Meld. St. 9 (2017–2018)

Noregs fiskeriavtalar for 2018 og fisket etter avtalane i 2016 og 2017

Til innhaldsliste

4 Bestandane – status og rådgjeving

Dette kapitlet gjer greie for tilstanden til dei viktigaste fiskebestandane Noreg deler med andre land, og dei vitskaplege råda om korleis bestandane bør regulerast. For kvart geografiske område – Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen – er det til innleiing ei kort oversikt over tilstanden i økosystemet og dei viktigaste bestandane der. I omtalen av kvar bestand viser vi den historiske utviklinga i bestandsstorleik, gytebestand og fangstar, i tillegg til tilrådd og avtalt totalkvote dei siste fem åra. Havforskingsinstituttet har meir utfyllande informasjon om bestandane på si heimeside.

4.1 Barentshavet

I Barentshavet finn vi framleis store mengder vaksen torsk (skrei) sjølv om vi er over toppen og mengda vil minke noko dei neste åra. Også hysebestanden står det godt til med, men rekrutteringa har vore meir normal dei siste åra, og storleiken på bestanden er litt redusert frå det rekordhøge nivået vi har hatt dei siste seks–åtte åra. Det ser også ut som om blåkveitebestanden og snabeluerbestanden er på eit stabilt og historisk sett middels nivå. Lodda var i åra 2009–2013 på eit relativt høgt og stabilt nivå, men kasta lite av seg i form av fiske, sidan det kraftige beitepresset frå torsken har teke mesteparten av den årlege produksjonen. Loddebestanden minka kraftig etter 2013, men tok seg brått opp igjen i 2017. Det var ikkje loddefiske i 2016 og 2017, men i 2018 vart det igjen opna for fiske på denne bestanden.

Barentshavet er eit relativt grunt havområde som ligg på kontinentalsokkelen nord for Noreg og Russland, jf. figur 4.1. Barentshavet er sterkt prega av varmt atlantisk vatn som strøymer inn frå sørvest. Det er i stor grad det som gjer at dette havområdet ikkje berre er leveleg, men eit svært produktivt hav. Områda på denne breiddegraden på motsett side av jordkloden er dekte med is året rundt, då dei ikkje har denne innstrøyminga av varmt vatn. Dei siste åra har det vore meir varmt Atlanterhavsvatn nord i Barentshavet og nordom Svalbard enn nokon gong. Det varme vatnet skaper stor produksjon av plankton og godt med mat, både til lodde og torsk. Torsk og lodde har i dei siste åra hatt den nordlegaste utbreiinga som er registrert i Havforskingsinstituttet sine målingar gjennom dei siste 40 åra.

Figur 4.1 Barentshavet – straumar og djupn

Figur 4.1 Barentshavet – straumar og djupn

Noreg og Russland har eit særs godt samarbeid om forsking i Barentshavet, og dette gjev god kunnskap om fiskestammane og økosystemet.

Det er funne over 200 fiskeartar i Barentshavet, men berre nokre få har ei kommersiell rolle. Dette er først og fremst den nordaust-arktiske torsken (verdas største torskebestand), den nordaust-arktiske hysa, den nordaust-arktiske blåkveita, vanleg uer, snabeluer og lodde. I tillegg spelar også reker og kongekrabbe viktige økonomiske roller. Snøkrabbe er ein ny art som no breier seg vestover i Barentshavet, og eit kommersielt fiske på denne bestanden har utvikla seg dei siste åra.

Figur 4.3 viser det samla fangstkvantumet av botnfisk og pelagisk fisk i Barentshavet frå starten av førre hundreåret og fram til 2016. Den pelagiske fisken er nesten berre lodde, med eit lite innslag av polartorsk først på 1970-talet. Tidlegare var det lita interesse for å fiske lodde, men nedgangen i sildebestanden i Norskehavet på 1960-talet gjorde at fiskeflåten som før fiska sild no søkte etter nye bestandar å fiske på. Utover 1970-talet utvikla det seg eit omfattande loddefiske som nådde ein topp i 1977 med om lag tre millionar tonn fangst.

Figur 4.2 Økosystemet i Barentshavet

Figur 4.2 Økosystemet i Barentshavet

Illustrasjon: Havforskingsinstituttet

Kvantumet av fiska lodde har vore mykje mindre sidan 1990 enn det var i 1970-åra og tidleg på 1980-talet, sjølv om ikkje loddebestanden har vore så mykje mindre. Vi ser då bort frå dei fire periodane då loddebestanden var særs liten og fisket vart stogga. Denne utviklinga i fisket heng saman med at torskebestanden, som har lodde som sitt viktigaste fôr, har vakse seg svært stor i seinare år. Det har òg å gjere med at torsken no breier seg langt lengre nord og aust enn før, og overlappar geografisk med loddebestanden ein mykje lengre periode av året. Torsken et difor ein langt større del av loddebestanden no enn før. Dette er vist på figur 4.4.

Figur 4.3 Fisket i Barentshavet frå 1903 til 2016

Figur 4.3 Fisket i Barentshavet frå 1903 til 2016

Av figuren ser vi at torsken konsumerte heile 9 millionar tonn mat rundt 2010, og det går tydeleg fram at lodda utgjorde størstedelen av dette. Innsamlinga av mageprøver av torsk er eit sams norsk-russisk prosjekt. Det kom i stand i 1984 som eit første steg mot fleirbestandsforsking og forvaltning. Ved å studere kva den viktigaste rovfisken i Barentshavet et, har vi lært svært mykje om korleis dette økosystemet fungerer. Det er denne kunnskapen som ligg til grunn når vi no ser forvaltninga av lodde og torsk i samanheng, og tek med i bestandsvurderinga for torsk og hyse kor mykje småtorsk og småhyse den store torsken set til livs.

Figur 4.4 Torskebestanden sitt konsum av ulike byttedyr frå 1984 til 2016

Figur 4.4 Torskebestanden sitt konsum av ulike byttedyr frå 1984 til 2016

Boks 4.1 Nordaust-arktisk torsk

Figur 4.5 Torsk

Figur 4.5 Torsk

Foto: Øystein Paulsen, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Torsk – Gadus morhua

Maksimal storleik: 169 cm og 55 kg

Levetid: Maks 25 år

Bestandsstorleik (2017): Om lag 2,8 millionar tonn

Kvote for 2018: 775 000 tonn, av dette 329 159 tonn til Noreg – etter kvotebyttet med tredjeland står det att 6 259 tonn som eventuelt kan overførast til nasjonal kvote

Norsk fangstverdi (2017): Om lag 6,6 mrd. kroner

Fakta om bestanden: Verdas største torskebestand. Beitar på fisk og krepsdyr, mest lodde. Bestanden er no utbreidd i mesteparten av Barentshavet, også nord for polarfronten. I første halvår er gytefisken (skrei) fordelt langs Norskekysten, for det meste sør til Lofoten, men enkelte år finst skrei heilt sør om Stad. Gyteperioden er mars–april.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst sidan 1946 er 668 000 tonn. Fram til om lag 1980 vart det teke store fangstar, men dei gjekk jamt nedover, med unnatak av periodar då særs sterke årsklassar kom inn i fisket. Fisketrykket var for høgt, og bestanden minka. Etter kvart som det kom på plass strengare reguleringar, og særleg då haustingsregelen vart innført etter tusenårsskiftet, snudde den negative trenden og bestanden byrja å auke igjen, jf. figur 4.7. I periodar var ulovleg, uregulert og urapportert fiske eit stort problem, men etter 2009 har det ikkje vore registrert urapportert overfiske av kvoten. Dette heng spesielt saman med innføringa av NEAFC sitt hamnestatsregime frå 1. mai 2007, aktivt kontrollsamarbeid mellom landa, og auka interesse for problemet både i næringa og på politisk hald.

Norsk fangst har dei siste åra vore om lag 45 prosent av total rapportert internasjonal fangst. Nesten alt utanlandsk fiske på nordaust-arktisk torsk skjer med botntrål, men i det norske fisket er 65–70 prosent av fangsten teken med andre reiskapar.

Status og råd

Bestanden minka fram til tusenårsskiftet, men har sidan auka til eit svært høgt nivå, jf. figur 4.7. Ein viktig grunn til auken etter tusenårsskiftet er truleg betre ungfiskvern gjennom stenging av område med småfisk og bruk av sorteringsrist i trålfiskeria. Dessutan har det vore betre samsvar mellom tilrådde kvotar og fiske dei siste åra. Det har også vore svært gunstige tilhøve for torsken i Barentshavet i seinare år; høgare temperaturar har gjort det mogleg for torsken å breie seg ut over eit mykje større område enn før. Matfatet blir då større, og det har også vore generelt god mattilgang. Rekrutteringa til bestanden har vore jamn og nedgangen i individuell vekst har vore mindre enn ein skulle vente med ein så kraftig auke i bestanden. Takka vere alle desse faktorane har gytebestanden dei siste åra vore på det høgaste nivået vi har hatt i etterkrigstida.

Figur 4.6 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaust-arktisk torsk

Figur 4.6 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaust-arktisk torsk

I siste bestandsvurdering klassifiserte ICES gytebestanden til å vere godt over føre-var-nivået og fiskepresset til å vere under føre-var nivået. ICES tilrådde ein kvote for 2018 på 712 000 tonn i tråd med gjeldande haustingsregel. ICES påpeika òg at utøvinga av torskefisket må ta omsyn til trongen for vern av kysttorsk og trongen for redusert bifangst av vanleg uer. Kvoten for 2018 vart sett til 775 000 tonn, sidan partane vart samde om ei gradvis implementering av stabilitetselementet (maksimum 20 prosent endring av kvoten frå år til år) i den nye haustingsregelen som vart vedtatt hausten 2016.

Det avtalte fangstnivået vil innebere at gytebestanden og totalbestanden held seg på eit relativt høgt nivå, og fiskepresset på bestanden er venta å halde seg på eit nivå som gjev langtidsutbytte rundt gjennomsnittleg nivå.

Figur 4.7 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-arktisk torsk

Figur 4.7 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-arktisk torsk

Fangst i 2015 er prognose.

Tabell 4.1 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaust-arktisk torsk dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2014

Følg den avtalte forvaltningsplanen, ta omsyn til vern av kysttorsk og vanleg uer

<993

993

986

2 564

2015

Følg den avtalte forvaltningsplanen, ta omsyn til vern av kysttorsk og vanleg uer

<894

894

864

2 134

2016

Følg den avtalte forvaltningsplanen, ta omsyn til vern av kysttorsk og vanleg uer

<805

894

849

1 770

2017

Følg den avtalte1 forvaltningsplanen, ta omsyn til vern av kysttorsk og vanleg uer

<890

890

1 836

2018

Følg den avtalte1 forvaltningsplanen, ta omsyn til vern av kysttorsk og vanleg uer

<712

775

1 Det vart avtalt ein ny forvaltingsplan hausten 2016

Boks 4.2 Nordaust-arktisk hyse

Figur 4.8 Hyse

Figur 4.8 Hyse

Foto: Thomas de Lange Wenneck, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Hyse – Melanogrammus aeglefinus

Maksimal storleik: 110 cm og 14 kg

Levetid: Maks 20 år

Bestandsstorleik (2017): Om lag 0,7 millionar tonn

Kvote for 2018: 202 305 tonn, av dette 99 230 tonn til Noreg – etter kvotebyttet med tredjeland står det att 2 375 tonn som eventuelt kan overførast til nasjonal kvote

Norsk fangstverdi (2017): 1,4 mrd. kroner

Fakta om bestanden: Beitar på fisk og botndyr. Bestanden er no utbreidd i store delar av Barentshavet. I første halvår er gytefisken fordelt i dei vestlege delane av Barentshavet og langs vestkanten av Tromsøflaket. Gyteperioden er mars–april.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst sidan 1946 er 138 000 tonn, men fangstane har variert mykje; frå 20 000 til 320 000 tonn, jf. figur 4.10. Saman med Russland står Noreg for størstedelen av hysefangsten. Også Færøyane, Storbritannia, Grønland, Tyskland og Frankrike fiskar på bestanden. Dei norske fangstane er i stor grad bifangst i trålfisket etter torsk, men eit direkte fiske med line langs kysten av Finnmark er også viktig. I tillegg går det også føre seg eit norsk fiske med snurrevad og garn. Dei andre landa fiskar hovudsakleg hyse med botntrål.

Status og råd

Bestanden av nordaust-arktisk hyse har dei siste åra vore på eit historisk høgt nivå, jf. figur 4.10. Rekrutteringa til bestanden har vore over langtidsgjennomsnittet sidan 2000, og årsklassane 2004–2006 var særs sterke. Dei yngre årsklassane har vore rundt middels nivå, og vi ventar difor at bestanden no vil kome ned på eit meir normalt nivå. Hysa har hatt ei vidare utbreiing i Barentshavet dei siste åra samanlikna med tidlegare, og dette er truleg ein kombinert effekt av at bestanden er stor, og at temperaturauken har gjort det mogleg for hysa å utvide leveområdet sitt mot nord og aust.

Kvoterådet for 2018 er basert på den vedtekne haustingsregelen, og tilseier at kvoten maksimalt bør vere på 202 305 tonn, jf. tabell 4.2. Fastsett kvote er den same som kvoterådet.

Figur 4.9 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaust-arktisk hyse

Figur 4.9 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaust-arktisk hyse

Figur 4.10 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-arktisk hyse

Figur 4.10 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-arktisk hyse

Tabell 4.2 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaust-arktisk hyse dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2014

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<150

178,5

178

676

2015

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<223

223

195

656

2016

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<244

244

233

675

2017

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<233

233

536

2018

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<202,305

202,305

Boks 4.3 Nordaust-arktisk sei

Figur 4.11 Sei

Figur 4.11 Sei

Foto: Thomas de Lange Wenneck, Havforskinginstituttet

Artsnamn: Sei – Pollachius virens

Maksimal storleik: 130 cm og 20 kg

Levetid: Maks 30 år

Bestandstorleik (2017): Om lag 775 000 tonn

Kvote for 2018: 172 500 tonn, av dette 156 950 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2017): Om lag 892 mill. kroner

Fakta om bestanden: Opptrer både pelagisk og ved botnen. Beitar mest på fisk. Bestanden er utbreidd langs Norskekysten frå Stad til Varanger. Gyt på kystbankane frå Nordsjøen til Vesterålen. Gyteperioden er i februar.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1960–2014 var på 161 000 tonn, og har variert mellom 90 000 og 260 000 tonn, jf. figur 4.13. Noreg dominerer fisket med over 90 prosent av fangstane dei siste åra. Dei ti siste åra har trålfisket stått for 40 prosent av dei norske landingane, not 25 prosent, garn 20 prosent og line, snurrevad og jukse 15 prosent.

Status og råd

Seibestanden nord for 62°N var på eit historisk høgt nivå i 2001–2007, men det deretter gjekk bestanden kraftig ned. Etter 2011 har bestanden igjen tatt seg opp, og ser no ut til å stabilisere seg i underkant av 800 000 tonn.

Fiskeri- og kystdepartementet justerte i 2013 utnyttingsgraden i haustingsregelen frå føre-var-nivå til det nivået som vil gje høgast langtidsutbytte. ICES tilrådde, i tråd med denne regelen, ein maksimalkvote for 2018 på 172 500 tonn. Nærings- og fiskeridepartementet har fastsett kvoten for 2018 til 172 500 tonn, jf. tabell 4.3.

Figur 4.12 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaust-arktisk sei

Figur 4.12 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaust-arktisk sei

Figur 4.13 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-arktisk sei

Figur 4.13 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-arktisk sei

Tabell 4.3 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaust-arktisk sei dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2014

Følg den avtalte forvaltningsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk

<140

119

132

383

2015

Følg den avtalte forvaltningsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk

<122

122

132

408

2016

Følg den avtalte forvaltningsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk

<140

140

140

469

2017

Følg den avtalte forvaltningsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk

<150

150

468

2018

Følg den avtalte forvaltningsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk

<172,5

172,5

Boks 4.4 Nordaust-arktisk blåkveite

Figur 4.14 Blåkveite

Figur 4.14 Blåkveite

Foto: Thomas de Lange Wenneck, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Blåkveite – Reinhardtius hippoglossoides

Maksimal storleik: 120 cm og 20 kg. Hofisken blir større enn hannfisken.

Levetid: Sannsynligvis meir enn 30 år

Bestandstorleik (2016): Ukjend

Kvote for 2018: 27 000 tonn, av dette 13 775 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2017): Om lag 489 mill. kroner

Fakta om bestanden: Ein arktisk fisk som lever i vatn kaldare enn 4˚C, og som opptrer både pelagisk og ved botnen. Beitar mest på fisk, blekksprutar og krepsdyr. Bestanden er utbreidd langs Eggakanten frå Nordsjøen til Frans Josefs Land, og i djupe område av Barentshavet. Gyt langs Eggakanten frå Vesterålen til Svalbard. Gyteperioden er om vinteren med topp i desember-januar.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1964–2016 var på 24 000 tonn, men har variert mellom 10 000 og 90 000 tonn, jf. figur 4.16. I perioden før 1984 tok Noreg under halvparten av totalfangsten dei fleste åra, men har sidan dominert i dette fisket. Frå og med 2010 er fisket kvoteregulert og fordelt med 51 prosent til Noreg, 45 prosent til Russland og 4 prosent til andre land. Vel 60 prosent av fangsten blir fanga med botntrål, knapt 30 prosent med line og resten med garn eller andre reiskapar.

Status og råd

Det er stor uvisse knytt til storleiken på denne bestanden, men fiskbar del av bestanden auka frå 1992 til 2012 og har sidan vore stabil. Haustingsraten har vore relativt stabil sidan 1992. Det er ikkje semje om ein alderslesemetode, og det kan difor heller ikkje køyrast aldersfordelte bestandsmodellar eller fastsetjast biologiske referansepunkt. ICES gjev difor råd basert på føre-var-basis. Sidan blåkveite er ein langliva art som er relativt gammal før den rekrutterer til fisket, baserer ein seg på ein 5-års prognose for fiskbar biomasse. Dersom fiskepresset er på det noverande nivået (gjennomsnitt av siste to år), seier prognosen at bestanden vil halde seg over Bpa i denne 5-års perioden, og dette er grunnlaget for rådgjevinga. Bruken av midlet av dei siste to års fiskepress er ei førebels tilnærming og set ikkje nødvendigvis standarden for framtida. Dette svarar til eit fiske på maksimalt 23 000 tonn for 2018 og 2019, jf. tabell 4.4. Som vanleg dei siste åra vart det fastsett ein kvote som er høgare enn rådet.

Figur 4.15 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaust-arktisk blåkveite

Figur 4.15 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaust-arktisk blåkveite

Figur 4.16 Utviklinga i fangst av nordaust-arktisk blåkveite

Figur 4.16 Utviklinga i fangst av nordaust-arktisk blåkveite

1 Sidan det er stor uvisse knytte til storleiken på bestanden, er bestandstal ikkje vist i Figur 4.16 og Tabell 4.4.

Tabell 4.4 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC og fangst (tusen tonn) av nordaust-arktisk blåkveite dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2014

Ingen auke i fangsten

<15

19

23

-

2015

Same råd som i 2014

<15

19

25

-

2016

Føre-var tilnærming

<20

22

25

-

2017

Føre-var tilnærming

<20

24

2018

Føre-var tilnærming

<23

27

Boks 4.5 Snabeluer i ICES- område I og II

Figur 4.17 Snabeluer

Figur 4.17 Snabeluer

Foto: Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Snabeluer – Sebastes mentella

Maksimal storleik: 47 cm og 1,3 kg

Levetid: Over 70 år

Bestandstorleik (2016): Om lag 1,3 millionar tonn

Kvote for 2018: 32 658 tonn, av dette 19 514 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2017): Om lag 210 mill. kroner (begge uer-artane samla)

Fakta om bestanden: Beitar mest på fisk og krill. Bestanden er utbreidd i Barentshavet, ved Svalbard, og langs kontinentalskråninga mot Norskehavet. Føder levande ungar i mars–april langs Eggakanten.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst av snabeluer i perioden 1991–2016 var på om lag 15 000 tonn, jf. figur 4.18, men har vore over 100 000 tonn på 1970–1980-talet, og heile 300 000 tonn i 1976. Alt fiske etter snabeluer, inkludert bifangst, føregår med trål. Snabeluer blir dels fiska i Barentshavet, dels på det opne hav i Norskehavet (Smotthavet). Det er hovudsakleg Noreg og Russland som fiskar etter denne arten.

Status og råd

Basert på ein analytisk bestandsberekningsmodell klassifiserer ICES bestanden til å vere stabil og med god reproduksjonsevne. Gytebestanden auka jamt frå 1992 til 2007 og har frå og med 2007 vore rundt 900 000 tonn (jf. figur 4.18). Sidan snabelueren blir kjønnsmoden først i 12-årsalderen, og årsklassane fødde mellom 1996 og 2004 er svake, vil gytebestanden kunne auke monaleg når dei større årsklassane fødde etter 2004 byrjar å rekruttere til gytebestanden. Det er ikkje vedteken nokon forvaltningsplan for snabeluer, men ICES tilrår, basert på føre-var-tilnærming, at fangsten i 2018 ikkje bør overstige 32 658 tonn, jf. tabell 4.5. Ein metoderevisjon for snabeluer og vanleg uer vart gjennomført i februar 2018. Vidare er det planlagt å gjennomføre ei evaluering av forvaltingsreglar i 2018 til møtet i Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen hausten 2018.

Figur 4.18 Utviklinga i bestand og fangst av snabeluer i ICES område I og II

Figur 4.18 Utviklinga i bestand og fangst av snabeluer i ICES område I og II

Tabell 4.5 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av snabeluer i ICES område I og II dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2014

Status quo fangst

<24

36,81

19

918

2015

Føre-var tilnærming

<30

302

26

871

2016

Føre-var tilnærming

<30

30 2

34

857

2017

Føre-var tilnærming

<30

30 2

2018

Føre-var tilnærming

<32,658

32,658 2

1 Sum av TAC sett av NEAFC for internasjonale farvatn og Noreg for NØS.

2 Noreg og Russland har fordelt snabeluerkvoten med utgangspunkt i ein totalkvote på 30 000 (32 658 for 2018) tonn, men det er ikkje fastsett noka regulering av snabeluer i den internasjonale delen av Norskehavet, jf. omtale i kapittel 3.4.1 NEAFC.

Boks 4.6 Lodde i Barentshavet

Figur 4.19 Lodde

Figur 4.19 Lodde

Foto: Jan de Lange, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Lodde – Mallotus villosus

Maksimal storleik: 20 cm og 50 g.

Levetid: 5 år

Bestandstorleik (2017): Om lag 2,5 millionar tonn

Kvote for 2018: 205 000 tonn, av dette 122 500 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2016): 0

Fakta om bestanden: Lodda er ein planktonetar, som gyt berre ein gong før ho døyr. Ho er mat for mange artar av fisk, sjøpattedyr og sjøfugl. Ho gyt ved Finnmarkskysten i mars–april, og beitar over store delar av Barentshavet om sommaren og hausten. Lodda legg egga sine på botnen, slik som silda og nokre få andre artar gjer.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1965–2016 var på 700 000 tonn, men har variert mellom 0 og 3 millionar tonn, jf. figur 4.21. I løpet av dei siste 30 åra har loddefisket vorte stoppa i tre periodar kvar på fem år, fordi bestanden av naturlege årsaker nærast har kollapsa. Ein fjerde periode med stopp i fisket varte berre i to år (2016–2017) og fisket vart opna igjen i 2018. Loddekvotane blir delte mellom Noreg og Russland i høvet 60/40. Tidlegare vart det fiska både om vinteren før gytinga ved kysten og om hausten i beiteområda, men dei seinare åra har det berre vore opna for fiske før gytinga. På norsk side er loddefisket hovudsakleg eit ringnotfiske, medan Russland fiskar lodde med flytetrål.

Figur 4.20 Utbreiingsområde og gyteområde for lodde i Barentshavet

Figur 4.20 Utbreiingsområde og gyteområde for lodde i Barentshavet

Status og råd

Etter at bestanden vart målt til å vere låg både i 2015 og 2016, målte ein monaleg meir lodde enn venta på det norsk-russiske økosystemtoktet hausten 2017. Årsakene til det store spriket mellom målingane hausten 2016 og 2017 er ikkje klarlagde, men ein reknar med at målinga hausten 2016 var eit underestimat. Hausten 2017 estimerte ein den modnande delen av loddebestanden til å vere 1 723 000 tonn, og i følgje forvaltningsplanen for lodde (fem prosent sannsyn for SSB < 200 000 t ved gyting) gav dette rom for ein loddekvote i 2018 på 205 000 tonn.

Figur 4.21 Utviklinga i bestand og fangst av lodde i barentshavet

Figur 4.21 Utviklinga i bestand og fangst av lodde i barentshavet

Tabell 4.6 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av lodde i Barentshavet dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

SSB=gytebestand

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Modnande bestand

2014

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

<65

65

66

874

2015

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

<6

120

115

446

2016

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

0

0

0

147

2017

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

0

0

0

1723

2018

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

205

205

4.2 Norskehavet

Livet i Norskehavet er prega av at det er eit djuphav; mange stader er det djupare enn 3 000 meter, jf. figur 4.22. Det er difor berre på kontinentalsokkelen og eit stykke nedover skråninga mot djuphavet vi finn botnfisk. Dei store og kommersielt viktige bestandane i Norskehavet er å finne i dei frie vassmassane; vi kallar dei pelagiske bestandar. Dei tre viktigaste er sild, makrell og kolmule.

Medan sildebestanden er på nedtur, er det motsette tilfelle for dei to andre. Makrellen har hatt svært god rekruttering, det vil seie sterke årsklassar har kome inn i bestanden i mange av dei seinare åra. Bestanden har ekspandert og dekkjer no i beiteperioden store delar av Norskehavet, havområda ved Island og Grønland og heilt nord til Svalbard. Kolmula har også, etter ein periode med svak rekruttering, no kome inn i ein betre periode, og denne bestanden er på eit høgt nivå. Silda er, som nemnt, inne i ein periode med bestandsreduksjon på grunn av manglande rekruttering. Gytebestanden blir difor redusert frå år til år både på grunn av naturleg død og fiske. Så langt har ein ikkje observert teikn til neste sterke sildeårsklasse.

Figur 4.22 Norskehavet – straumar og djupn

Figur 4.22 Norskehavet – straumar og djupn

Det har historisk vore eit svært stort fiske på desse tre artane i Norskehavet. Rundt tusenårsskiftet var den samla fangsten oppe i nesten 4 millionar tonn, jf. figur 4.24. Etter dette gjekk fangsten ned til godt under 3 millionar tonn rundt 2010 sidan bestandssituasjonen for både sild og kolmule vart vesentleg dårlegare. I dei seinare åra har den samla fangsten tatt seg opp igjen sjølv om sildebestanden fortsett er på eit lågt nivå.

Norskehavet er prega av varmt Atlanterhavsvatn som strøymer inn frå sør. Men langs Aust-Grønland strøymer det kaldt arktisk vatn inn frå nord, og skapar eit skilje, ein polarfront, mellom det varme vatnet i aust og det kalde i vest. Heile havområdet er vorte varmare det siste tiåret, og dette påverkar også livet i havet på ulikt vis.

Sidan Norskehavet er så mykje djupare enn Nordsjøen og Barentshavet, finst det eit element i dette økosystemet som ikkje finst i dei andre hava: eit organisk lag frå 400 til 800 meter djupn. Dette laget består av småorganismar av mange slag, både planktonorganismar og mesopelagiske fisk som lysprikkfisk. Desse organismane lever av den biomassen som søkk ned frå dei øvre laga, der sjølve produksjonen, basert på det fotosyntetiserande planteplanktonet, skjer. Dyreplanktonet, som hovudsakleg består av ørsmå krepsdyr som raudåte og krill, et planteplanktonet og fører energien oppover i næringsnettet. Sidan tidleg på 2000-talet har dyreplanktonmengdene i Norskehavet vist ein negativ trend, men denne trenden flata ut rundt 2009, og dei siste åra har det igjen vore ein auke. No er tettleiken av dyreplankton i Norskehavet oppe på same nivå som i Barentshavet.

Figur 4.23 Økosystemet i Norskehavet

Figur 4.23 Økosystemet i Norskehavet

Illustrasjon: Havforskingsinstituttet

Figur 4.24 Fisket i Norskehavet frå 1980 til 2017

Figur 4.24 Fisket i Norskehavet frå 1980 til 2017

Mellom djupvassfisken og botnfisken som finst på sokkelen og i skråninga langs kysten viser ulike artar ulik utvikling. Snabelueren, som finst både i Barentshavet og i Norskehavet og alt er nemnt i det førre delkapittelet, er i vekst, medan den vanlege ueren er raudlista som «sterkt truga». Brosme og lange, som er dei viktigaste kommersielle artane i denne gruppa, ser ut til å auke svakt. Også blåkveite, som gyt langs Eggakanten i det nordaustlege Norskehavet, og den nordaust-arktiske seien, som har ei vid utbreiing langs Norskekysten, er nemnde i det førre kapittelet.

Selen i Norskehavet har også hatt ulik utvikling. Medan grønlandsselen i Vestisen (som er områda langs austkysten av Grønland) er i bra forfatning og toler hausting, er klappmyssbestanden i Vestisen freda fordi bestanden er på eit lågt nivå samanlikna med tidlegare.

På og langs kontinentalsokkelen i aust er ei grundig kartlegging av botndyrsamfunna i gang gjennom MAREANO-programmet. Det blir stadig gjort nye funn av korallrev, korallskog, og område med svamp, sjøfjør og andre sårbare samfunn som kan trenge vern.

Boks 4.7 Norsk vårgytande sild

Figur 4.25 Sild

Figur 4.25 Sild

Foto: Kjartan Mæstad, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Sild – Clupea harengus

Maksimal storleik: 40 cm og 500 g.

Levetid: 25 år

Bestandsstorleik (2017): Om lag 4,1 millionar tonn (gytebestand)

Kvote for 2018: 435 000 tonn, 304 500 tonn av dette til Noreg

Norsk fangstverdi (2017): Om lag 1,75 mrd. kroner

Fakta om bestanden: Silda er ein planktonetar. Ho er mat for mange artar av fisk og kval. Ho gyter langs kysten frå Møre til Nordland i februar–mars, og beitar over store delar av Norskehavet om sommaren og hausten. Silda legg egga sine på botnen, slik som lodda og nokre få andre artar gjer. Yngelen blir ført med straumen nordover langs kysten og endar opp i Barentshavet, der silda lever i kring tre år før ho vandrar ut i Norskehavet.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av norsk vårgytande sild i perioden 1950–2016 er om lag 710 000 tonn, men det har vore store variasjonar knytt til endringar i storleiken av bestanden, jf. figur 4.27. Når bestanden har vore på topp har det vore teke fangstar på opp mot 2 millionar tonn, medan det vart full stopp i fisket då bestanden braut saman på 1960-talet. Minstemålet på sild er 25 cm, så fisket føregår på vaksen sild, hovudsakleg under gyteinnsiget langs Norskekysten om vinteren, medan ho er på beitevandring i Norskehavet om sommaren og når ho vandrar mot kysten av Nord-Noreg for å overvintre om hausten. Det norske fisket, som for det meste skjer om vinteren når silda har høgast kvalitet, skjer hovudsakleg med ringnot.

Status og råd

Bestanden er inne i ein periode med reduksjon etter å ha vore på eit svært høgt nivå, jf. figur 4.27. Dette skuldast dårleg rekruttering i ei rekkje år. Den bestandsvurderinga som er gjort, syner at gytebestanden no er estimert til å være under 5 millionar tonn, som er på føre-var-grensa. Det er førebels ikkje teikn til sterke årsklassar på veg inn i bestanden. Tilrådd totalkvote for 2018 er på 384 197 tonn, jf. tabell 4.7.

Figur 4.26 Utbreiingsområde og gyteområde for norsk vårgytande sild

Figur 4.26 Utbreiingsområde og gyteområde for norsk vårgytande sild

Figur 4.27 Utviklinga i bestand og fangst av norsk vårgytande sild

Figur 4.27 Utviklinga i bestand og fangst av norsk vårgytande sild

Tabell 4.7 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av norsk vårgytande sild dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Moden

2014

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<418

4361

461

4 819

2015

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<283

2832

329

4 527

2016

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<317

3173

377

4 266

2017

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<437 3 (<646)

685

4 131

2018

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<384

435

3 691

1 Summen av nasjonale kvotar.

2 Det er ikkje inngått nokon kyststatsavtale for 2015, men det ligg føre ei felles forståing mellom Noreg, Island, EU, Færøyane og Russland om ein totalkvote på 283 013 tonn.

3 Korrigert råd i oktober 2017, opphavleg råd i parentes.

Boks 4.8 Makrell

Figur 4.28 Makrell

Figur 4.28 Makrell

Foto: Leif Nøttestad, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Makrell – Scomber scombrus

Maksimal storleik: 65 cm og 3,5 kg, sjeldan over 1 kg

Levetid: 25 år

Bestandsstorleik (2017): Om lag 3,5 millionar tonn (gytebestand)

Kvote for 2018: 816 797 tonn (Noreg, EU og Færøyane), av dette 189 482 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2017): Om lag 2,1 milliardar kroner

Fakta om bestanden: Makrellen et dyreplankton, fiskelarvar og småfisk. Han gyt sentralt i Nordsjøen (mai–juli), vest for Irland (mars–juli) og i portugisiske farvatn (februar–mai). Makrellen beitar over store havområde frå Gibraltar til Grønland, i Nordsjøen og i Norskehavet heilt nord til Svalbard om sommaren og hausten.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordaust-atlantisk makrell i perioden 1980–2016 er 739 000 tonn, og uttaket har variert relativt lite samanlikna med mange andre bestandar, jf. figur 4.30. Det knyter seg likevel stor uvisse til om rapportert fangst gjev eit godt bilete av dei reelle fangstane, særleg i perioden fram til 2005. Truleg har fangstane vore langt høgare enn desse tala viser. Fisket går hovudsakleg føre seg i direkte fiske med ringnot og trål. I dei sørlege områda tek dei også ein del makrell som bifangst i trål. Det norske fisket går føre seg med ringnot, men ei mindre mengd blir fanga med garn, dorg og trål. Dette fisket går mest føre seg om hausten i den nordlege delen av Nordsjøen, i Norskehavet og i Skagerrak. I seinare år har makrellen vandra langt mot nord, og større delar av fangsten har vore teken utanfor Nord-Noreg. Andre viktige aktørar i makrellfisket er EU, Island og Færøyane.

Status og råd

ICES vurderer at makrellbestanden er i god forfatning og blir hausta berekraftig, jf. figur 4.30. Gytebestanden har auka vesentleg sidan 2002, og er på eit høgt nivå historisk sett. Dette skuldast først og fremst at rekrutteringa har vore god; årsklassane 2002 og 2006 er dei mest talrike som er målt i heile tidsserien. Også årsklassane 2010–2011 er bra, og det ser det ut til at 2014-årsklassen kan vere sterk. ICES sitt råd om fiske i 2018 er å følgje ei MSY-tilnærming, som tilsvara ein fangst på 550 948 tonn, jf. tabell 4.8.

Figur 4.29 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaust-atlantisk makrell

Figur 4.29 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaust-atlantisk makrell

Figur 4.30 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-atlantisk makrell

Figur 4.30 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-atlantisk makrell

Tabell 4.8 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaust-atlantisk makrell dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2014

Følg den avtalte forvaltningsplanen

927–1 011

1 3921

1 393

3 998

2015

Følg den avtalte forvaltningsplanen

831–906

1 229 1

1 209

4 217

2016

MSY tilnærming

<7743

1 057 1

1 094

3 971

2017

MSY tilnærming

<857

1 0212

3 444

2018

MSY tilnærming

<551

8172

1 Det var ikkje oppnådd semje om internasjonal kvote. Tala er summen av nasjonale kvotar.

2 Totalkvote fastsett av Noreg, EU og Færøyane. Sjå omtale i kapittel 3.3.4 Forvaltninga av makrell.

3 Korrigert september 2016.

Boks 4.9 Kolmule

Figur 4.31 Kolmule

Figur 4.31 Kolmule

Foto: Jan de Lange, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Kolmule – Micromesistius poutassou

Maksimal storleik: 50 cm og 800 g.

Levetid: Sjeldan over 10 år, opp til 20 år

Bestandsstorleik (2017): Om lag 6,2 mill. tonn (gytebestand)

Kvote for 2018: 1 387 872 tonn (Noreg, EU, Færøyane og Island).

Norsk fangstverdi (2017): Om lag 575 millionar kroner

Fakta om bestanden: Kolmula et for det meste stort dyreplankton, men store individ et også fiskeyngel. Den oppheld seg mest i dei midtre vasslaga, på djup frå 100–600 m. Kolmula har ei vid utbreiing i Nordaust-Atlanteren frå Kanariøyane og Azorene til eit stykke inn i Barentshavet og nord til Svalbard. Den gyter vest for Irland på ettervinteren.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordaust-atlantisk kolmule i perioden 1978–2016 er 966 000 tonn, og uttaket har variert mykje i takt med storleiken på bestanden, jf. figur 4.33. Hovudfisket skjer langs kontinentalskråninga og bankane vest for Dei britiske øyane og ved Færøyane, der kolmula samlar seg for å gyte om våren. Fisket går føre seg med flytetrål. Noreg har historisk sett dominert dette fisket, og tok fram til 2004 om lag 40 prosent av den totale fangsten. Seinare har den norske delen gått tilbake, og Island, EU, Færøyane og Russland tek ein større del av totalfangsten.

Status og råd

Etter ein topp i bestandsstorleiken rundt 2003 minka bestanden kraftig til 2009, jf. figur 4.33. No er denne trenden snudd, og gytebestanden er tilbake på same nivå som i 2003. Årsklassane fødde mellom 2004 og 2009 var svært svake samanlikna med dei føregåande ti åra, men frå 2009 vart rekrutteringa betre og er no estimert til å vere over gjennomsnittsnivå. Dette har, saman med lågare fiskepress, ført til ein auke i bestanden.

ICES sitt råd om fiske i 2018 er å følgje ei MSY-tilnærming, som tilsvara ein fangst på 1 387 872 tonn, jf. tabell 4.9.

Figur 4.32 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaust-atlantisk kolmule

Figur 4.32 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaust-atlantisk kolmule

Figur 4.33 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-atlantisk kolmule

Figur 4.33 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-atlantisk kolmule

Tabell 4.9 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaust-atlantisk kolmule dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2014

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<949

1 200

1 155

3 860

2015

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<840

1 2601

1 396

4 051

2016

MSY-tilnærming

<776

1 1471

1 183

4 672

2017

MSY-tilnærming

<1 342

1 342

6 197

2018

MSY-tilnærming

<1 388

1 388

1 Det vart ikkje oppnådd semje om internasjonal kvote. Tala er summen av nasjonale kvotar.

4.3 Nordsjøen og Skagerrak

Om det er djupna som pregar Norskehavet, så er det grunna som pregar Nordsjøen. Det er grunnast i sør, for det meste mindre enn 50 meter, og djupnar gradvis mot nord, men også her er det mindre enn 200 meter. Langs Norskekysten går det ei djuprenne – Norskerenna – med maksdjup på 250–700 meter, som følgjer kysten rundt og endar i Skagerrak. Det sørlege området er varmare enn områda lenger nord, og atlantisk vatn kjem inn både gjennom Den engelske kanalen og nordom Dei britiske øyane, jf. figur 4.34. Nordsjøen er eit svært produktivt område der det har vore hausta mykje sjømat på eit lite areal. Her finst både pelagisk fisk, botnfisk, reker og kreps, jf. figur 4.35.

I lange periodar har botnfisken vore viktigast i fiskeriet i Nordsjøen og Skagerrak, men det har gått tilbake med fangsten av botnfisk. Dei siste åra har pelagisk fisk og botnfisk omtala i denne rapporten vore omtrent på same nivå, kring 500 000 tonn kvar. Både på 1970- og 1980-talet vart det hausta rundt 1 million tonn botnfisk åleine frå dette området. Det er vanskeleg å peike på ei einskild årsak til nedgangen, men både overfiske og utkast/neddreping av yngel har utan tvil mykje av skulda. Det er likevel eit faktum at mange av bestandane i Nordsjøen i ei årrekkje har hatt dårleg rekruttering, enten gytebestanden har vore stor eller liten, utan at ein sikkert har kunna peike på årsakene til dette.

Figur 4.34 Nordsjøen og Skagerrak – straumar og djupn

Figur 4.34 Nordsjøen og Skagerrak – straumar og djupn

Figur 4.35 Økosystemet i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.35 Økosystemet i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.36 Fisket i Norsjøen og Skagerrak frå 1963 til 2016

Figur 4.36 Fisket i Norsjøen og Skagerrak frå 1963 til 2016

Boks 4.10 Nordsjøsild

Figur 4.37 Sild

Figur 4.37 Sild

Foto: Jan de Lange, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Sild – Clupea harengus

Maksimal storleik: 35 cm og 400 gram

Levetid: 15 år

Bestandsstorleik (2016): Om lag 4,1 millionar tonn

Kvote for 2017: 600 588 tonn, av dette 174 171 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2017): Om lag 526 mill. kroner

Fakta om bestanden: Silda er ein planktonetar. Ho er mat for mange artar av fisk og kval. Ho gyt i den vestlege delen av Nordsjøen frå august til januar, og beitar over store delar av Nordsjøen, Skagerrak og Kattegat. Silda legg egga sine på botnen.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordsjøsild i perioden 1960–2015 er kring 519 000 tonn, og uttaket har variert i takt med storleiken på bestanden, frå nesten 0 på slutten av 1970-talet til toppar på 0,6, 0,8 og 1,2 millionar tonn før og etter, jf. figur 4.39. Sildefisket i Nordsjøen går føre seg i eit direkte fiske med ringnotfartøy og trålarar, og som bifangst i industritrålfisket. Danmark, Noreg og Nederland tek brorparten av fangstane. Det norske fisket har variert mellom 0 og 605 000 tonn, i gjennomsnitt 115 000 tonn.

Status og råd

Bestanden har full reproduksjonsevne og blir hausta berekraftig, jf. figur 4.39. ICES vurderer bestanden til å vere i ein fase med låg produksjon, og rekrutteringa har vore dårleg i lang tid. Men fiskepresset er redusert og gytebestanden har sidan midt på 1990-talet vore over føre-var-grensa. ICES gir råd basert på ein forvaltningsplan som EU og Noreg er einige om, og dette medfører eit maksimalt uttak på 491 000 tonn i direktefisket i 2018, jf. tabell 4.10.

Figur 4.38 Utbreiingsområde og gyteområde for nordsjøsild

Figur 4.38 Utbreiingsområde og gyteområde for nordsjøsild

Figur 4.39 Utviklinga i bestand og fangst av nordsjøsild

Figur 4.39 Utviklinga i bestand og fangst av nordsjøsild

Tabell 4.10 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordsjøsild dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2013

Følg den avtalte forvaltningsplanen

Scenarier

478

511

2047

2014

Følg den avtalte forvaltningsplanen

Scenarier

470

517

1963

2015

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<445

445

494

1836

2016

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<518

518

564

2178

2017

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<426

482

2018

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<491

601

Boks 4.11 Sei i Nordsjøen, Skagerrak, Rockall og vest for Skottland

Figur 4.40 Sei

Figur 4.40 Sei

Foto: Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Sei – Pollachius virens

Maksimal storleik: 115 cm og 20 kg

Levetid: 20 år

Bestandsstorleik (2016): Om lag 483 000 tonn

Kvote for 2018: Nordsjøen og Skagerrak: 105 793 tonn, av dette 55 012 tonn til Noreg; Vest av Skottland: 10 215 tonn

Norsk fangstverdi (2017): Om lag 399 mill. kroner

Fakta om bestanden: Sei finst på begge sider av det nordlege Atlanterhavet, og er delt inn i mange bestandar. Han lever hovudsakleg ved botnen, men kan gå opp i sjøen for å beite. Medan småsei et mest dyreplankton og krepsdyr, et større sei mest fisk. Gytinga (februar til mars) går føre seg langs Eggakanten frå vest av Shetland til Vikingbanken.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordsjøsei i perioden 1967–2016 er kring 146 000 tonn1. Uttaket har variert i takt med storleiken på bestanden, og det var langt høgare fram til midten av 1980-talet, jf. figur 4.42. Seien blir hovudsakleg fiska med trål, både av EU og Noreg. For Noregs del blir om lag 85 prosent av seifangstane tekne med trål og litt over 5 prosent med not på kysten av Vestlandet.

Status og råd

Det er uklåre bestandsgrenser, og difor blir seien i Nordsjøen og Skagerrak slått saman med seien i Rockall og vest for Skottland i bestandsvurderinga og kvoterådgjevinga. Gytebestanden har fluktuert utan klåre trendar, og har vore over føre-var grensa sidan 1996. Rekrutteringa har sidan 2003 vore under langtidsgjennomsnittet. Tilrådd kvote for 2018 er basert på maksimalt langtidsutbyte, sidan bestandsvurderinga har endra seg etter ein metoderevisjon i 2016, og forvaltingsplanen vedteken av Noreg og EU må vurderast på nytt før ICES gjev råd etter denne. Rådet for 2018 er ein totalfangst på 118 460 tonn; 107 325 tonn i Nordsjøen/Skagerrak og 11 135 tonn vest for Skottland inkludert Rockall.

1 Dette er basert på modellerte fangstar.

Figur 4.41 Utbreiingsområde og gyteområde for sei i Nordsjøen, Skagerrak, Rockall og vest for Skottland

Figur 4.41 Utbreiingsområde og gyteområde for sei i Nordsjøen, Skagerrak, Rockall og vest for Skottland

Figur 4.42 Utviklinga i bestand og fangst av sei i Nordsjøen, Skagerrak, Rockall og vest av Skottland

Figur 4.42 Utviklinga i bestand og fangst av sei i Nordsjøen, Skagerrak, Rockall og vest av Skottland

Tabell 4.11 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av sei i Nordsjøen, Skagerrak, Rockall og vest av Skottland dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC1

Avtalt TAC1

Fangst

Gytebestand

2013

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<101

100

80

180

2014

Følg den avtalte forvaltningsplanen (TAC-15 prosent)

<86

86

75

208

2015

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<80

80

78

221

2016

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<75

73

68

216

2017

Maksimalt langtidsutbyte

<141

111

257

2018

Maksimalt langtidsutbyte

<118

116

1 Frå og med 2015 representerer tala for tilrådd TAC fangst, ikkje landingar. Avtalt TAC er landingar.

Boks 4.12 Torsk i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege engelske kanalen

Figur 4.43 Torsk

Figur 4.43 Torsk

Foto: Espen Bierud, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Torsk – Gadus morhua

Maksimal storleik: 100 cm og 20 kg

Levetid: 15 år

Bestandsstorleik (2016): Om lag 256 tusen tonn

Kvote for 2018: Nordsjøen og Skagerrak: 43 156 tonn, av dette 7 337 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2017): Om lag 125 mill. kroner

Fakta om bestanden: Torsk finst på begge sider av det nordlege Atlanterhavet, og er delt inn i mange bestandar. Han lever hovudsakleg ved botnen, men kan gå opp i sjøen for å beite. Medan småtorsk et mest dyreplankton og krepsdyr, et større torsk mest fisk, som augepål, sild, tobis og småtorsk. Også for torsken i Nordsjøen reknar vi med at det finst fleire lokale stammar med eigne gytefelt, men det er ingen klåre skiljeliner mellom stammane. Han gyter frå januar til april.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordsjøtorsk i perioden 1963–2016 er kring 178 000 tonn, men med ein kraftig reduksjon av fangsten, i takt med reduksjon i bestanden, gjennom perioden, jf. figur 4.45. Fram til 1980-talet var fangsten på eit nivå rundt 250–300 000 tonn, men vart så gradvis redusert til rundt 50 000 tonn, og har lege på dette nivået dei siste 10 åra. Torsk blir for det meste fanga i eit blandingsfiskeri med trål saman med hyse, kviting, sjøkreps, raudspette og tunge. I det norske fisket blir litt over halvparten teke med garn, ein firedel med trål og ein femdel med line. Alle land som grensar til Nordsjøen fiskar torsk, men Danmark, Storbritannia og Noreg er dei viktigaste aktørane.

Status og råd

Det er vanskeleg å skilje dei ulike torskestammane i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege engelske kanalen, og torsken i dette området blir difor forvalta som ein bestand. ICES vurderer gytebestanden til å ha auka noko frå det kritisk låge nivået i 2006 til over grensenivået, og han er no akkurat på føre-var/tiltaks-nivået. Tilrådd kvote for 2018 er maksimalt 53 058 tonn, og er basert på MSY-tilnærminga, jf. tabell 4.12.

Figur 4.44 Utbreiingsområde og gyteområde for torsk i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege engelske kanalen

Figur 4.44 Utbreiingsområde og gyteområde for torsk i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege engelske kanalen

Figur 4.45 Utviklinga i bestand og fangst av torsk i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege engelske kanalen

Figur 4.45 Utviklinga i bestand og fangst av torsk i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege engelske kanalen

Tabell 4.12 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av torsk i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege engelske kanalen dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC1

Avtalt TAC1

Fangst

Gytebestand

2013

Følg den avtalte forvaltningsplanen (TAC-20 prosent)

<25

27

42

107

2014

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<29

28

46

114

2015

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<36

33

52

131

2016

MSY-tilnærming

<49

40

51

133

2017

MSY-tilnærming

<47

45

152

2018

MSY-tilnærming

<53

53

1 Frå og med 2015 representerer tala for tilrådd TAC fangst, ikkje landingar. Avtalt TAC er landingar.

Boks 4.13 Hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest for Skottland

Figur 4.46 Hyse

Figur 4.46 Hyse

Foto: Thomas de Lange Wenneck, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Hyse – Melanogrammus aeglefinus

Maksimal storleik: 60 cm og 4 kg.

Levetid: 15 år

Bestandsstorleik (2017): Om lag 249 000 tonn (gytebestand)

Kvote for 2018: Nordsjøen og Skagerrak: 44 336 tonn, av dette 9 714 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2017): Om lag 28 mill. kroner

Fakta om bestanden: Hysa finst på begge sider av det nordlege Atlanterhavet, og er delt inn i mange bestandar. Ho lever hovudsakleg ved botnen, og dei viktigaste byttedyra er botndyr som børstemark, muslingar og slangestjerner. Tobis og silde-egg står også på menyen. Gytefelta ligg i den sentrale Nordsjøen, og gytinga går føre seg frå mars til mai.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest for Skottland i perioden 1972–2016 er vel 70 000 tonn, men med ein reduksjon av fangsten gjennom mesteparten av denne perioden, i takt med ein minkande bestand, jf. figur 4.48. Dei siste åra har fangsten lege på rundt 45 000 tonn. Hyse blir hovudsakleg fanga med botntrål og i mindre grad med snurrevad. Hyse er målart for delar av flåten, men blir også fanga i blandingsfiskeri saman med mellom anna torsk, kviting og sjøkreps.

Status og råd

ICES vurderer bestanden til å vere i god stand, men ikkje berekraftig hausta. Rekrutteringa har sporadisk vore sterk, men bortsett frå 2005- og 2009-årsklassene som var middels store, har rekrutteringa dei siste åra vore langt under langtidsgjennomsnittet. Det er førebels ikkje utarbeidd nokon forvaltingsplan for heile området. Basert på langtidsutbytte (MSY-tilnærming), meiner ICES at den totale fangsten ikkje bør overstige 48 990 tonn i 2018, jf. tabell 4.13.

Figur 4.47 Utbreiingsområde og gyteområde for hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest for Skottland

Figur 4.47 Utbreiingsområde og gyteområde for hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest for Skottland

Figur 4.48 Utviklinga i bestand og fangst av hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest for Skottland

Figur 4.48 Utviklinga i bestand og fangst av hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest for Skottland

Tabell 4.13 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest for Skottland dei siste fem åra 2

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC1

Avtalt TAC 1

Fangst

Gytebestand

2013

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<48

52

47

259

2014

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<41

45

46

181

2015

Maksimalt langtidsutbytte

<69

48

42

143

2016

Maksimalt langtidsutbytte

<60

72

43

123

2017

Maksimalt langtidsutbytte

<39

39

249

2018

Maksimalt langtidsutbytte

<49

49

1 Frå og med 2015 representerer tala for tilrådd TAC fangst, ikkje landingar. Avtalt TAC er landingar.

2 For åra 2013 og 2014 gjeld tabellen kun Nordsjøen og Skagerrak.

Boks 4.14 Kviting i Nordsjøen og den austlege engelske kanalen

Figur 4.49 Kviting

Figur 4.49 Kviting

Foto: Jan de Lange, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Kviting – Merlangius merlangus

Maksimal storleik: 55 cm og 1,5 kg

Levetid: 12 år

Bestandsstorleik (2016): Om lag 540 000 tonn

Kvote for 2018: 22 057 tonn, av dette 2 206 tonn til Noreg (Nordsjøen)

Norsk fangstverdi (2017): Om lag 7 mill. kroner

Fakta om bestanden: Kvitingen er utbreidd i det austlege Atlanterhavet, og er delt inn i mange bestandar. Han lever hovudsakleg ved botnen på 10–200 meter djup, men kan gå opp i sjøen for å beite. Kvitingen et i hovudsak fisk, som sild, augepål og tobis, og yngel av torsk, hyse og kviting. Det er gytefelt både i den sørlege og nordlege Nordsjøen. Gytinga går føre seg over ein lang periode om våren og sommaren.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av kviting i Nordsjøen i perioden 1990–2016 er kring 60 000 tonn, men har dei siste åra lege mellom 20 000 og 30 000 tonn, jf. figur 4.51. Kviting blir fanga i blanda fiskeri der målartane enten er torsk og hyse, flatfisk eller sjøkreps, og som bifangst i industritrålfisket. Bifangsten i industritrålfisket har minka i seinare år, då meir selektive reiskapar har vore tekne i bruk. Storbritannia, Frankrike og Nederland har vore dei viktigaste aktørane i fisket, men i seinare år har også den norske fangsten auka noko.

Status og råd

Gytebestanden og fisketrykket har vore relativt stabile sidan 2002, og gytebestanden er no over føre-var-nivået. Rekrutteringa har vore låg sidan 2003, men var for 2016-årsklassen over snittet for dei siste åra. Basert på langtidsutbyte (MSY-tilnærming) meiner ICES at totalfangsten ikkje bør overstige 26 191 tonn i 2018.

Figur 4.50 Utbreiingsområde og gyteområde for kviting i Nordsjøen og den austlege engelske kanalen

Figur 4.50 Utbreiingsområde og gyteområde for kviting i Nordsjøen og den austlege engelske kanalen

Figur 4.51 Utviklinga i bestand og fangst av kviting i Nordsjøen og den austlege engelske kanalen

Figur 4.51 Utviklinga i bestand og fangst av kviting i Nordsjøen og den austlege engelske kanalen

Tabell 4.14 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av kviting i Nordsjøen og den austlege engelske kanalen dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC1

Avtalt TAC1

Fangst

Gytebestand

2013

Føre-var tilnærming

<26

19

27

263

2014

Føre-var-tilnærming

<21

16

28

236

2015

Følg forvaltningsplanen

<17

15

31

264

2016

Følg forvaltningsplanen

<31

15

34

297

2017

Maksimalt langtidsutbytte

<24

16

2018

Maksimalt langtidsutbytte

<26

22

1 Frå og med 2016 representerer tala for tilrådd TAC fangst, ikkje landingar. Avtalt TAC er landingar.

Boks 4.15 Raudspette i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.52 Raudspette

Figur 4.52 Raudspette

Foto: Ingunn Bakketeig, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Raudspette – Pleuronectes platessa

Maksimal storleik: 70 cm og 3,5 kg

Levetid: 20 år

Bestandsstorleik (2016): Om lag 950 000 tonn

Kvote for 2018: Nordsjøen og Skagerrak: 127 986 tonn, av dette 8 192 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2017): Om lag 3,4 mill. kroner. Dei siste åra har Noreg berre utnytta ein liten del av kvoten, og i 2016 var den norske fangsten på 178 tonn.

Fakta om bestanden: Raudspette finst på begge sider av det nordlege Atlanterhavet – på austsida frå Middelhavet til Barentshavet, og er delt inn i mange bestandar. Bestanden i Nordsjøen er den største. Raudspetta lever på botnen ned til om lag 200 meter djup. Raudspetta et børstemark, skjel, maneter, krepsdyr, pigghudar og små fisk. Gyteområda finst i dei sentrale og sørlege delane av Nordsjøen, men det er ingen klåre skiljeliner mellom bestandane. Gytinga går føre seg i januar og februar.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av raudspette i Nordsjøen i perioden 1960–2016 er kring 170 000 tonn, og har variert ein del i takt med utviklinga i bestanden, jf. figur 4.54. Raudspette blir mest fiska med bomtrål i sørlege og sentrale delar av Nordsjøen og i eit blandingsfiskeri med botntrål, i dei sørlege delane av Nordsjøen. Målarten er tunge, og det går føre seg eit omfattande utkast av undermåls raudspette i blandingsfisket. I Skagerrak blir raudspetta fiska i eit direkte fiskeri med garn og snurrevad, men også i eit blandingsfiske saman med torsk og sjøkreps. Utkastet er likevel avgrensa sidan reiskapen har stor maskevidde og fiskar selektivt. Nederland, Danmark og Storbritannia dominerer fisket. Noreg disponerer 7 prosent av totalkvoten i Nordsjøen og 2 prosent i Skagerrak.

Status og råd

ICES vurderer bestanden til å vere i god stand og berekraftig hausta. Bestanden har auka dei siste åra til eit rekordhøgt nivå i 2014, jf. figur 4.54. Rekrutteringa har vore om lag som langtidsgjennomsnittet, men fiskepresset har minka til nivået for høgt langtidsutbytte. ICES tilrår, basert på maksimalt langtidsutbyte, at fangsten i 2018 ikkje bør overstige 142 481 tonn, jf. tabell 4.15.

Figur 4.53 Utbreiingsområde og gyteområde for raudspette i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.53 Utbreiingsområde og gyteområde for raudspette i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.54 Utviklinga i bestand og fangst av raudspette i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.54 Utviklinga i bestand og fangst av raudspette i Nordsjøen og Skagerrak

Tabell 4.15 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av raudspette i Nordsjøen og Skagerrak dei siste fem åra2

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC1

Avtalt TAC1

Fangst

Gytebestand

2013

Første steg i forvaltningsplan

<97

97

126

694

2014

Bestanden i andre steg, forvaltninga i første steg av forvaltningsplan

<111

112

134

810

2015

Følg andre steg i forvaltningsplanen

<179

138

134

771

2016

Følg andre steg i forvaltningsplanen

<216

144

137

836

2017

Maksimalt langtidsutbyte

<158

148

940

2018

Maksimalt langtidsutbyte

<142

128

1 Frå og med 2015 representerer tala for tilrådd TAC fangst, ikkje landingar. Avtalt TAC er landingar.

2 For åra 2013–2015 gjeld tabellen kun Nordsjøen.

Til forsida