Ot.prp. nr. 11 (2002-2003)

Om lov om endringar i lov 24. februar 1995 nr. 12 om helligdager og helligdagsfred m.v.

Til innhaldsliste

2 Høring

Barne- og familiedepartementet og Kultur- og kyrkjedepartementet sende 13. februar 2002 ut til aktuelle instansar eit høringsnotat med forslag om å oppheve opningstidslova, samtidig som reglar om opningstider for utsalsstader på helge- og høgtidsdagar blir tekne inn i lov om helligdager og helligdagsfred.

Det kom inn svar frå 69 høringsinstansar. Av desse hadde 26 ikkje merknader. 24 høringsinstansar støtta forslaget om å oppheve opningstidslova, medan 19 gjekk imot.

Forbrukarrådet, som representerer brukarane, viser til at den enkelte utsalsstaden etter forslaget kan bestemme når butikken skal vere open på kvardagar, ut frå lokale handlemønster og dei behov forbrukarane har. Forbrukarrådet ønskjer sterkare konkurranse i daglegvarehandelen og er derfor einig i forslaget frå regjeringa om å oppheve opningstidslova.

Fylkesmennene, som behandlar dispensasjonssøknader, er også positive og viser m.a. til at å oppheve lova kan gi ressursmessige innsparingar.

Næringa er delt i synet på oppheving. Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon (HSH) meiner at å gjennomføre forslaget ikkje vil innebere særleg store endringar i dei opningstidene som blir praktiserte i varehandelen i dag. Antakeleg vil berre eit fåtal utsalsstader finne det fornuftig å forlengje opningstida utover det som i dag er tillate, nemleg til kl. 21.00 på kvardagar. Hakon Gruppen AS er på si side i utgangspunktet positive, men påpeiker også negative konsekvensar som større lønnskostnader, bemanningssituasjonen og risiko for ran og tjuveri. Coop påpeiker også ei rekkje negative konsekvensar og går imot forslaget.

Dei som sterkast går imot forslaget, er dei organisasjonane som representerer arbeidstakarinteressene ( LO, Handel og Kontor og YS). Det blir reagert mot at det lovheimla vernet mot å arbeide utover normalarbeidstida (21.00-06.00) blir fjerna. Det blir påpeikt at dette vil få negative konsekvensar for samfunn og familieliv. Elles blir det vist til at verken næringa sjølv eller forbrukarane har uttrykt ønske om at opningstidslova bør opphevast, snarare tvert imot. Det verkar som om alle no har tilpassa handlemønsteret sitt innanfor ramma av lova i dag. Spesielt gjeld dette dei næringsdrivande, og det kan derfor skade meir enn det gagnar å leggje opp til nye endringar.

Også Kyrkjerådet er kritisk til at grensene for opningstida på kvardagar blir oppheva, og viser til at det ikkje er gitt at marknadsmekanismane aleine vil gi tilpassingar som best tener enkeltmenneske og samfunnet som heilskap.

Det er stor støtte mellom høringsinstansane til at dagens regulering av søn- og helgedagshandel gir ein rimeleg balanse mellom søndagen som ein dag med avgrensa aktivitet og omsynet til at forbrukaren skal tilbydast nødvendige varer. Enkelte har kommentarar til utforminga av unntaka. Dette gjeld særleg dei forskjellige kvadratmetergrensene for daglegvarebutikkar og bensinstasjonar, og unntaket for hagesenter m.m. Kommentarane knyter seg m.a. til at dagens regulering kan medføre konkurransevriding. Dei høringsinstansane som uttaler seg om det nye unntaket for sal av varer i tilknyting til produksjonsstader m.m., er i hovudsak positive til unntaket. Når det gjeld forslaget om å føre vidare løyvet til å halde søndagsope dei tre siste søndagane før julaftan, går Handel og Kontor inn for å oppheve dette unntaket.

Enkelte fylkesmenn stiller spørsmål ved behovet for å føre vidare høvet til dispensasjon frå dei alminnelege opningstidene.

Riksadvokaten påpeiker at ein må vurdere forholdet mellom den foreslåtte straffeføresegna i helgedagslova og straffelova § 348. Etter riksadvokaten si meining er det openbert at straffelova § 348 ikkje kan bli ståande dersom forslaget til straffeføresegn i helgedagslova blir vedteke. Grunngivinga er at føresegnene til dels er samanfallande.