Meld. St. 9 (2017–2018)

Noregs fiskeriavtalar for 2018 og fisket etter avtalane i 2016 og 2017

Til innhaldsliste

1 Samandrag

Noreg er ein havnasjon med rike fiskeressursar. Dei store mengdene fisk i norske farvatn har gjeve mat, arbeid og inntekt til det norske kystfolket til alle tider. I 2017 eksporterte Noreg villfanga fisk og fiskeprodukt for 26,8 milliardar kroner, som var ny rekord.

På verdsbasis er overfiske av viktige fiskebestandar ei stor utfordring, og Noreg har dei siste tiåra engasjert seg tungt i internasjonalt samarbeid for å få ei berekraftig fiskeriforvaltning.

Vi deler opp mot 90 prosent av fiskeressursane vi haustar av med andre land. Det er forvaltninga av desse ressursane som er tema for dei årlege fiskeriavtalane. Avtalane skal sikre at haustinga av fiskebestandane er berekraftig. Dei er difor basert på uavhengige vitskaplege råd om kvotar og forvaltningstiltak, og inneheld forpliktande føresegner om kvotefordeling, forvaltningstiltak og kontrollsamarbeid.

Det er tre overordna mål som ligg til grunn for Noreg sin medverknad i dei ulike forhandlingsprosessane og dei internasjonale organisasjonane for ressursforvaltning:

  • Å fremje ei berekraftig forvaltning av dei levande marine ressursane, basert på den best tilgjengelege vitskaplege kunnskapen og ei økosystembasert tilnærming.

  • Å sikre Noreg ein rettferdig del ved kvotefordeling av felles regulerte bestandar.

  • Å sikre tilfredsstillande kontroll og handheving innan dei forvaltningsregima der Noreg tek del.

Oversikt over fiskeriavtalane

Noreg inngår tre typar internasjonale fiskeriavtalar: tosidige avtalar, kyststatsavtalar og avtalar i regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar (RFMOar).

Noreg inngår tosidige avtalar med Russland, EU, Færøyane, Island og Grønland. Avtalane med Russland og EU er dei mest omfattande og gjeld felles forvaltning av bestandane vi deler i høvesvis Barentshavet og Nordsjøen. I tillegg blir det avtalt gjensidig løyve til å fiske i den andre parten si fiskerisone og byte av kvotar. EU er også formell motpart i avtalane om regulering av fisket i Skagerrak og Kattegat, samt svensk fiske i norsk økonomisk sone. Avtalane med Færøyane, Grønland og Island gjeld først og fremst kvotebyte. Kvotebytet har tradisjonelt vore ei vidareføring av tidlegare fiskemønster hos partane, men nivået avheng òg av variasjonar i storleiken på dei ulike bestandane. Dei tosidige avtalane omfattar dessutan kontrollsamarbeid og i ulik grad forskingssamarbeid.

Dei største bestandane i Norskehavet er makrell, norsk vårgytande sild (nvg-sild) og kolmule. Dette er bestandar som vandrar mellom sonene til fleire statar. Dei blir difor forvalta gjennom fleirsidige avtalar, såkalla kyststatsavtalar, mellom statane som har bestanden i sine soner. Noreg har også ein trepartsavtale om forvaltninga av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen, og er part i prosessen om fordeling og regulering av uer i Irmingerhavet mellom Færøyane, Grønland og Island.

FN-avtalen om fiske på det opne hav pålegg kyststatane og statar som fiskar i internasjonalt farvatn å ta del i regionalt samarbeid om forvaltninga av vandrande fiskebestandar. RFMOane søkjer å kombinere ei langsiktig bevaring og best mogleg utnytting av fiskeressursane i konvensjonsområda sine. Det skjer gjennom regulering av fisket, miljøtiltak og kontrollsamarbeid. RFMOane har mellom anna vore viktige arenaer i kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske). Dei ulike fiskeriforvaltningsorganisasjonane Noreg deltek i er nærare presentert i kapittel 3.

I kapittel 2 har vi ei kort innføring i tema som er viktige i det internasjonale fiskerisamarbeidet. Det havrettslege rammeverket, den vitskaplege rådgjevinga og dei internasjonale havmiljøprosessane legg viktige premissar for dei årlege fiskeriavtalane. Vi omtalar dessutan det internasjonale samarbeidet mot UUU-fiske og fiskerikriminalitet.

Figur 1.1 Dei nordaustatlantiske havområda

Figur 1.1 Dei nordaustatlantiske havområda

Verdiane vi forhandlar om

Den samla fangstverdien av fiskeriavtalane Noreg inngjekk med andre land i 2017 er rekna til 46,7 milliardar kroner1. Noreg sin del utgjorde ein tredel av totalen, eller om lag 16 milliardar kroner. I tillegg kjem verdiane som blir skapt av vidareforedling av fangsten. Den reelle verdien av avtalane er avhengig av i kor stor grad Noreg nyttar kvotane fullt ut.

Figur 1.2 viser korleis den økonomiske verdien var fordelt mellom dei viktigaste avtalane i 2017. Denne fordelinga vil variere ein del frå år til år, som følgje av endringar i storleiken på kvotane og prisane i marknaden for dei ulike artane. Figuren illustrerer like fullt den økonomiske tyngda av dei ulike avtalane.

Figur 1.2 Fiskeriavtalane sin relative verdi for Noreg i 2017

Figur 1.2 Fiskeriavtalane sin relative verdi for Noreg i 2017

Torsken i Barentshavet er den kommersielt viktigaste bestanden Noreg har, og den norske kvoten hadde i 2017 ein verdi på om lag 7,3 milliardar kroner. Det er grunnen til at meir enn halvparten av dei samla verdiane av fiskeriavtalane kjem frå Russlandsavtalen. 29 prosent av verdiane frå avtalane totalt skriv seg frå kyststatsavtalane for dei tre pelagiske bestandane. Makrellen er for tida den viktigaste med ein verdi på om lag 2,2 milliardar kroner i 2017. Avtalen med EU om forvaltninga av fellesbestandane i Nordsjøen stod for åtte prosent av verdiane. Skagerrak-avtalen med EU stod for nesten tre prosent av dei samla verdiane i 2017.

1.1 Fiskeriavtalane for 2018

Figur 1.3 viser den avtalte totalkvoten for viktige bestandar for Noreg i perioden 2015–2018, medan figur 1.4 viser den fastsette norske delen av kvotane på desse bestandane i 2018. Dei endelege kvotane til Noreg vil skilje seg noko frå denne fordelinga, fordi vi byter kvotar i dei ulike avtalane etter at totalkvotane er fastsette.

Kapittel 3 presenterer dei fastsette kvotane og fordelinga av desse i alle dei ulike avtalane. Kapittel 4 inneheld ein gjennomgang av status og vitskapleg rådgjeving for dei ulike bestandane.

Figur 1.3 Totalkvotar i 2015–2018 for viktige bestandar for Noreg (tonn)

Figur 1.3 Totalkvotar i 2015–2018 for viktige bestandar for Noreg (tonn)

1 Det var ikkje semje mellom kyststatane om ein totalkvote for kolmule for 2015 og 2016. Tala er summen av nasjonale kvotar.

Figur 1.4 Den norske delen av kvoten på viktige bestandar for Noreg i 20181

Figur 1.4 Den norske delen av kvoten på viktige bestandar for Noreg i 20181

1 Grafen inkluderer ikkje kvotebyte etter at totalkvotane er fastsette.

2 Kvotane for kolmule, makrell og nvg-sild vert fastsett unilateralt. Grafen viser kvoten som Noreg har sett av totalkvoten for 2018.

Avtalen med Russland

Noreg og Russland har avtalt totalkvotar for 2018 på fellesbestandane i Barentshavet og fordelinga mellom Noreg, Russland og avsetnad til tredjeland. Landa har også avtalt gjensidig rett til å fiske i kvarandre sine soner og har bytt kvotar som gjeld både fellesbestandar og nasjonale bestandar.

Torsken og hysa i Barentshavet har vore på eit svært høgt nivå dei siste åra. Dei to bestandane blir delt likt mellom Noreg og Russland etter at ein har sett av kvotar til tredjeland. Tredjelandskvoten blir bytta mot kvotar på andre artar. Torskekvoten er kring 14 prosent lågare enn i 2017, men er framleis høg historisk sett. Kvotenivået er venta å sikre eit høgt utbyte på lang sikt. Hysekvoten er sett ned med om lag 13 prosent frå 2017.

Noreg og Russland vedtok å vidareføre kvotefleksibilitet mellom år i fisket etter torsk og hyse. Det inneber at partane kan overføre inntil 10 prosent av kvoten til neste år, eller fiske inntil 10 prosent av eigen kvote på forskot.

For første gong sidan 2015 vart det vedtatt å opne for kommersielt loddefiske i Barentshavet i 2018.

Noreg og Russland er einige om å vidareføre arbeidet i analysegruppa i 2018, som har vore sentral i kontrollsamarbeidet med Russland i Barentshavet. Partane skal sjå nærare på norsk og russisk fiskeriregelverk om utkast av fisk.

Avtalane med EU

Noreg og EU har eit felles ansvar for å forvalte fiskeressursane i Nordsjøen. I kvoteavtalen for 2018 er kvotane for torsk, sei, hyse, kviting og sild auka, medan kvoten for raudspette er minka. Byteavtalen vart balansert. Avtalen inneheld òg føresegner om gjensidig løyve til å fiske i den andre parten si fiskerisone.

Av fellesbestandane i Nordsjøen er det silda og seien som har den største kommersielle verdien for Noreg. Noreg har 29 prosent av sildekvoten og 52 prosent av seikvoten. Tilstanden for nordsjøsilda og seibestanden er god.

Noreg og EU har i tillegg inngått avtalar om fisket i Skagerrak/Kattegat og om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen (nabolandsavtalen). Det er silde- og rekefisket i Skagerrak som er av størst interesse for norske fiskarar.

Arbeidet for skjerpa kontroll og overvaking av ressursuttaket er ein viktig del av avtalen med EU. Nytt for 2018 er at partane er einige om å opprette ei arbeidsgruppe for kontroll av nordsjøbestandar.

Kyststatsavtalane

Makrell

Makrellbestanden har vore i god forfatning dei siste åra. Noreg, EU og Færøyane inngjekk i 2014 ein femårig rammeavtale for forvaltning av makrell. Avtalen gjev Noreg 26,67 prosent av delen til dei tre partane i avtalen. I tillegg er det sett av ein del til andre land. Det er gjort forsøk på å inkludere Island og Grønland i denne avtalen, men det har ikkje lukkast. Noreg, EU og Færøyane har difor frå og med 2015 inngått årlege trepartsavtalar om forvaltning av makrell, i tråd med rammeavtalen frå 2014.

Norsk vårgytande sild

Norsk vårgytande sild (nvg-sild) er den største sildebestanden i verda, men har vore inne i ein periode med reduksjon. EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland er kyststatar til nvg-silda. Dei siste åra har Færøyane kravd ein høgare del av den totale kvoten. Det færøyske kravet har ført til at spørsmålet om delinga mellom partane har blitt opna på nytt. Kyststatane har forhandla om delinga i fleire forhandlingsrundar, men har ikkje klart å bli einige om ein ny fempartsavtale.

For 2018 har partane blitt samde om ein totalkvote på nvg-sild på 435 000 tonn. Fram til no er det ikkje nådd ein avtale om fordelinga av andelar til statane, og kvotane vert fastsett unilateralt. I mangel på semje mellom alle partane inngjekk Noreg og EU 7. desember 2017 ein bilateral soneadgangsavtale for nvg-sild og kolmule for 2018. Avtalen gjev begge partar tilgang til å fiske sine tradisjonelle delar av kyststatskvotane i kvarandre sine farvatn. Kvotane bind ikkje partane opp med omsyn til framtidige forhandlingar om delar. I ein situasjon utan avtalar gjev tilgangsavtalen noko stabilitet for 2018. Med utgangspunkt i ein felles kyststatsrapport om nvg-silda si sonetilhøyrsle har Noreg sett ein kvote for 2018 som inneber ein del på 70 prosent.

Kolmule

Kolmule er den tredje store pelagiske bestanden i Nordaust-Atlanteren. Bestanden gjekk ned frå 2003 til 2009, men trenden har snudd og gytebestanden har nær dobla seg. Bestanden er no i god stand og blir hausta berekraftig. Etter initiativ frå EU har partane utarbeidd ein felles rapport om sonetilhøyrsle for kolmulebestanden. Med utgangspunkt i rapporten krev EU ein høgare del av totalkvoten. Færøyane har følgt opp og krev også ein større del. Kyststatane har dei seinaste åra forhandla i fleire rundar om ei ny fordeling av bestanden, men ein har førebels ikkje lukkast i dette.

I forhandlingane for 2018 vart partane samde om ein totalkvote (TAC) som er basert på ICES si rådgjeving og forvaltningplanen som er evaluert av ICES. I mangel på einigheit mellom alle partane, inngjekk Noreg og EU i desember 2017 ein bilateral soneadgangsavtale om nvg-sild og kolmule for 2018 (sjå omtale om nvg-sild).

Dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane

Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC) har ein samordnande funksjon i reguleringa av fisket etter bestandar som vandrar mellom partar sine økonomiske soner og internasjonalt farvatn. Dette gjeld kolmule, norsk vårgytande sild, makrell og uer. Ettersom forhandlingane om kyststatsavtalar for kolmule og norsk vårgytande sild ikkje var avslutta før årsmøtet, vart det for 2018 vedtatt foreløpige reguleringar utan kvantumsavgrensingar for desse artane. Reguleringane sikrar rapportering og hindrar ekspansjon i fisket av partar som ikkje er kontraktspartar til NEAFC. Det er venta at nye reguleringar for 2018, som er i tråd med kyststatsavtalane for høvesvis kolmule og norsk vårgytande sild, vil bli vedtatt ved postavstemming. Når det gjeld makrell, er kyststatane ikkje einige om ein avtale for 2018 som omfattar alle partane. Årsmøtet vedtok difor ei regulering for internasjonalt farvatn utan kvantumsavgrensingar. Reguleringa sikrar rapportering og hindrar ekspansjon i fisket av partar som ikkje er kontraktspartar til NEAFC. Det vart fastsett ein kvote for fisket etter uer i Irmingerhavet, medan partane ikkje vart einige om reguleringa av uer i Norskehavet.

Mange av bestandane som blir forvalta av Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen (NAFO) er under moratorium. Noreg har rett til å fiske på lodde, torsk og to rekebestandar, men av desse er berre torskefisket ope. Det er sett i gang arbeid med å utarbeide forvaltningsplanar for viktige bestandar. Det er eit viktig steg framover. NAFO har dei siste åra lagt stor vekt på å regulere fisket med botnreiskapar slik at sårbare marine økosystem blir skåna. I dag er i alt 21 område i NAFO stengde for fiske med botnreiskapar for å verne konsentrasjonar av korallar og svamp som har særleg sårbare økosystem. Stengingane gjeld også fleire område med undersjøiske fjell. På årsmøtet i 2017 vedtok NAFO å starte ein prosess med sikte på å minimere/eliminere utkast. I tillegg vart det vedtatt endeleg mandat for NAFO si andre prestasjonsevaluering, som venteleg vil bli gjennomført i 2017 og 2018. Årsmøtet i 2017 var det første møtet under den nye NAFO-konvensjonen, som tredde i kraft 18. mai 2017.

Noreg hadde i perioden 2007–2013 forbod mot fiske og landing av makrellstørje på bakgrunn av bestandssituasjonen og fordi totalkvoten vart sett høgare enn tilrådd. Den internasjonale kommisjonen for bevaring av atlantisk tunfisk (ICCAT) har no klåre indikasjonar på at den negative trenden er snudd og at tilstanden til bestanden er betre. Noreg opna for fangst av den norske kvoten i 2014. I 2017 vart heile kvoten på 52,48 tonn fiska opp. Totalkvoten for 2018 er sett til 28 200 tonn og den norske kvoten er auka til 104 tonn.

Kommisjonen for bevaring av dei marine levande ressursane i Antarktis (CCAMLR) har vedteke å vidareføre kvotane på krill i Antarktis på same nivå som tidlegare. Tilrådd fangst er 5,61 millionar tonn. Kvoten er ikkje delt mellom dei enkelte medlemmane. Den norske flåten fiskar om lag 60 prosent av den totale krillfangsten i konvensjonsområdet.

Den norske kvoten på vågekval blir fastsett på bakgrunn av det arbeidet som er gjort i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) sin vitskapskomité. Vitskapskomiteen i IWC starta ein ny gjennomgang av det norske fangstgrunnlaget for vågekval i 2014. Komiteen konkluderte med at nye genetiske analysar ikkje gjev grunnlag for å dele opp i underområde for Barentshavet, Svalbardområdet og Norskehavet. Bestandsvurderinga som norske forskarar presenterte vart også i hovudsak godteke. Kvoten for vågekval er i 2018 på 1278 dyr, og inneber ein auke frå 999 dyr i fjor.

1.2 Fisket etter avtalane i 2017 og 2018

Norske fiskarar utnyttar generelt kvotane godt, og for dei kommersielt viktigaste bestandane blir kvotane nytta så godt som fullt ut, jf. tabell 1.1. For fiskeslaga i tabellen kan ein normalt overføre inntil 10 prosent av kvotane mellom år. Avvik frå full utnytting i enkelte år tydar altså ikkje nødvendigvis på at kvotane ikkje blir fiska opp. Tilgangen til å fiske i andre land sine soner blir nytta i ulik grad. Til dømes nyttar Noreg sonetilgangen vi har i russisk sone lite, fordi vi har god tilgang i eiga sone på bestandane vi deler med Russland.

Noreg nytta heile den norske sildekvoten, i tillegg var torske- og seikvoten sør for 62°N brukbart nytta begge åra. Ifølgje offisiell fangststatistikk har EU i dei seinare åra hatt relativt god utnytting av fellesbestandane i Nordsjøen; det same gjeld kvotane dei har i norsk sone nord for 62°N.

I EU-farvatna vart dei norske kvotane av dei pelagiske artane kolmule, augepål og havbrisling godt nytta. Norske linefartøy fiska opp langekvoten og hadde god utnytting av brosmekvoten i 2016 og 2017. Det norske fisket i Skagerrak har dei siste åra i hovudsak vore konsentrert om reker og sild. EU har fiska mest av artane torsk, raudspette, sild og reker i Skagerrak. Sverige har stort sett nytta sine kvotar i norsk økonomisk sone godt.

Alle kyststatane har nytta kvotane sine av dei pelagiske artane norsk vårgytande sild, kolmule og makrell godt. Både i sesongen 2016/2017 og sesongen 2017/2018 nytta Noreg heile kvoten sin av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen. Kvoten vart fiska om vinteren.

Kapittel 5 rapporterer om fisket etter dei ulike avtalene, med vekt på norsk utnytting av kvotane.

Tabell 1.1 Norsk utnytting av dei kommersielt viktigaste kvotane i 2016 og 2017

Utnyttingsgrad1

2016

2017

Barentshavet, Noreg – Russland

Torsk

98 %

101 %

Hyse

89 %

97 %

Nordsjøen og Skagerrak, Noreg – EU

Sild

99 %

95 %

Sei

94 %

97 %

Fleirpartsavtalar

Norsk vårgytande sild (nvg-sild)

102 %

90 %

Makrell

102 %

95 %

Kolmule

103 %

97 %

1 Oversikta tek ikkje omsyn til overføringar over år (kvotefleksibilitet), men tek utgangspunkt i fangst i det einskilte år i høve til forskriftskvoten.

Fotnotar

1.

Rekna med norske prisar for førstehandsomsetning.

Til forsida