Ot.prp. nr. 11 (2002-2003)

Om lov om endringar i lov 24. februar 1995 nr. 12 om helligdager og helligdagsfred m.v.

Til innhaldsliste

4 Opningstidslovgivinga i enkelte andre land

I Sverigehar det frå 1972 ikkje vore noka særskild lovregulering av opningstida i varehandelen. I 1991 vart det lagt fram ein rapport som evaluerte situasjonen utan opningstidsregulering (SOU 1991:10). Undersøkinga viste at 80 prosent av dei store varehusa og stormarknadene heldt søndagsope i 1989, medan 54 prosent av daglegvarebutikkane heldt søndagsope. Undersøkingar gjorde på slutten av 80-talet indikerte at søndagshandel i stor grad vart brukt til suppleringskjøp, ikkje til storhandel. 47 prosent var positive til at butikkar heldt ope på søndagar.

Opningstidene i Danmark er regulerte av lov om butikstid av 20. desember 2000. Utsalsstader skal som hovudregel halde stengt frå laurdag kl. 17.00 til måndag kl. 06.00. Butikkar kan no halde ope fire søndagar i året. Søndagane må ikkje vere plasserte på helgedagar, julaftan eller grunnlovsdag. I 2003 blir talet dobla, slik at ei forretning kan halde ope i alt åtte søndagar i året. Likevel skal fire av desse dagane vere i juli og august. Utsalsstader som har ei forventa årleg omsetning under 23 millionar danske kroner, inklusive moms og «punktavgifter», er unnatekne frå stengingspåbodet. Ei undersøking gjennomført av den danske Erhvervs- og Selskabsstyrelsen i 1996 viste at 83,1 prosent av alle utsalsstader hadde ei omsetning under grensa og såleis var unnatekne frå stengjetida. Mellom desse kunne alle kioskar og 97,6 prosent av daglegvarebutikkane halde ope utanom den alminnelege stengjetida, medan 7,2 prosent av supermarknadene og ingen varehus hadde høve til dette.

Med den nye lova er ei rekkje særreglar oppheva, m.a. vart dispensasjonen for butikkar i sommarhusområde oppheva. Stengingslova skal reviderast igjen i folketingsåret 2004-2005.

I Finland vart det i 2000 vedteke ny lag om minutshandelns og frisørsalongers öppetider. Utsalsstader kan som hovudregel halde ope frå kl. 07.00 til kl. 21.00 på kvardagar og frå kl. 07.00 til kl. 18.00 på laurdagar. Det er høve til å halde ope mellom kl. 12.00 og kl. 21.00 på søndagar. Dette gjeld alle månadene i året for daglegvarebutikkar med ordinær butikkstorleik på maksimum 400 m2. For andre daglegvarebutikkar gjeld dette for mai, juni, juli og august, og dessutan i november og desember. Utsalsstader kan ikkje halde ope på religiøse høgtidsdagar, på 1. mai, på mors- og farsdag og på frigjeringsdagen. Kioskar, bensinstasjonar m.m. er unnatekne frå lova. Lova er handheva av politiet.

Tyskland har tradisjonelt ført ein restriktiv opningstidspolitikk. Etter ei lovendring 30. juli 1996 kan utsalsstader som hovudregel halde ope til kl. 20.00 på kvardagar og til kl. 16.00 på laurdagar. Søndagar må utsalsstader halde stengt. I lova er det rekna opp kva varer som kan seljast utanom ordinær opningstid.

Etter ei lovendring i 1994 er opningstidene i England og Wales vesentleg liberaliserte. Det er ingen restriksjonar på opningstidene på kvardagar. Utsalsstader med areal over 280 m2 kan halde ope 6 timar på søndagar, medan utsalsstader under 280 m2 sjølv kan bestemme når dei ønskjer å halde ope på søndagar. Det er særleg store varehus og kjøpesenter utanfor bysentrum som held ope på søndagar, medan sentrum framleis er stille på desse dagane.

Forholdet til EØS-avtalen

EF-domstolen har i fleire dommar dei seinare åra slått fast at nasjonalt regelverk om opningstider hører under nasjonal kompetanse og derfor ikkje vedkjem fellesskapsretten. Regulering av opningstidene vil derfor uansett utforminga ikkje vere problematisk i forhold til dei pliktene Noreg har etter EØS-avtalen.