Meld. St. 9 (2017–2018)

Noregs fiskeriavtalar for 2018 og fisket etter avtalane i 2016 og 2017

Til innhaldsliste

5 Fisket etter avtalane i 2016 og 2017

Dette kapitlet gjer greie for hovudtrekka i fisket etter fiskeriavtalane Noreg hadde med andre land i 2016 og 2017. Hovudvekta er lagt på norsk utnytting av avtalane og i kva grad partane som får tildelt kvotar i norske område, faktisk utnyttar desse kvotane.

Norske fiskarar utnyttar generelt kvotane godt, og for dei kommersielt viktigaste bestandane blir kvotane nytta så godt som fullt ut, jf. tabell 5.1. For fiskeslaga i tabellen kan ein normalt overføre inntil 10 prosent av kvotane mellom år. Avvik frå full utnytting i enkelte år tydar altså ikkje nødvendigvis på at kvotane vi har tilgjengelig ikkje blir fiska opp. Variasjon i kvoteutnytting kan til dømes reflektere fiskeflåtens tilpassing til prisvariasjonar over år, prioritering av anna aktivitet eller dårlege fangstforhold.

Tabell 5.1 Norsk utnytting av nokre av dei kommersielt viktige kvotane i 2016 og 2017

Utnyttingsgrad1

2016

2017

Barentshavet, Noreg – Russland

Torsk

98 %

101 %

Hyse

89 %

97 %

Nordsjøen og Skagerrak, Noreg – EU

Sild

99 %

95 %

Sei

94 %

97 %

Fleirpartsavtalar

Norsk vårgytande sild (nvg-sild)

102 %

90 %

Makrell

102 %

95 %

Kolmule

103 %

97 %

1 Oversikta tek ikkje omsyn til overføringar over år (kvotefleksibilitet), men tek utgangspunkt i fangst i det einskilte år i høve til forskriftkvoten.

Noreg utnyttar kvotane på dei bestandane som vi deler med Russland stort sett godt. Russland fiskar store deler av sine kvotar i norsk økonomisk sone (NØS) og fiskevernsona ved Svalbard.

Noreg nytta heile den norske sildekvoten og seikvoten sør for 62°N vart godt nytta i 2016 og 2017. Torskekvoten har vore brukbart utnytta. Ifølgje offisiell fangststatistikk har EU i dei seinare åra hatt relativt god utnytting av dei fleste fellesbestandane i Nordsjøen; det same gjeld kvotane dei har i norsk sone nord for 62°N. Med unntak av hyse og kviting har Sverige nytta sine kvotar, som dei får ut frå nabolandsavtalen, i norsk økonomisk sone godt.

I EU-farvatna vart dei norske kvotane og sonetilgangen av dei pelagiske artane sild, kolmule og havbrisling, i tillegg til blåkveite og kviting, godt nytta begge åra. Noreg nytta heile augepålkvoten i 2016, men berre 30 prosent i 2017. Norske linefartøy fiska opp langekvoten og hadde god utnytting av brosmekvoten i 2016 og 2017.

Det norske fisket i Skagerrak har dei siste åra i hovudsak vore konsentrert om reke og sild. EU har fiska mest av artane torsk, raudspette, sild og reker i Skagerrak.

Færøyane har fiska mesteparten av kvotane sine på torsk, hyse og sei i NØS begge åra.

Med unntak av kveite har Noreg hatt godt utbytte av kvotane i Grønlands sone i 2016 og 2017. Det same har Grønland i NØS nord for 62°N. Noreg har også utnytta botnfiskkvotane ved Island godt begge åra. Det same har Island i NØS nord for 62°N.

Kyststatane har, som tidlegare år, nytta kvotane sine av dei pelagiske artane norsk vårgytande sild, kolmule og makrell godt. Kvotefleksibilitetsordninga har gjort at statane har høve til å overføre unytta kvote til neste år, noko som har ført til ein høgare utnytting enn tidlegare.

Både i sesongen 2016/2017 og sesongen 2017/2018 nytta Noreg heile kvoten sin av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen. I samsvar med forvatlningsplanen for lodde blir det ikkje lenger fiska om sommaren. Heile kvota blir difor fiska ved Island om vinteren. Sidan vinterfiske halde på i ein kort periode og dei norske fartøya har strenge restriksjonar i Islands økonomiske sone knytt til område, reiskap og siste fiskedato, er det alltid spennande om Noreg klarer å fiske opp kvoten sin i tide.

Figur 5.1 Ein god skreifangst blir levert hos Nergård i Senjahopen

Figur 5.1 Ein god skreifangst blir levert hos Nergård i Senjahopen

Foto: Gunnar Sætra, Havforskingsinstituttet

For mange fiskeartar er det dei siste åra innført kvotefleksibilitet over år. Samanlikningar mellom kvotar og fangst i dei enkelte år kan difor vere misvisande. Fiskeslaga dette gjelder er markert i fotnotane i tabellane under.

5.1 Tosidige avtalar

5.1.1 Noreg – Russland

Noreg har stort sett ei høg utnytting av kvotane på dei fiskebestandane vi forvaltar saman med Russland. Justert for kvotefleksibilitet ligg utnyttingsgraden på 100 prosent for torsk, medan den ligg på om lag 90–95 prosent for hyse. Noreg har god tilgang på desse bestandane i eiga sone, og vi nyttar difor lite av sonetilgangen vi har i russiske sone. Utnytting av hysekvoten har vore låg dei siste åra. Dette skuldast i all hovudsak høg torskekvote og liten interesse i kystfiskeflåten for å fiske hyse kombinert med låg tilgang på hyse i kystnære strok. Fiskeridirektoratet har i samråd med fiskerinæringa justert reguleringa i løpet av åra ved å innføre høg overregulering og fritt fiske for å legge til rette for at norsk hysekvote kan nyttast fullt ut.

Russland utnyttar også kvotane sine godt; dei fiskar vesentlege delar av sine kvotar i norsk økonomisk sone (NØS) og fiskerivernsona rundt Svalbard.

Tabell 5.2 Norske kvotar og fangstar på fellesbestandane i Barentshavet

Art

Kvotar1 (tonn)

Fangstar2 (tonn)

2016

2017

2016

2017

Torsk3

417 518

412 011

410 152

414 143

Hyse3

122 394

116 865

108 898

113 218

Blåkveite

11 205

12 225

11 924

12 737

Uer (Sebastes Mentella)

17 600

17 600

17 865

16 150

Lodde4

100

100

-

-

1 Etter overføring til tredjeland.

2 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 16. januar 2017, inklusive forskingsfangst og ungdoms- og rekreasjonsfisket.

3 Oversikta tek ikkje omsyn til overføringar over år (kvotefleksibilitet).

4 Det vart berre tildelt forskingskvantum til lodde i 2016 og 2017.

Tabell 5.3 Russiske kvotar og fangstar på fellesbestandane i Barentshavet

Kvotar1 (tonn)

Fangstar2 (tonn)

2016

2017

2016

20175

Torsk3

389 240

387 523

394 225

Hyse3

109 700

104 564

115 711

Blåkveite

9 975

10 875

10 562

-

Uer (Sebastes Mentella)

7 400

7 400

6 551

Lodde4

100

100

2

1 Etter overføring til Noreg, men før tilbakeføring av ubrukt tredjelandskvote.

2 For 2016 vart fangsttala utveksla i Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen. Fangsttala for 2017 er rapportert frå russiske styresmakter til norske styresmakter. Fangst av blåkveite er ikkje med i dei rapportane.

3 Oversikta tek ikkje omsyn til overføringar over år (kvotefleksibilitet).

4 Det blei berre tildelt forskingskvantum til lodde i 2016 og 2017.

5 Noreg har ikkje fått fangsttal frå Russland for 2017.

Tabell 5.4 Norske kvotar og fangstar i russisk økonomisk sone

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2016

2017

2016

2017

Torsk

200 000

200 000

3740

10 730

Hyse

40 000

47 000

1642

6 601

Blåkveite

10 455

11 475

2

22

Uer (Sebastes Mentella)

19 600

19 600

-

-

Lodde

-

-

-

-

Reker

4 000

4 000

725

2 111

Grønlandssel2

7 000

7 000

-

-

Steinbit

2 500

2 500

305

470

Flyndre

200

200

-

-

Bifangstkvote

500

500

11

237

1 Fiskeridirektoratets register for elektronisk fangst- og aktivitetsdata per 16. januar 2018.

2 Talet på dyr, ikkje tonn.

Tabell 5.5 Russiske kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2016

2017

2016

2017

NØS Nord for 62°N

Torsk

200 000

200 000

122 284

104 609

Hyse

47 000

47 000

38 850

24 203

Blåkveite

9 225

10 125

2 156

1 629

Lodde

-

-

-

-

Sei2

12 000

12 000

11 790

11 998

Steinbit

4 500

5 000

3 165

1 829

Uer3

2 000

2 000

1 104

1 180

Snabeluer3

7 400

7 400

6 807

3 613

Kolmule

17 545

23 364

219

1 230

Norsk vårgytande sild

40 702

82 827

14 965

24 339

Andre artar

3 000

2 500

477

406

Fiskerisona ved Jan Mayen

Norsk vårgytande sild

40 702

-

626

-

Makrell

-

-

-

-

Kolmule

17 545

23 364

32

-

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 16. januar 2018.

2 Av totalkvoten på 12 000 tonn sei kunne inntil 5 000 tonn fiskast i eit direktefiske i 2016 og 2017.

3 For 2016 og 2017 kunne russiske fartøy fiske inntil 7 400 tonn snabeluer i eit direktefiske i NØS nord for 62°N; resterande uer kunne berre tas som bifangst.

5.1.2 Noreg – EU

I EU-farvatna vart dei norske kvotane av dei fleste bestandane godt nytta. Tabell 5.6 og 5.7 viser høvesvis Noregs og EUs kvotar og fangstar på fellesbestandane i Nordsjøen. Tabell 5.8 viser fangstmoglegheitene for norske fartøy i EU-sona. For fleire artar kan kvoten også fiskast i NØS eller i internasjonalt område. Slike fangstar reduserer høvet til å fiske tilsvarande i EU-sona. Det er til dømes tilfellet med kolmule, makrell og fellesbestandane i Nordsjøen. Avvik kan elles kome av at fisken er vanskeleg tilgjengeleg eller at det er liten interesse for å fiske arten.

Noreg får også kvotar i grønlandske farvatn gjennom forhandlingane med EU, jf. tabell 5.8. Tradisjonelt har blåkveitekvoten på Vest-Grønland vore best nytta, men dei siste åra har også blåkveitekvoten på Aust-Grønland vore nytta. Dei siste åra har det vore liten interesse for å fiske reker.

Tabell 5.6 Norske kvotar og fangstar på fellesbestandane i Nordsjøen

Art

Kvotar1 (tonn)

Fangstar2 (tonn)

2016

2017

2016

2017

Torsk

6 025

6 285

5 627

5 497

Hyse5

13 538

6 531

1 499

2 170

Sei4,5

33 532

51 519

31 594

49 851

Kviting

1 068

1 300

1 150

994

Raudspette5,6

8 920

8 794

94

68

Sild3,6

152 512

141 899

150 165

134 129

1 Etter overføringar frå EU og tredjeland, inkludert tillegg for kameraovervaking (CCTV).

2 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 16. januar 2017.

3 Tabellen syner nordsjøsildkvoten inkludert den delen av Skagerrakkvoten som kan takast ut i Nordsjøen, før kvotefleksibilitet.

4 Seikvote i Skagerrak og Nordsjøen.

5 Etter at 300 tonn overført til Skagerrak.

6 Oversikta tek ikkje omsyn til overføringar over år (kvotefleksibilitet).

Tabell 5.7 EUs kvotar og fangstar på fellesbestandane i Nordsjøen

Art

Kvotar1, 5 (tonn)

Fangstar2 (tonn)

2016

2017

2016

2017

Torsk3

27 930

32 553

28 256

21 014

Hyse5

47 688

26 405

28 544

20 592

Sei5

31 284

47 888

30 509

28 633

Kviting

12 610

14 703

11 864

8 515

Raudspette5

122 494

120 822

78 343

53 965

Nordsjøsild4

367 952

341 942

372 316

275 338

1 Etter overføringar mellom Noreg og EU og før overføring til tredjeland.

2 Fangsttala per 29. november 2017 vart utarbeidd i førebuinga til forhandlingane mellom Noreg og EU hausten 2017.

3 I tillegg kjem 3 352 tonn i 2016 som var avsett til forsøk med kameraovervaking (CCTV).

4 I tillegg kjem ein bifangstkvote for sild på 13 382 i 2016 og 11 375 i 2017. Av desse er hhv. 11 736 og 3 996 tonn fiska.

5 Oversikta tek ikkje omsyn til overføringar over år (kvotefleksibilitet).

Tabell 5.8 Norske kvotar og fangstar i EU-farvatn1 og tildelte kvotar frå EU i grønlandske farvatn

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar2 (tonn)

2016

2017

2016

2017

EU-farvatn

Makrell2,11

201 663

229 821

12 933

46 661

Sild3

60 000

60 000

59 950

48 803

Augepål

15 000

25 000

15 006

7 658

Kolmule

224 506

330 494

214 531

287 558

Havbrisling10

20 000

10 000

20 149

9 959

Hestmakrell

3 550

3 550

642

230

Torsk3

6 025

6 285

3 370

3 128

Hyse3

13 538

6 531

772

1 223

Sei3,4

34 032

52 029

15 374

33 428

Blålange

150

150

91

85

Lange5

6 500

6 500

6 514

7 108

Brosme5

2 923

2 923

1 639

1 136

Kviting3

1 068

1 300

974

698

Raudspette3

8 920

8 794

30

72

Sjøtunge

10

10

0

0

Blåkveite6

1 100

1 100

1 004

1 000

Kombinert kvote

140

250

351

256

Andre artar9

4 750

5 250

3 723

2 906

Vest-Grønland

Blåkveite

575

575

575

575

Aust-Grønland7

Reker

2 000

1 750

-

-

Blåkveite

575

575

575

575

Uer7

800

740

800

740

Skolest/Isgalt o.a.8

90

90

77

100

1 Etter overføringar til EU og tredjeland. Inkluderer ikkje Skagerrak bortsett frå sei.

2 Fangsttala er henta frå Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 16. februar 2018.

3 For desse fellesbestandane avtalar EU og Noreg storleiken på TAC for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane maksimalt kan fiske i dei respektive sonene. Norske fartøy kan fiske kvoten i både EU-sona og i NØS. Kun fangstar frå EU-sona blir rapporterte.

4 Inkludert kvote og fangst i ICES-område 6a.

5 Av den samla kvoten for lange og brosme kan inntil 25 prosent vere bifangst (maksimalt 3 000 tonn). Inntil 2 000 tonn kan førast mellom brosme- og langekvotane.

6 Kvoten på blåkveite gjeld for ICES-underområder 2a og 6a.

7 Kvoten på uer ved Aust-Grønland kan òg fiskast i internasjonalt farvatn.

8 Kvoten på skolest/isgalt kan fiskast både på Vest- og Aust-Grønland.

9 Område 4 og 2a.

10 Havbrisling i EU-sona tildelt i 2017 kan fiskast i perioden 1. juli 2017 – 30. juni 2018. Dette er reflektert i fangsttala.

11 Noreg kan fiske hele sin kyststatsdel av makrell i EU-farvatn. I 2017 vart dette 229 821 tonn. Av dette kunne 36 771 tonn fiskast i EU-farvatn i ICES statistikkområde 4a (nord for 56º30’N), derav 14 609 tonn kunne fiskast i EU-farvatn i ICES statistikkområde 2a, og 7 d, e, f og h. Vidare kunne 3000 tonn av totalkvoten fiskast i ICES statistikkområde 3a (Skagerrak).

Tabell 5.9 viser EU sine kvotar og fangstar i norske havområde. I NØS i Nordsjøen er kvotar både i 2016 og 2017 sett saman av tre kvoteavtalar: avtalen mellom EU og Noreg, avtalen mellom Sverige og Noreg og kolmuleavtalen.

Tabell 5.9 EU sine kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art

Kvotar3 (tonn)

Fangstar1(tonn)

2016

2017

2016

2017

NØS, Nord for 62°N

Torsk2

19 900

23 002

19 624

22 592

Hyse2

1 247

1 200

1 187

1 003

Sei

2 550

2 550

2 035

2 519

Blåkveite

50

50

89

77

Uer

1 500

1 500

1 197

1 255

Kolmule

149 506

220 494

26

0

Makrell5

441 586

503 245

2 630

2 800

Norsk vårgytande sild

18 566

37 854

12 886

21 089

Andre artar

350

350

238

369

NØS, Nordsjøen

Torsk4

24 658

28 675

7 739

8 945

Hyse4

36 180

20 348

7 171

6 856

Sei4

32 164

48 768

9 232

12 727

Kviting4

8 733

10 151

814

805

Raudspette4

50 264

49 578

10 063

10 959

Makrell5

441 586

503 245

3 798

30

Nordsjøsild4

51 184

51 151

22 664

6 244

Augepål

-

-

-

-

Kolmule

150 306

220 494

718

702

Tobis

-

-

-

-

Reker

512

328

193

172

Andre artar2

12 495

13 520

9 309

10 994

Fiskerisona ved Jan Mayen

Norsk vårgytande sild

18 566

37 854

-

-

Kolmule

149 506

220 494

2

-

1 Fiskeridirektoratets register for elektroniske fangst- og aktivitetsdata per 18. januar 2018. Tala er basert på fartøya sine rapporterte soner ved fiske.

2 Lange, brosme, breiflabb og sjøkreps ligg under kategorien «andre artar».

4 For desse fellesbestandane avtalar EU og Noreg storleiken på TAC for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane kan fiske i dei respektive sonene.

5 EU har full soneadgang på sin kyststatsdel, ytterlegare avgrensa av kva EU sjølv fastset soneadgangen til å vera.

Fisket i Skagerrak og Kattegat

Det norske fisket i Skagerrak har dei siste åra i hovudsak vore konsentrert om torsk, reker og sild.

EU har dei siste åra best nytta kvotane på torsk, raudspette og nordsjøsild. Det er i hovudsak Danmark og Sverige som fiskar på desse kvotane, men andre EU-land har mindre kvotar for enkelte artar. På eige grunnlag kvoteregulerer EU òg andre bestandar enn dei det er fastsett kvotar på gjennom avtalen om regulering av fiskebestandane i Skagerrak/Kattegat.

Tabellane 5.10 og 5.11 viser kvotane og fangstane i Skagerrak og Kattegat i 2016 og 2017.

Tabell 5.10 EU sine kvotar og fangstar i Skagerrak og Kattegat

Art

Kvotar1 (tonn)

Fangstar2 (tonn)

2016

2017

2016

2017

Torsk

4 651

5 558

4 454

3 419

Hyse

3 761

1 982

1 237

917

Kviting

1 031

1 031

198

178

Raudspette

11 531

17 286

9 674

7 490

Sild3, 4

44 271

43 973

42 949

24 559

Brisling

30 784

30 784

8 484

445

Reker4

5 867

3 856

3 599

2 614

1 Torsk, raudspette og reker kan berre fiskast i Skagerrak. For dei andre artane gjeld kvotane både i Skagerrak og den nordlege delen av Kattegat.

2 Fangsttala per 31. oktober 2017 vart utarbeidd i førebuinga til forhandlingane mellom Noreg og EU hausten 2017.

3 I tillegg kjem ein bifangstkvote sild på 6 659 tonn i 2016 og 2017. Av desse er hhv. 3 056 og 603 tonn fisket.

4 Oversikta tek ikkje omsyn til overføringar over år (kvotefleksibilitet).

Tabell 5.11 Norske kvotar og fangstar i Skagerrak og Kattegat

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2016

2017

2016

2017

Torsk4

175

186

149

194

Hyse

165

87

70

65

Kviting

19

19

13

9

Raudspette3

535

653

84

154

Sild2,6

3 407

3 384

3 924

3 343

Brisling

2 496

2 496

341

213

Reker5,6

9 317

6 123

7 756

6 314

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 18. januar 2018.

2 Tabellen viser Skagerrakkvoten ekskludert den delen av Skagerrakkvoten som kan takast ut i Nordsjøen.

3 300 tonn overført frå Nordsjøen.

4 Utanfor grunnlinjene.

5 Den delen av rekekvoten som i utgangspunktet kunne fiskast i Skagerrak utgjorde i 2016 og 2017 høvesvis 5 120 og 3 365 tonn. Rekene i Nordsjøen og Skagerrak høyrer likevel til den same bestanden, og rekekvotane i Nordsjøen og Skagerrak forvaltast derfor som ein. Av den grunn inneheld kvote- og fangsttala også områdekvoten i Nordsjøen og fangstane på denne. I 2016 fiska norske fartøy 5 449 tonn i Skagerrak og 2 307 tonn i Nordsjøen. I 2017 vart det av norske fartøy fiska 4 545 tonn i Skagerrak og 1 769 tonn i Nordsjøen.

6 Oversikta tek ikkje omsyn til overføringar over år (kvotefleksibilitet).

Noreg – Sverige

Noreg har ein nabolandsavtale med Sverige om fiskeri, som gjev svenske fiskarar rett til å fiske i norsk sone i Nordsjøen.

Svenske kvotar og fangstar i norske havområde i 2016 og 2017 er vist i tabell 5.12.

Tabell 5.12 Svenske kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2016

2017

2016

2017

NØS, Nordsjøen

Torsk

382

382

335

355

Hyse

707

707

107

168

Sei

880

880

880

749

Kviting

190

190

40

49

Industrifiske2

800

800

723

695

Makrell

338

328

294

328

Sild

1 184

1 151

1 150

1 151

Reker

155

123

155

113

Andre artar

-

-

1 Fangsttala er basert på innrapporterte tal frå Det svenske fiskeriverket.

2 Industrifiskkvoten til Sverige omfattar kolmule, augepål, tobis, brisling og hestmakrell. Av dette kan det fiskast maksimalt 400 tonn hestmakrell.

5.1.3 Noreg – Færøyane

Færøyane har utnytta botnfiskkvotane godt. Færøyske fartøy har i hovudsak fiska kvoten på makrell i si eiga sone, i EU-sona og i internasjonalt farvatn dei siste åra. Dei har difor ikkje fiska noko særleg makrell i NØS nord for 62°N, eller i fiskerisona ved Jan Mayen i 2016 eller 2017. Færøyane har ikkje hatt tilgang til å fiske kolmule i norske havområde dei siste åra.

Norske fartøy har ikkje utnytta kvotane på botnfisk i færøysk sone i særleg grad dei siste åra. Noko av forklaringa er høge kvotar av torsk og hyse i Norskehavet og Barentshavet.

Tabell 5.13 Norske kvotar og fangstar i færøysk sone

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2016

2017

2016

2017

Lange/blålange

2 000

2 000

1 153

1 549

Brosme

1 700

1 700

889

707

Sei

567

567

30

27

Makrell

43 881

50 008

-

4 210

Kolmule

34 800

34 800

395

2 580

Andre artar

800

800

106

128

1 Fiskeridirektoratets register for elektroniske fangst- og aktivitetsdata per 18. januar 2018. Fangst justert som følgje av fiske i det sørlige området der fartøy har lisens både hos Færøyane og EU.

Tabell 5.14 Færøyske kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2016

2017

2016

2017

NØS, Nord for 62°N

Torsk2

8 121

8 410

7 910

7 508

Hyse2

1 250

1 375

1 088

1 370

Sei

800

500

707

489

Kolmule

-

-

-

-

Makrell

39 512

45 029

0

575

Andre artar3

200

200

140

175

NØS, Nordsjøen

Kolmule

-

-

-

-

Makrell

39 512

45 029

1 140

0

Fiskerisona ved Jan Mayen

Kolmule

-

-

-

-

Makrell

39 512

45 029

0

0

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 18. januar 2018.

2 Inkluderer 4 000 tonn torsk og 350 tonn hyse overført frå kvotar i russisk økonomisk sone.

3 Inkluderer uer, sei og blåkveite.

5.1.4 Noreg – Grønland

Noreg sine kvotar og fangstar i grønlandsk sone i 2016 og 2017 går fram av tabell 5.15. I tillegg kan norske fartøy fiske i grønlandsk sone på kvote tildelt av EU (sjå oversyn i tabell 5.8).

Kvotane på torsk og blåkveite vart godt utnytta, medan kvotane på kveite og brosme er vanskeleg å utnytte. Kvoten på kveite har derfor blitt redusert dei siste åra.

Kvoten på uer er delt i botnlevande og pelagisk uer. Den pelagiske uerkvoten frå Grønland og EU kan fiskast i internasjonalt farvatn. Desse kvotane blir utnytta.

Grønlands kvotar i NØS blir som regel godt utnytta, jf. tabell 5.16.

Tabell 5.15 Norske kvotar og fangstar i grønlandsk sone

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2016

2017

2016

2017

Vest-Grønland:

Blåkveite

900

900

917

920

Aust-Grønland:

Blåkveite

400

400

421

420

Kveite

100

10

8

4

Uer

800

800

891

858

Brosme

200

340

178

141

Bifangst av andre artar

150

150

33

20

Vest- og Aust-Grønland:

Torsk

1 200

1 200

998

1 234

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 18. januar 2018.

Tabell 5.16 Grønlandske kvotar og fangstar i norsk økonomisk sone

Område/art

Kvotar1 (tonn)

Fangstar2 (tonn)

2016

2017

2016

2017

NØS, Nord for 62°N

Torsk

8 600

8 750

8 505

8 479

Hyse

1 400

1 400

1 354

1 141

Sei

700

500

613

406

Andre artar

260

300

214

167

1 Grønland overførte 5 100 torsk og 500 tonn hyse frå Russland til NØS i og 2016. I 2017 blei 5 050 tonn torsk og 500 tonn hyse overført.

2 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 18. januar 2018.

5.1.5 Noreg – Island

Norske fartøy har utnytta kvotane på botnfisk ved Island godt dei seinaste åra, jf. tabell 5.17 som viser norske kvotar og fangstar i islandsk sone. Island har også tradisjonelt fiska opp torskekvoten som dei er tildelt, samstundes som dei i stor grad utnyttar det kvantum som kan fiskast som bifangst. Tabell 5.18 gir eit oversyn over islandske kvotar og fangstar i norske havområde.

Tabell 5.17 Norske kvotar og fangstar i islandsk sone

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2016

2017

2016

2017

Brosme, lange, blålange

500

500

492

460

Uer2

-

-

40

18

Anna2

-

-

76

92

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 18. januar 2018.

2 I tillegg til kvoten på 500 tonn botnfisk hadde norske fartøy og høve til å ha inntil 25 prosent bifangst av andre artar.

Tabell 5.18 Islandske kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2016

2017

2016

2017

NØS, Nord for 62°N

Torsk

8 158

8 121

8 155

8 131

Hyse2

-

-

1 316

245

Sei2

-

-

407

546

Nvg-sild

-

-

-

-

Andre artar2

2 447

2 436

47

100

1 Fiskeridirektoratets register for elektroniske fangst- og aktivitetsdata per 18. januar 2017.

2 Bifangst inntil 30 prosent. Fangst av hyse og sei blir belasta kvoten for andre artar.

5.2 Kyststatsavtalar og andre fleirsidige avtalar

5.2.1 Norsk vårgytande sild

I 2007 var kyststatane einige om å innføre kvotefleksibilitet over årsskiftet for 2008. Denne ordninga er seinare ført vidare. Tabell 5.19 og 5.20 viser kvotane før og etter overføringar mellom partane, og overføringar over år.

Som følge av at Færøyane hausten 2012 fremma krav om ein høgare del norsk vårgytande sild, vart det i åra 2013 og 2014 inngått firepartsavtalar mellom EU, Island, Noreg og Russland om fordeling av norsk vårgytande sild. I avtalane vart det sett av eit kvantum til færøysk fiske, i samsvar med deira del frå 2007. Det vart ikkje semje om ein kyststatsavtale for 2015, men partane vart likevel samde om ein totalkvote i tråd med anbefalinga frå ICES. I 2016 vart det heller ikkje semje om ein avtale, men 15. januar 2016 la Noreg fram eit forslag til forvaltningstiltak i NEAFCs konvensjonsområde for 2016. I forslaget var det blant anna lagt opp til ein TAC ut frå forvaltningsplanen. Tre partar stemte for, ein imot og ein part valde å ikkje stemme. Noregs forslag vart difor vedtatt. Fordelinga av kvotar for 2016 er angitt i tabell 5.19. For 2017 vart det inngått avtale om totalkvote med TAC i tråd med forvaltningsplanen, men ingen fordeling av denne. Summen av nasjonalt fastsette kvotar var, som i 2016, høgare enn ICES si anbefaling.

Figur 5.2 Sildefiske

Figur 5.2 Sildefiske

Foto: Kjartan Mæstad, Havforskingsinstituttet

Færøyane og Island har dei siste åra fiska store delar av kvoten si i eiga sone. EU tar store delar av kvoten sin i norsk sone, medan Russlands fangstar hovudsakleg er tatt i norsk sone og internasjonalt farvatn. Noreg har tradisjonelt fiska nesten heile kvoten i eiga sone, men i 2017 vart drygt 40 prosent av kvoten tatt i internasjonalt farvatn. Årsaka var at silda sto langt til havs.

Tabell 5.19 Kvotar og fangstar av norsk vårgytande sild i 20161

Part

Kvotar

Balanse 2015

Overføring

Kvotar etter overføring og fleksibilitet

Fangstar (tonn)

Balanse 2017

EU

20 629

1 842

-

22 471

22 190

281

Færøyane

56 087

1 180

-12 500

44 767

44 950

-183

Island

45 979

4 106

-

50 085

49 179

906

Noreg

193 294

-15 632

-

177 662

197 501

-19 839

Russland

40 624

78

10 000

50 702

50 365

337

Totalt

356 613

-8 426

-2 500

345 687

364 185

-18 498

Grønland

20 000

-

2 500

22 500

20 307

2 193

1 Tala er innrapportert frå deltakande land under fempartsforhandlingane desember 2017.

Tabell 5.20 Kvotar og fangstar av norsk vårgytande sild i 20171

Part

Kvotar

Balanse 2016

Overføring

Kvotar etter overføring og fleksibilitet

Fangstar (tonn)

EU

42 059

281

-

42 340

22 996

Færøyane

125 597

-183

-12 500

112 914

98 164

Island

102 984

906

-

103 890

90 400

Noreg

432 870

-19 839

-

413 031

358 045

Russland

82 827

130

10 000

92 957

87 687

Totalt

786 337

-18 705

-2 500

765 132

657 292

Grønland

30 000

-

2 500

32 500

12 824

1 Tal for kvotar og overføringar er innrapportert frå deltakerland ved fempartsforhandlingane desember 2017. Islandske fangster er frå fiskistofa.is, Færøyanes frå vørn.fo og Noregs frå landings- og slutsetelregisteret hos Fiskeridirektoratet per 18. januar 2018. Andre fangsttal er frå Fiskeridirektoratets kvotekontroll per 18. januar 2018 eller førebelse tal frå NEAFCs fangststatistikk.

5.2.2 Lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen

I mai 2015 reforhandla Island og Noreg den bilaterale avtalen mellom seg for sesongen 2015/2016, noko som gav Noreg betre føresetnader i IØS. Denne avtalen vart vidareført både sesongen 2016/2017 og sesongen 2017/2018.

Etter fleire tokt hausten 2016 og januar 2017 vart det i slutten av januar sett ein TAC på 57 000 tonn lodde for sesongen 2016/2017. Det norske fisket vart opna 30. januar. Island gjennomførde eit nytt tokt i byrjinga av februar, noko som gjorde at det 14. februar vart funne grunnlag for å auka TAC til 299 000 tonn. Norsk kvote auka difor til 59 474 tonn.

Basert på tokt hausten 2017 vart det oktober 2017 satt ein TAC på 208 000 tonn lodde. Det norske fisket vart opna 1. januar 2018 innanfor ein kvote på 63 680 tonn lodde. Island gjennomførde eit nytt tokt i midten av januar, noko som gjorde at det i februar vart funne grunnlag for å auka TAC til 285 000 tonn. Norsk kvote auka difor til 73 724 tonn (63 680 tonn etter byte og overføringar).

Tabell 5.21 Norske kvotar og fangstar av lodde i sesongane 2016/2017 og 2017/2018

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

16/172

17/183

16/17

17/18

Totalt

59 474

73 824

59 245

74 079

Derav Grønland

28 309

42 800

-

-

Derav Jan Mayen

59 474

73 824

-

-

Derav Island

59 474

73 824

59 245

74 079

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 28. februar 2018/Noregs Sildesalslag per 28. februar 2018.

2 Kvoten vart samansett av 23 920 tonn frå trepartsavtalen, 31 165 tonn frå avtalen mellom Noreg og Island om fisket i Barentshavet, samt 4 389 tonn frå årleg kvoteavtale mellom EU og Noreg knytta til førre sesong.

3 Kvoten vart samansett av 22 800 tonn frå trepartsavtalen, 31 024 tonn frå avtalen mellom Noreg og Island om fisket i Barentshavet, samt 20 000 tonn frå årleg kvoteavtale mellom EU og Noreg knytta til førre og noverande sesong.

5.2.3 Kolmule

I tillegg til Noregs kyststatsdel av kolmule, byter også Noreg tradisjonelt til seg kolmule frå EU – samstundes som vi byter frå oss kolmule til Russland.

Frå og med 2013 vart det innført kvotefleksibilitet over årsskiftet i fisket etter kolmule.

Noreg fiska både i 2016 og 2017 på forskot på neste års kvote. I begge åra fiska norske fartøy den største delen av kvoten sin i EU-sona vestafor og nordafor Irland. Sjølv om det ikkje vart semje om ein kyststatsavtale for kolmule i 2016 fekk Noreg gjennom bilaterale avtaler med EU og Færøyane tilgjenge til å fiske deler av kvoten i høvesvis EU-sona og i Færøysona. Tilsvarande tilgjenge vart også avtalt for 2017. Sonetilgjenget i EU-sona vart, som normalt, godt utnytta begge åra, medan tilgjenget til Færøy-sona knapt har vore nytta.

Tabell 5.22 og 5.23 viser kvotane før og etter overføringar mellom partane, og overføringar over år. Dei fleste partane utnyttar kvotane godt.

EU-fartøy og færøyske fartøy har dei siste åra fiska den største delen av sine kvotar i eigne farvatn, medan islandske fartøy i størst grad har fiska i færøysk sone. Russland og Grønland fiskar i hovudsak i Færøysk sone og i internasjonalt farvatn.

Tabell 5.22 Kvotar og fangstar av kolmule i 20161

Part

Kvotar

Balanse 2015

Overføring

Kvotar etter overføring og fleksibilitet

Fangstar (tonn)

Balanse 2017

EU

321 570

34 709

-81 500

274 779

190 416

84 363

Færøyane

275 832

71 475

-82 500

264 807

281 183

-16 376

Island

163 570

1 784

-1 500

163 854

183 184

-19 330

Noreg

243 495

-28 473

57 455

272 477

310 412

-37 935

Totalt

1 004 467

79 495

-108 045

975 917

965 195

10 722

Russland

70 714

9 346

100 045

180 105

173 655

6 450

Grønland

4 565

-151

8 000

12 414

12 862

-448

1 Tala er innrapportert frå deltakande land under kyststatsforhandlingane om kolmule i desember 2017.

Tabell 5.23 Kvotar og fangstar av kolmule i 20171

Part

Kvotar

Balanse 2016

Overføring

Kvotar etter overføring og fleksibilitet

Fangstar (tonn)1

EU

555 973

32 157

-116 500

471 630

304 223

Færøyane

476 901

-16 376

-87 500

373 025

356 501

Island

264 000

-19 330

-1 500

243 170

228 935

Noreg

324 256

-37 935

86 636

372 957

399 214

Totalt

1 621 130

-41 484

-118 864

1 460 782

1 288 874

Russland

99 566

1 949

105 864

207 379

186 816

Grønland

7 268

-448

13 000

19 820

16 064

1 Tal for kvotar og overføringar er innrapportert frå deltakande land under kyststatsforhandlingane om kolmule i desember 2017. Islandske fangster er frå fiskistofa.is, Færøyenes frå vørn.fo og Noregs frå landings- og slutsetelregisteret hos Fiskeridirektoratet per 19. januar 2018. Resterande fangsttal er frå Fiskeridirektoratets kvotekontroll per 19. januar 2018 eller førebelse tal frå NEAFCs fangststatistikk.

Figur 5.3 Makrelltokt

Figur 5.3 Makrelltokt

Foto: Havforskingsinstituttet

5.2.4 Makrell

Frå og med 2011 vart det innført kvotefleksibilitet over årsskiftet i fisket etter makrell. Tabell 5.24 og 5.25 viser kvotane før og etter overføringane mellom partane, og overføringane over år. Noreg fiska både i 2016 og 2017 på forskot på neste års kvote. Noreg fiska storparten av kvoten i 2016 og 2017 i eiga sone. Dei fleste partane utnyttar kvotane godt.

Tabell 5.24 Kvotar og fangstar av makrell i 20161

Part

Kvotar

Balanse 2015

Overføring

Kvotar etter overføring og fleksibilitet

Fangstar (tonn)

Balanse 2016

EU

441 586

51 951

338

493 875

414 125

27 461

Færøyane

112 892

-1 783

-20 169

90 940

93 662

-2 722

Island

147 824

14 478

1 300

163 602

161 978

1 624

Noreg

201 663

-16 043

4 031

189 651

210 347

-20 696

Grønland

85 000

85 000

35 655

Totalt for kyststatane

988 965

48 603

-14 500

1 023 068

915 767

5 667

Russland2

106 467

14 500

120 967

121 159

1 Tala er innrapportert frå deltakarland ved kyststatsforhandlingane om makrell i oktober 2017.

2 Kvote- og fangsttal for Russland er basert på innrapporterte tal til NEAFC.

Tabell 5.25 Kvotar og fangstar av makrell i 2017 1

Part

Kvotar

Balanse 2016

Overføring

Kvotar etter overføring og fleksibilitet

Fangstar (tonn)

EU

503 245

27 461

328

531 034

221 863

Færøyane

128 655

-2 722

-20 779

105 154

89 000

Island

168 464

1 624

1 300

171 388

161 019

Noreg

229 821

-20 696

4 651

213 776

156 856

Grønland

66 365

66 365

46 382

Totalt for kyststatane

1 096 550

5 667

-14 500

1 087 717

675 120

Russland2

123 785

14 500

138 285

138 160

1 Kvotar er innrapportert frå deltakande land under kyststatsforhandlingane om makrell i oktober 2017.

2 Kvote- og fangsttal for Russland er basert på innrapporterte tal til NEAFC.

5.2.5 Norsk fiske i Irmingerhavet

Den norske kvoten av uer i Irmingerhavet er samansett av tre komponentar: Eit kvantum frå forvaltningsavtalen om snabeluer i Irmingerhavet, og kvantum som Noreg byter til seg frå Grønland og EU. Deltakinga i fisket har variert frå år til år. I 2016 deltok to norske fartøy, og i 2017 deltok eitt fartøy. Dei siste åra har kvoten blitt godt utnytta, jf. tabell 5.26.

Tabell 5.26 Norske kvotar og fangstar i Irmingerhavet

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1,2 (tonn)

2016

2017

2016

2017

Snabeluer

1 127

1 089

1 217

847

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 18. januar 2018.

2 I fisket etter snabeluer i NEAFC-områder har partane bestemt at omrekningsfaktoren 1,7 skal nyttast ved fangstrapportering til NEAFC-sekretariatet. Det er også dette som ligg til grunn for Fiskeridirektoratets vurdering av når fisket må stoppast og fangsttala i tabell 5.27.

5.2.6 Norsk fiske i det nordvestlege Atlanterhavet

Sidan 2010 har det vore stor interesse for fiske etter torsk i det nordvestlege Atlanterhavet. I 2016 deltok tre norske fartøy i dette fisket, medan to norske fartøy deltok i 2017. Kvoten var om lag fullt utnytta i begge åra.

Tabell 5.27 Norske kvotar og fangstar i det nordvestlege Atlanterhavet

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2016

2017

2016

2017

Torsk

1 289

1 289

1 318

1 240

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 18. januar 2018.

Til forsida