Ot.prp. nr. 11 (2002-2003)

Om lov om endringar i lov 24. februar 1995 nr. 12 om helligdager og helligdagsfred m.v.

Til innhaldsliste

6 Merknader til dei enkelte føresegnene

6.1 Endringar i lov om helligdager og helligdagsfred

Til § 5 Salg fra faste utsalgssteder

Det er ikkje teke sikte på endringar i korleis ein skal forstå definisjonane av fast utsalsstad og dei typar utsalsstader som er omfatta av unntaka i opningstidslova av 1998 § 3.

Første ledd presiserer verkeområdet for føresegna.

Paragrafen gjeld faste utsalsstader. Dersom enkelte utsalsstader eller varegrupper er regulerte i eller i medhald av spesiallover, vil likevel desse gå framfor lova her. Eksempel på dette er sal av apotekvarer og alkoholhaldige drikkar.

Sameleis som med den tidlegare lova vil den nye føresegna berre regulere opningstida for utsalsstader der det blir selt varer. Dette inneber at reine tenesteytingar som f.eks. utleige av bil eller video, reinsing og vask, bank, forsikring og eigedomsmekling ikkje er omfatta av lova. Sjå dei spesielle merknadene til § 5 fjerde ledd når det gjeld verksemder som kombinerer tenesteyting med sal av varer som er unnatekne etter arealgrense.

Lova regulerer sal frå fast utsalsstad. Ein utsalsstad i lovas forstand må vere eit lokale som kan stengjast eller låsast. Handkjerre, kasse, koffert, visse slags telt, utandørs automat osv. er ikkje utsalsstad i lovas forstand.

Bestilling av varer over telefon, Internett eller per post fell utanfor verkeområdet til lova dersom varene blir sende til kunden. Skal kunden sjølv hente varene på ein utsalsstad, må tidspunktet for hentinga liggje innanfor opningstidene etter lova for staden der varene skal hentast.

Salsverksemda må vidare vere retta mot vanlege forbrukarar. Engrosverksemd eller sal frå «cash- and carry-avdelingar» til næringsdrivande er ikkje omfatta av lova. Dersom slike verksemder også driv sal til forbrukar, er dei derimot rekna som vanlege utsalsstader, og er omfatta av lova.

Andre ledd lister opp unntak frå hovudregelen i første ledd.

Nr. 1 Utsalgssteder som vesentlig selger kiosk- eller dagligvarer

Etter nr. 1 er utsalsstader som i det vesentlege sel kiosk- eller daglegvarer, og som har ei samla salsflate som ikkje overstig 100 m2, unnatekne. Sjå § 5 fjerde ledd når det gjeld utrykket salgsflate.

Utsalsstaden må stå som eit sjølvstendig butikklokale med fastmonterte vegger og eigen inngang. Dette inneber at det ikkje er høve til å gjere om delar av ein butikk etter stengjetid til ei eining som tilfredsstiller arealkravet ved å bruke rørlege skiljevegger e.l.

Utsalsstader som ligg i butikksenter/kjøpesenter, skal i forhold til lova betraktast som individuelle einingar. Kioskar og daglegvareforretningar i butikksenter/kjøpesenter som ikkje har eigen inngang eller fast monterte vegger, kan halde ope utanom dei alminnelege opningstidene i lova under føresetnad av at dei tilfredsstiller arealkravet og i forhold til andre utsalsstader står som ei naturleg eining.

Omgrepa kioskvarer og daglegvarerhar ingen eintydig definisjon. Ein indikasjon på omgrepet kioskvarer går fram av forarbeida til opningstidslova av 1985, jf. Innst. O. nr. 48 (1984-85), der det står på side 11:

«... tobakk- og røykartikler, aviser, blader og tidsskrifter, bøker, skrivesaker, toalettartikler, hygieniske artikler, sukker- og sjokoladeprodukter, bakeri- og konditorvarer, frimerker, innspilte og uinnspilte lyd- og billedkassetter, film, mineralvann, frukt, souvenirer, husflidsvarer o.l. Videre menes pølsebod- eller gatekjøkkenvarer som pølser, hamburgere, kylling, pommes frites, eller andre varer som er beregnet på å fortæres på stedet».

I lov 6. juni 1980 nr. 21 om handelsverksemd § 1-4 andre ledd er det gitt følgjande definisjon på dagligvarer:

«Som dagligvarer regnes matvarer og andre nærings- og nytelsesmidler, dyremat, vaske- og rengjøringsmidler, toalettartikler, husholdningsvarer av papir og plast, bone-, rense- og pussemidler.»

Desse definisjonane må ikkje betraktast som uttømmande og vil heller ikkje vere til hinder for at omgrepa kan omfatte nye varer som den raske produktutviklinga bringar på marknaden. Erfaringane med handhevinga av opningstidslova tilseier at ein ikkje skal binde seg til rigide definisjonar. M.a. av denne grunn er uttrykket i det vesentlige ... kiosk eller dagligvarer teke inn i lovteksten for å gjere det klart at eit avgrensa innslag av andre varer er tillate saman med kiosk- og daglegvarer.

Nr. 2 Bensinstasjoner

Etter nr. 2 er unnateke bensinstasjoner med ei samla salsflate som ikkje overstig 150 m2. Med bensinstasjoner skal forståast det same som i opningstidslova § 3 første ledd nr. 2, der det heiter:

«utsalgssteder som alene eller i kombinasjon med varer som nevnt i nr. 1, i det vesentlige selger bensin, olje og andre varer som er nødvendige for drift av eller vedlikehold av motorkjøretøyer og motorbåter».

Uttrykket i det vesentlige inneber at det er tillate å selje eit avgrensa innslag av andre varer saman med bensin-, bilprodukt og varer nemnde i nr. 1.

Føresegna skal forståast slik at ein utsalsstad må selje både bensin, olje og andre varer som er nødvendige for drift eller vedlikehald av motorkjøretøy og motorbåtar for å komme inn under føresegna. Det er såleis ikkje tilstrekkeleg f.eks. berre å selje bensin og olje.

Sjå lovforslaget § 5, fjerde ledd når det gjeld uttrykket salgsflate. Også utsalsstader som sel bensin m.m., må i forhold til lova stå som sjølvstendige butikklokale med fast monterte vegger og eigen inngang, jf. det som er sagt under dei spesielle merknadene til § 5, andre ledd nr. 1.

Nr. 3 Utsalgssteder på campingplasser i campingsesongen

Nr. 3 fører vidare unntaket for campingplassar i campingsesongen frå gjeldande opningstidslov. I uttrykket i campingsesongen ligg krav om at campingplassen er open og har eit visst belegg av campingturistar. Føresegna tek ikkje sikte på å gi unntak for utsalsstader med tilbod og vareutval som openbert er meir tilpassa allmenta enn campinggjestene. Som campingplassar er i denne samanhengen meint stader som er permanent opparbeidde og tilrettelagde for camping (telt, bubilar, campingvogner, campinghytter osv.). Utsalsstadene må liggje campingplassen for å komme inn under unntaket. Med dette er meint at utsalsstaden må liggje inne på området til campingplassen; det er ikkje tilstrekkeleg at han ligg heilt nær campingplassen. Unntaket for utsalsstader på campingplassar er grunngitt i dei behov gjestene har, og det skal gi gjestene høve til å kjøpe nødvendige varer utover dei alminnelege opningstidsføresegnene.

Nr. 4 Typiske turiststeder

Nr. 4 fører vidare unntaket for typiske turiststeder frå den gjeldande lova. Med typiske turiststader er i første rekkje meint mindre stader der salet i periodar hovudsakleg skjer til turistar. Det er her tenkt på stader der dei faste innbyggjarane er få i forhold til talet på tilreisande/besøkjande i løpet av året, eksempelvis stader som Beitostølen, Geiranger, Geilo og Lyngør. Ein typisk turiststad treng ikkje omfatte heile kommunen. Ein typisk turiststad er dessutan kjenneteikna ved at dei næringsdrivande ofte er avhengige av turistsesongane, da kundegrunnlaget er for lite til at dei kan overleve av sal til fastbuande. Også utsalsstader i mange byar og på større stader kan oppleve omsetningsauke i turistsesongen, men denne auken kan neppe seiast å vere så vesentleg at han kan danne grunngivinga for å gi løyve til søn- og helgedagsope.

Det er vidare eit vilkår at salet i periodar hovudsakleg skjer til turistar, jf. § 5 sjette ledd. Kor lang denne perioden må vere, og kor stor del av omsetninga som må skje til turistar i denne perioden, må avgjerast konkret i kvart enkelt tilfelle.

Fylkesmannen kan avgrense unntaket i § 5 andre ledd nr. 4 frå kravet om at faste utsalsstader skal halde stengt på helgedagar til å gjelde for utprega «sesongstader» i bestemte periodar av året. Med «delar av året» er meint periodar av ei viss lengd; kortare tidsrom på f.eks. eit par veker vil såleis ikkje vere tilstrekkeleg.

Det følgjer av § 5 sjette ledd i lova at fylkesmannen, etter søknad frå ein kommune, ved forskrift avgjer om eit område eller ein kommune skal ha nemninga typisk turiststad.

Departementet har rekna med at dersom ein kommune tek avgjerd om ikkje å fremje søknad til fylkesmannen om å fastsetje forskrift at eit område er ein typisk turiststad, er det ei avgjerd av prosessuell karakter og ikkje eit enkeltvedtak.

Lovavdelinga i Justisdepartementet har seinare uttalt at avdelinga ser det slik at det ikkje ligg føre noko enkeltvedtak dersom kommunen etter saksbehandling i kommunestyret bestemmer seg for ikkje å søkje fylkesmannen om forskrift, eller dersom fylkesmannen avslår å fastsetje ei forskrift etter gjeldande opningstidslov § 3 fjerde ledd (helgedagslova § 5 sjette ledd).

Dersom fylkesmannen stettar søknaden frå kommunen og fastset ei forskrift i medhald av den gjeldande opningstidslova § 3 fjerde ledd (helgedagslova § 5 sjette ledd), er det saksbehandlingsreglane i forvaltningslova kap. VII og ikkje kap. IV-VI som gjeld for vedtaket. Spørsmålet er likevel om ei forskrift som reint faktisk berre får betydning for ein enkelt eller nokre få personar, må betraktast som eit enkeltvedtak, eventuelt at saksbehandlingsreglane for enkeltvedtak kan nyttast analogisk.

Lovavdelinga i Justisdepartementet har uttalt at avgjerda frå fylkesmannen etter gjeldande opningstidslov § 3 fjerde ledd (helgedagslova § 5 sjette ledd) må reknast som forskrift etter forvaltningslova, og at saksbehandlingsreglane for enkeltvedtak - deriblant reglane om klage i forvaltningslova kap. VI - ikkje vil gjelde for avgjerda.

Nr. 5 Serveringssteder

Føresegna fører vidare unntaket for sal frå serveringsstad i opningstidslova. Unntaket er grunngitt med at lov av 13. juni 1997 nr. 55 om serveringsverksemd (serveringslova) uttømmande regulerer opningstida for serveringsstader som også har kioskavdeling.

Nr. 6 Auksjoner

Sal ved auksjon vil som i dag vere unnateke frå forbodet mot sal på søn- og helgedagar. Vilkåret er at det blir drive reell auksjonsverksemd. Auksjonsverksemda må ikkje vere kombinert med anna salsverksemd som fell inn under opningstidsreguleringa for søn- og helgedagar. Sjå elles lov 14. august 1918 nr. 3 om frivillige auksjoner.

Nr. 7 Kunstgallerier

Føresegna fører vidare eit unntak frå gjeldande opningslov for sal av kunst eller bruksgjenstandar o.l. frå lokale som blir nytta til utstilling.

Føresegna omfattar også sal av plakatar, postkort, kunstbøker, katalogar, suvenirar m.m. som er knytte til utstillingsverksemd.

Nr. 8 Utstillinger eller varemesser

Også unntaket for sal frå utstillingar eller varemesser er ei vidareføring frå den gjeldande opningstidslova. For at verksemda ikkje skal vere omfatta av forbodet mot sal på søn- og helgedagar, må utstillingane eller varemessene gå føre seg i lokale som normalt ikkje blir nytta til anna salsverksemd. Det er også eit vilkår at den enkelte utstillinga er avgrensa i tid. Det vil dermed ikkje vere høve til at ein seljar på søn- og helgedagar tek opp bestillingar for seinare levering i eit lokale som blir kalla «utstilling» på ein søndag og er vanleg utsalsstad dei andre vekedagane.

Nr. 9 Plantesalg

Føresegna gjer unntak for utsalsstader som i det vesentlege sel blomster, plantar og andre hageartiklar, og er ei vidareføring av unntaket frå den gjeldande opningstidslova. Unntaket er grunngitt med at sal av artiklar til hagebruk m.m. ofte går føre seg på tidspunkt da folk flest har fri, for eksempel i helgane når folk gjer hagearbeid. Uttrykket i det vesentlige gjer det klart at ein utsalsstad kan selje eit avgrensa tal andre produkt i tillegg til blomster, plantar og andre hageartiklar.

Nr. 10 Lokale husflids- og suvenirvarer

Føresegna er ei vidareføring av eit unntak som kom inn i opningstidslova av 1985 for sal av lokale husflids- og suvenirvarer. Med lokale husflids- og suvenirvarer er meint sal av varer som er framstilte lokalt. Produksjon og sal av slike varer kan ha stor næringsmessig betydning i mange distrikt, spesielt i turistsesongen. Uttrykket i det vesentlige ... husflids- og suvenirvarer medfører at ein utsalsstad vil kunne selje eit avgrensa tal andre produkt, for eksempel suvenirprodukt som ikkje er framstilte lokalt.

Nr. 11 Utsalgssteder i terminalbygninger på lufthavner

Føresegna gjeld utsalsstader i terminalbygningar på lufthamner som har løyve til avgiftsfritt sal. Med terminalbygning er meint bygning for inn- og utsjekking av passasjerar og bagasje på lufthamn.

Nr. 12 Salg av varer i tilknytning til produksjonssteder m.v. som er tilrettelagt for turisme

Føresegna vil m.a. dekkje sal av varer til personar som får tilbod om omvisingar og liknande på fabrikkar og anlegg der ein får innblikk i delar av produksjonsprosessen. Det finst også eksempel på at verkstader for keramikk, annan brukskunst, lys osv. har liknande arrangement. Staden må vere tilrettelagd for turisme, og varene må i vesentleg grad vere knytte til aktiviteten på anlegget. Salsverksemda må ikkje stå som det einaste formålet.

Det er ikkje formålet å opne generelt for fabrikkutsal på søn- og helgedagar.

Føresegna vil også kunne omfatte nedlagde produksjonsanlegg som er utvikla til kulturminne og turistattraksjonar.

Tredje ledd gir høve til å halde ope dei tre siste søndagane før julaftan.

Unntaket gjeld berre dei tre siste søndagane før julaftan. Dersom julaftan fell på ein søndag, vil denne søndagen ikkje vere omfatta av føresegna.

Fjerde ledd definerer nemninga salgsflate i § 5 andre ledd nr. 1 og 2. Med «salgsflate» er meint golvflata i den delen av eit utsalslokale der varer berekna for sal til publikum er synleg utstilte. Kasseområdet der tilsette betener publikum, skal reknast inn i salsflata. Lager, kontor og opphaldsrom for personale inngår ikkje i salgsflata. Det er berre varer i lokalet til ein utsalsstad som skal reknast inn i salsflata. Dette inneber at område utandørs ikkje inngår i salsflata, sjølv om det er utstilt varer der. Utrekninga av arealet skal skje frå vegg til vegg.

Dersom varer blir eksponerte frå eit lager, har departementet rekna med at den delen av kjøle- eller fryseskapet som naturleg blir operert av kunden, skal reknast med i salsflata.

Kjøle- eller fryseskap som er utstilt i butikklokalet, og som ikkje står i kontakt med eit lager, skal reknast inn i salsflata på vanleg måte.

Tenesteytande verksemder er unnatekne frå verkeområdet til lova, jf. § 5 første ledd. Ein del verksemder driv tenesteytande verksemd i kombinasjon med sal av varer, for eksempel kombinert drift av storkiosk og videoutleige. For slike utsalsstader skal berre den delen av lokalet som blir nytta til omsetning av varer, telje med i utrekninga av salsflata til utsalsstaden.

Korleis ein skal rekne ut salsarealet når det blir drive ein kombinasjon av varesal og tenesteytande verksemd, må vurderast konkret i det enkelte tilfelle, med utgangspunkt i korleis verksemda er innretta fysisk og funksjonsmessig.

Særleg om speletenester

Tobakk- og Kioskhandelens Landsforbund og Norsk Rikstoto påpeikte i sine høringssvar til opningstidslova at areal som går med til spel, bør vere unnatekne ved utrekninga av salsflate. Etter departementet si erfaring vil dette normalt vere mindre areal, som er ein så integrert del av utsalslokalet at det må reknast inn i salsflata. Det vil ofte vere tilfelle der speletenester som tipping og lotto skjer frå same salsdisk som omsetninga av varer.

Dersom areal til speleautomatar, spel o.l. er fysisk og funksjonsmessig skilde frå salsarealet elles, må det byggje på ei konkret vurdering om desse speletenestene er av ein slik karakter at det er naturleg å sjå dei som ei sjølvstendig tenesteytande verksemd, og dermed som unnatekne frå lova.

Etter departementet si vurdering må dei prinsippa som er nemnde ovanfor, gjelde all tenesteytande verksemd, også for eksempel posttenester.

Salsflata skal kunne dokumenterast, jf. § 5 femte ledd.

Femte ledd fastset at kioskar, mindre daglegvarebutikkar og utsalsstader for varer som er nødvendige for drift og vedlikehald av motorkjøretøy og båtar, og som held ope utover den alminnelege opningstida etter lova, må dokumentere at salsflata ikkje overstig den beskrivne kvadratmetergrensa. Dette gjeld ikkje dersom utsalsstaden openbert ligg under arealgrensa. Ein mindre kiosk på 40 til 50 m2 vil såleis ikkje trenge dette. Dokumentasjonen skal vere tilgjengeleg ved utsalsstaden, og skal på førespurnad visast fram til politiet eller Arbeidstilsynet. Arealet til ein utsalsstad vil kunne dokumenterast gjennom takst, arealutrekning, arbeidsteikningar eller på annan tilfredsstillande måte. Brot pådokumentasjonsplikta medfører at ein utsalsstad ikkje skal betraktast som omfatta av unntaka i § 5.

Etter sjette ledd er det fylkesmannen som etter søknad frå ein kommune ved forskrift avgjer om eit område skal reknast som et typisk turiststed etter § 5 andre ledd nr. 4 i lova.

Vedtaket til fylkesmannen vil gjelde eit nærmare bestemt område, og vil normalt ikkje vere knytt til bestemte personar. Vedtaket vil dermed vere ei forskrift etter definisjonen i forvaltningslova § 2. Dette er presisert i lovteksten. At det vil vere tale om ei forskrift, inneber at saksbehandlingsreglane etter forskriftene i forvaltningslova kapittel VII vil gjelde for behandlinga hjå fylkesmannen. Det vil da ikkje vere høve til å klage over vedtaket.

I samsvar med sjuande ledd kan ein søkje fylkesmannen om dispensasjon frå § 5 når det ligg føre særlege grunnar.

Formuleringa særlige grunner vil kunne omfatte ulike forhold, som også kan variere frå distrikt til distrikt. Større hendingar, som idrettsmeisterskap, jubileum, stemne, marknader og liknande, og som vedkjem heile eller store delar av ein kommune eller eit distrikt, vil kunne danne grunnlag for dispensasjon. Det same gjeld periodisk tilbakevendande hendingar, som anløp av turistskip og årlege fiskeri, og som har stor næringsmessig betydning for ein kommune eller eit distrikt.

Det kan også givast dispensasjon for mindre arrangement som «handelens dag», eller markering av ei spesiell hending for ein utsalsstad, som for eksempel 5-, 10- og 25-årsjubileum eller liknande. Slike arrangement bør likevel vanlegvis ikkje tillatast på søn- og helgedagar.

For å falle inn under omgrepet «arrangement» må det liggje føre noko meir enn rein handelsverksemd. Omgrepet «handelens dag» må naturleg forståast slik at det omfattar fellesarrangement utover eitt enkelt senter. Føresegna opnar ikkje for å dispensere for årlege jubileum eller for eksempel 12- eller 22-årsjubileum.

For kjøpesenter må det liggje føre ei særskild storhending.

Lang tradisjon med nattope for kjøpesenter er i seg sjølv ikkje nokon særleg grunn i lovas forstand.

Konkurransemessige forhold vil ikkje vere grunnlag for dispensasjon. Det er såleis ikkje høve til å gi dispensasjon til ein daglegvarebutikk som søkjer om å få halde ope på søndagar for å oppnå same opningstidsvilkår som utsalsstader som er unnatekne, jf. § 5. Det same gjeld utsalsstader i grensestrøk som søkjer om dispensasjon for å ha dei same opningstidene som konkurrentar i Sverige og Finland.

I vurderinga av om det skal givast dispensasjon må det gjerast ei heilskapsvurdering, der alle aktuelle interesser blir trekte inn - også omsyn til arbeidstakarane ved utsalsstadene.

Den praksis som har utvikla seg med søndagsopne utsalsstader i desember månad for å avvikle julehandelen, er no lovfesta. Reint generelt er det rekna med at dette vil redusere behovet for dispensasjon.

Dispensasjon skal vere tidsavgrensa.

Den som har klagerett etter forvaltningslova, kan klage til departementet over avgjerd om dispensasjon.

Til § 6 Straff

Føresegna tilsvarer § 5 i opningstidslova av 1998.

Første ledd fastset at den som forsettleg eller aktlaust bryt §§ 3-5 i lova eller føresegner gitt i medhald av desse paragrafane, blir straffa med bøter. Departementet meiner det er viktig at også aktlaust brot blir ramma. Brota vil ofte vere av ein slik karakter at forsett vanskeleg kan bevisast.

Etter andre ledd vil også medverknad til brot på lova kunne straffast.

6.2 Endringar i lov om 1 og 17 mai som høgtidsdager

Etter § 1 andre ledd vil det gjelde same avgrensingar i høvet til å halde utsalsstader opne på 1. og 17. mai som på søn- og helgedagar. Tilsvarande vil brot på påbod om å halde stengt vere straffbart på same måten som brot på føresegnene om forbod mot handel på helgedagar.

Nytt siste punktum i § 2 andre ledd presiserer at lova ikkje er til hinder for at arbeid ved faste utsalsstader kan haldast i gang etter kl. 22 dagane før 1. og 17. mai.

6.3 Endring i arbeidsmiljølova

Arbeidsmiljølova § 42 andre ledd bokstav l) inneber at nattarbeid (arbeid mellom kl. 21 og kl. 06) er tillate ved utsalsstader.

6.4 Ikraftsetjing

Sjølv om opningstidslova av 26. juni 1998 blir oppheva, blir føresegnene om handel på søn- og helgedagar i helgedagslova i hovudsak vidareførte. Heimelen i opningstidslova § 3 fjerde ledd til å fastsetje ved forskrift at eit område skal reknast som typisk turiststad, blir vidareført i helgedagslova § 5 sjette ledd. Tilsvarande blir føresegna i opningstidslova § 4 om dispensasjon i helgedagslova § 5 sjuande ledd vidareført. Departementet legg til grunn at forskrifter og dispensasjonar som er gitt i medhald av føresegnene i opningstidslova, gjeld også etter at lova her er sett i kraft.