Meld. St. 22 (2014-2015)

Finansmarknadsmeldinga 2014

Til innhaldsliste

6 Verksemda til Noregs Bank i 2014

6.1 Innleiing

Noregs Bank utfører viktige samfunnsoppgåver og forvaltar store verdiar på vegner av fellesskapet. Gjennom sentralbankverksemda skal Noregs Bank fremje stabilitet i økonomien. Målet for kapitalforvaltinga er å få så høg avkasting som mogleg på midlane i Statens pensjonsfond utland (SPU) innanfor rammene som dei politiske myndigheitene har fastsett.

Verksemda til Noregs Bank er regulert i lov om Norges Bank og pengevesenet mv. (sentralbanklova) av 24. mai 1985. Lova slår fast at Noregs Bank skal vere eit utøvande og rådgivande organ for penge-, kreditt- og valutapolitikken. Regjeringa har fastsett eit inflasjonsmål for pengepolitikken gjennom ei forskrift til sentralbanklova. Forskrifta seier at det operative målet for pengepolitikken skal vere ein årsvekst i konsumprisane som over tid er nær 2,5 prosent. Banken skal skrive ut pengesetlar og myntar, fremje eit effektivt betalingssystem innanlands og overfor utlandet og overvake penge-, kreditt og valutamarknadene. Etter forskrift frå oktober 2013 skal Noregs Bank òg utarbeide avgjerdsgrunnlag og gi Finansdepartementet kvartalsvise råd om nivået på den motsykliske kapitalbufferen i bankane.

Oppgåva Noregs Bank har med å forvalte Statens pensjonsfond utland, er regulert gjennom lov om Statens pensjonsfond og mandat for forvaltinga av Statens pensjonsfond utland (SPU) fastsett av Finansdepartementet.

6.2 Leiing og administrasjon

Dei øvste organa i Noregs Bank er hovudstyret og representantskapet. Hovudstyret har ansvar Noregs Bank og forvaltar midlane til banken. Hovudstyret består av sju medlemmer – alle oppnemnde av Kongen i statsråd. Sentralbanksjefen og visesentralbanksjefen er høvesvis leiar og nestleiar. Dei fem andre medlemmene er ikkje fast tilsette i banken. Det er òg oppnemnt to varamedlemmer for dei eksterne medlemmene som møter i styret med talerett. Dei tilsette har to medlemmer som deltek ved behandling av saker som gjeld den interne drifta i banken og tilhøva for dei tilsette. Hovudstyret arbeider for å realisere måla og verdiane til banken. Hovudstyret har òg ansvar for at det er gode nok rammer og prinsipp for verksemda, og for at risikostyringa og internkontrollen til banken er god nok i alle delar av verksemda. Hovudstyret fastset treårige strategiplanar som beskriv status, utfordringar og prioriteringar. Strategien utgjer, saman med lovpålagde krav og interne retningslinjer, ramma for verksemda.

Hovudstyret har to underutval: revisjonsutvalet og kompensasjonsutvalet. Revisjonsutvalet består av tre av dei eksterne medlemmene av hovudstyret og er eit saksførebuande og rådgivande arbeidsutval som skal styrkje og effektivisere arbeidet med forvalting og oppfølging knytt til finansiell rapportering, risikostyring og internkontroll. Hovudstyret nyttar internrevisjonen som organ for uavhengig vurdering av risikostyring og internkontroll. Internrevisjonen rapporterer fagleg til revisjonsutvalet. Kompensasjonsutvalet består av to av dei eksterne medlemmene av hovudstyret. Det er eit saksførebuande og rådgivande utval for saker som gjeld lønns- og kompensasjonsordningane til banken.

Hovudstyret var frå 1. januar 2015 samansett slik:

  • Øystein Olsen, leiar

  • Jon Nicolaisen, nestleiar frå 01.04.2014

  • Liselott Kilaas

  • Egil Matsen

  • Hilde Myrberg

  • Kjetil Storesletten

  • Karen Helene Ulltveit-Moe

Varamedlemmer

  • Espen R. Moen

  • Hege Sjo

    Løyst frå vervet 01.02.2015.

Funksjonærrepresentantar

  • Jan Erik Martinsen

  • Petter Nordal (varamedlem)

  • Gøril Bjerkhol Havro

  • Henrik Borchgrevink (varamedlem)

Representantskapet består av 15 medlemmer som Stortinget har oppnemnt. Gjennom verksemd og rapportering skal representantskapet forvisse Stortinget om at Noregs Bank, medrekna forvaltinga av Statens pensjonsfond utland, er forsvarleg og formålstenleg driven, og at lover og føresetnader er følgde. Representantskapet vedtek budsjettet til Noregs Bank etter forslag frå hovudstyret og fastset årsrekneskapen til banken.

Representantskapet var frå 1. januar 2015 samansett slik:

  • Reidar Sandal, leiar (vara: Tore Nordtun)

  • André Støylen, nestleiar (vara: Lars Tvete)

  • Frank Sve (vara: Tone T. Johansen)

  • Eva Karin Gråberg (vara: Rita Lekang)

  • Runbjørg Bremset Hansen (vara: Camilla Bakken Øvald)

  • Tormod Andreassen (vara: Beate Bø Nilsen)

  • Morten Lund (vara: Torunn Hovde Kaasa)

  • Synnøve Søndergaard (vara: Hilde Brørby Fivelsdal)

  • Randi Øverland (vara: Anne Grethe Tevik)

  • Vidar Bjørnstad (vara: Hans Kolstad)

  • Ingebrigt S. Sørfonn (vara: Solveig Ege Tengesdal)

  • Paul Birger Torgnes (vara: Arne Stapnes)

  • Toril Hovdenak (vara: Hans Aasnæs)

  • Peter Meidell (vara: Brage Baklien)

  • Iver Nordseth (vara: Hanne Nora Nilssen)

Etter sentralbanklova skal sentralbanksjefen stå for den daglege leiinga av banken. Visesentralbanksjefen er nestleiar. For NBIM har hovudstyret delegert avgjerdsmakt direkte til NBIM-leiaren gjennom stillingsinstruks. NBIM forvaltar Statens pensjonsfond utland og dei langsiktige valutareservane.

6.3 Arbeidet med finansiell stabilitet

6.3.1 Innleiing

Finansiell stabilitet er eit av hovudmåla for Noregs Bank, og det er forankra i sentralbanklova. Paragraf 1 seier at banken skal utferde setlar og myntar, fremje eit effektivt betalingssystem innanlands og overfor utlandet og overvake penge-, kreditt og valutamarknadene. Paragraf 3 seier at banken skal varsle departementet når det etter banken si oppfatning er behov for tiltak av penge-, kreditt- og valutapolitisk karakter frå andre enn banken. Paragrafen seier òg at banken skal informere offentlegheita om penge-, kreditt- og valutatilhøva. Fire andre paragrafar i sentralbanklova er òg relevante: Paragraf 13 gir Noregs Bank eineretten til å utferde norske setlar og myntar. Etter paragraf 17 skal Noregs Bank utføre bankforretningar for staten. Paragraf 19 gir Noregs Bank høve til å yte lån til og gjere innskot i forretnings- og sparebankar, mens paragraf 20 fastset at Noregs Bank tek imot innskot frå bankane. Av det følgjer eit særleg ansvar for at bankvesenet fungerer som det skal. Lova om betalingssystem gir Noregs Bank ansvaret for å gi konsesjon til avreknings- og oppgjerssystema for bankane og for å føre tilsyn med systema.

Ifølgje forskrift om motsyklisk kapitalbuffer skal Noregs Bank kvart kvartal utarbeide eit grunnlag for avgjerda om nivået på den motsykliske kapitalbufferen og gi råd om nivået. Noregs Bank styrer likviditeten i banksektoren frå dag til dag ved å tilby bankane lån og ved å ta imot innskot. Det gir Noregs Bank eit spesielt ansvar for å overvake likviditetsrisikoen i banksystemet. Som långivar i siste instans har Noregs Bank ei sentral rolle når det gjeld å handtere kriser i det finansielle systemet.

6.3.2 Noregs Bank si vurdering av tilstanden i finansmarknaden

Risikopåslaga for marknadsfinansieringa til bankane har falle i fleire år både ute og heime. Tidleg i 2014 auka risikopåslaga for europeiske bankar noko, mellom anna som følgje av meir uvisse rundt situasjonen i Ukraina. Gjennom våren og fram mot sommaren fall risikopåslaga igjen. I juni kutta Den europeiske sentralbanken (ESB) styringsrenta og varsla fleire pengepolitiske tiltak. Tiltaka omfatta mellom anna kjøp av sikra obligasjonar frå europeiske bankar. Sjølv om norske obligasjonar ikkje er omfatta av tiltaka, fall risikopåslaga også på norske obligasjonar med fortrinnsrett (OMF). Fallande oljepris, auka geopolitisk uro og uvisse rundt globale vekstutsikter gav noko auka risikopåslag på obligasjonar frå høgrisikoføretak og ansvarlege lån i bankane i andre halvdel av 2014. Bankane i Noregs Banks likviditetsundersøking melde òg om litt forverra finansieringsvilkår mot slutten av året.

Bankane hadde god inntening og eigenkapitalavkasting i 2014. Tapa var låge. Lågare finansieringskostnader bidrog til at bankane reduserte utlåns- og innskotsrentene i løpet av året. Forskjellen mellom utlånsrentene og pengemarknadsrentene avtok òg noko gjennom året, etter å ha auka åra før.

God lønnsemd over fleire år har gjort bankane i stand til å tilfredsstille auka kapitalkrav ved å halde tilbake overskot. Bankane heldt fram med å auke kapitaldekninga i 2014. Ved utgangen av 2014 såg det ut til at dei fleste bankane ville ha ei rein kjernekapitaldekning på over 12 prosent, som er godt over kravet på minst 10 prosent som gjaldt frå 1. juli 2014. Rein kjernekapital som del av forvaltingskapital er høgare i norske bankar enn i mange andre land, men ikkje høgare enn i slutten av 1990-åra.

I Finansiell stabilitet 2014 blei det gjennomført ein stresstest av dei største norske bankane. Testen viste at norske bankar kan få store utlånstap ved eit kraftig tilbakeslag i norsk økonomi. Åtferda til bankane kan forsterke nedgangen. Stresstesten viste at kapitalbufferar kan føre til mindre behov for innstramming og dempe tilbakeslaget.

På 2000-talet auka gjelda i norske hushald betydeleg. Gjelda har auka kraftig i alle aldersgrupper. Formuen til hushalda er dominert av bustad og er sårbar dersom bustadprisane fell. Tap i bankane på lån til hushalda har historisk sett vore svært låge. Analysane i Finansiell stabilitet 2014 tyder på at risikoen for ein stor auke i mishald i hushalda er moderat, sjølv ved store forstyrringar. Inntektsbortfall, renteauke og fall i bustadprisar kan gi innstramming i hushalda sitt forbruk. Ein brå nedgang i hushalda sin etterspurnad etter varer og tenester kan auke bankane sine tap på utlån til næringslivet.

6.3.3 Råd om motsyklisk kapitalbuffer

I tråd med forskrifta frå 4. oktober 2013 har Noregs Bank utarbeidd avgjerdsgrunnlag og gitt Finansdepartementet kvartalsvise råd om nivået på den motsykliske kapitalbufferen i bankane. Avgjerdsgrunnlaget er lagt fram i Pengepolitisk rapport med vurdering av finansiell stabilitet. Kravet til den motsykliske kapitalbufferen blei i desember 2013 fastsett til 1 prosent med verknad frå 30. juni 2015.

Utgangspunktet for vurderinga til Noregs Bank er at bankane bør byggje opp og halde ein motsyklisk kapitalbuffer når finansielle ubalansar byggjer seg opp eller har bygd seg opp. Kravet til motsyklisk kapitalbuffer bør sjåast i lys av andre krav til bankane. Den motsykliske kapitalbufferen er ikkje eit verkemiddel for å finstyre økonomien. Bufferkravet bør ikkje utan vidare trappast ned, sjølv om det er teikn til reduksjon i finansielle ubalansar. Ved tilbakeslag i økonomien og store tap i bankane kan bufferkravet setjast ned for å motverke at ein strammare utlånspraksis forsterkar nedgangen.

Noregs Bank si vurdering av finansielle ubalansar tek utgangspunkt i forholdet mellom kreditt og BNP og korleis det avvik frå ein langsiktig trend. Frå midten av 1990-åra til 2008 voks den samla gjelda til hushald og føretak i fastlandsøkonomien markert raskare enn verdiskapinga. Kredittveksten minka etter finanskrisa, og kredittindikatoren har vore nokså stabil dei siste åra. I 2014 steig gjelda til hushalda framleis noko raskare enn inntektene, og det var teikn til at bankane letta litt på kredittpraksisen overfor hushalda. Gjeldsveksten til føretaka minka gjennom 2014 og var meir moderat.

Det europeiske systemrisikorådet (ESRB) tilrår at det blir berekna tekniske referanseverdiar for den motsykliske kapitalbufferen. Baselkomiteen har foreslått ein enkel regel for å berekne ein referanseverdi for bufferen som tek utgangspunkt i kredittindikatoren i forhold til ein langsiktig trend. Referanseverdien tek verdien 0 når kredittgapet er under 2 prosent, og verdien 2,5 når kredittgapet er høgare enn 10 prosent. For storleikar på kredittgapet mellom desse to nivåa er det ein lineær samanheng mellom referanseverdien og gapet. Den langsiktige trenden i kredittindikatoren kan bereknast på ulike måtar. Med trendberekninga til Baselkomiteen1 var referanseverdien 0 prosent i fjerde kvartal 2014. Med ei alternativ trendberekning, som erfaringsmessig gir ein betre leiande indikator for kriser, blei referanseverdien for bufferen ¾ prosent. ESRB presiserer at det ikkje skal vere ein mekanisk samanheng mellom referanseverdien og nivået på bufferkravet, men at kravet skal baseras på eit vidare avgjerdsgrunnlag.

I tillegg til kredittindikatoren blir utviklinga i bustadprisane, prisane på næringseigedom og kor stor prosentdel av finansieringa bankane hentar i finansmarknadene, analysert. Bustadprisane og omsetjinga i bustadmarknaden tok seg opp gjennom 2014, etter ein nedgang året før. Bustadprisindikatoren auka i fjerde kvartal 2014, men var fortsatt lågare enn den var i byrjinga av 2013. Prosentdelen marknadsfinansiering i bankane har vore nokså stabil.

Basert på utviklinga i kreditt- og eigedomsprisar var vurderinga til hovudstyret at dei finansielle ubalansane ikkje bygde seg vidare opp i 2014. Finansdepartementet heldt kravet til motsyklisk kapitalbuffer i bankane uendra på 1 prosent i 2014, i tråd med råd frå Norges Bank.

6.3.4 Nye krav til likviditet

Ei av hovudoppgåvene til bankane er å gjere om innskot med kort bindingstid til utlån med lengre løpetider. Løpetidstransformasjonen inneber likviditetsrisiko for bankane. Bankane må erstatte innskot som blir trekte ut, og fornye finansiering som forfell, før utlåna blir tilbakebetalte. Problem med refinansiering i éin bank kan smitte til andre bankar og føre til uro i det finansielle systemet. Det blei tydeleg i 2008. Bankane har forbetra finansieringsstrukturen og redusert likviditetsrisikoen etter finanskrisa, men løpetida på finansieringa fall noko i 2014.

Norske bankar har ein betydeleg del kortsiktig marknadsfinansiering i utanlandsk valuta. Finansieringa i dollar kjem i stor grad frå amerikanske pengemarknadsfond. Høg konsentrasjon bidreg til å auke risikoen i samband med refinansiering. Noregs Bank tilrådde i Finansiell stabilitet 2014 at bankane burde offentleggjere meir informasjon om finansieringsstrukturen og likviditeten sin.

Nye internasjonale krav til likviditet og finansiering i bankane vil bli innført dei nærmaste åra. Kravet til likviditetsdekning, Liquidity Coverage Ratio (LCR), skal fasast inn i EU frå 2015, mens kravet til stabil finansiering, Net Stable Funding Ratio (NSFR), er venta å bli innført innan 2018. Finanstilsynet skal innan juni 2015 leggje fram forslag til korleis LCR skal innførast i Noreg.

Ved å halde likviditetsreservar blir bankane betre i stand til å takle periodar med uro i marknadene. Kravet til likviditetsdekning er at bankane skal kunne dekkje netto utbetalingar samla i kroner og valuta i ein periode på 30 dagar.

Noregs Bank meiner at det i praksis ikkje er nok tilgjengelege høgt likvide kroneeigedelar til at bankane kan oppfylle LCR fullt ut i norske kroner. Eit høgt krav i norske kroner vil truleg føre til ein større prosentdel OMF i likviditetsreservane til bankane og auke faren for at finansieringsproblem spreier seg i det finansielle systemet. Noregs Bank tilrådde derfor i Finansiell stabilitet 2014 at kravet til LCR i norske kroner bør setjast til 60 prosent.2 Det resterande likviditetsbehovet for å oppfylle eit samla LCR-krav kan dekkjast gjennom å halde høgt likvide eigedelar i utanlandsk valuta.

Noregs Bank har avgrensa høve til å støtte bankane med likviditet i utanlandsk valuta. Det er derfor spesielt viktig at bankar held likvide eigedelar i utanlandske valutaer der dei har likviditetsbehov. Noregs Bank tilrådde derfor at bankar med signifikant likviditetsrisiko i utanlandske valutaer i tillegg til å oppfylle LCR samla for alle valutaer bør bli pålagde å oppfylle LCR fullt ut i kvar av desse valutaene.

Det føreslåtte kravet til stabil finansiering (NSFR) krev at bankane finansierer lite likvide eigedelar med stabil finansiering. Utlån til kundar og pantsette eigedelar er døme på lite likvide eigedelar. Stabil finansiering vil mellom anna vere kjernekapital, obligasjonsfinansiering med attverande løpetid over eitt år og fleire typar kundeinnskot. Det ligg føre endelege retningslinjer frå Baselkomiteen, men spesifiseringa av kravet i EU er ikkje ferdig. Målt med NSFR har likviditetsrisikoen til norske bankar falle noko dei siste åra, men det er framleis eit stykke igjen til at lite likvide eigedelar blir finansierte fullt ut med stabil finansiering.

6.4 Betalingssystemet, setlar og mynt

Noregs Bank gjer opp betalingar mellom bankane på kontoane deira i Noregs Bank og forsyner samfunnet med setlar og myntar på ein måte som fremjar eit effektivt betalingssystem. I tillegg overvakar Noregs Bank betalingssystema og systema for verdipapiroppgjer, som til saman utgjer den finansielle infrastrukturen. Formålet er å fremje robuste og effektive betalings- og oppgjerssystem og slik bidra til å styrkje stabiliteten i det finansielle systemet.

6.4.1 Overvaking av finansiell infrastruktur

To interbanksystem har konsesjon frå Noregs Bank etter betalingssystemlova: avrekningssystemet NICS (Norwegian Interbank Clearing System) og interbanksystemet til den private oppgjersbanken DNB Bank ASA. Systemet til den private oppgjersbanken Sparebank 1 SMN er friteken for konsesjon. Avrekningane frå NICS blir gjorde opp i Noregs Bank for dei bankane som har oppgjer i sentralbanken. Etter at oppgjeret er utført i Noregs Bank, gjennomfører DNB Bank ASA og Sparebank 1 SMN oppgjer med deltakarbankane sine. Tilsynet Noregs Bank har med dei konsesjonspliktige interbanksystema, skjer mellom anna på basis av rapporteringskrav og tilsynsmøte.

Noregs Bank overvakar òg verdipapiroppgjeret og oppgjerssystemet til Oslo Clearing ASA, som er sentral motpart for handel på Oslo Børs. Arbeidet skjer i samarbeid med Finanstilsynet, som fører tilsyn med Verdipapirsentralen ASA og Oslo Clearing ASA. Oslo Clearing ASA blei i 2014 kjøpt av det sveitsiske selskapet SIX x-clear. Noregs Bank deltek i ei sentralbankgruppe som overvakar CLS Bank, ein internasjonal bank som er spesialisert på valutahandelsoppgjer. Den amerikanske sentralbanken leier denne gruppa.

Noregs Bank vurderer det slik at den finansielle infrastrukturen i Noreg i grove trekk er robust og effektiv. Det har vore få avvik i interbanksystema og verdipapirsystema i 2014.

I rapporten Finansiell infrastruktur 2014 vurderte Noregs Bank kvart norske system opp mot nye internasjonale prinsipp frå Committee on Payments and Market Infrastructures (CPMI) i BIS og International Organization of Securities Commissions (IOSCO). Vurderinga tok utgangspunkt i eigarane sine eigenevalueringar. Vurderinga av systema for verdipapiroppgjer blei gjord i samarbeid med Finanstilsynet. Etter Noregs Bank sitt syn oppfyller dei norske betalings- og oppgjersystema dei fleste av prinsippa frå CPMIIOSCO. Det var enkelte manglar, mellom anna i tilknyting til prinsippa for styringsstruktur, rammeverk for risikostyring, operasjonell risiko og indirekte deltaking. Noregs Bank følgjer opp tiltak frå eigarane for å rette på manglar.

I rapporten Finansiell infrastruktur 2014 drøftar Noregs Bank òg utviklinga i finansiell infrastruktur og overvakinga si av dei enkelte systema. Eit nytt Noregs Bank Memo, «Utviklingstrekk i kunderetta betalingsformidling», viser statistiske utviklingstrekk.

Noregs Bank publiserte i 2014 resultata frå ei undersøking av dei samfunnsøkonomiske kostnadene ved betalingar i Noreg. Banken bereknar betalingskostnadene til 14,5 milliardar kroner for 2013. Det utgjorde 0,63 prosent av BNP for Fastlands-Noreg. Sett i forhold til BNP har betalingskostnadene falle sidan den førre undersøkinga i 2007. Jamføringar med andre land viser at kostnadene i det norske betalingssystemet er låge. Bankane utfører betalingstenester meir effektivt enn før. Dei går likevel framleis i underskot på betalingsformidling. Inntektene dekkjer berre tre firedelar av kostnadene. Det er stor forskjell på kostnadene knytte til ulike måtar å betale på. Betalingar med internasjonale kort kostar samfunnet over fire gongar så mykje som betalingar med det nasjonale debetkortet BankAxept.

6.4.2 Oppgjerssystemet til Noregs Bank

Noregs Bank er den øvste oppgjersbanken for betalingar mellom bankane i Noreg. Denne oppgåva er knytt til det ansvaret Noregs Bank har etter sentralbanklova for å fremje eit effektivt betalingssystem innanlands og overfor utlandet, og til bankane sitt høve til å halde konto og ta opp lån i Noregs Bank. Fordi sentralbanken utferdar pengar, er innskot i sentralbanken utan kreditt- og likviditetsrisiko for bankane. Derfor er renta på sentralbankpengar ein basis for rentedanninga i heile økonomien.

Alle bankar i Noreg kan ha konto i Noregs Bank. Ved utgangen av 2014 hadde 131 bankar slik konto, mot 128 i 2013. Av desse deltok 22 bankar direkte i oppgjer av avrekningar i oppgjerssystemet til Noregs Bank (NBO). Dei andre bankane nytta kontoen til betalingar som i hovudsak er knytte til lån og innskot i Noregs Bank. CLS Bank (Continuous Linked Settlement) har ein konto som blir nytta til daglege oppgjer av kronedelen av handel med valuta innanfor det internasjonale systemet for oppgjer av slike handlar. Oslo Clearing ASA er sentral motpart i handel med finansielle instrument og har konto i NBO for daglege oppgjer av posisjonar mellom bankane. To sentralbankar og Den internasjonale oppgjersbanken (BIS) har òg konto i NBO. Tre bankar hadde avtale om beredskapskonto som kan takast i bruk dersom banken treng å bruke Noregs Bank som oppgjersbank.

I oppgjerssystemet til Noregs Bank blei det i 2014 i gjennomsnitt gjort opp betalingar for 213 milliardar kroner dagleg, mot 203 milliardar kroner i 2013. Ved utgangen av 2014 hadde bankane folio- og reserveinnskot på i alt 34,3 milliardar kroner. Noregs Bank har avtale med EVRY ASA om å levere IKT-driftstenester for oppgjerssystemet. Det har ikkje vore alvorlege avbrot i oppgjerssystemet i 2014.

Bankane betaler for oppgjerstenestene i Noregs Bank. Prisane er sette slik at inntektene skal dekkje dei relevante kostnadene med å utføre desse tenestene. For 2014 var prisane uendra frå 2013.

Saman med sentralbankane i Danmark og Sverige og på Island deltek Noregs Bank i eit nordisk forum for å utveksle erfaringar med oppgjerssystema og med løysingane for pantsetjing frå bankane for lån i sentralbankane. I tillegg deltek Noregs Bank frå 2014 i eit nyskipa internasjonalt samarbeid mellom fleire sentralbankar og andre sentrale aktørar for å fremje robuste beredskapsløysingar i systemviktige betalings- og oppgjerssystem.

6.4.3 Setlar og mynt

6.4.3.1 Organisering av kontantforsyninga

Sentralbanklova gir Noregs Bank ansvaret for å utferde pengesetlar og myntar. Det inneber mellom anna å sørgje for at det blir produsert mange nok setlar og myntar til å dekkje behovet til samfunnet, og å sjå til at desse betalingsmidlane blir tilgjengelege. Noregs Bank forsyner bankane med kontantar frå fem sentralbankdepot, og bankane står for den vidare distribusjonen til publikum. Sentralbanken har òg eit ansvar for å halde oppe ein tilfredsstillande kvalitet på setlar og myntar i omløp. Det blir mellom anna gjort ved å leggje til rette for at slitne og skadde setlar og myntar blir tekne ut av omløp og destruerte.

Målet for verksemda til Noregs Bank på kontantområdet er å fremje effektiviteten i kontantforsyninga og i det samla betalingssystemet. Ulike tiltak er over tid sette i verk for å skape ei mest mogleg effektiv ansvars- og arbeidsdeling mellom aktørane og eit klarare skilje mellom ulike typar tenester.

Etter sentralbanklova er det berre Noregs Bank sjølv som kan utferde setlar og myntar. Noregs Bank må stå som skyldnar for desse betalingsmidlane. Produksjon, destruksjon og distribusjon kan utførast av andre, men Noregs Bank må sjå til at oppgåvene blir utførte, og at utføringa er i samsvar med krava sentralbanken stiller. For å lette omfordelinga og distribusjonen av setlar og myntar for bankane er det etablert ei ordning der bankane, ut frå bestemte vilkår, får utbetalt rentekompensasjon for behaldningar dei oppbevarer i private kontantdepot. Ved utgangen av 2014 er det totalt 13 slike depot rundt om i landet. Depota blir drifta av NOKAS Kontanthåndtering AS og Loomis Norge AS. På denne måten har Noregs Bank no ei grossistrolle, og bankane står for omfordelinga av kontantar seg imellom.

Noregs Bank har sett bort fleire oppgåver på kontantområdet. Setlar og myntar blir produserte av eksterne leverandørar. Forvaltinga av sentralbankdepota til Noregs Bank i Stavanger, Bergen, Trondheim og Tromsø er utkontraktert til NOKAS, som òg utfører destruksjon på vegner av Noregs Bank. Noregs Bank står sjølv for drifta av sentralbankdepotet i Oslo. Sentralbanken utfører òg destruksjon og andre kontrolloppgåver knytte til mottak og sending av setlar og myntar.

Etter ein anbodskonkurranse våren 2014 signerte Noregs Bank i august 2014 ein rammeavtale med Det Norske Myntverket om å levere norske myntar i fire nye år frå og med 2015. Konkurransen blei i samsvar med lov om offentlige anskaffelser kunngjord internasjonalt. Tre myntverk leverte inn tilbod.

6.4.3.2 Utgjeving av minnemyntar

Noregs Bank gir ut jubileums- og minnemyntar i gull og sølv med spesiell heimel i sentralbanklova paragraf 16 og sirkulasjonsmynt med spesialpreg etter sentralbanklova paragraf 13, som er den generelle heimelen for utferding av mynt. Det er Kongen som avgjer om det skal bli utgitt myntar, jf. sentralbanklova paragraf 16. Sidan 2011 har denne kompetansen vore delegert til Finansdepartementet, jf. kgl.res. 27. mai 2011 nr. 560. I brev av 13. oktober 2014 har Finansdepartementet delegert vidare myndigheita til å gjere vedtak i saker etter sentralbanklova paragraf 16 til Noregs Bank. I 2014 har Noregs Bank gitt ut ein 20-krone sirkulasjonsmynt med spesialpreg og ein 200- krone sølvmynt for å markere at det er 200 år sidan Grunnlova blei vedteken.

6.4.3.3 Utvikling av ny setelserie

Noregs Bank begynte arbeidet med å utvikle ein ny setelserie tidleg i 2013. Bakgrunnen var at det er behov for å auke tryggleiken, slik at norske setlar også i framtida skal vere vanskelege å forfalske. Det skjer ved at det blir lagt inn nye tryggleikselement både for visuell kontroll og for maskinell kontroll i automatar etc.

Våren 2014 blei det gjennomført ein konkurranse i to trinn om utforming av motiv på ein ny setelserie. Formålet med konkurransen var å komme fram til eit forslag som kan vere det kunstnariske utgangspunktet for utforminga av ein ny setelserie, og som formidlar temaet «havet» på ein god måte. Det kom inn 70 søknader i prekvalifiseringa. Åtte av søkjarane fekk etter råd frå ei ekspertgruppe delta i finalerunden.

Noregs Bank hadde definert visse kriterium og omsyn som skulle varetakast ved utforminga av konkurranseforslaga. Det var ønskjeleg at forslaga skulle vere eit «visittkort» for Noreg, og at dei skulle vere relevante i mange år. Kvar valør skulle i tillegg ha sin eigen identitet, samtidig som det skulle vere ein samanheng mellom fram- og baksida. Motiva til kvar av dei fem valørane skulle dekkje desse undertemaa:

  • Havet som bind oss saman (50-kronesetelen)

  • Havet som bringar oss ut i verda (100-kronesetelen)

  • Havet som gir oss mat (200-kronesetelen)

  • Havet som gir oss velferd (500-kronesetelen)

  • Havet som bringar oss vidare (1000-kronesetelen)

Ein jury med fem eksterne fagpersonar og eit medlem frå Noregs Bank vurderte alle forslaga og kåra ein vinnar av konkurransen. Hovudstyret til Noregs Bank avgjorde deretter på sjølvstendig grunnlag kva motiv som skal brukast på den nye setelserien. Framsida på setlane vil bli utvikla med utgangspunkt i forslaget frå The Metric System, Det norske livsrommet. Utgangspunktet for baksidene vil vere pikselmotiva som Snøhetta Design leverte inn, Grensenes skjønnhet.

Framsidene i det valde forslaget er svært godt lagde til rette for å innarbeide nødvendige tryggleikselement. Uttrykket er ope og typisk nordisk. Ved å bruke pikselmotiva som bakside vil setlane få eit både tradisjonelt og moderne uttrykk. Bølgjemønsteret som går igjen på pikselsidene, gir ein god referanse til hovudtemaet «havet». I tillegg kjem fargesignalet til den enkelte valøren godt fram når dei to forslaga blir kombinerte. Det gjer det enklare å skilje valørane frå kvarandre, særleg for svaksynte.

Alle konkurranseforslaga blei stilte ut i lokala til Grafill, norsk organisasjon for visuell kommunikasjon, frå 7. til 26. oktober. Tittelen på utstillinga var «Norges nye seddelserie: Havet».

Noregs Bank arbeider no vidare med motiv og design, slik at både synlege tryggleikselement som er berekna for publikum, og maskinlesbare tryggleikselement kan utformast og leggjast inn i setlane. Dei ferdige setlane vil derfor avvike ein del frå konkurranseforslaga. Før setlane kan setjast i full produksjon, må det utviklast originalverktøy og gjennomførast ei omfattande testing, mellom anna for å sikre at setlane fungerer i automatar. Dei første nye setlane vil tidlegast bli gitt ut i 2017.

6.5 Utøvinga av pengepolitikken

Under dette punktet vurderer departementet korleis Noregs Bank har utøvd pengepolitikken i 2014. Som eit grunnlag for vurderinga kjem det fyrst ei kort omtale av retningslinene for pengepolitikken. Så kjem ei omtale av utøvinga av pengepolitikken i 2014 og vurderingar frå nokre andre institusjonar, mellom anna Norges Bank Watch og IMF. Departementet sine vurderingar kjem til slutt.

6.5.1 Retningslinene for pengepolitikken

Etter sentralbanklova § 1 skal Noregs Bank vere eit utøvande og rådgjevande organ i penge-, kreditt- og valutapolitikken. Banken skal gje ut setlar og mynt og fremje eit effektivt betalingssystem. Dessutan skal Noregs Bank overvake penge-, kreditt- og valutamarknadene.

Dei noverande retningslinene for pengepolitikken vart fastsette i forskrift ved Kronprinsregentens resolusjon 29. mars 2001 med heimel i sentralbanklova § 2 tredje ledd og § 4 andre ledd, jamfør boks 6.1. Retningslinene vart grunngjevne og utdjupa i St.meld. nr. 29 (2000–2001) Retningsliner for den økonomiske politikken, som vart lagd fram same dagen.

Boks 6.1 Forskrift om pengepolitikken

Fastsatt ved kronprinsregentens resolusjon 29. mars 2001 med hjemmel i sentralbankloven § 2 tredje ledd og § 4 annet ledd.

I

§ 1

Pengepolitikken skal sikte mot stabilitet i den norske krones nasjonale og internasjonale verdi, herunder også bidra til stabile forventninger om valutakursutviklingen. Pengepolitikken skal samtidig understøtte finanspolitikken ved å bidra til å stabilisere utviklingen i produksjon og sysselsetting.

Norges Bank forestår den operative gjennomføringen av pengepolitikken.

Norges Banks operative gjennomføring av pengepolitikken skal i samsvar med første ledd rettes inn mot lav og stabil inflasjon. Det operative målet for pengepolitikken skal være en årsvekst i konsumprisene som over tid er nær 2,5 prosent.

Det skal i utgangspunktet ikke tas hensyn til direkte effekter på konsumprisene som skyldes endringer i rentenivået, skatter, avgifter og særskilte, midlertidige forstyrrelser.

§ 2

Norges Bank skal jevnlig offentliggjøre de vurderingene som ligger til grunn for den operative gjennomføringen av pengepolitikken.

§ 3

Den norske krones internasjonale verdi fastlegges på grunnlag av kursene i valutamarkedet.

§ 4

Norges Bank gir på statens vegne de meddelelser om kursordningen som følger av deltagelse i Det internasjonale valutafond, jf. lov om Norges Bank og pengevesenet § 25 første ledd.

II

Denne forskrift trer i kraft straks. Samtidig oppheves forskrift av 6. mai 1994 nr. 0331 om den norske krones kursordning.

I tråd med forskrifta skal pengepolitikken sikte mot stabilitet i den nasjonale og internasjonale verdien av den norske krona. Den operative gjennomføringa av pengepolitikken skal i samsvar med dette rettast inn mot låg og stabil inflasjon, definert som ein årsvekst i konsumprisane som over tid er nær 2,5 prosent. Av forskrifta følgjer det at pengepolitikken skal medverke til å stabilisere utviklinga i produksjon og sysselsetjing og samstundes medverke til stabile forventningar om valutakursutviklinga. I St.meld. nr. 29 (2000–2001) står det vidare at rentesetjinga til Noregs Bank skal vere framoverretta og ta tilbørleg omsyn til uvisse knytt til makroøkonomiske prognosar og vurderingar. Når hovudstyret i Noregs Bank fastset renta, skal det ta omsyn til at det kan ta tid før endringar i politikken får verknad. Dessutan skal styret sjå bort frå forstyrringar av mellombels karakter som ein meiner ikkje vil påverke den underliggjande pris- og kostnadsveksten.

Den langsiktige oppgåva til pengepolitikken er å medverke til å gje økonomien eit nominelt ankerfeste. Forskrifta etablerer fleksibel inflasjonsstyring som rettesnor for pengepolitikken. På kort og mellomlang sikt må Noregs Bank vege omsynet til låg og stabil inflasjon mot omsynet til stabilitet i produksjon og sysselsetjing. Ofte er det ingen motsetnad mellom desse to omsyna. Dersom det kjem til konflikt, må Noregs Bank utøve skjøn når han veg dei to omsyna mot kvarandre.

6.5.2 Verkemiddel og avvegingar i pengepolitikken

Det viktigaste verkemiddelet i utøvinga av pengepolitikken er styringsrenta. Dette er renta på bankinnskot over natta i Noregs Bank. I normale situasjonar har endringar i styringsrenta nokså sterkt gjennomslag i dei heilt kortsiktige pengemarknadsrentene, det vil seie dags- og vekesrentene. Marknadsrentene på lån og plasseringar med lengre løpetider er påverka av nivået på styringsrenta, men også av korleis marknadsaktørane ventar at styringsrenta kjem til å utvikle seg i framtida.

Forventningane til styringsrenta i marknaden heng saman med kva aktørane trur om den økonomiske utviklinga, særleg om vekst og prisstiging, og med synet deira på det framtidige handlingsmønsteret til sentralbanken i pengepolitikken. Marknadsrentene verkar inn på kronekursen, på prisane på verdipapir, på bustadprisane og etterspurnaden etter lån, på investeringar og på forbruk. Dessutan påverkar styringsrenta til Noregs Bank forventningane om den økonomiske utviklinga og framtidig inflasjon. Gjennom alle desse kanalane verkar renta på dei samla etterspurnads- og produksjonstilhøva og på prisar og løner.

I årsmeldinga for 2014 skriv Noregs Bank mellom anna dette om fleksibel inflasjonsstyring:

Noregs Bank legg til grunn at inflasjonsstyringa skal vere fleksibel, slik at det blir lagt vekt på å jamne ut svingingar både i inflasjon og i produksjon og sysselsetjing når renta blir sett. Den fleksible inflasjonsstyringa byggjer bru mellom den langsiktige oppgåva for pengepolitikken, som er å halde inflasjonen låg og forankre inflasjonsforventingane, og omsynet til utjamning av utviklinga i produksjonen.

Fire gonger i året publiserer Noregs Bank Pengepolitisk rapport med vurdering av finansiell stabilitet, samstundes med publisering av renteavgjerder til hovudstyret. I rapportane vurderer Noregs Bank den økonomiske stoda og utviklinga og legg fram ein prognose for styringsrenta for dei neste åra. Hovudstyret fastset ein pengepolitisk strategi i form av eit intervall for styringsrenta for perioden fram til publisering av den neste pengepolitiske rapporten. Dessutan inneheld rapporten beslutningsgrunnlaget for Noregs Bank råd om den motsykliske kapitalbufferen, jf. omtale i kapittel 3.

For at pengepolitikken skal vere truverdig med dei føresetnadene Noregs Bank legg til grunn for den økonomiske utviklinga, må renteprognosen til banken på rimeleg vis vege dei ulike omsyna pengepolitikken skal ta, mot kvarandre. Når handlingsmønsteret til Noregs Bank i pengepolitikken vert oppfatta som stabilt og truverdig, styrkjer det også verknaden av pengepolitikken. Noregs Bank har utarbeidd ei liste kriterium for kva banken meiner er ei god framtidig utvikling i renta. Det er gjort greie for kriteria i dei pengepolitiske rapportane.

Gjennomføringa av pengepolitikken krev god tilgang til informasjon om den økonomiske utviklinga. Noregs Bank har sidan 2002 henta inn informasjon om utviklinga i produksjon og prisar og om planar for investeringar og sysselsetjing i tida framover frå eit eige regionalt nettverk av føretak og offentlege verksemder. Om lag 1 500 kontaktar er knytte til dette nettverket. Saman med tilgjengeleg offisiell statistikk er rapportane frå det regionale nettverket ein viktig del av avgjerdsgrunnlaget til banken.

6.5.3 Utøvinga av pengepolitikken i 2014

Pengepolitikken verkar med eit tidsetterslep. Difor er utviklinga i inflasjon, produksjon og sysselsetjing i 2014 påverka av pengepolitikken i tidlegare år òg.

Strategien som hovudstyret la for styringsrenta i Pengepolitisk rapport 4/13 i desember 2013, var at renta burde liggje i intervallet 1–2 prosent i perioden fram til neste rapport skulle leggjast fram, i mars 2014, med mindre norsk økonomi skulle verte utsett for nye store forstyrringar. I starten av 2014 var veksten i fleire industriland på veg opp, og det var utsikter til noko høgare vekst enn ein hadde gått ut ifrå i den pengepolitiske rapporten frå desember 2013. Samstundes dempa veksten seg noko i framveksande økonomiar, og oljeprisen gjekk noko ned. Veksten i petroleumsinvesteringane såg ut til å kunne verte litt lågare enn venta. Bustadinvesteringane òg utvikla seg litt svakare enn venta. Arbeidsløysa var stabil, og kapasitetsutnyttinga i fastlandsøkonomien vart vurdert å vere nær eit normalt nivå. Krona svekte seg vidare i februar, etter å ha svekt seg markert gjennom 2013. Veksten i bustadprisane hadde auka noko etter prisfallet hausten 2013 og var litt høgare enn ein hadde rekna med i desember 2013. Gjeldsveksten til hushalda minka noko, men var framleis høgare enn veksten i inntektene til hushalda. Konsumprisveksten var marginalt høgare enn Noregs Bank hadde lagt til grunn, og årslønsveksten i 2013 kom inn noko høgare enn venta. Samla sett var Noregs Bank si vurdering på rentemøtet i mars at norsk økonomi hadde utvikla seg om lag som banken venta i desember 2013. Hovudstyret vedtok å halde styringsrenta uendra på 1,5 prosent. I Pengepolitisk rapport 1/14 la banken fram ein prognose for styringsrenta som tilsa at ho ville verte halden uendra fram mot sommaren 2015, for så å verte auka gradvis. Prognosen var om lag uendra frå desember 2013.

Den økonomiske utviklinga ute og heime i perioden fram mot neste rentemøte i mai var om lag som lagt til grunn i den pengepolitiske rapporten i mars. Krona styrkte seg litt, og bankane sette utlåns- og innskotsrentene til publikum noko ned. Bustadprisane auka litt meir enn venta medan utsiktene for framtidige styringsrenter i andre sentrale land svekte seg noko. Hovudstyret vedtok å halde styringsrenta uendra på 1,5 prosent.

Fram mot rentemøtet i juni heldt utsiktene for veksten ute seg om lag uendra. Lågare inflasjonsutsikter i Europa gjorde likevel at marknadsaktørane sine forventningar til internasjonale styringsrenter fall vidare. Den europeiske sentralbanken kutta renta med 0,1 prosenteining til 0,15 prosent i byrjinga av juni. Oljeprisen gjekk litt opp, og krona var litt sterkare enn ein hadde lagt til grunn i Pengepolitisk rapport 1/14. Bankane sette ned utlåns- og innskotsrentene til publikum. I det regionale nettverket melde verksemdene om at veksten hadde auka noko frå februar. Tilliten i hushalda auka, og veksten i privat konsum var noko høgare enn ein hadde lagt til grunn i mars. Samstundes viste Statistisk sentralbyrå si investeringsteljing for petroleumsverksemda utsikter til merkbart lågare investeringar i sektoren i 2015. Kapasitetsutnyttinga i fastlandsøkonomien vart berekna til å vere nær eit normalt nivå, medan både konsumprisveksten og bustadprisveksten var noko høgare enn ein hadde lagt til grunn. Hovudstyret vedtok på rentemøtet i juni å halde styringsrenta uendra på 1,5 prosent. Som følgje av utsikter til noko lågare vekst i norsk økonomi framover og utsikter til at oppgangen i styringsrenter internasjonalt kom til verte utsett, vart rentebanen i Pengepolitisk rapport 2/14 justert ned. Styringsrenta kunne ifølgje banken haldast låg lenger enn ein hadde trudd tidlegare. Banken la også vekt på at det kunne verte aktuelt å setje ned styringsrenta dersom utsiktene for norsk økonomi skulle verte endå svakare.

Uvissa om utviklinga i Europa auka fram mot rentemøtet i september. I USA og Storbritannia tok veksten seg opp, medan aktiviteten i euroområdet heldt seg om lag uendra i andre kvartal. For Noreg sine handelspartnarar var veksten noko lågare enn venta, og vekstutsiktene framover vart justerte noko ned. I euroområdet gjekk også inflasjonsforventningane noko ned. Oljeprisen låg på rett under 100 dollar fatet i september, mot 110 dollar i juni. Forventningane hjå marknadsaktørane tyda på at renteoppgangen ute var utsett endå ein gong. Krona var svakare enn det som var lagt til grunn i juni, og bankane sette utlånsrentene sine til publikum endå meir ned. Mellombelse tilhøve, som høg produksjon av elektrisk kraft og fisk, gjorde at veksten i norsk økonomi var litt høgare i andre kvartal enn det ein hadde lagt til grunn. Bedriftene i det regionale nettverket melde i august om framleis moderat vekst. Talet på registrerte arbeidslause heldt seg nokså uendra, og kapasitetsutnyttinga i fastlandsøkonomien vart framleis vurdert å liggje nær eit normalt nivå. Høg prisvekst på norskproduserte varer og tenester gjorde at konsumprisveksten heldt seg høgare enn venta gjennom sommaren. På rentemøtet i september heldt hovudstyret renta uendra på 1,5 prosent. Prognosen for styringsrenta i Pengepolitisk rapport 3/14 tilsa at styringsrenta ville halde seg på dette nivået ut 2015 og deretter verte auka gradvis.

Etter rentemøtet i september fortsette oljeprisen å falle, og han låg på rundt 85 dollar fatet før rentemøtet i oktober. Samstundes svekte krona seg vidare. Bustadprisane steig litt meir enn venta. I Nasjonalbudsjettet 2015 vart det lagt opp til ein noko høgare vekst i det strukturelle oljekorrigerte budsjettunderskotet frå 2014 til 2015 enn det som var lagt til grunn i den pengepolitiske rapporten frå september. Konsumprisveksten var litt lågare enn det som var lagt til grunn. Samstundes hadde uvissa om utviklinga framover ute auka, og vekstutsiktene internasjonalt hadde svekt seg noko. Endå ein gong vart den venta oppgangen i styringsrentene ute utsett. På rentemøtet heldt hovudstyret renta uendra på 1,5 prosent. Samstundes vart det peika på at utviklinga ute og fallet i oljeprisen hadde auka uvissa om utsiktene for norsk økonomi.

Fram mot rentemøtet i desember fall oljeprisen vidare, til rundt 70 dollar fatet. Også prisane på levering av olje fram i tid hadde falle markert. Inflasjonen i dei fleste industrilanda var låg, og inflasjonsutsiktene vart svekte som følgje av lågare oljeprisar. Vekstutsiktene for Noreg sine handelspartnarar var lite endra, men uvissa var stor. Endå ein gong tyda forventningane til marknadsaktørane på at renteoppgangen ute var utsett. Frå oktober til desember svekte krona seg markert. Det kraftige fallet i oljeprisen ville truleg forsterke nedgangen i aktiviteten i oljeleverandørnæringa. Samstundes voks også konsumet til hushalda mindre enn venta, og tillitsindikatorane for hushalda fall. Utsiktene til svakare vekst i norsk økonomi og auka uvisse om den vidare utviklinga gjorde at styringsrenta på rentemøtet i desember vart sett ned med 0,25 prosenteiningar til 1,25 prosent. Det vart lagt særleg vekt på å motverke faren for ein markert nedgang i norsk økonomi. Prognosen for styringsrenta framover vart òg justert ned. Analysane i Pengepolitisk rapport 4/14 tilsa ei styringsrente på 1 ¼ pst. eller noko lågare fram mot slutten av 2016. I pressemeldinga etter rentemøtet i desember skreiv Noregs Bank:

Oppgangen i verdensøkonomien er fortsatt moderat, og usikkerheten om utviklingen fremover er stor. Her hjemme er vekstutsiktene svekket. Aktiviteten i petroleumsnæringen avtar, og det kraftige fallet i oljeprisen vil trolig forsterke denne utviklingen. Det vil gi ringvirkninger for resten av økonomien, og arbeidsledigheten kan øke noe fremover. Samtidig har kronen svekket seg mye. Det demper utslagene på norsk økonomi og bidrar til å holde inflasjonen oppe.
– Analysene i den pengepolitiske rapporten vi legger fram i dag, tilsier en styringsrente på 1 ¼ prosent eller noe lavere fram mot slutten av 2016 …

Tabell 6.1 Rentevedtaka til hovudstyret i Noregs Bank i 2014

Rentemøte

Endring i prosenteiningar

Styringsrenta etter møtet

Prognose for styringsrente i 2016

26. mars

0,00

1,50

2

7. mai

0,00

1,50

18. juni

0,00

1,50

1 ¾

17. september

0,00

1,50

1 ½

22. oktober

0,00

1,50

10. desember

–0,25

1,25

1 ¼

Kjelde: Noregs Bank

Figur 6.1 Prognose for styringsrenta i ulike pengepolitiske rapportar. Prosent. Fyrste kvartal 2008–fjerde kvartal 20171

Figur 6.1 Prognose for styringsrenta i ulike pengepolitiske rapportar. Prosent. Fyrste kvartal 2008–fjerde kvartal 20171

1 Figur 6.1 er lik figur 1.2 i årsmeldinga frå Noregs Bank for 2014.

Kjelde: Noregs Bank

Figur 6.2 viser endringane i prognosen for styringsrenta frå Pengepolitisk rapport 4/13 til Pengepolitisk rapport 4/14. Søylene illustrerer korleis Noregs Bank i denne perioden vurderte at ulike faktorar verka inn på inflasjon, produksjon og sysselsetjing. Gjennom 2014 justerte Noregs Bank prognosen for styringsrenta markert ned og utsette oppgangen. Både utsikter til lågare etterspurnad heime og lågare renter ute drog renteprognosen ned gjennom året, medan svakare kronekurs drog i motsett retning.

Figur 6.2 Endring i prognosen for styringsrenta frå Pengepolitisk rapport 4/13 til Pengepolitisk rapport 4/14. Prosenteiningar. Fyrste kvartal 2015–fjerde kvartal 20161

Figur 6.2 Endring i prognosen for styringsrenta frå Pengepolitisk rapport 4/13 til Pengepolitisk rapport 4/14. Prosenteiningar. Fyrste kvartal 2015–fjerde kvartal 20161

1 Figur 6.2 er lik figur 1.7 i årsmeldinga frå Noregs Bank for 2014.

Kjelde: Noregs Bank

6.5.4 Utviklinga i risikopåslaga i pengemarknaden

Då uroa i euroområdet tok seg opp att sommaren 2011, auka risikopåslaga også i den norske pengemarknaden kraftig. Etter det fall påslaget til det var nede i ¼ prosenteining sommaren 2013, målt ved skilnaden mellom pengemarknadsrentene og det marknadsaktørane venta at styringsrenta ville verte i den same perioden. Sidan det har påslaget halde seg meir eller mindre stabilt. Noregs Bank skriv mellom anna dette om utviklinga i årsmeldinga for 2014:

Rentepåslaget i den norske pengemarknaden var lågt og stabilt gjennom 2014, akkurat som internasjonale påslag. Påslaget varierte noko gjennom året i takt med den strukturelle likviditeten. Høg strukturell likviditet bidrog til at påslaget var spesielt lågt i byrjinga av året.

Risikopåslaget i den norske pengemarknaden har dei siste åra vore høgare i Noreg enn i mange andre land. Det er ei viktig årsak til fleire strukturelle tiltak i den norske pengemarknaden dei siste åra.

Den 3. oktober 2011 vart det innført eit nytt system for å styre likviditeten til bankane. I det nye systemet får bankane styringsrente berre på ein viss kvote av innskota sine i Noregs Bank. Innskot utover kvoten vert forrenta til reserverenta, som ligg ei prosenteining lågare enn styringsrenta. Føremålet med det nye systemet var å fremje aktiviteten i internbankmarknaden. Samstundes som det nye systemet vart innført, byrja Noregs Bank å notere Nowa-renta. Nowa er eit vekta gjennomsnitt av rentesatsane på avtaler om usikra lån i norske kroner mellom bankar med utbetaling same dagen og tilbakebetaling neste bankdag. I 2014 var det i snitt knapt nokon skilnad mellom Nowa-renta og styringsrenta.

Etter initiativ frå Noregs Bank innførte Finans Norge eit nytt regelverk for fastsetjing av Nibor-renta som gjaldt frå 1. august 2011. Det nye regelverket inneheld mellom anna ein definisjon av denne referanserenta. Siktemålet er å gjere fastsetjinga meir oversiktleg. Med verknad frå 1. februar 2013 innførte Finans Norge nye interne reglar. Dei nye reglane seier at bankar som deltek i fastsetjinga av Nibor, skal ha klåre retningsliner for å sjå og handtere interessekonfliktar som måtte melde seg som følgje av at bankane sjølve har interesser i marknader der Nibor vert nytta som referanserente. Retningslinene skal vere dokumenterte og kunne leggjast fram når Finanstilsynet bed om det.

Hausten 2013 styrkte Finans Norge Nibor-regelverket endå meir for å betre marknadsaktørane sin tillit til måten Nibor vert fastsett på. Det er skipa eit kontrollutval som skal føre tilsyn med at regelverket vert overhalde. Kontrollutvalet skal mellom anna evaluere panelbankane sine bidrag til Nibor. Oslo Børs speler ei viktig rolle i det nye systemet. Børsen skal mellom anna leggje teknisk til rette for mottak av Nibor-bidrag frå bankane som inngår i Nibor-panelet, og bruke bidraga til å rekne ut Nibor i tråd med Nibor-regelverket. Det nye Nibor-regelverket opnar for at Nibor kan korrigerast dersom det vert oppdaga feil i berekningane innan éin time etter tidspunktet då renta vert fastsett. Dei nye retningslinene for Nibor vart sette i kraft 9. desember 2013. Frå 1. januar 2014 har talet på løpetider på Nibor-rentene vorte redusert frå ti til fem.

På oppdrag frå Finansdepartementet utarbeidde Finanstilsynet i mars 2014 eit høyringsnotat og eit utkast til lovendringar om offentlegrettsleg regulering av fastsetjing av allment brukte referanserenter. I høyringsutkastet foreslår tilsynet konsesjonsplikt, tilsyn og forskriftsheimlar for allment brukte referanserenter. Etter utkastet skal fastsetjing av allment brukte referanserenter organiserast forsvarleg, og administrator og organisering skal godkjennast av Finansdepartementet (konsesjonsplikt). Finanstilsynet skal etter utkastet føre tilsyn med fastsetjinga og kan gje pålegg om retting dersom det finn at fastsetjinga ikkje er forsvarleg eller på annan måte strir mot reglane. Vidare inneheld utkastet ein heimel for Finansdepartementet til å gje nærare reglar mellom anna for kva slags referanserenter som skal reknast som allment brukte, måten rentene vert fastsette på, dokumentasjon, interessekonfliktar og krav til styring, overvaking og kontroll. Lovreglar etter utkastet vil mellom anna innebere at fastsetjinga av Nibor vert konsesjonspliktig og underlagd tilsyn. Høyringsinstansane stilte seg positive til utkastet. Finansdepartementet arbeider med oppfølging av høyringa.

Figur 6.3 Differansen mellom pengemarknadsrenter og venta styringsrente. Prosenteiningar.  Fem dagars glidande gjennomsnitt. 1. januar 2013 – 31. desember 2014

Figur 6.3 Differansen mellom pengemarknadsrenter og venta styringsrente. Prosenteiningar. Fem dagars glidande gjennomsnitt. 1. januar 2013 – 31. desember 2014

1 Figur 6.3 er lik figur 3.2 i årsmeldinga frå Noregs Bank for 2014.

Kjelde: Noregs Bank

6.5.5 Utviklinga i inflasjon, produksjon, sysselsetjing og valutakurs

Konsumprisindeksen (KPI) kan variere mykje frå månad til månad. Slike variasjonar kjem til dømes av store svingingar i straumprisane. I ulike indikatorar for underliggjande prisvekst har ein freista å fjerne dei endringane i konsumprisane som kjem av mellombelse forstyrringar. Prisveksten justert for avgiftsendringar og utanom energivarer (KPI-JAE) er eit slikt mål. Sidan 2008 har Noregs Bank også rekna ut indikatoren KPIXE for underliggjande inflasjon. I denne indikatoren er KPI justert for avgiftsendringar og mellombelse endringar i energiprisane, medan han siktar mot å fange opp eventuelle trendar i energiprisane. Noregs Bank opplyser i tillegg om utviklinga i eit trimma snitt og ein modellbasert indikator for underliggjande prisvekst (KPIM).

Veksten i konsumprisane (KPI) var på 2,0 prosent frå 2013 til 2014, ned frå 2,1 prosent året før. Auken i KPI-JAE var 2,4 pst i 2014. Dei siste fem åra har KPI i snitt auka med 1,7 prosent årleg. Figur 6.4 syner veksten i konsumprisane dei siste åra.

Figur 6.4 Konsumprisar. Tolvmånadersvekst.  Prosent. Januar 2010–mars 20151

Figur 6.4 Konsumprisar. Tolvmånadersvekst. Prosent. Januar 2010–mars 20151

1 Figur 6.4 er nesten lik figur 1.18 i Pengepolitisk rapport 4/14 frå Noregs Bank. KPI justert for avgiftsendringar og utan energivarer.

Kjelde: Noregs Bank

I årsmeldinga for 2014 skriv Noregs Bank mellom anna dette om utviklinga i inflasjonen over tid:

Erfaringane med fleksibel inflasjonsstyring i Noreg har vore gode. … Dei siste ti åra har inflasjonen i gjennomsnitt vore noko under, men nær 2,5 prosent. Avviket frå inflasjonsmålet kan mellom anna sjåast i samanheng med fleire gunstige trekk på tilbodssida av økonomien, som god vekst i produktiviteten, høg arbeidsinnvandring og låg prisvekst på importerte varer.
Figur 6.5 Inflasjon. Glidande tiårsgjennomsnitt og variasjon i KPI. Prosent. 1982–20141

Figur 6.5 Inflasjon. Glidande tiårsgjennomsnitt og variasjon i KPI. Prosent. 1982–20141

1 Figur 6.5 er lik figur 1.3 i årsmeldinga frå Noregs Bank for 2014.Det glidande gjennomsnittet er rekna over ein tiårsperiode. Bandet rundt KPI er variasjonen i KPI i snittperioden, målt ved +/– eitt standardavvik.

Kjelde: Noregs Bank

Dersom aktørane i økonomien har tillit til at sentralbanken når inflasjonsmålet, vil dei vente at inflasjonen på sikt vert lik målet. I årsmeldinga for 2014 skriv Noregs Bank mellom anna:

Tillit til at inflasjonsmålet blir nådd, er ein føresetnad for at pengepolitikken òg kan medverke til å stabilisere utviklinga i produksjon og sysselsetjing. Inflasjonen vil ikkje vere lik målet til kvar tid, men med tillit til pengepolitikken vil den forventa prisveksten på lengre sikt vere nær inflasjonsmålet. Det er i seg sjølv med på å stabilisere inflasjonen.

På oppdrag frå Noregs Bank gjennomfører Epinion kvartalsvise spørjeundersøkingar om mellom anna venta inflasjon. Figur 6.6 syner utviklinga i venta prisvekst dei siste åra. I fyrste kvartal 2015 venta fagøkonomane ein konsumprisvekst på 2,2 prosent om to år og på 2,3 prosent om fem år. Arbeidslivsorganisasjonane venta ein prisvekst på 2,3 prosent om to år og på 2,5 prosent om fem år. Hushalda har til vanleg rekna med ein høgare prisvekst enn dette.

Figur 6.6 Venta konsumprisvekst om to og fem år. Prosent. Fyrste kvartal 2008–fjerde kvartal 20141

Figur 6.6 Venta konsumprisvekst om to og fem år. Prosent. Fyrste kvartal 2008–fjerde kvartal 20141

1 Figur 6.6 er lik figur 2.2 i Pengepolitisk rapport 4/14 frå Noregs Bank. Gjennomsnitt av forventningane til arbeidslivsorganisasjonar og økonomar i finansnæringa og akademia.

Kjelde: Noregs Bank

Noregs Bank nyttar mellom anna eit berekna produksjonsgap for å uttrykkje korleis dei vurderer den samla kapasitetsutnyttinga i økonomien. Produksjonsgapet viser avvik mellom faktisk nivå i BNP for Fastlands-Noreg og eit berekna normalnivå. Figur 6.7 syner korleis Noregs Bank rekna utviklinga og variasjonen i produksjonsgapet frå 1982 til 2014. Variasjonen er illustrert med bandet rundt produksjonsgapet. I årsmeldinga for 2014 skriv Noregs Bank at målt på denne måten har svingingane i økonomien vorte reduserte over tid.

Figur 6.7 Overslag over produksjonsgap. Nivå og variasjon. Prosent. 1982–20141

Figur 6.7 Overslag over produksjonsgap. Nivå og variasjon. Prosent. 1982–20141

1 Figur 6.7 er lik figur 1.4 i årsmeldinga frå Noregs Bank for 2014. Produksjonsgapet måler forskjellen mellom BNP og overslaget over potensielt BNP for Fastlands-Noreg. Bandet viser variasjon i produksjonsgapet målt ved +/– eitt standardavvik. Standardavvika er utrekna over ein tiårsperiode.

Kjelde: Noregs Bank

Det er stor uvisse kring utrekninga av produksjonsgapet. I Inflasjonsrapport 3/2006 skreiv Noregs Bank mellom anna:

Produksjonsgapet er ikke observerbart og må anslås. Det er stor grad av usikkerhet i anslagene, ikke bare for framtidig produksjonsgap, men også for produksjonsgapet i dag. Ulike beregningsmetoder kan gi ulike anslag på produksjonsgapet. Hver metode har sine styrker og svakheter, og det er ikke opplagt hvilken av metodene som gir det beste uttrykket for ressursknappheten. I tillegg til metodeusikkerhet er anslag på produksjonsgapet usikkert på grunn av usikre data.

Difor meiner Noregs Bank at det må nyttast andre indikatorar òg når ein skal vurdere kapasitetsutnyttinga i økonomien. Utviklinga i arbeidsløysa er ein slik indikator. Banken ser på eit breitt utval av indikatorar.

6.5.6 Vurderingar frå andre av korleis Noregs Bank utøver pengepolitikken

Det er kome fleire rapportar som omtalar korleis pengepolitikken i Noreg har vore utøvd i tida etter at Finansmarknadsmeldinga 2013 vart lagd fram i april 2014. Nedanfor er vurderingane i følgjande rapportar kort omtala:

  • Norges Bank Watch 2015, ein rapport frå ei ekspertgruppe oppnemnd av Centre for Monetary Economics (CME) ved Handelshøyskolen BI. Finansdepartementet er med og finansierer denne rapporten

  • IMF sin rapport frå august 2014 i samband med ein artikkel IV-konsultasjon

Norges Bank Watch 2015 seier mellom anna dette om korleis Noregs Bank utøver pengepolitikken:

We would like to stress that, on the whole, the main ingredients of the country’s framework for how this policy is executed are sound. Our objections concern details of the system and nuances as regards how discretion has been exercised. We fully support the broad features of the monetary policy system as it has evolved in Norway and other Western economies over the last 20 years, and in our opinion, in these years Norges Bank has largely pursued its monetary policy goals in an excellent manner.

Norges Bank Watch-gruppa stiller likevel spørsmålsteikn ved rentenedsetjinga på 0,25 prosenteiningar i desember. Noregs Bank si grunngjeving for renteendringa var at oljeprisen hadde falle kraftig, og at utsiktene for veksten i norsk økonomi var svekte. Gruppa skriv mellom anna:

In our opinion the policy rate cut could have been postponed. In December, the oil price had fallen to around 70 dollars per barrel. Forward prices were still rather high, around 80 dollars some years ahead. Oil sector investments had not fallen yet but were expected to fall in 2015. But oil investments have risen quite dramatically over the last few years, in volume but also because of higher prices. A situation with oil investments of more than 200 billion NOK was probably not sustainable, and a 20 percent drop over two years would only take us back to the level we were on a few years back.

Norges Bank Watch-gruppa meiner vidare at når styringsrenta er svært låg, og det har vore kraftig vekst i bustadprisane, bør tvil i pengepolitikken halle i retning av å ikkje redusere styringsrenta endå meir.

Norges Bank Watch-gruppa kommenterte også det nye systemet med motsyklisk kapitalbuffer der Noregs Bank har fått i oppdrag å utarbeide eit beslutningsgrunnlag og gje Finansdepartementet råd om nivået på den motsykliske kapitalbufferen til bankane. Rådet til Noregs Bank er ikkje offentleg før Finansdepartementet har teke ei avgjerd. NBW-gruppa meiner systemet er godt, men peikar samstundes på at det er relativt nytt, og at det ikkje har vore prøvd i krisetider.

Norges Bank Watch-gruppa meiner at Noregs Bank sine rutinar for kommunikasjon når det gjeld pengepolitikken er gode. Gruppa meiner likevel at banken bør publisere anonymiserte referat frå møta i hovudstyret i rimeleg tid etter at møta er haldne, og at eventuelle dissensar og viktige moment som var framme i diskusjonen, kjem fram.

Gruppa drøfta også Norges Bank sine transaksjonar i valutamarknaden i samband med avsetjinga til Statens pensjonsfond utland. Gruppa meiner at Noregs Bank har gjeve grundig informasjon om mekanismen som gjer at dei no må kjøpe kroner i staden for å selje kroner i marknaden. Likevel kan det vere nokre aktørar i marknaden som misforstår og oppfattar det slik at transaksjonane er ein del av pengepolitikken. Gruppa skriv at dei er klar over at Noregs Bank ikkje kan informere direkte om berekningar som ligg bak storleiken på dei månadlege kjøpa, men at banken likevel kan peike på kva for faktorar som bidreg til endringa i storleiken på dei. Banken kan også publisere planlagde endringar i petrobufferporteføljen og publisere ein referansebane for månadlege kjøp.

Frå og med mars 2015 har Noregs Bank offentleggjort kva siktemålet for storleiken på petrobufferporteføljen er ved utgangen av kvart år. Tala for den faktiske storleiken på porteføljen blir samstundes gjor offentleg hyppigare enn før, i samband med publiseringa av Noregs Bank sin balanse kvar månad.

I ein rapport frå IMF i samband med ein artikkel IV-konsultasjon i august 2014 skriv fondet mellom anna:

The monetary policy rate has been held at 1.5 percent since March 2012. Recent tensions among the considerations for setting the policy rate are abating. Inflation is now roughly at its 2.5 percent target, lessening the argument for a rate cut to achieve the inflation objective. At the same time, growth is slowing, unemployment is edging up, and house prices have levelled off. These diminish the argument for a rate increase to offset overheating pressures. In this context, the staff views the Norges Bank’s monetary stance as appropriate. Nevertheless, the policy rate will eventually have to normalise to a level somewhat above the inflation target.

Finansiell stabilitet er omtala nærare i kapittel 2 i denne meldinga.

6.5.7 Departementet sine vurderingar av korleis Noregs Bank utøver pengepolitikken

Retningslinene for pengepolitikken som vart fastsette 29. mars 2001, ligg fast. Det var brei semje i Stortinget om dei. Det ser ut til å vere tillit til pengepolitikken både hjå marknadsaktørar, dei akademiske miljøa og opinionen allment. Innanfor retningslinene skal Noregs Bank utøve eit sakleg avgrensa skjøn. Slik departementet ser det, er ansvarsdelinga mellom dei politiske styresmaktene og Noregs Bank tenleg.

Departementet meiner at dei gjeldande retningslinene for pengepolitikken utgjer eit godt rammeverk for korleis Noregs Bank skal utøve pengepolitikken, og at retningslinene har vist seg å vere robuste, også i samband med finanskrisa. Retningslinene gjorde det mogleg for Noregs Bank å setje ned rentene markant då den venta inflasjonen og produksjonen fall hausten 2008. Den ekspansive pengepolitikken var med på å stabilisere utviklinga i norsk økonomi. Rammeverket er godt i tråd med praksis i andre land med fleksibel inflasjonsstyring.

I forskrifta for pengepolitikken heiter det at han skal sikte mot stabilitet i den nasjonale og internasjonale verdien av den norske krona. Pengepolitikken skal sikte mot låg og stabil inflasjon. Det operative målet for pengepolitikken er ein årsvekst i konsumprisane som over tid ligg nær 2,5 prosent. Pengepolitikken skal samstundes stø finanspolitikken i å medverke til ei stabil utvikling i produksjon og sysselsetjing og til stabile forventningar om valutakursutviklinga.

Budsjettpolitikken og pengepolitikken må verke saman for at utviklinga i produksjonen og etterspurnaden i norsk økonomi skal vere stabil. Retningslinene for den økonomiske politikken inneber at pengepolitikken har ei klår rolle å spele i stabiliseringspolitikken. Verkemidla i pengepolitikken kan raskt endrast dersom utsiktene for økonomien endrar seg.

Pengepolitikken skal vera framoverretta. Noregs Bank fastset renta med sikte på å stabilisere inflasjonen nær målet på 2,5 prosent på mellomlang sikt. Horisonten varierer med dei forstyrringane økonomien er utsett for, og med dei verknadene dei ulike forstyrringane har på inflasjonen og realøkonomien framover. I utøvinga av pengepolitikken må Noregs Bank vege omsynet til stabil inflasjon mot omsynet til stabilitet i produksjon og sysselsetjing på kort til mellomlang sikt.

Noregs Bank legg også vekt på at pengepolitikken skal være robust. I rentesettinga tar ein omsyn til faren for særleg ugunstige utfall for økonomien. Ved store forstyrringar kan det innebere ein meir aktiv pengepolitikk enn vanleg. Ein robust pengepolitikk tar også omsyn til faren for at finansielle ubalansar kan byggje seg opp.

Når ein skal vurdere prisutviklinga over tid, er det utviklinga i samla KPI som er det sentrale målet. Gjennomsnittleg vekst i konsumprisane har vore 1,9 prosent dei siste ti åra, det vil seie nær, men noko under 2,5 prosent. Auka global arbeidsdeling har gjeve låge importprisar som har styrkt kjøpekrafta for norske hushald og bidrege til å halde lønsemda for norske verksemder oppe. Veksten i aktiviteten i Fastlands-Noreg var i perioden 2011–2014 i snitt nærare 3 prosent, det vil seie godt over gjennomsnittet dei siste 40 åra.

Forventningane til inflasjonen nokre år fram i tid ser ut til å vere godt forankra nær inflasjonsmålet, jf. avsnitt 6.4.2 over. Ein slik tillit til inflasjonsmålet gjer det lettare for Noregs Bank å medverke til stabilitet i produksjon og sysselsetjing, jf. forskrifta for pengepolitikken.

Utviklinga i samla KPI varierer mykje frå år til år, mellom anna som følgje av store variasjonar i straumprisane. Når ein skal vurdere inflasjonen i dag og utsiktene for den vidare prisveksten, gjev difor KPI, slik han ser ut i augneblinken, ikkje det beste vurderingsgrunnlaget. I ulike indikatorar for underliggjande prisvekst freistar ein å fjerne endringar i konsumprisane som skriv seg frå mellombelse forstyrringar som ein bør sjå bort frå ved fastsetjing av renta. Noregs Bank nyttar fleire indikatorar for å få eit bilete av den underliggjande inflasjonen. Konsumprisane justerte for avgiftsendringar og frårekna energivarer, KPI-JAE, er ein sentral indeks. I tillegg reknar Noregs Bank ut ein indeks kalla KPIXE, der ein med utgangspunkt i KPI-JAE også tar med tendensutviklinga i energiprisane. Ingen enkeltindikator kan gje eit fullgodt svar på kva den underliggjande prisstiginga er eller vil verte i nær framtid. Å nytte fleire ulike indikatorar for denne storleiken, slik Noregs Bank gjer, medverkar til eit betre grunnlag for vurderingane.

Etter å ha vorte liggjande i ro på 1,5 prosent sidan mars 2012, vart styringsrenta sett ned til 1,25 prosent i desember 2014. Stoda hjå dei viktigaste handelspartnarane er no slik at rentene der truleg vert verande svært låge i fleire år framover. Det påverkar i sin tur dei avvegingane Noregs Bank gjer i rentesetjinga. Rentebana til Noregs Bank, som vart publisert i samband med rentemøtet 18. mars i år, tyder på at rentene vil halde seg låge i Noreg dei næraste åra òg.

Uro i dei internasjonale finansmarknadene gav i ein periode høgare påslag mellom pengemarknadsrentene og Noregs Bank si styringsrente. Desse påslaga er no komne ned att, jf. over. Tiltaka som vart sette i verk mellom anna av Noregs Bank, kan ha medverka til dette. Det er viktig med ein pengemarknad som fungerer godt, og departementet meiner difor at det mellom anna er særs viktig at systemet for fastsetjinga av Nibor-renta er robust og tillitvekkjande.

Med utgangspunkt i forskrifta skal pengepolitikken medverke til stabilitet i den internasjonale kroneverdien og til å stabilisere forventningane til valutakursutviklinga. Det operative målet for pengepolitikken er låg og stabil inflasjon. Difor er det ikkje sett noko fast mål for nivået på kronekursen. Utviklinga i kronekursen har likevel innverknad på rentesetjinga, sidan kursen påverkar inflasjon og produksjon, særleg i ein liten og open økonomi som den norske.

Krona svekte seg markert i fjor og inn i 2015. Målt ved konkurransekursindeksen var krona 8,5 prosent svakare ved utgangen av 2014 enn ved byrjinga av året, og nesten 13 prosent svakare enn snittet for dei siste ti åra. Kronesvekkinga har truleg samanheng med fallet i oljeprisen og noko svakare vekstutsikter for norsk økonomi. Med flytande valutakurs må ein rekne med at kursen vil variere. Slike variasjonar kan tene som ein automatisk stabilisator for økonomien. Kostnadsnivået i norsk økonomi er høgt, både på grunn av at lønene i Noreg har vakse raskare enn lønene ute, men også fordi krona har styrkt seg over fleire år. Svekkinga av krona i 2014 medverka til at situasjonen for konkurranseutsette føretak i Noreg vart litt lettare, i ein situasjon der veksten i etterspurnaden frå oljeverksemdene går ned. Kostnadsnivået er likevel framleis mykje høgare i Noreg enn hjå handelspartnarane våre.

Tydeleg kommunikasjon om intensjonane bak innrettinga av pengepolitikken medverkar også til å stabilisere forventningane til pris- og valutakursutviklinga. Det at Noregs Bank publiserer ei eiga bane for renta framover, er ein viktig del av denne kommunikasjonen.

Arbeidet med å tryggje finansiell stabilitet er i Noreg delt mellom Finansdepartementet, Noregs Bank og Finanstilsynet. Noregs Bank skal saman med Finanstilsynet sjå til at det finansielle systemet er robust og effektivt, og difor overvakar dei finansinstitusjonane, verdipapirmarknadene og betalingssystema for å avdekkje element som kan truge stabiliteten. Dessutan er Noregs Bank långjevar i siste instans for bankane. I kapittel 2 i denne meldinga er arbeidet med finansiell stabilitet nærare omtala.

Både bustadprisane og gjelda til hushalda har auka sterkt i Noreg over fleire år. Utviklinga i gjeld, formuesprisar og gjeldsbeteningsevne er ein del av grunnlaget for rentesetjinga til Noregs Bank. Banken har mellom anna sagt at han vil ha eit langsiktig perspektiv på inflasjonsmålet ettersom moglege ubalansar i formuesprisene kan påverke aktiviteten og inflasjonen ei god stund frametter.

Eit slikt omsyn til risikoen for finansielle ubalansar må vegast mot dei andre omsyna i mandatet til Noregs Bank.

I oktober 2013 fastsette regjeringa ei forskrift om ein motsyklisk kapitalbuffer. Den er eit av fleire element i det nye regelverket for bankane si kapitaldekning som vart vedteke av Stortinget i juni 2013. Bufferkravet skal normalt liggje mellom 0 og 2,5 prosent av berekningsgrunnlaget til bankane. Finansdepartementet fastset nivået på den motsykliske kapitalbufferen kvart kvartal. Noregs Bank har fått i oppdrag å lage eit informasjonsgrunnlag og å gje departementet råd om nivået. Dette gjer Noregs Bank i dei pengepolitiske rapportane samstundes som han sender rådet i eige brev til Finansdepartementet. Den motsykliske kapitalbufferen er nærare omtala i kapittel 3.

For at hushalda og andre aktørar i økonomien skal kunne tilpasse verksemda si på ein god måte, er det viktig at Noregs Bank opplyser klårt om kva for vurderingar som ligg til grunn for renteavgjerdene, og korleis banken vurderer den framtidige renteutviklinga. Då har det hatt god verknad at Noregs Bank sidan hausten 2005 har offentleggjort sine eigne renteprognosar. Banken har fått merksemd i utlandet på grunn av den gode og opne formidlinga av vurderingane som styrer utøvinga av pengepolitikken. Noregs Bank skriv også kva styret har lagt vekt på i vurderingane som ligg bak renteavgjerdene, og om ein har vurdert andre alternativ for renta. Frå og med nummer 1/11 har Pengepolitisk rapport opna med eit kapittel som omtalar vurderingane og drøftingane i hovudstyret på møtet dei held to veker før rentemøtet, samt det aktuelle rentemøtet. Frå og med nummer 1/13 har finansiell stabilitet fått ein meir sentral plass i rapportane, og frå og med nummer 3/13 har Noregs Bank presentert eit beslutningsgrunnlag for råda han gjev om den motsykliske kapitalbufferen. Departementet meiner at Noregs Bank alt i alt kommuniserer klårt og godt om vurderingane av verkemiddelbruken i pengepolitikken.

Departementet finn ikkje grunnlag for merknader til den måten Noregs Bank har utøvd pengepolitikken på i 2014.

6.6 Kapitalforvaltninga

6.6.1 Innleiing

Ved utgangen av 2014 hadde Noregs Bank 6 877 milliardar kroner til forvalting i dei internasjonale kapitalmarknadene. Hovuddelen av dette er Statens pensjonsfond utland (SPU), som Noregs Bank forvaltar for Finansdepartementet. Banken forvaltar òg sine eigne internasjonale reservar. Det er lagt ut avkastingsrapportar på nettsidene til banken.

6.6.2 Valutareservane

Dei internasjonale reservane til Noregs Bank består av valutareservane og krav på Det internasjonale valutafondet (IMF). Valutareservane utgjorde 92 prosent av dei totale internasjonale reservane ved utgangen av 2014.

Valutareservane til Noregs Bank skal kunne brukast som ledd i gjennomføringa av pengepolitikken, ut frå omsynet til finansiell stabilitet og for å møte dei internasjonale pliktene Noregs Bank har overfor IMF og enkeltland.

Hovudstyret i Noregs Bank fastset prinsipp for forvaltinga av valutareservane og har delegert til sentralbanksjefen å gi utfyllande retningslinjer. Reservane er delte inn i ein langsiktig portefølje, ein pengemarknadsportefølje og ein petrobufferportefølje. Norges Bank Investment Management (NBIM) forvaltar den langsiktige porteføljen, mens Norges Bank Markeder og Banktjenester (MB) forvaltar pengemarknadsporteføljen og petrobufferporteføljen.

Valutareservane skal vere plasserte slik at minst 10 milliardar SDR, inkludert heile pengemarknadsporteføljen, skal kunne nyttast innan éin handledag utan å måtte realisere nokon større tap. Pengemarknadsporteføljen skal vere mellom 3,5 og 4,5 milliardar SDR og blir investert i kortsiktige renteinstrument. Referanseindeksen for pengemarknadsporteføljen er sett saman av overnatta pengemarknadsindeksar og statssertifikatindeksar for amerikanske dollar og euro. Den langsiktige porteføljen skal plasserast i aksjar og renteberande papir. Referanseindeksen for den langsiktige porteføljen er sett saman av globale indeksar for aksjar og obligasjonar. Aksjedelen i den strategiske referanseindeksen er 40 prosent.

Petrobufferporteføljen er ein mekanisme for å tilføre nye midlar til Statens pensjonsfond utland (SPU). Porteføljen blir bygd opp ved at Noregs Bank løpande kjøper valuta frå Statens direkte økonomiske engasjement (SDØE), og ved at Noregs Bank gjer valutatransaksjonar i marknadene. Det blir normalt overført midlar til SPU kvar månad. Petrobufferporteføljen blir plassert i kortsiktige rentepapir. Det er ikkje fastsett nokon referanseindeks for petrobufferporteføljen.

Marknadsverdien av valutareservane var 448,6 milliardar kroner ved utgangen av 2014. Aksjar og lange renteinvesteringar utgjorde til saman 347,3 milliardar kroner, mens pengemarknadsinvesteringane og petrobufferporteføljen var på høvesvis 49,9 og 51,4 milliardar kroner. Reservane auka med 120,3 milliardar kroner gjennom året, i hovudsak på grunn av avkasting og svekt kronekurs. Avkasting i internasjonal valuta bidrog til å auke reservane med om lag 32,4 milliardar kroner, mens svekt kronekurs auka verdien med 57,4 milliardar kroner.

Petrobufferporteføljen blei oppretta av Noregs Bank for å bidra til ei kostnadseffektiv overføring av midlar til Statens pensjonsfond utland og er ikkje ein del av valutareservane, som blir haldne for beredskapsformål. Porteføljen auka med 34,6 milliardar gjennom 2014, i hovudsak fordi valutakjøp frå SDØE var større enn overføringane til Statens pensjonsfond utland, og på grunn av svekt kronekurs.

Valutareservane blir haldne for beredskapsformål. Utviklinga målt i norske kroner er dermed mindre viktig. Kronekursbevegelsar vil først og fremst påverke eigenkapitalen til Noregs Bank, ikkje banken si evne til å oppfylle plikter i valuta. I det vidare vil derfor, dersom ikkje noko anna er oppgitt, avkasting bli målt i internasjonal valuta. Petrobufferporteføljen, som ikkje blir halden for valutaberedskap som omtalt ovanfor, blir halden utanfor avkastingsmålinga.

Samla sett var avkastinga på valutareservane 7,69 prosent i 2014. Aksjeinvesteringar hadde ei avkasting på 11,11 prosent og lange renteinvesteringar ei avkasting på 7,11 prosent. Pengemarknadsinvesteringar hadde ei avkasting på 0,11 prosent.

Aksjeinvesteringar hadde ei avkasting som var 0,21 prosentpoeng høgare enn referanseindeksen for aksjar, mens lange renteinvesteringar hadde ei avkasting som var 0,12 prosentpoeng lågare enn referanseindeksen for obligasjonar i perioden. Pengemarknadsinvesteringane oppnådde i perioden ei avkasting som var 0,05 prosentpoeng høgare enn referanseindeksen.

I den siste tiårsperioden var den annualiserte avkastinga 5,99 prosent. Særleg har aksjeinvesteringane bidrege til avkastinga, men dei realiserte svingingane har vore vesentleg høgare enn for renteinvesteringane.

6.6.3 Statens pensjonsfond utland

Noregs Bank står for den operative forvaltinga av Statens pensjonsfond utland på vegner av Finansdepartementet. Ved utgangen av 2014 var marknadsverdien av fondet 6431 milliardar kroner, før frådrag for forvaltingshonorar til Noregs Bank. Finansdepartementet overførte i 2014 til saman 147 milliardar kroner til Statens pensjonsfond utland.

Forvaltingsoppdraget er regulert av forskrifta «Mandat for forvaltinga av Statens pensjonsfond utland». Finansdepartementet har fastsett ein strategisk referanseindeks med 60 prosent aksjar og 40 prosent obligasjonar, fråtrekt den delen av investeringsporteføljen som er investert i eigedomsporteføljen. Referanseindeksen uttrykkjer oppdragsgivaren sin investeringsstrategi for fondet og er eit viktig utgangspunkt for å styre risikoen i den operative forvaltinga og for å vurdere resultata av forvaltinga i Noregs Bank. Finansdepartementet har sett grenser for kor mykje den faktiske porteføljen kan avvike frå referanseindeksen.

Fondet hadde i 2014 ei avkasting på 7,6 prosent, målt i ei valutakorg som svarer til samansetjinga av referanseindeksen. Det er dette avkastingsmålet som best beskriv utviklinga i den internasjonale kjøpekrafta til fondet. Målt i internasjonal valuta var avkastinga på aksjeporteføljen 7,9 prosent, mens renteporteføljen hadde ei avkasting på 6,9 prosent.

Avkastinga i 2014 var 0,8 prosenteiningar lågare enn avkastinga på referanseindeksen. Aksjeporteføljen hadde ei mindreavkasting på 0,8 prosenteiningar, mens renteporteføljen hadde ei mindreavkasting på 0,7 prosenteiningar.

Sidan 1998 har den årlege nominelle avkastinga vore 5,8 prosent, målt i internasjonal valuta. Etter frådrag for forvaltingskostnader og prisstiging har netto realavkasting vore 3,8 prosent per år. Ein meir detaljert presentasjon av forvaltinga i 2014 finn du i årsrapporten for Statens pensjonsfond utland.

6.7 Rekneskap og budsjett

I all hovudsak er kontantstraumane i Noregs Bank av operasjonell karakter. Inntektene til Noregs Bank består i hovudsak av netto inntekt frå finansielle instrument frå banken si eiga kapitalforvalting, i hovudsak valutareservane til Noregs Bank. Gevinstar og tap består av valutakursendringar, aksjekursendringar og renteendringar som påverkar obligasjonskursane. Dette er usikre og uføreseielege inntekter. Resultatet for Noregs Bank er avhengig av korleis desse parametrane utviklar seg, og det kan gi store årlege svingingar i resultatet. Årsresultatet er heilt dominert av inntektene banken har frå si eiga kapitalforvalting.

For 2014 viser det samla resultatet for Noregs Bank eit overskot på 89,6 milliardar kroner, mot eit overskot på 53,5 milliardar kroner i 2013. Netto inntekt frå finansielle instrument i dei internasjonale verdipapirmarknadene knytte til valutareservane til banken gav ein gevinst på 89,7 milliardar kroner i 2014, mot 53,2 milliardar i 2013. Grunnen til auken i denne nettoinntekta er at den norske krona svekte seg mot dei fleste hovudvalutaene i valutareservane, som – omrekna til norske kroner – førte til ein valutagevinst på 57,4 milliardar kroner i 2014. I 2013 gav svekkinga av den norske krona mot dei fleste hovudvalutaene i valutareservane ein valutagevinst på 25,0 milliardar kroner for valutareservane. Gevinstar og tap som skriv seg frå endra kronekurs, verkar ikkje inn på den internasjonale kjøpekrafta for valutareservane.

Andre inntekter består av godtgjersle frå Finansdepartementet for SPU-forvaltinga, inntekter for tenester til bankar og staten og husleige frå eksterne leigetakarar. Andre inntekter utgjorde 3,3 milliardar kroner i 2014, mot 3,0 milliardar kroner i 2013. I samsvar med mandat for forvaltinga av SPU § 5-1 får Noregs Bank godtgjersle for kostnaden for SPU-forvalting innanfor ei øvre grense, og banken får denne refundert som inntekt frå Finansdepartementet. Forvaltingshonoraret frå SPU var 3,2 milliardar kroner, som utgjer 5,9 basispunkt rekna av gjennomsnittleg forvalta kapital for 2014.

Totalresultatet i SPU på 1242,7 milliardar kroner består av eit porteføljeresultat på 1245,9 milliardar kroner minus forvaltingskostnader på 3,2 milliardar kroner. Totalresultatet er lagt til statens kapitalinnskot i SPU per 31. desember 2014. Heile den oppnådde avkastinga ved forvaltinga, etter frådrag for godtgjersle til Noregs Bank, blir knytt til kronekontoen til SPU og påverkar derfor ikkje totalresultatet eller eigenkapitalen til Noregs Bank.

Eigenkapitalen til Noregs Bank var på 205,5 milliardar kroner per 31. desember 2014, mot 126,7 milliardar kroner per 31. desember 2013. Eigenkapitalen består av kursreguleringsfond og overføringsfond. Ved utgangen av 2014 var kursreguleringsfondet på 184,6 milliardar kroner og overføringsfondet på 20,8 milliardar kroner etter at det blei flytta over 10,4 milliardar kroner til anna gjeld som overføring til statskassen. Samanlikna med balansen til Noregs Bank, eksklusiv SPU, svarer dette til ein eigenkapitaldel på 40 prosent. Fluktuasjonar i eigenkapitalen til Noregs Bank blir dominerte av fluktuasjonar i marknadsverdien til valutareservane.

Disponeringa av totalresultatet i Noregs Bank følgjer retningslinjene for avsetjing og disponering av resultatet til Noregs Bank, som opphavleg var vedtekne i statsråd 7. februar 1986 med heimel i sentralbanklova av 24. mai 1985 § 30. Retningslinjene er seinare endra fleire gonger, seinast ved kgl.res. 6. desember 2002.

Av overskotet til Noregs Bank skal det avsetjast til kursreguleringsfondet inntil dette har nådd 5 prosent av banken sine fordringar i norske verdipapir og 40 prosent av banken sine netto valutareservar. Eventuelt overskot etter avsetjing til eller tilførsel frå kursreguleringsfondet blir avsett til overføringsfondet. Frå overføringsfondet blir det etter kvart årsoppgjer avsett eit beløp til statskassen som svarer til ein tredjedel av dei inneståande midlane i overføringsfondet.

I tråd med retningslinjene blir det gjennomført følgjande overføringar og disponeringar:

Totalresultatet på 89,2 milliardar kroner blei overført med 57,9 milliardar kroner til kursreguleringsfondet og 31,3 milliardar kroner til overføringsfondet. Frå overføringsfondet blei det overført ein tredjedel – 10,4 milliardar kroner – til statskassen og som blei omdisponert frå eigenkapital til anna gjeld.

Fotnotar

1.

Baselkomiteen for banktilsyn (BCBS) er eit internasjonalt organ for sentralbankar og tilsynsmyndigheiter som er knytta til Den internasjonale oppgjørsbanken (BIS).

2.

Ved tidspunkt for full implementering.

Til forsida