefleksibilitet over årsskiftet for 2008. Det vart høve til å føre over inntil 10 prosent av ubrukt kvote til neste år. Det vart òg høve til å forskottere inntil 10 prosent på neste års kvote. Alt fiske utover kvote skulle trekkjast frå kvoten neste år. Denne ordninga har seinare vorte ført vidare.

Færøyane fiska i 2011 og 2012 eit vesentleg høgre kvantum i si eiga sone enn tidligare år. I 2012 fiska dei kun 3368 tonn i NØS.

Tabell 5.10 Oversikt over kvotar og fangstar1 (tonn) før og etter overføringar i 2012

STAT

Kvote

Balanse 2011

Overføring

Kvote etter overføring og fleksibilitet

Fangst

Balanse 2013

EU

54 228

6432

-

60 660

39 422

5423

Færøyane

42 983

-5649

-2350

34 984

36 534

-1550

Island

120 868

697

988

122 553

121 215

1338

Noreg

508 130

-25 624

-10 988

471 518

490 955

-19 437

Russland

106 791

1843

10 000

118 634

118 595

39

Totalt

833 000

-22 301

-2350

808 349

806 721

1628

Grønland

-

-

2350

2350

2352

-

1 Fangsttala er førebels og innrapportert frå NEAFC per 21. februar 2013.

Tabell 5.11 Oversikt over fangstar1 av norsk vårgytande sild i ulike soner i 2011

Fangst fordelt på soner (tonn)

STAT

Kvote etter overføringar og fleksibilitet

INT

EU

FRO

IØS

NØS

JM

VS

RØS

Totalt

EU

73 973

-

-

-

-

55 279

1772

-

-

57 051

Færøyane

47 621

-

36 806

415

11 457

-

-

-

53 270

Island

148 750

-

-

11 852

127 402

8583

216

-

-

148 053

Noreg

546 614

47 314

1

-

-

524 085

838

-

-

572 238

Russland

146 272

29 286

-

19

-

77 821

2105

35 198

-

144 429

Totalt

963 230

81 192

1

48 677

127 817

677 225

4931

35 198

-

975 041

Grønland

3000

230

-

-

-

2710

-

-

-

2940

1 Fangsttala er innrapportert frå deltakande land under fempartsforhandlingane oktober 2012.

Tabell 5.12 Oversikt over fangstar1 av norsk vårgytande sild i ulike soner i 2012

Fangst fordelt på soner (tonn)

STAT

Kvote etter overføringar og fleksibilitet

INT

EU

FRO

IØS

NØS

JM

VS

RØS

Totalt

EU

60 660

-

-

-

21 137

12 310

5975

-

39 422

Færøyane

34 984

4911

-

28 255

-

3368

36 534

Island

122 553

-

-

24 048

97 167

-

-

-

-

121 215

Noreg

471 518

4315

-

655

-

466 151

-

19 834

-

490 955

Russland

118 634

15 160

-

23

-

17 842

10 866

74 704

-

118 595

Totalt

808 349

24 386

-

52 981

97 167

508 498

23 176

100 513

-

806 721

Grønland

2350

340

-

483

-

1529

-

-

-

2352

1 Fangsttala er førebels og innrapportert frå NEAFC per 21. februar 2013.

Den same trenden ser man hos islendingane. I 2012 fiska islandske farty inga sild i norske farvatn.

Noreg fiska i 2011 heile 25 624 tonn meir enn den norske kvoten på 546 614 tonn (etter overføring og fleksibilitet). Dette kvantumet vart trekt frå norsk kvote for 2012. Både i 2011 og 2012 vart kvoten fiska i NØS, i internasjonalt farvatn og ved Jan Mayen. I 2012 vart det òg fiska 655 tonn sild til agn i færøysk sone. I 2011 fiska Noreg heile 47 314 tonn sild i internasjonalt farvatn, mot 4 315 tonn i 2012.

I 2011 og 2012 fiska russarane eit betydeleg kvantum norsk vårgytande sild i internasjonalt farvatn og i vernesona rundt Svalbard. Det russiske hovudfisket føregjekk i vernesona rundt Svalbard i 2012.

EU, Island og Russland har overført unytta kvote til 2012 og 2013, medan Færøyane og Noreg begge åra fiska på forskot.

Forvaltninga av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen

I følgje den gjeldande trepartsavtalen for lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen varer sesongen for loddefisket frå 20. juni til 30. april. Det er likevel ikkje tillete for norske fartøy å drive fiske etter 15. februar i islandsk sone.

Tabell 5.13 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar på lodde i sesongane 2011/2012 og 2012/2013

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

Art

2011/2012

2012/2013

2011/2012

2012/2013

Totalt

105 276

71 711

104 664

40 603

derav Grønland

69 165

45 600

58 493

-

derav Jan Mayen

80 865

45 600

-

-

derav Island

49 926

42 071

46 171

40 603

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 27. mars 2013.

Kommentarar til oversikta

Noreg sine kvotar og fangstar på lodde i sesongane 2011/2012 og 2012/2013 går fram av tabell 5.13.

For sesongen 2011/2012 vart førebels TAC fastsett til 732 000 tonn i juli 2011. Norsk kvote var samansett av 58 560 tonn frå trepartsavtalen, der 20 496 tonn kunne fiskast i IØS og 24 411 tonn frå avtalen mellom Noreg og Island om fisket i Barentshavet. I tillegg fikk Noreg eit kompensasjonstillegg på 11 700 tonn frå førre sesong, der 4095 tonn kunne fiskast i IØS. Noreg hadde og eit kvantum på 7965 tonn lodde til gode frå EU frå loddesesongen i 2004 som utelukkande kunne fiskast i Grønlands fiskerisone og fiskerisona ved Jan Mayen. Til saman kunne Noreg fiske 102 636 tonn lodde, der 49 002 kunne fiskast i IØS.

Loddefisket ved Grønland og Jan Mayen starta 8. juli medan loddefisket ved Island opna 1. oktober. 26. januar 2012 vart TAC auka frå 732 000 tonn til 765 000 tonn lodde. Norsk kvote auka då med totalt med 2640 tonn der 924 tonn kunne fiskast i IØS.

43 fartøy deltok i fisket i Grønland si sone sommaren 2011, medan 61 fartøy deltok i fisket i IØS i januar og februar 2012. Det vart fiska totalt 104 664 tonn lodde sesongen 2011/2012.

For sesongen 2012/2013 vart førebels TAC fastsett til 300 000 tonn 2. november 2012. Norsk kvote var samansett av 24 000 tonn frå trepartsavtalen, der 8400 tonn kunne fiskast i IØS, og 26 111 tonn frå avtalen mellom Noreg og Island om fisket i Barentshavet.

8. februar 2013 vart TAC auka frå 300 000 tonn til 450 000 tonn. Den norske totalkvoten vart då auka med 12 000 tonn der 4200 tonn kunne fiskast i IØS. 11. februar 2013 vart TAC auka ytterligare, frå 450 000 tonn til 570 000 tonn. Den norske totalkvoten vart då auka med 9600 tonn der 3360 tonn kunne fiskast i IØS.

Til saman vart det fiska 40 603 tonn av totalt 76 ringnotfartøy. Norsk kvote vart sesongen 2012/2013 totalt 71 711 tonn lodde, der 42 071 tonn kunne fiskast i IØS.

Forvaltninga av kolmule

Noreg sine kvotar og fangstar av kolmule går fram av tabell 5.14.

Tabell 5.14 Oversikt over kvotar og fangstar1 (tonn) av kolmule i 2011 og 2012

År

Kvote

Kvotefleksibilitet

Overføring

Kvote etter overføring og fleksibilitet

Fangstar1

Balanse neste år

2011

9502

13 044

-513

22 033

20 539

1494

2012

92 651

969

24 994

118 614

118 831

-217

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 9. april 2013.

Kommentarar til oversikta

I 2011 og 2012 fiska norske fartøy kolmule i EU-sona, internasjonalt farvatn og i NØS. Noreg kan overføre 10 % av Noregs kyststatsandel inkludert ein overføring på 0,5 % frå EU. For 2011 utgjorde dette 969 tonn.

Forvaltninga av makrell

Noreg sine kvotar og fangstar av makrell går fram av tabell 5.15.

Tabell 5.15 Oversikt over kvotar og fangstar (tonn) av makrell i 2011 og 2012

År

Kvote

Balanse førre år

Overføring

Kvote etter overføring og fleksibilitet

Fangstar1

Balanse neste år

2011

183 069

14 500

242

197 327

207 955

-10 628

2012

181 085

-10 628

242

170 215

176 053

-5838

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 11. april 2013.

Kommentarar til oversikta

I 2011 og 2012 vart kyststatane ikkje einige om forvalting av makrell. Noreg og EU vart difor einige om ein bilateral avtale om forvaltning av makrell desse åra. Noreg kunne overføre eit ufisket kvantum på 14 500 tonn frå 2010 til 2011. Frå og med 2011 er det innført kvotefleksibilitet over årsskiftet i fisket etter makrell.

Norsk fiske i Irmingerhavet

Tabell 5.16 Oversikt over Noreg sin uerkvote og fangstar i Irmingerhavet

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar (tonn)1

2011

2012

2011

2012

Uer

1763

4232

1931

3361

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 10. april 2013.

Kommentarar til oversikta

Oversikta inkluderer kvotar og fangst på kvotar tildelt av EU og Grønland, jf. tabell 5.4 og 5.7. Noreg sine kvotar og fangstar i Irmingerhavet går fram av tabell 5.16. Tala inkluderer ikkje norsk fiske i Smotthavet (internasjonalt farvatn i ICES-område IIa). Fisket etter uer i Irmingerhavet var ikkje kvoteregulert før i 1996. Ved berekning av fangstuttak på uer i Irmingerhavet nytta norske fiskarar i 2007 norske omrekningsfaktorar som låg noko høgre enn det andre land i NEAFC nytta. For 2008 vedtok NEAFC ein felles faktor på 1,7.

Norsk fiske i det nordvestlege Atlanterhavet

Tabell 5.17 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i det nordvestlege Atlanterhavet

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2011

2012

2011

2012

Torsk

925

859

1117

826

Reker 3L

214

133

-

-

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 10. april 2013.

Kommentarar til oversikta

Noreg sine kvotar og fangstar i det nordvestlege Atlanterhavet går fram av tabell 5.17. Etter elleve års moratorium vart det i 2010 opna for torskefiske i underområde 3M. I 2011 og 2012 vart torskekvoten sett til 925 og 859 tonn. I 2000 fiska norske fartøy for første gong uer i NAFO-underområde 1F. Det er ikkje fastsett uerkvote i dette området. Noreg har òg høve til å fiske mellom anna blåkveite i NAFO-underområde 3LMNO under «others-kvoten».

Rekefisket i NAFO tok til våren 1993, då norske reketrålarar saman med reketrålarar frå Færøyane og Grønland starta fiske på rekefelta ved Flemish Cap. Rekefisket ved Flemish Cap utvikla seg på 1990-talet til å verte eit viktig driftsalternativ for rekeflåten ved sida av fisket ved Grønland. Rekefisket vart innsatsregulert i 1996. Omfanget av dette fisket har vorte mindre då tal på norske trålarar med reketråling som einaste driftsalternativ i mellomtida har gått sterkt attende. På grunnlag av bestandssituasjonen vart det i 2011 innført forbod mot å fiske reker i NAFO-underområde 3M. Dette forbodet gjeld framleis.

I 2011 vart den norske rekekvoten i 3L satt til 214 tonn, i 2012 vart rekekvoten redusert til 133 tonn. Ingen fartøy har fiska reker i 3L i 2011 og 2012.

5.3 Utanlandsk utnytting av kvotar i norske havområde i 2011 og 2012

Russland – Noreg

Fellesbestandane

Noreg og Russland har felles forvaltning av torsk, hyse, blåkveite og lodde i Barentshavet. Oversikta for 2011 og 2012 viser Russland sine kvotar og fangstar av desse bestandane etter overføring frå Russland til Noreg, men før kvotetildeling frå Russland til tredjeland (sjå tabell 5.18).

Tabell 5.18 Russiske kvotar og fangstar på fellesbestandane i Barentshavet etter overføring til Noreg og før overføring til tredjeland.

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar (tonn)

2011

2012

2011

2012

Torsk

307 253

327 857

310 326

330 956

Hyse

139 750

144 253

139 912

144 609

Blåkveite

6750

8175

7053

?

Lodde

105 000

99 000

86 531

63 668

Kommentarar til oversikta

Tala i tabell 5.18 inneheld murmansktorsk, kvote disponibel for forskings- og forvaltningsformål og overført tredjelandskvote. For åra 2011 og 2012 vart det avsett ein kvote på 21 000 tonn murmansktorsk og 7000 tonn torsk til forskings- og forvaltningsformål. I tillegg overførte Russland i 2012 3763 tonn torsk og 914 tonn hyse frå avsett tredjelandskvote til nasjonal kvote. Fangsttala er førebelse og rapporterte frå russiske styresmakter til norske styresmakter. Blåkveitebestanden vart fordelt i 2010, her manglar fangsttal for 2012.

Tabell 5.19 Oversikt over Russland sine kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2011

2012

2011

2012

NØS N 62°N:

Torsk

140 000

140 000

89 217

100 869

Hyse

35 000

35 000

30 657

31 339

Sei

15 000

14 250

8894

12 875

Blåkveite

6750

7 425

3489

3984

Steinbit

4500

4500

2173

2480

Uer

1750

1750

867

725

Snabeluer

1750

1750

532

529

Kolmule

698

6806

371

36

Norsk vårgytande sild

141 661

118 634

78 528

17 845

Lodde

100 000

94 000

20 764

41 020

Andre artar

3 000

3 000

345

240

Fiskerisona ved Jan Mayen:

Sild

-

-

2159

10 733

Makrell

-

-

-

92

Kolmule

-

-

27

232

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 11. april 2013.

Kommentarar til oversikta

Russland sine kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 5.19. Av torskekvoten i NØS i 2011 og 2012 vart høvesvis 64 prosent og 72 prosent fiska. I 2011 fiska Russland 88 prosent av hysekvoten sin, medan dei i 2012 hadde ei utnytting på 90 prosent.

Kvoten for snabeluer og uer kunne berre nyttast til bifangst i 2011 og 2012, medan steinbitkvoten skulle dekkje både direktefiske og bifangst. Av totalkvoten på 14 250 tonn sei kunne inntil 8000 tonn fiskast i eit direktefiske i 2012. Russland hadde i 2012 høve til å fiske 106 791 tonn sild i NØS nord for 62°N. I tillegg kom 10 000 tonn i kvotebytte mellom Noreg og Russland og 1843 tonn i unytta kvantum frå 2011. Kolmulekvoten og sildekvoten i NØS nord for 62°N kunne òg fiskast i fiskerisona ved Jan Mayen.

Kvoten av andre artar for 2011 og 2012 er ikkje spesifisert.

EU – Noreg

Fellesbestandane

I Nordsjøen har Noreg og EU felles forvaltning av torsk, hyse, sei, kviting, raudspette, sild og makrell. Delar av EU sine kvotar på konsumartane kan fiskast i NØS, sjå tabell 5.20. EU sine kvotar og fangstar av desse bestandane etter overføring frå Noreg til EU, men før kvotetildeling frå EU til tredjeland i 2011 og 2012, går fram av tabell 5.20.

Tabell 5.20 EU sine kvotar og fangstar på fellesbestandane i Nordsjøen etter overføring frå Noreg til EU, og før overføring til tredjeland.

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2011

2012

2011

2012

22 278

21 974

18 282

18 885

Hyse

26 432

30 158

24 822

22 753

Sei

43 843

37 774

41 988

23 373

Kviting

13 349

15 750

11 939

9 363

Raudspette

68 862

79 201

64 465

56 875

Makrell2

24 760

24 512

13 631

22 163

Nordsjøsild

142 000

287 550

136 038

231 450

1 Fangsttala for heile 2011 og 2012 per 31. oktober 2012 vart utarbeidd i førebuinga til forhandlingane mellom Noreg og EU hausten 2012.

2 Dei oppgitte fangsttala frå EU for makrell inkluderer ICES-områda IIa, III og IV medan dei oppgitte kvotane for makrell gjeld for ICES-områda IIIa og IV.

Kvoten for sild og makrell omfattar Nordsjøen og Skagerrak.

Tabell 5.21 Oversikt over EU sine kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2011

2012

2011

2012

NØS, N 62°N:

Torsk

14 127

16 309

15 597

16 089

Hyse

1350

1350

1701

1292

Sei

2550

2550

2575

2151

Blåkveite

50

50

35

27

Uer

750

750

50

130

Snabeluer

750

750

18

2

Kolmule

7529

73 416

92

2

Makrell

14 050

13 898

225

18

Sild

57 887

48 805

52 168

33 570

Andre artar

350

350

522

127

NØS, Nordsjøen2:

Torsk3

19 745

19 481

5326

6004

Hyse3

20 369

23 140

3439

4693

Sei3

44 723

38 654

16 514

11 713

Kviting3

9234

10 861

449

571

Raudspette3

28 257

32 500

2569

4343

Makrell3

25 002

24 754

1522

570

Nordsjøsild3

50 846

50 922

310

2825

Augepål

-

-

2

2

Kolmule

8329

74 216

-

-

Tobis

-

-

570

745

Reker

480

480

358

236

Andre artar

8720

8720

6707

6706

Fiskerisona ved Jan Mayen:

Sild

-

-

-

-

Kolmule

-

-

-

-

1 Fiskeridirektoratets registre for elektroniske fangst- og aktivitetsdata per 11. april 2013. Tala er basert på fartøya sine kalkulerte soner ved fiske.

2 EU sine kvotar i NØS i Nordsjøen er både i 2011 og 2012 sett saman av tre kvoteavtalar: avtalen mellom EU og Noreg, avtalen mellom Sverige og Noreg og «kolmuleavtalen». Avtalen mellom Sverige og Noreg er presentert i tabell 5.24.

3 For desse fellesbestandane avtalar EU og Noreg storleiken på TAC for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane kan fiske i dei respektive sonene.

Kommentarar til oversikta

EU sine kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde går fram av tabell 5.21. I åra 2011 og 2012 har EU nytta torske-, sei- og hysekvotane nord for 62°N godt. EU fiska 99 % av torskekvota i 2012. I 2011 vart torskekvota overfiska med 10,5 prosent. Forklaringa på dette er samansett. I 2011 var det ein del problem knytt til at enkelte EU-fartøy gav opp feil sone ved fangst. I fangsttala ovanfor er difor fangsten plassert på den kalkulerte sona til fartøyet ved fisket. Det er òg observert tilfelle av dobbelrapportering av fangst frå nokre av EU-fartøya. Det reelle fangsttalet for EU-fartøy kan difor vere noko lågare enn det som kjem fram i tabellen ovanfor, men det må likevel leggast til grunn at EU overfiska torskekvoten i 2011.

EU sin sildekvote nord for 62°N kunne fiskast i område under norsk jurisdiksjon nord for 62°N.

EU sin makrellkvote nord for 62°N kunne òg fiskast sør for 62°N i ICES-område IVa i Nordsjøen i 2012. EU sine kvotar av uer, blåkveite og samlekvoten for andre artar nord for 62°N er bifangstkvotar.

I 2012 kunne EU fiske 73 416 tonn kolmule i NØS og i fiskerisona ved Jan Mayen gjennom kolmuleavtalen. I tillegg kunne EU (Sverige) fiske 800 tonn industrifisk sør for 62°N.

EU sine fangstar i NØS sør for 62°N som del av deira samla fangstar i høve til kvote, utgjer i 2011 og 2012 desse prosentane: for torsk 27 og 31 prosent, for hyse 17 og 20 prosent, for sei 37 og 30 prosent, for kviting 5 prosent i begge åra og for raudspette 9 og 13 prosent.

EU utnytta 77 prosent av kvoten på andre artar i Nordsjøen i både 2011 og 2012.

Færøyane – Noreg

Tabell 5.22 Oversikt over Færøyane sine kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2011

2012

2011

2012

NØS, N 62°N:

Sild

22 384

18 873

11 137

3420

Kolmule

836

8151

-

20

NØS, Nordsjøen:

Kolmule

836

8151

-

-

Fiskerisona ved Jan Mayen:

Kolmule

836

8151

-

-

Sild

30 103

25 380

-

-

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 11. april 2012.

Kommentarar til oversikta

Færøyane sine kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 5.22. På grunn av usemje om makrell vart det ikkje inngått kvoteavtalar mellom Færøyane og Noreg for 2011 og 2012. Færøyane har like fullt høve til å fiske kolmule og sild gjennom fempartsavtalen og «kolmuleavtalen».

Færøyane kunne gjennom fempartsavtalen fiske totalt 25 380 tonn sild i Noregs jurisdiksjonsområde nord for 62°N i 2012. Av dette kunne 18 873 tonn fiskast i Noregs økonomiske sone nord for 62°N. For 2011 var desse kvotane på høvesvis 30 103 og 22 384 tonn.

Gjennom «kolmuleavtalen» kunne Færøyane i 2012 fiske 8151 tonn i heile NØS og i fiskerisona ved Jan Mayen. I 2011 var denne kvota på 836 tonn.

Grønland – Noreg

Tabell 5.23 Oversikt over Grønland sine kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2011

2012

2011

2012

NØS, N 62°N:

Torsk

7150

8500

6854

8502

Hyse

2130

2550

2076

2551

Sei

1000

1000

440

680

Sild

3000

2350

2730

1470

Andre artar

260

260

63

84

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 11. april 2013.

Kommentarar til oversikta

Grønland sine kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 5.23. Grønland nytta kvotane sine godt i 2011 og 2012.

Grønland overførte torske- og hysekvotar tildelte frå Russland til NØS tilsvarande høvesvis 5000 tonn og 1500 tonn i 2011. I 2012 overførte Grønland 5300 tonn torsk og 1500 tonn hyse frå Russland til NØS. Grønland fikk høve til å fiske 2350 tonn sild nord for 62°N i 2012 etter å ha fått kvote overført frå Færøyane.

Island – Noreg

Island fekk ein torskekvote i NØS nord for 62°N på 6388 tonn i 2011 og 6835 tonn i 2012 som eit resultat av Smottholsavtalen. Sjå tabell 5.24.

Tabell 5.24 Oversikt over Island sine kvotar og fangstar i 2011 og 2012 i NØS nord for 62°N

Art

Kvoter (tonn)

Fangst1 (tonn)

2011

2012

2011

2012

NØS, N 62°N:

Torsk

6388

6835

6354

6849

Hyse2

-

-

1125

1386

Sei2

-

-

107

127

Sild

26 676

22 491

10 005

-

Anna2

1916

2051

18

33

Fiskerisona ved Jan Mayen:

Sild

143 359

120 868

215

-

Kolmule

-

-

-

-

Anna

-

-

-

-

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 11. april 2013.

2 Bifangst inntil 30 prosent.

Kommentarar til oversikta

Island kunne fiske til saman 143 359 tonn og 120 868 tonn sild i 2011 og 2012 i fiskerisona ved Jan Mayen. Av desse kunne 26 676 tonn og 22 491 tonn fiskast i NØS nord for 62°N. Island fiska ikkje sild i fiskerisona ved Jan Mayen eller i NØS i 2012. Av sildekvoten i NØS i 2011 vart 36 prosent nytta.

I 2012 og 2011 nytta Island høvesvis 100 og 99 prosent av torskekvoten i NØS. Bifangst av hyse er auka noko i 2012 samanlikna med 2011.

EU (Sverige – Danmark) – Noreg, om fisket i Skagerrak/Kattegat

Torsk, raudspette og reker kan berre fiskast i Skagerrak. For dei andre artane gjeld kvotane både i Skagerrak og den nordlege delen av Kattegat.

Tabell 5.25 Oversikt over EU sine kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2011

2012

2011

2012

Torsk

3711

3660

3704

3371

Hyse

2007

2308

1966

2086

Kviting

1031

1031

62

30

Raudspette

7791

7791

7668

6543

Nordsjøsild

25 999

38 998

23 511

32 738

Brisling

48 100

9567

8539

Reker

4448

3780

2750

2193

1 Fangsttala for heile 2011 og 2012 per 31. oktober 2012 vart utdelt under forhandlingane mellom Noreg og EU hausten 2012.

Kommentarar til oversikta

EU sine kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat går fram av tabell 5.25. Det er i hovudsak Danmark og Sverige som fiskar på desse kvotane, men for enkelte artar har òg andre EU-land mindre kvotar.

Tabell 5.25 syner at EU nyttar kvotane på torsk, hyse, nordsjøsild og raudspette best. På autonomt grunnlag kvoteregulerer EU òg andre bestandar enn dei det er fastsett kvotar på gjennom avtalen om regulering av fiskebestandane i Skagerrak/Kattegat.

Sverige – Noreg

Tabell 5.26 Oversikt over Sverige sine kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2011

2012

2011

2012

NØS, Nordsjøen:

Torsk

382

382

288

375

Hyse

707

707

109

96

Sei

880

880

771

860

Kviting

190

190

38

44

Industrifisk

800

800

671

749

Makrell

242

242

242

242

Nordsjøsild

846

922

728

922

Reker

123

123

123

120

Andre artar

-

-

104

89

1 Fangsttala er basert på innrapporterte tal frå Det Svenske Fiskeriverket.

Kommentarar til oversikta

Sverige sine kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 5.26. Industrifiskkvoten til Sverige omfatta kolmule, augepål, tobis, brisling og hestmakrell. Av dette kunne det fiskast maksimalt 400 tonn hestmakrell. I tabellen er fangstane av augepål, kolmule, tobis og hestmakrell samla under industrifisk. I 2011 fiska svenske fartøy 671 tonn industrifisk, medan dei i 2012 fiska 749 tonn.

I samband med at Sverige vart medlem i EU frå 1. januar 1995, fekk svenske fartøy høve til å fiske i NØS i Nordsjøen på EU sine kvotar av torsk, hyse, sei, kviting, makrell og sild i medhald av avtalen mellom EU og Sverige.

I hovudsak er det svenske fisket retta mot kvotane deira av torsk, sei, makrell, sild og reker.

Rekefisket ved Svalbard

I 1996 vart rekefisket ved Svalbard regulert ved å setje grenser for innsatsen i fisket. Etter forskriftene kan berre nasjonar som har drive eit tradisjonelt fiske etter reker ved Svalbard delta i dette fisket med eit avgrensa tal på fartøy (Canada, Færøyane, Grønland, Island, EU, Noreg og Russland). For å motverke at rekefisket ekspanderer, vart rekefisket frå 1997 for dei aktuelle landa òg regulert med fiskedøgn. Av same årsak vart maksimalt tal tilletne fiskedøgn redusert med 30 prosent frå 1. januar 2006.

Tabell 5.27 Oversikt over fangst av reker ved Svalbard

Fangstar1 (tonn)

Maksimalt tilletne fiskedøgn

Land

2011

2012

2011

2012

EU

829

1443

1080

1080

Færøyane

3626

1104

922

922

Grønland

-

-

450

450

Noreg2

7735

9410

5795

5795

Island

-

93

70

70

Russland

-

-

3256

3256

Canada

-

-

108

108

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 11. april 2013 og Fiskeridirektoratets registre for elektroniske fangst- og aktivitetsdata per 11. april 2013.

2 For norske fartøy er fangsten basert på Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 11. april 2013.

Til forsida