Meld. St. 9 (2017–2018)

Noregs fiskeriavtalar for 2018 og fisket etter avtalane i 2016 og 2017

Til innhaldsliste

2 Det internasjonale fiskerisamarbeidet

Noreg har teke ei aktiv rolle i internasjonalt havsamarbeid, både når det gjeld utvikling av internasjonalt regelverk og for forvaltning av fiskeriene og havmiljøet. Erfaring frå dei siste åra viser at Noreg har stor innverknad globalt gjennom faglege bidrag. Dette kapitlet gjer greie for viktige tema og omgrep i det internasjonale fiskerisamarbeidet. Det startar med ei kort omtale av ulike konvensjonar og avtalar som utgjer det rettslege rammeverket på havet (kapittel 2.1). Deretter følgjer ei innføring i dei viktigaste omgrepa i den vitskaplege rådgjevinga bak fiskeriavtalane (kapittel 2.2).

Internasjonale havmiljøprosessar set rammevilkår for forvaltning av marint biologisk mangfald og grip såleis inn i fiskeripolitikken. Vi gjer greie for desse prosessane i kapittel 2.3.

Norske styresmakter legg stor vekt på arbeidet mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske) og fiskerikriminalitet både nasjonalt og internasjonalt, og dessa temaa er difor grundig omtala i kapittel 2.4. Til slutt omtalar vi anna internasjonalt fiskerisamarbeid, med vekt på utviklingssamarbeidet.

2.1 Det havrettslege rammeverket

Havrettskonvensjonen

FN sin havrettskonvensjon frå 1982 blir kalla havets grunnlov og er det overordna folkerettslege rammeverket for all aktivitet som går føre seg til havs, frå fiske og oljeutvinning til miljøaktivitetar, ferdsel og landegrenser. Arbeidet som til slutt resulterte i dagens havrettskonvensjon, tok til allereie på slutten av 1940-talet. Den teknologiske og økonomiske utviklinga etter andre verdskrig gjorde det mogleg for statane å utnytte havet og havbotnen og ressursane der i stadig større grad. Denne utviklinga skapte behov for rettsreglar for å avklare statane sine rettar og plikter, mellom anna for å unngå tvistar mellom statar.

Havrettskonvensjonen slår mellom anna fast prinsippet om 200 nautiske mils økonomiske soner. Ein kyststat si økonomiske sone er ei havsone som ligg utanfor og støyter opp til sjøterritoriet. I den økonomiske sona har kyststaten suverene rettar til å utnytte naturressursane både på havbotnen og i havområda over.

Noreg oppretta si økonomiske sone i 1976, ei fiskevernsone rundt Svalbard i 1977 og ei fiskerisone rundt Jan Mayen i 1980. Sonene er vist i figur 2.1.

Figur 2.1 Kart som viser dei ulike fiskerisonene i Nordaust-Atlanteren

Figur 2.1 Kart som viser dei ulike fiskerisonene i Nordaust-Atlanteren

Fisken i havet følgjer ikkje dei nasjonale grensene, men vandrar på tvers av økonomiske soner og internasjonalt farvatn. Etter havrettskonvensjonen har kyststatane difor ei plikt til å samarbeide for å bevare og utvikle bestandar som vandrar mellom to eller fleire kyststatar sine økonomiske soner, eller mellom økonomiske soner og internasjonalt farvatn. Dette kan gjerast direkte gjennom tosidige eller fleirsidige avtalar mellom kyststatane, eller gjennom regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar (RFMOar) for internasjonalt farvatn.

I daglegtale seier vi ofte at ein stat er kyststat til ein bestand. Dette er likevel ikkje eit rettsleg definert omgrep, men blir nytta om ein kyststat som har den aktuelle bestanden i si økonomiske sone. Kyststaten har då etter havrettskonvensjonen rett til å utnytte bestanden, men er samstundes pålagt ei plikt til å samarbeide om forvaltninga med andre kyststatar som også har bestanden i sine økonomiske soner.

Havrettskonvensjonen inneheld også reglar om kontinentalsokkelen. Kontinentalsokkelen er ei forlenging av landmassane ut i havet. Alle kyststatar har utan vidare ein kontinentalsokkel på 200 nautiske mil ut frå kysten, dersom den ikkje vert avgrensa mot andre land sin sokkel. Mange kyststatar har ei forlenging av landmassane under havet som strekk seg lenger enn 200 nautiske mil. For å få rettar utover 200 nautiske mil, må kyststaten dokumentere sokkelen si utstrekning for Kontinentalsokkelkommisjonen (CLCS)1 i New York.

Kontinentalsokkelkommisjonen gjev anbefalingar som i sin tur gjev kyststaten rett til å fastlegge sokkelen si yttergrense i tråd med Kommisjonen si anbefaling. Noreg var den første av kyststatane rundt Polhavet som i 2009 fekk endeleg anbefaling om kontinentalsokkelen si yttergrense frå Kontinentalsokkelkommisjonen. Noreg og Russland avgrensa denne sokkelen mellom seg gjennom avgrensingsavtalen frå 2010. Norsk sokkel strekk seg nordover frå fastlandet rundt og forbi Svalbard.

Etter havretten har alle kyststatar suveren rett til naturførekomstar på kontinentalsokkelen. Dette inneber ikkje berre rett til å utforske og utvinne mineral og andre førekomstar på og under havbotnen, men også retten til dei såkalla sedentære artane, slik som for eksempel snøkrabbe. Vidare inkluderer kyststaten sine suverene rettar til å utnytte ressursane på sin kontinentalsokkel også retten til å bevare slike ressursar frå negativ påverknad frå annan type aktivitet. Kyststaten sin suverene rett betyr i denne samanhengen at ingen kan utforske eller utvinne naturførekomstane på sokkelen utan uttrykkeleg samtykke frå kyststaten.

Fiske på det opne hav

Eit veksande fiske i internasjonalt farvatn på 1980-talet viste at havrettsregimet ikkje var konkret nok til at ein kunne få til dekkjande reguleringar av verksemda utanfor dei økonomiske sonene. Dette førde til forhandlinga av FN-avtalen om fiske på det opne hav (UN Fish Stocks Agreement) frå 1995 som eit supplement til havrettskonvensjonen. FN-avtalen pålegg kyststatane og statar som fiskar på det opne hav å delta i regionalt samarbeid om forvaltninga av vandrande fiskebestandar, og inneheld detaljerte reglar om oppretting av regionale organisasjonar og korleis samarbeidet i organisasjonane skal gå føre seg.

Avtalen slår vidare fast forvaltningsprinsipp som statane skal ta omsyn til for å sikre langsiktig bevaring og berekraftig bruk av vandrande og langtmigrerande fiskebestandar. Mellom anna pålegg avtalen statane å bruke ei føre-var-tilnærming i fiskeriforvaltninga og viser til kravet om å bevare biodiversitet og drive ei økosystembasert forvaltning. Avtalen gjeld i hovudsak berre på det opne hav, men slår også fast at det skal vere samsvar mellom forvaltninga av fiskeressursane på det opne hav og i dei tilgrensande nasjonale farvatna. Dette inneber at ein ved forvaltninga av det opne hav skal ta omsyn til dei forvaltningstiltaka som kyststatane har fastsett innanfor dei økonomiske sonene, og ikkje undergrave desse. Avtalen inneheld også reglar om handheving og kontroll.

Med unntak av område i det sørlege Atlanterhav, er alt internasjonalt farvatn med relevante fiskeriområde i dag dekka av regionale fiskeriforvaltningsmekanismar, som vedtek bindande reguleringar for partane om forvaltning og kontroll i sine område. Noreg har i aukande grad teke del i dette samarbeidet i relevante internasjonale fiskeriforvaltningsorganisasjonar, og er i dag medlem av fem slike regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar2, i tillegg til Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) og Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen (NAMMCO). I kapittel 3 gjer vi greie for arbeidet i organisasjonane.

Fiske i Polhavet

I november 2017 vart dei fem kyststatane rundt Polhavet (Noreg, Russland, USA, Canada og Danmark/ Grønland) og fjernfiskeaktørane Kina, Japan, Sør-Korea, Island og EU einige om ein ny rettsleg bindande avtale som skal hindre uregulert fiske i Polhavet. Partane til avtalen avstår frå å la sine fiskefartøy fiske i internasjonalt farvatn i Polhavet. Intensjonen er å underskrive avtalen i løpet av våren 2018.

Det føregår per i dag ikkje kommersielt fiske utanfor dei fem kyststatane rundt Polhavet sine 200 nautiske mils økonomiske soner i Polhavet, og ifølgje forskinga som er gjort er eit slikt fiske heller ikkje sannsynleg med det første. I Oslo i juli 2015 underteikna likevel Noreg og dei fire andre kyststatane til Polhavet ei erklæring om vitskapleg samarbeid og tiltak mot uregulert fiske i internasjonal del av Polhavet for å unngå at eit eventuelt framtidig uregulert fiske skal oppstå. For å samle fleire aktørar bak desse tiltaka, vart prosessen utvida hausten 2015 ved at fjernfiskeaktørane òg var inviterte til å forhandle om ein ny avtale om fiske i Polhavet. Forhandlingane varte i to år og viste naturlege motsetningar mellom kyststatane og fjernfiskeaktørane, men vart sluttført i november 2017.

Hovudelementa i avtalen er at partane forpliktar seg til å avstå frå uregulert fiske i internasjonalt farvatn, ein intensjon om å bidra til vern og berekraftig bruk av fiskeriressursar i Polhavet, regulering av forsøksfiske, etablering av eit vitskapeleg program, etablering av eit partsmøte med relativt omfattande vedtakskompetanse, og ein intensjon om etablering av nye regionale fiskeriforvaltningsmekanismar om det skulle være nødvendig på eit seinare tidspunkt.

Rammeavtalar

Sjølv om opprettinga av dei økonomiske sonene gav kyststaten suverene rettar til å fiske i si sone, ville slike reine nasjonale fiskeri skape store endringar i det tradisjonelle fiskemønsteret. Noreg valde difor å inngå langsiktige rammeavtalar – som opnar for utanlandsk fiske i norske havområde og norsk fiske i andre land sine havområde. Rammeavtalane er langsiktige overordna avtalar som dreg opp prinsippa for det enkelte samarbeidet. Noreg har inngått slike avtalar med Russland, EU, Færøyane, Grønland og Island.

Målet med avtalane var å oppnå ein rimeleg balanse i det gjensidige fisket mellom avtalepartane. Avtalane med EU og Russland inneheld i tillegg reglar for samarbeid om forvaltninga av fellesbestandane i Nordsjøen og Barentshavet. Noreg har også ein avtale med EU om fiske i Skagerrak og svensk tilgang til fiske i norsk sone.

Årlege avtalar med andre land

I tråd med det rammeverket som er gjort greie for ovanfor, fører Noreg årleg tosidige og fleirsidige forhandlingar med ei rekkje land om forvaltning og bevaring av fiskebestandar, om gjensidig fangstløyve og fiskekvotar, og om einsidig løyve for nokre land til å fiske i norske jurisdiksjonsområde. I kapittel 3 gjer vi greie for desse avtalane.

Regulering av utanlandsk fiske i norske farvatn

Utover det utanlandske fisket i norske farvatn som er avtalt i dei årlege fiskeriavtalane, har Noreg fastsett eit generelt forbod mot utanlandsk fiske i norsk økonomisk sone og i fiskerisona rundt Jan Mayen. Det er krav om lisens for utanlandske fartøy som skal fiske i desse områda, for å sikre at fangstinnsatsen er i samsvar med dei tildelte kvotane, og for å gjere det mogleg med ein effektiv kontroll. Det avtalte utanlandske fisket er vidare regulert gjennom forskrifter, og utanlandske fartøy skal sende fangstrapportar til norske styresmakter.

Sjølv om det ikkje er noko rettsleg hinder for at Noreg kan vedta tilsvarande reguleringar for fiskevernsona ved Svalbard som i økonomisk sone, har Noreg førebels ikkje gjort det generelle forbodet for utanlandske fiskarar gjeldande i fiskevernsona. Forskrifter for fiskevernsona er i praksis sette i verk på eit ikkje-diskriminerande grunnlag for både norske og utanlandske fartøy, trass i at området er underlagt norsk fiskerijurisdiksjon. I etablerte fiskeri, der også utanlandske fartøy tradisjonelt har drive fiske, har ein fordelt kvotar og talet på fiskedøgn i tråd med historisk fiske. Per i dag er det fastsett reguleringar av fisket etter torsk, reker, blåkveite, sild, lodde, uer og hyse i fiskevernsona ved Svalbard.

2.2 Det vitskaplege grunnlaget for avtalane

Noreg legg stor vekt på å sikre eit best mogleg vitskapleg grunnlag for fiskeriforvaltninga. Både den nasjonale forvaltninga og dei årlege forhandlingane Noreg fører med andre land er i hovudsak baserte på rådgjevinga frå Det internasjonale råd for havforsking (ICES; sjå boks 2.1). Havforskingsinstituttet deltek med store ressursar i ICES sitt arbeid med bestandsvurdering og rådgjeving. Dette kapitlet presenterer sentrale omgrep i den vitskaplege rådgjevinga.

Bestandsvurdering

Forskarane bruker vanlegvis ein kombinasjon av informasjon frå fangststatistikk og data frå vitskaplege tokt for å vurdere bestandssituasjonen. I tillegg til å vurdere kor stor bestanden er, ser forskarane på den relative fordelinga av aldersgrupper for å vurdere reproduksjonsevna til bestanden i åra som kjem. Prøver av mageinnhaldet til fisken fortel kva fisken har ete, og over tid gjev dette forskarane kunnskap om viktige samanhengar i økosystemet. Lange tidsseriar med data aukar presisjonen i kunnskapen år for år slik at forskarane får betre innsyn i korleis bestandane endrar seg over tid. Likevel vil bestandsvurderingane alltid vere noko usikre, og dei siste åra i tidsserien er meir usikre enn dei lengre attende i tida. Artane lever i store havområde og blir påverka av mange faktorar i tillegg til fisket. Det er også forskjellar i datagrunnlaget for ulike bestandar. Sjølv for dei viktigaste kommersielle bestandane kan datagrunnlaget vere mangelfullt, særleg når det gjeld volumet og alderssamansetjinga av fangstane.

Boks 2.1 ICES – Det internasjonale råd for havforsking

Det internasjonale råd for havforsking (ICES) er ein ubunden, vitskapleg organisasjon som gjev råd om forvaltninga av dei marine ressursane og det marine miljøet i konvensjonsområdet. ICES vart danna i 1902 og har i dag 20 medlemsland på begge sider av Nord-Atlanteren (sjå globus). ICES sekretariatet ligg i København. Noreg var saman med Danmark og Sverige grunnleggarar av ICES.

ICES arbeider for å fremje den vitskaplege forståinga av dei marine økosystema. Målet er å gje styresmaktene råd basert på den beste tilgjengelege vitskapen, slik at dei kan ta kunnskapsbaserte val om berekraftig bruk av dei marine miljøa og økosystema.

ICES har eit nettverk av meir enn 5 000 forskarar frå over 690 marine forskingsinstitutt i 20 land. Det vitskaplege arbeidet blir styrt av vitskapskomiteen til organisasjonen.

Den rådgjevande komiteen ACOM gjev kvart år råd om fangstmengder for dei viktigaste fiskeslaga i Nordaust-Atlanteren. Råda er baserte på data og vitskaplege analysar frå ei rekkje ekspertgrupper. Kartet under viser dei ulike statistikkområda som ICES nyttar i si rådgjeving.

Figur 2.2 Medlemslanda i ICES

Figur 2.2 Medlemslanda i ICES

Figur 2.3 ICES sine fiskeristatistiske område

Figur 2.3 ICES sine fiskeristatistiske område

Råda frå ICES er offentlege, og både råd og dokumentasjon finst på internettsida til organisasjonen. Havforskingsinstituttet presenterer også råda til ICES på norsk på sine heimesider, saman med eigne vurderingar.

Føre-var-prinsippet

Føre-var-tilnærming til forvaltning av naturressursar er fastsett i fleire internasjonale konvensjonar etter Rio-konferansen i 1992. Gjennom føre-var-forvaltning vil ein sikre seg mot at det blir fiska så hardt på ein bestand at det på sikt kan føre til samanbrot i bestanden.

I føre-var-forvaltning blir det definert grenseverdiar, eller såkalla referansepunkt, for gytebestanden og fiskedødsraten til ein bestand. Storleiken til gytebestanden er ein indikator på reproduksjonsevna til bestanden, medan fiskedødsraten er ein indikator på om bestanden blir hausta berekraftig.

Fordi talfestinga av grenseverdiar alltid er usikre definerer ICES både ei absolutt grense og ei føre-var-grense. Føre-var-grensa uttrykker ein tryggleiksmargin. Storleiken på tryggleiksmarginen blir bestemt av kor sikker bestandsvurderinga er og kor mykje bestanden varierer naturleg.

Sidan 1998 har ICES definert og talfesta føre-var-referansepunkt for dei fleste bestandane. Så lenge gytebestanden og fiskedødsraten til ein bestand er innanfor føre-var-verdiane, vil ICES seie at bestanden er hausta berekraftig og har god reproduksjonsevne. Om verdiane er mellom føre-var-verdiane og dei absolutte ytre grensene, vil det vere risiko for at bestanden har sviktande reproduksjonsevne eller ikkje blir hausta berekraftig. ICES vil då råde forvaltarane til å setje i verk tiltak for å få bestanden opp igjen på eit tryggare nivå. Dersom gytebestanden er lågare eller haustingsgraden høgre enn dei absolutte grenseverdiane, vil det vere stor risiko for dårleg rekruttering.

Maksimalt berekraftig utbytte (MSY)

Føre-var-forvaltning skal sikre at ein bestand ikkje bryt saman, men denne tilnærminga legg ikkje grunnlag for å gje råd om korleis vi kan sikre det høgste moglege utbyttet av ein bestand over lang tid. Omgrepet «maksimalt berekraftig utbytte» (MSY) er eit uttrykk for forvaltarane sitt ynskje om å hauste mest mogleg innanfor berekraftige rammer. I praksis er MSY bestemt av vekstrate, naturleg dødsrate og reproduksjonsrate i bestanden.

Populasjonar må oppretthaldast innanfor sikre biologiske grenser etter føre-var-prinsippet for å gjere MSY mogleg. MSY-tilnærminga vil innanfor desse grensene finne det nivået av gytebestand og fiskedød som fremmar størst mogleg produksjon over tid.

Økosystembasert forvaltning

Forvaltninga har dei seinare åra endra seg frå berre å sjå på ein bestand om gongen til i større grad å sjå fleire bestandar i eit økosystem i samanheng, noko som gjerne blir kalla økosystembasert forvaltning. Ingen fiskebestand lever isolert frå økosystemet og andre bestandar; dei konkurrerer om same føda, eller ein bestand lever av å beite på ein annan bestand. Dette må vi ta omsyn til i fiskeriforvaltninga. Ettersom dei ulike bestandane endrar storleik av naturlege årsaker eller på grunn av fiskeria, vil det også påverke kor mykje vi kan fiske av andre bestandar i same området.

Figur 2.4 Havforskarane Elena Eriksen (tv.) frå Noreg og Tatjana Prokhorova frå Russland sorterer botndyr under eit økosystemtokt i Barentshavet

Figur 2.4 Havforskarane Elena Eriksen (tv.) frå Noreg og Tatjana Prokhorova frå Russland sorterer botndyr under eit økosystemtokt i Barentshavet

Foto: Gunnar Sætra, Havforskingsinstituttet

Sjølv om ei integrert økosystembasert forvaltning har vore ein uttalt ambisjon i mange år, er det langt igjen før vi kan nå dette målet fullt ut. Dei marine økosystema er komplekse og det er behov for økt kunnskap om samanhengane i økosystemet, ikkje minst om forholdet mellom bestandane. Ei rådgjeving som tek omsyn til alle elementa i økosystemet vil krevje kunnskap vi ikkje har i dag, og som føreset store nye investeringar både i overvaking og forsking. Det er heller ikkje likefram å drive forvaltning på basis av slike råd, sidan sjølve rådgjevinga i større grad då blir ulike moglege kombinasjonar av kvotar enn eit konkret kvoteråd for kvar art. Det at ulike land kan ha ulike prioriteringar og mål for forvaltninga av bestandar som ein deler, kompliserer biletet ytterlegare. Ei økosystembasert forvaltning er like fullt eit klart mål, og som vi nærmar oss stegvis.

Forvaltningsplanar og haustingsreglar

Mot slutten av 1990-talet og tidleg på 2000-talet starta arbeidet med å utvikle forvaltningsplanar for mange bestandar. Dette var eit stort steg i retning av meir føreseieleg fiskeriforvaltning, både når det gjeld kvoterådgjeving, fastsetjing av kvotar og andre reguleringar av fisket.

Ein forvaltningsplan er ei konkretisering av forvaltningsstyresmaktene sine målsetjingar for forvaltninga av ein bestand, uttrykt gjennom haustingsreglar. Det er forvaltarane sitt ansvar å vedta haustingsreglar, men reglane blir ofte laga i samarbeid mellom forvaltarar og forskarar. Før nye haustingsreglar blir endeleg vedtekne, sender kyststatane dei gjerne til ICES som vurderer om reglane er i tråd med føre-var-tilnærminga og faktisk fører til at forvaltarane kan nå dei måla som er sette. Når det ligg føre vedtekne forvaltningsreglar, startar ICES med å gje sine råd i tråd med desse reglane.

I byrjinga skulle haustingsreglane i all hovudsak berre tilfredsstille føre-var-tilnærminga; dei skulle kort sagt ta vare på berekraft-prinsippet. Etter kvart har målsetjinga i fiskeriforvaltninga endra seg meir i retning av maksimalt langtidsutbyte av bestandane. Andre generasjons haustingsreglar tek vare på begge desse føremåla.

Vi har no fått på plass planar for dei fleste viktige bestandane i våre farvatn, og det er ei målsetting å ha ei regelmessig oppdatering av desse planane. Vi er også i ferd med å revidere fleire forvaltningsplanar i Nordsjøen.

2.3 Internasjonale havmiljøprosessar

Sidan starten på 2000-talet har havmiljøspørsmål vekt aukande interesse i FN si generalforsamling, i globale miljøkonvensjonar og i opinionen. Havretten utviklar òg nye prinsipp for å sikre biologisk mangfald og berekraftig forvaltning av dei levande marine ressursane er innført i internasjonale instrument og i norsk rett.

Kunnskapen om den samla verknaden av alle typar påverknader på det marine miljø aukar. Miljøutfordringane i havet spenner frå tradisjonell forureining som næringssaltar og helse- og miljøfarlege kjemikaliar, den stadig aukande mengda av plastavfall og mikroplast som kan bli ete av plankton, fisk, kval og sjøfugl, til verknadane som klimaendringane har på havforsuring, temperaturauke og etterfylgjande endringar i bestandsutbreiinga. Fiskeri påverkar økosystemet og etterlet seg eit fotavtrykk på linje med andre næringsaktivitetar.

Dei internasjonale havmiljøprosessane, mellom anna FN sine årlege resolusjonar om havmiljø og fiskerispørsmål, set rammevilkår for forvaltning av marint biologisk mangfald. Dei påverkar dermed handlingsrommet for utforminga av norsk havressursforvaltning og igjen lønnsemda i norsk fiskerinæring. Noreg deltek difor breitt og koordinert i dei globale avgjerslesprosessane for havmiljøspørsmål. Vi vil halde fram arbeidet for at meir av sjøarealet skal kunne nyttast berekraftig til matproduksjon, både innan fiskeri og havbruk. Havet representerer ifølgje FNs matvareorganisasjon FAO det største potensialet for auka matproduksjon. Men det føreset at ein kan handsama den aukande forureininga, som i hovudsak kjem frå landsida. Noreg fekk gjennomslag for ein resolusjon under generalforsamlinga i FNs miljøprogram 2017 for å redusere plastforureininga av havet.

Figur 2.5 NEAFC si stenging av botnfiske i internasjonalt farvatn

Figur 2.5 NEAFC si stenging av botnfiske i internasjonalt farvatn

FNs Generalforsamling fastsette i 2015 17 mål (Sustainable Development Goals – SDGane) for ei berekraftig utvikling fram mot 2030. Sjømatproduksjon er relevant for fleire av måla, men særleg mål 14 som omfattar havmiljøspørsmål: «bevare og bruke hav og marine ressursar på eit vis som fremmer ei berekraftig utvikling». Målet har ti tilhøyrande delmål der tiltak for mellom anna reinare hav, kamp mot overfiske, og ulovleg, urapportert og uregulert fiske inngår (sjå kap. 2.4). FN gjennomførte sin første havkonferanse i juni 2017, der både statar, organisasjonar og private bedrifter melde inn partnarskap og forpliktingar for oppfølging av havmåla. Noreg var representert med politisk nivå og heldt høg profil innan kampen mot plastforureining og ulovleg fiske. Ein ny havkonferanse i FN er venta i 2020. Innan den tid står Noreg som vertskap for den internasjonale konferanseserien «Our Ocean» i 2019.

Fiskeriaktivitet får mykje negativ merksemd i ulike internasjonale samanhengar. Dette tek vi på alvor, og nyttar vår kunnskap og erfaring for å arbeide for ei betre fiskeriforvaltning.

Etter mykje fokus kring skadar frå fiske på havbotnen har FN dei siste ti åra vedteke ei rekkje resolusjonar der dei ber FAO og dei internasjonale fiskeriforvaltningsorganisasjonane redusere skadeverknader på sårbare botnhabitat (jf. stengde fiskeriområde i Nordaust- Atlanteren i figur 2.5). FNs revisjon i 2016 viste lovande resultat for dei områda norske fartøy fiskar i. Globalt er det tillate botnfiske i berre éin prosent av arealet utanfor nasjonal jurisdiksjon. Meir enn 19 internasjonale avtalar og instrument regulerer djuphavsfiske utanfor nasjonal jurisdiksjon. I tillegg har fiskeriforvaltningsorganisasjonane som Noreg er medlem i vedteke arealbaserte stengingar mot botnfiskeri for å verne sårbare marine økosystem på havbotnen, der den viktigaste for Noreg er Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC, sjå kap. 3.4.1).

Tapte fiskeredskap kan bidra til plastforureining og «spøkelsesfiske» i mange år etter at garnet gjekk tapt. For å redusere problemet har Fiskeridirektoratet sidan tidlig på 80-talet gjennomført oppryddingstokt langs Norskekysten. Under fjorårets norske formannskap i Nordisk ministerråd vart det sett i gang eit prosjekt kalla Clean Nordic Oceans for å dele dei nordiske erfaringane. Det er òg gjeve støtte til FAOs arbeid med internasjonale retningslinjer for merking av fiskeredskap og støtte til utviding av miljøprosjektet Fishing for Litter.

Tilstanden til dei marine økosystema blir ikkje betre av regelverk og resolusjonar åleine. Noreg har difor teke til orde for å leggje større vekt på å sikre at statar implementerer eksisterande regelverk enn å stadig utvikle nytt. Det kan samstundes vere formålstenleg å raffinere gjeldande regelverk for å gjere det lettare for statane å innarbeide det i sitt eige regelverk.

På oppdrag frå FN si generalforsamling går forhandlingane av ei ny global havmiljøavtale over i ein ny og krevjande forhandlingsfase frå 2018. For å tette hòl i eksisterande miljøregelverk for internasjonalt farvatn, tek ein høgde for å adressere utfordringar på tvers av sektorar. Det er semje om at avtalen skal vere juridisk bindande og omfatte utnytting av marine genetiske ressursar, bruk av marine verneområde, konsekvensutgreiingar og kapasitetsbygging i utviklingsland. Ein framtidig ny avtale skal ikkje underminere eksisterande avtalar, som til dømes under FNs internasjonale maritime organisasjon (IMO), eller dei eksisterande implementeringsavtalar under havrettskonvensjonen, medrekna FN-avtalen om fiske på det opne hav (UNFSA) og regelverk under den internasjonale havbotnmyndigheita (mineralressursar). Det er venta at forhandlingane tek nokre år, i første omgang fram til 2020.

Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD), Konvensjonen om internasjonal handel med trua plante- og dyreartar (CITES) og Konvensjonen om migrerande artar (Bonnkonvensjonen) er alle eksempel på globale miljøavtalar som får verknad for forvaltninga av kommersielle fiskeartar. Blant anna har konvensjonane verna seint voksande migrerande artar som haiar og skater.

NEAFC og Konvensjonen om vern av havmiljøet i det nordaustlege Atlanterhavsområdet (OSPAR) har oppretta beskytta område (Marine Protected Areas) i internasjonalt farvatn. NEAFC har sidan 2004 stengt stadig nye område for fiske som dekkjer eit areal større enn Storbritannia og Irland til saman, jf. figur 2.5. I 2008 oppretta dei to organisasjonane eit formelt samarbeid og til saman regulerer dei ei rad ulike aktivitetar. Samarbeidet utgjer ein modell for andre regionar og syner at ei rekkje utfordringar må og kan finna sin løysning på regionalt nivå. Men ein del andre statar tek mellombels til orde for globale løysningar med blant anna utpeiking av verneområde frå FN sentralt, slik det mellom anna har kome fram i forhandlingane til ein ny havavtale.

Fiskeriforvaltninga set også i verk andre tiltak for å beskytte ressursane, til dømes forbod mot å fiske med visse reiskapar, tidsavgrensa fiske, opning og stenging av fiskefelt og arealbaserte reguleringar (som korallvern og forbod mot botnfiske). Til saman medverkar alle dei nemnde tiltaka til eit viktig vern for sårbare marine område og økosystem. Noreg har innført ulike arealtiltak for fiskeriverksemd i omkring 50 prosent av det samla sjøarealet på to millionar kvadratmeter.

Både i media og gjennom enkelte fagartiklar kan ein få inntrykk av at fiske på det opne hav er uregulert og at det er fritt fram for fiskarane å gjere som dei vil. Dette er ikkje tilfelle. Havrettskonvensjonen og underliggande avtalar set klåre reglar til utøvinga av fiskeriaktivitet på det opne hav. God forvaltning er likevel avhengig av at alle statar gjennomfører dei pliktene dei har tatt på seg internasjonalt, og gjennom deltaking i internasjonale fora jobbar Noreg kontinuerlig med å oppmode til dette.

2.4 Kontroll og handheving

Ei berekraftig hausting av fiskeressursane krev at ein kan regulere den totale fiskeriaktiviteten og ha kontroll med det faktiske fisket. Det er utfordrande og krev stor grad av internasjonalt samarbeid, fordi fiskefartøy opererer innanfor jurisdiksjonsområda til mange ulike land og på det opne hav.

FN sin matvareorganisasjon estimerer at ulovleg fiske er om lag 15 prosent av all fangst, og er dermed eit alvorleg trugsmål mot fiskeressursane. Kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske) står difor høgt på dagsorden i kontrollsamarbeidet Noreg har med andre land, i FNs matvareorganisasjon (FAO) og i dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane (RFMOar).

Det viser seg at ulovleg fiske i ein del tilfelle har bindeledd til anna organisert kriminell verksemd som smugling av narkotiske stoff, miljøkriminalitet, korrupsjon og økonomisk kriminalitet. Det har dei seinare åra vore klart at den omfattande fiskerikriminaliteten må takast på alvor og behandlast på same vis som annan grenseoverskridande organisert kriminalitet. Internasjonalt arbeider Noreg hovudsakleg med FNs program for narkotika og kriminalitet (UNODC) og INTERPOL på dette området, og støtter begge organisasjonane sine program mot fiskerikriminalitet.

Figur 2.6 Kystvakta på kontroll

Figur 2.6 Kystvakta på kontroll

Foto: Kystvakta

I Noreg har Fiskeridirektoratet ansvaret for ressurskontrollen saman med Kystvakta og salslaga. Saman utarbeider dei nasjonale, strategiske risikovurderingar for å sikre at kontrollressursane blir sette inn der det er mest sannsynleg at lovbrot skjer, og der følgjene av lovbrotet er størst. Etterforsking av fiskerikriminalitet har politi og påtalemakt ansvar for.

Kystvakta og Fiskeridirektoratet har i ei årrekkje samarbeidd om å kartleggje og analysere fiskerikriminalitet i norske havområde. Politiet, skattestyresmaktene, Kystverket, Arbeidstilsynet og tollstyresmaktene er òg med i arbeidet, som omfattar systematisk innsamling av informasjon om mogleg grenseoverskridande fiskerikriminalitet der aktørar med ulik nasjonalitet er involverte. Kystverket og Fiskeridirektoratet har òg eit samarbeid gjennom Analyseeininga i Vardø, som består av tilsette frå begge etatane og ligg ved Kystverkets trafikksentral i Vardø. Analyseeininga analyserar data og informasjon om fartøyaktivitetar og bevegelsar for avdekkje ulovleg fiske og andre lovbrot på havet, både nasjonalt og internasjonalt.

Kontrollsamarbeid med andre land

Noreg har tosidige avtalar om kontrollsamarbeid med alle land som har interesser i norske havområde. Kontrollavtalane inneber at partane skal samarbeide om å redusere ulovleg fiske, og omfattar mellom anna rapportering av landingar av fisk frå fartøy frå tredjeland.

Desse avtalane har vore viktige for nedgangen i UUU-fiske i Nordaust-Atlanteren dei siste åra. Ikkje minst har det norsk-russiske kontrollsamarbeidet hatt stor betydning for å få bukt med det ulovlege fisket i Barentshavet. Noreg og Russland utvekslar mellom anna kvoteoversikter og landingsstatistikk gjennom året. Kring årsskiftet gjennomfører partane felles analysar av totaluttaket og uttak knytt til enkeltfartøy. Noreg og Russland utvekslar òg inspektørar og observatørar ved kontrollar på havet og i land.

Noreg og EU har ein avtale om elektronisk utveksling av fangst- og aktivitetsdata ved fiske i kvarandre sine soner. Det er seinare inngått tilsvarande avtalar med Island, Russland og Færøyane. Gjeldande avtale med Island trådde i kraft 1. januar 2014. Avtalen med Færøyane tredde i kraft 10. januar 2017. Det er førebels ikkje bestemt når avtalen med Russland vil tre i kraft.

Satelittsporing og elektronisk fangstrapportering er viktige element i kampen mot ulovleg fiske. Det ligg no føre satellittsporingsavtalar mellom dei landa som har felles fiskeriinteresser i Nordaust-Atlanteren.

Svartelister og hamnestatskontroll

Dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane er viktige aktørar i kampen mot UUU-fiske. Noreg har vore ein pådrivar for å få organisasjonane vi er medlem av til å opprette svartelister over fartøy som driv UUU-fiske.

Fordi fartøy som driv UUU-fiske ofte opererer globalt, og fangsten gjerne blir landa utanfor området der fangsten vart teken, har Noreg òg arbeidd for at ulike RFMOar skal godta kvarandre sine UUU-lister. NEAFC fører til dømes i dag fartøy på si svarteliste dersom CCAMLR, NAFO eller SEAFO kan stadfeste at fartøyet har vore involvert i UUU-fiske.

Den internasjonale avtalen om hamnestatstiltak for å førebyggje, hindre og eliminere ulovleg, urapportert og uregulert fiske (havnestatsavtalen) er eit viktig instrument som skal bidra til betre kontroll med fisket. Avtalen vart vedteken 22. november 2009 og tredde i kraft 16. juni 2016. Noreg er ein av 51 statar og organisasjonar (inkludert EU på vegne av dei 28 medlemslanda) som har ratifisert avtalen, og arbeider for at fleire statar skal slutte seg til. I mai 2017 var Noreg vertskap for det første møtet mellom landa som deltar i avtalen.

Etter avtalen skal partane krevje at informasjon om fartøy og fangst blir sendt til hamnestaten før fartøyet får tilgang til hamna. Denne informasjonen skal styresmaktene i hamnestaten bruke til å forsikre seg om at fartøyet ikkje har vore involvert i UUU-fiske.

Noreg har arbeidd aktivt for at RFMOane skal vedta reglar om hamnestatskontroll og for at desse reglane skal utvidast i samsvar med den globale avtalen. Både NEAFC, NAFO, CCAMLR, SEAFO og ICCAT har vedteke reguleringar om hamnestatskontroll.

Den globale avtalen om hamnestatstiltak er eit viktig supplement til andre reaksjonar mot ulovleg fiske. Det kan vere kontrollaktivitetar, å føre inn fartøy og andre straffeprosessuelle eller administrative skritt mot dei som kontrollerer eller eig fartøyet.

Figur 2.7 Analyseeininga i Vardø er eit samarbeid mellom Fiskeridirektoratet og Kystverket for å analysere og avdekkje ulovleg verksemd på havet. Her bistår eininga indonesiske myndigheiter i ein sak mot eit ulovleg fiskefartøy

Figur 2.7 Analyseeininga i Vardø er eit samarbeid mellom Fiskeridirektoratet og Kystverket for å analysere og avdekkje ulovleg verksemd på havet. Her bistår eininga indonesiske myndigheiter i ein sak mot eit ulovleg fiskefartøy

Globale retningslinjer om flaggstatsansvar

Som eit ledd i kampen mot UUU-fiske vedtok FAO sin fiskerikomité (COFI) globale retningslinjer for flaggstatsansvar i juni 2014. Retningslinjene inneheld mellom anna kriterium for evaluering av flaggstaten samt eit kapittel om samarbeid mellom flaggstatar og kyststatar.

Retningslinjene er ikkje folkerettsleg bindande, og skapar dermed ikkje nye plikter for statane, men konkretiserer korleis ansvarlege flaggstatar bør opptre. Dei kan vere til hjelp for statar som ynskjer å ta ansvar som flaggstat og bidra til å identifisere statar som ikkje opptrer ansvarleg.

Marknadstiltak – fangstsertifikat

Eit fangstsertifikat dokumenterer at fisken er fanga på lovleg vis i samsvar med gjeldande krav. EU har sidan 2008 stilt krav om at fangstsertifikat skal følgje med når villfanga fisk blir importert. Seinare har fleire statar kravd det same.

Noreg har ein eigen avtale med EU om krava som gjeld når norskfanga fisk skal importerast til EU. Liknande avtalar er inngått med Kina og Ukraina. Tunfiskorganisasjonen ICCAT har i fleire år kravd fangstdokumentasjon ved fangst av makrellstørje, storauga tunfisk og sverdfisk. CCAMLR har også eit system for elektroniske fangstsertifikat for patagonisk tannfisk.

I COFI er det sett i gang ein prosess for å utarbeide globale retningslinjer for fangstsertifikat. Noreg har teke til orde for å få på plass enklare og meir effektive modellar som ikkje utgjer tekniske hinder for handel. Komiteen har slutta seg til at marknadsretta tiltak skal vere klare, enkle, rettferdige og gjennomsiktige.

Forsterka arbeid mot fiskerikriminalitet

Alle fiskeriresolusjonar frå generalforsamlinga i FN frå 2008 peikar på at det kan vere sambandslinjer mellom UUU-verksemd og annan grenseoverskridande organisert kriminalitet. For å ha ei heilskapleg tilnærming til UUU-spørsmåla må vi ta organisert kriminalitet i fiskerinæringa med i vurderinga av framtidige tiltak.

Sjølv om tiltak som hamnestatskontroll og fangstsertifikat gjer det vanskelegare å få ulovleg fanga fisk på marknaden, er desse verkemidla ikkje tilstrekkelege til å få bukt med den omfattande organiserte fiskerikriminaliteten i verda. Arbeidet mot fiskerikriminalitet er komplisert og involverer både politiet, påtalemakta og kontrollstyresmaktene.

Fiskeriforvaltningas analysenettverk

Fiskeriforvaltningas analysenettverk (FFA) har sidan 2009 arbeidd mot organisert kriminalitet knytt til ulovleg fiske. FFA har sekretariat i Nærings- og fiskeridepartementet og er eit samarbeid på tvers av ei rekkje departement og etatar. Analysenettverket er samansett av fagpersonar frå Politiet, Fiskeridirektoratet, Kystvakta, Kystverket, Tolldirektoratet, Arbeidstilsynet og Skattedirektoratet. Nettverket lagar oppdaterte, tverretatlege analysar om ulovleg uttak av fisk frå havet og annan kriminalitet i fiskeriverdikjeda, som til dømes ulovleg kapitalflyt som stammar frå omsetning av ulovleg fanga fisk. Gjennom bistandsprosjekt med INTERPOL og UNODC bistår FFA óg utviklingsland med å handtere fiskerikriminalitet og koordinere ein felles innsats mot denne aktiviteten.

Boks 2.2 Nordisk samarbeid mot fiskerikriminalitet

Noreg hadde formannskapet i Nordisk Ministerråd i 2017, og fiskerikriminalitet var eit av temaa Noreg retta særleg fokus på. Nordisk Ministerråd har gjeve støtte til to prosjekter mot fiskerikriminalitet: Det første prosjektet er leda av Nord-atlantisk fiskerietterretning (NA-FIG), og har som mål å kjempa mot fiskerikriminalitet ved å auke tverretatleg samarbeid i Norden. NA-FIG er eit samarbeidsforum mellom 13 land i det Nordatlantiske området som arbeider på tvers av sektorer som politi, fiskeri, skatt, toll, mattilsyn og andre relevante myndigheiter langs hele fiskeriverdikjeda, for å auke kunnskapen om og bidra til å avdekke kriminalitet i fiskeri- og havbruksnæringa.

I 2017 etablerte gruppa eit eiga nordisk samarbeidsprosjekt som vil gå over tre år (2017–2019). Prosjektet skal belyse kriminalitet som er spesielt relevant for dei nordiske landa. Sidan starten har representantar for fiskeri, skatt, matsikkerhet og tollmyndigheitene i Danmark, Sverige, Grønland og Noreg hatt arbeidsmøter og mindre workshops for å sjå nærare på relevante risikoområder som prosjektet vil jobbe med i prosjektperioden.

Det andre nordiske prosjektet er leda av PescaDolus, eit forskingsnettverk som vart oppretta etter initiativ frå Nærings- og fiskeridepartementet i 2013. Dei fekk støtte frå Nordisk Ministerråd til å arrangere eit forskarseminar i forbindelse med Det internasjonale symposiet om fiskerikriminalitet i Wien (25.–26. september 2017), og er nå i startfasen av å utvikle eit forskingsprosjekt på same tema.

I september sendte Nordisk Ministerråd ut ein ministererklæring mot organisert kriminalitet i fiskerinæringa. Dette er verdas første regionale ministererklæring mot fiskerikriminalitet. Erklæringa vart presentert av generalsekretær i Nordisk ministerråd Dagfinn Høybråten under Det tredje internasjonale symposiet mot fiskerikriminalitet. Norden har hausta anerkjenning frå ei rekkje land og internasjonale organisasjonar for å gå føre og vere pådrivar på dette området.

Figur 2.8 Fiskeriminister Per Sandberg og generalsekretær i Nordisk ministerråd Dagfinn Høybråten saman med fiskeriministrane frå Ecuador og Indonesia på Det internasjonale symposiet mot fiskerikriminalitet i september 2017

Figur 2.8 Fiskeriminister Per Sandberg og generalsekretær i Nordisk ministerråd Dagfinn Høybråten saman med fiskeriministrane frå Ecuador og Indonesia på Det internasjonale symposiet mot fiskerikriminalitet i september 2017

Foto: Nærings- og fiskeridepartementet

Fiskerikriminalitet inneber ofte grov økonomisk kriminalitet, og for å nedkjempe dette må ein følgje pengestraumane. Fiskeridirektoratet, Økokrim, Skattedirektoratet og Tolldirektoratet har dei siste åra utvikla gode rutinar og styrka samarbeidet, mellom anna gjennom arbeidet i FFA. Fisk er ei global handelsvare, og kunnskap om kva ruter som blir nytta og på kva måte den ulovlege fisken blir transportert, vil gje oss eit meir heilskapleg bilde av aktørane som er involverte.

UNODC

FNs program for narkotika og kriminalitet (UNODC) i Wien er den globale arenaen for å førebyggje og nedkjempe kriminalitet. Dei siste åra har organisasjonen auka merksemda om fiskerikriminalitet. Fiskerikriminalitet er ein del av organisasjonen sitt program mot miljøkriminalitet. FN sin kriminalitetskommisjon, som er det styrande organet for UNODC, har òg etablert ei ekspertgruppe om organisert kriminalitet på havet. Desse tiltaka er viktige bidrag til arbeidet mot fiskerirelatert kriminalitet i framtida.

Noreg tek aktiv del i dette arbeidet og bidreg også økonomisk. I november 2016 inngjekk Noreg ei fireårig avtale med UNODC for å kjempe mot transnasjonal organisert fiskerikriminalitet. Avtalen er ein del av Fisk for utvikling-programmet og vil hjelpe utviklingsland med å oppdatera lovgjevinga og bidra til kompetanse- og kapasitetsbygging hos politiet, kontroll- og påtalestyresmaktene.

INTERPOL

INTERPOL er verdas største internasjonale politiorganisasjon og bidreg med koordinering og bistand til land ved grenseoverskridande operasjonar. Dei har ei permanent fiskerikriminalitetsarbeidsgruppa som arbeider med deling av etterretningsopplysningar, operasjonar mot ulovlege aktivitetar og kapasitetsbygging. Noreg har bidrege med analyseverktøy og sporingsanalysar til denne gruppa.

Det første INTERPOL-programmet mot fiskerikriminalitet vart offisielt lansert i Lyon i februar i 2013, og norsk politi og forvaltning deltok saman med representantar frå 62 andre statar. Det andre INTERPOL-programmet, som handlar om bistand til utviklingsland i kampen mot fiskerikriminalitet, starta i april 2014. Noreg tek aktivt del i og har gjeve finansielle bidrag til begge programma.

ILO

Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO) har ansvar for ein konvensjon mot tvangsarbeid og ein om arbeid i fiskerisektoren, og arbeider mot tvangsarbeid i fiskerinæringa i samarbeid med INTERPOL og UNODC. Noreg ratifiserte ILO konvensjonen om arbeidsvilkår i fiskerisektoren i januar 2016. Denne skal sikre at arbeidstakarar i fiskerisektoren får betre arbeidsmiljø og helse til sjøs, og kan bidra til å minske risikoen for tvangs- og barnearbeid. Konvensjonen har blitt ratifisert av ti land og tredde i kraft i november 2017.

NA-FIG

I 2015 vart Nord-atlantisk fiskerietterretning (NA-FIG) oppretta for å kartlegge økonomisk kriminalitet i fiskeindustrien i Nord-Atlanteren. NA-FIG er ei regional tverretatleg gruppe knyte til OECD og er samansett av representantar frå medlemslanda sine fiskeri-, toll- og skattestyresmakter. I 2016 fekk NA-FIG tildelt finansiell støtte frå Nordisk Ministerråd til eit prosjekt som har til hensikt å stimulere til tverretatleg samarbeid mot fiskerikriminalitet, både i og mellom dei nordiske landa (sjå boks 2.2).

2.5 Anna internasjonalt fiskerisamarbeid

Fisk er mat

Tilgang til mat er ein viktig menneskerett. Fattigdom, matmangel og svolt er uløyseleg knytte saman. Det blir også reflektert i FN sin nye berekraftsstrategi «Transforming our world: The 2030 Agenda for Sustainable Developement» vedtatt av FN si Generalforsamling haustsesjonen 2016. Generalforsamlinga peikar på at global matsikkerheit er den mest krevjande utfordringa i samband med befolkningsveksten. Verdas matvareorganisasjon FAO har anslått at innan 2050 vil behovet for mat i verda vore auka med 100 prosent.

Potensialet for produksjon frå havet er undervurdert og underutnytta. Difor har Noreg lagt særleg vekt på fisk som mat i alle relevante globale fora dei seinare åra. Dette har vore eit langsiktig strategisk arbeid som smått om senn byrja å gjeve resultat.

Utfordringa har vore å få etablert den politiske erkjenninga av at auka produksjon av fisk er eit viktig bidrag i arbeidet for å fjerne svolt. Det har også vore eit mål å få fram kunnskap om verdien av marin mat i ein sunn diett.

Som global hovudaktør innan sjømat er det óg i norsk sjømatnæring si interesse at etterspørselen etter fisk aukar.

Deklarasjonen frå FNs konferanse om berekraftig utvikling i Rio de Janeiro i 2012 (Rio+20) understreka den grunnleggjande retten til mat og fiskeri og akvakultur si viktige rolle i arbeidet for betre matsikkerheit3 og ernæring. Dette var ein milepæl i arbeidet med å anerkjenne fisken si rolle i global matforsyning som kom på plass etter iherdig innsats frå alle involverte norske myndigheitsorgan og fagetatar.

Etter norsk initiativ behandla FN sin komité for global matsikkerheit (CFS) hausten 2014 for første gong mat frå havet som eit eige tema. CFS fatta då eit vedtak kor dei sentrale elementa var:

  • Fisken sitt bidrag til matsikkerheit og ernæring.

  • Fisken må takast med når ernærings- og matpolitikken blir utforma.

  • Matsikkerheit og ernæringsomsyn må integrerast i strategiar og politikk innan fiskeri og akvakultur.

Rio+20 erklæringa og vedtaket frå CFS dannar grunnfjellet og er plattforma for Nærings- og fiskeridepartementet si innsats for å fremje forståinga for kva fisk har å seie for matsikkerheit og ernæring.

Frå norsk side har ein auka merksemda om matsvinn. Det hjelper lite å produsere meir mat om den ikkje når fram til forbrukarane eller er bederva på marknadsplassen. FAO har berekna at 35 prosent av all fisk som blir fiska og oppdretta går tapt. Det utgjer om lag 50 millionar tonn mat.

I FAO sin fiskerikomité (COFI) sin sesjon i juli 2016 vart det etter norsk initiativ vedtatt å utvikle ein praktisk retta handlingsplan og manual for å redusere tap av mat innanfor fiske. Noreg delfinansierer dette arbeidet. Denne prosessen har halde fram i 2017 og fortsetter også i 2018.

I tillegg organiserte Nærings- og fiskeridepartementet side-arrangementet «Food from the Ocean» under FN sin havkonferanse som vart arrangert i juni 2017.

FN har i resolusjon gjeve WHO og FAO i oppdrag å leia arbeidet med FN sitt ernæringstiår «Decade of Action on Nutrition 2016 – 2025». Det er oppfølging av WHO og FAOs andre internasjonale ernæringskonferanse og FNs berekraftsmål. «Berekraftige og robuste matsystem for sunt kosthald» er eit av handlingsområda. For å rette merksemd mot havet som matfat under FN sitt ernæringstiår har Nærings- og fiskeridepartementet eit globalt handlingsnettverk for berekraftig mat frå hav og innlandsvatn for matsikkerheit og ernæring under utvikling.

I forbindelse med COFI møtet i Roma i juli 2018 vil Noreg stå for fleire arrangement som held merksemda på at «fisk er mat» oppe. Det vil også være eit arbeidsmål at den faglege utforminga av FN sitt marine forskingstiår også omfatte «fisk er mat»-fagområda.

Samstundes bidreg Noreg, gjennom utviklingssamarbeid, med å hjelpe fram auka produksjon av fisk i andre delar av verda, mellom anna ved å bruke norsk forvaltning som eit eksempel på korleis andre land kan auke produksjonen av sjømat. Norsk fiskeri- og havbruksnæring bidreg også direkte med mat.

Utviklingssamarbeid

Norsk havressursforvaltning nyt stor respekt internasjonalt og har spelt ei sentral rolle i utforminga av internasjonale fiskeriregelverk, inkludert avtalar om botnfiske, hamnestatskontroll, utkast og bifangst. Noreg får difor mange førespurnader frå utviklingsland om å bidra til å utvikle deira fiskeri- og havbruksnæring.

Det er Utanriksdepartementet som har forvaltningsansvaret for norsk fiskeribistand – både geografisk og tematisk. Fisk for utvikling-programmet vart lansert i 2015 for å auke effekten av bistand knytt til berekraftig bruk av levende marine ressursar. Regjeringa etablerte programmet for å møte den store etterspørselen etter kunnskap og forvaltningserfaring knytt til marine ressursar og hav.

Fiskeribistanden følgjer dei same føringane som gjeld for norsk bistand generelt og omfattar samarbeid på ei rekkje område, inkludert: fiskeripolitikk, administrasjon, lovgjeving, regelverk, forsking, ressurskartlegging og overvaking, forbetring av teknologi, samt arbeid mot UUU-fiske og fiskerikriminalitet. Kapasitetsbygging er eit gjennomgåande tema i all bistand på området. Utover EAF Nansen-programmet (sjå boks 2.3) er samarbeidstiltak på fiskeriområdet i hovudsak basert på etterspørsel etter norsk ekspertise.

Figur 2.9 Forskingsfartøyet Dr. Fritjof Nansen har vore eit viktig verktøy for estimering av fiskeribestandar i utviklingsland

Figur 2.9 Forskingsfartøyet Dr. Fritjof Nansen har vore eit viktig verktøy for estimering av fiskeribestandar i utviklingsland

Foto: Havforskingsinstituttet

For å følgje opp ynskjer og oppmodingar frå utviklingsland trekkjer Utanriksdepartementet og Direktoratet for utviklingssamarbeid (Norad) på norsk fiskerifagleg kompetanse. Samarbeid mellom fagfolk i søsterinstitusjonar i utviklingsland og i Noreg har vist seg å fungere særs bra. Slikt institusjonelt samarbeid fremjar fagleg kompetanse og kapasitetsbygging. Norad byggjer si eiga rådgjeving på norsk fiskerikompetanse sett i samanheng med forholda i utviklingsland, og har ein rammeavtale med Havforskingsinstituttet, som igjen trekkjer vekslar på andre sentrale forskings- og forvaltningsinstitusjonar på fiskeriområdet: Fiskeridirektoratet, Mattilsynet og Veterinærinstituttet.

Boks 2.3 EAF Nansen-programmet

Nansen-programmet har vore ein hjørnestein i norsk fiskeriutviklingssamarbeid heilt sidan 1970-talet. Programmet er tufta på ein avtale inngått med FNs matvareorganisasjon (FAO) om at Noreg skulle stille til disposisjon og drifte eit fiskeriforskingsfartøy. Skipet, som fører både norsk flagg og FN-flagg, utgjer hovudverktøyet for ressursprogrammet. Sidan 1975 har over 60 land i Afrika, Asia, Mellom-Amerika og Sør-Amerika fått assistanse til kartlegging og overvaking av fiskeressursar, og med opplæring og utdanning. For mange land har slik kartlegging gjeve eit særs viktig datagrunnlag for berekraftig fiskeriforvaltning og investeringsplanar i flåte og industri. Ressurskartlegginga frå Nansen-programmet er i mange område dei einaste bestandsoversiktene som eksisterer.

I tråd med moderne krav til fiskeriforvaltning har programmet endra seg og utvikla seg i retning av ei økosystembasert fiskeriforvaltning. Nansen-programmet vart difor i 2007 avløyst av eit nytt program kalla EAF Nansen-programmet (engelsk: Ecosystem Approach to Marine Fisheries Management in Development Countries). EAF Nansen-programmet har følgjande hovudoppgåver:

  • Stønad til nasjonal og regional fiskeriforvaltning ved å planlegge og innføre nye forvaltningssystem i samsvar med EAF-prinsipp.

  • Økosystemvurderingar og overvaking.

  • Kapasitets- og kompetansebygging i nasjonale institusjonar og lokale organisasjonar.

Ansvaret for planlegging, økonomi, gjennomføring og rapportering under programmet ligg hos FAO. Havforskingsinstituttet i Noreg er ansvarleg for drifta av forskingsfartøyet og hovudansvarleg for den vitskaplege delen av programmet. Det første skipet, F/F Dr. Fridtjof Nansen, vart bygd i 1974. Skipet blei erstatta av eit nytt fartøy i 1993. I 2016 vart dette skipet overtatt av Nærings- og Fiskeridepartementet og etter ei omfattande oppussing innlemma i den norske forskingsflåten. Det tredje Dr. Fridtjof Nansen vart bygd i Spania og overteke av Norad i januar 2017. Skipet vart døypt av statsminister Erna Solberg i mars 2017. Etter installering av utstyr og utprøving i norske farvatn, drog skipet på tokt langs vestkysten av Afrika. I 2018 seglar det vidare til Det indiske hav.

Figur 2.10 Det nye fartøyet FF Dr. Fridtjof Nansen

Figur 2.10 Det nye fartøyet FF Dr. Fridtjof Nansen

Foto: Havforskingsinstituttet

Norsk fiskeriforvaltning og fiskeriforsking har frå midt på 1990-talet bygd opp rammeverket for fiskeriforvaltninga (lovverket) og gjeve forvaltningsstønad gjennom langsiktige program i Namibia, Sør-Afrika og Vietnam. I tillegg har det vore bistandsprosjekt innanfor fiskeriforvaltning og fiskeriforsking i mellom anna Kina, Indonesia, India, Sri Lanka, Mosambik, Tanzania og Angola. Norsk fiskeribistand støttar også regionale program og fiskeriforvaltningsmekanismar som baserar seg på norsk erfaring.

Eit nytt samarbeidsprosjekt for utviklinga av fiskeriforvaltninga i Sri Lanka blei oppretta i januar 2017. Prosjektet kom i stand etter ynskje frå begge land og skal vare ut 2019. Nærings- og Fiskeridepartementet har inngått ein tosidig samarbeidsavtale med fiskeristyresmaktene i Sri Lanka, og vil vere rådgjevar i utviklinga av ein ny nasjonal politikk for fiskeri- og akvakultursektoren i landet. Prosjektet blir regulert av ein bistandsfinansiert institusjonell avtale.

Anna tosidig fiskerisamarbeid

Norske fiskeristyresmakter har tosidige samarbeidsavtalar med fleire land, såkalla MoUar (Memorandum of Understanding). Avtalane med USA, Canada og India er dei kor det er mest aktivitet.

Basert på MoUane har Noreg årlege møter med fiskeristyresmaktene i USA og Canada. Møta gjev høve til å drøfte saker der det er usemje, samt til å diskutere initiativ og samarbeid i internasjonale forum som FAO, OECD, WTO og i aktuelle RFMOar. I det tosidige forholdet med USA er det særleg spørsmål om UUU-fiske og oppfølging av vedtak i internasjonale forum som FAO og forskingssamarbeid som står sentralt.

Dei siste åra har amerikanske styresmakter innført regelverk som kan påverke andre land sin tilgjenge til marknad for sjømat. Dette er dels motivert av ynskje om å kjempe mot UUU-fiske, dels for å få andre land til å redusere bifangst av sjøpattedyr i kommersielt fiske. Frå norsk side har ein innvendingar mot måten USA har gått fram på i desse sakene.

Noreg og India sitt samarbeid på fiskeriområdet har røter attende til 1952 og vart vitalisert med ein ny MoU i 2010. Samarbeidet omfattar forsking, utstyr og teknologi, fiskeri- og havbruksforvaltning, kvalitet, fiskehelse og miljø, samt samarbeid gjennom globale organisasjonar og prosessar. I det vidare samarbeidet vil det bli lagt særleg vekt på å utvikle marint oppdrett i merdar og overføre norsk teknologi og utstyr.

Det norsk-brasilianske samarbeidet tok fart etter ein felles MoU i 2009. Det brasilianske fiskeridepartementet ynskte eit fagleg samarbeid med Noreg for å utvikle ei kunnskapsbasert og miljømessig berekraftig fiskeri- og akvakulturforvaltning i Brasil. Sidan 2011 har både fiskeriministrane, forskarar og folk frå forvaltninga i dei to landa møttest fleire gonger. Fagleg har samarbeidet vore konsentrert om kunnskapsoverføring og kompetansebygging i fiskeoppdrett, fiskeriforvaltning, havrett, fiskehelse og samarbeid i internasjonale organisasjonar og prosessar, særleg i FAO. Departementsstrukturen i Brasil er no endra, og det er uklart kva som vil skje med dette samarbeidet framover.

Figur 2.11 Det årlege møtet med fiskeristyresmaktene i USA ble holdt i Barentsburg på Svalbard i 2017

Figur 2.11 Det årlege møtet med fiskeristyresmaktene i USA ble holdt i Barentsburg på Svalbard i 2017

Fotnotar

1.

CLCS – Commission on the Limits of the Continental Shelf.

2.

North-East Atlantic Fisheries Commission (NEAFC), North Atlantic Fisheries Organisation (NAFO), The International Commission for the Conservation of Atlantic Tunas (ICCAT), South East Atlantic Fisheries Commission (SEAFO) og The Commission for the Conservation of Antarctic Marine Living Resources (CCAMLR).

3.

FN definerer matsikkerheit slik: "Matsikkerheit eksisterer når alle menneske til kvar ei tid har fysisk og økonomisk tilgang til nok og trygg mat for eit fullgodt kosthald, som møter deira ernæringsmessige behov og preferansar, og som danner grunnlag for eit aktivt liv med god helse".

Til forsida