Ot.prp. nr. 11 (2002-2003)

Om lov om endringar i lov 24. februar 1995 nr. 12 om helligdager og helligdagsfred m.v.

Til innhaldsliste

3 Vurderingar og forslag frå departementet

3.1 Innleiing

Hovudformålet med forslaget om å oppheve opningstidslova er å tilpasse opningstidene til dei behov brukarane har. Etter departementet si vurdering oppnår ein dette best ved å la tilbod og etterspørsel verke bestemmande for opningstidene. Ved å oppheve opningstidslova legg ein også meir til rette for fleksible tilpassingar, som naturleg vil variere med bransjetypar, lokale forhold osv. Det er også grunn til å vente at ein ved å oppheve restriksjonane vil fjerne uheldige konkurransevridingar som følgjer av at enkelte typar utsal er unnatekne frå føresegnene.

Ved sida av dette hovudformålet er det også viktig å vareta omsynet til den alminnelege helgedagsfreden. Dette omsynet kjem til uttrykk i den gjeldande helgedagslova, der § 1 lyder: For å verne om det gudstjenestlige liv og den alminnelige fred på helligdager, og for å gi høytiden ro og verdighet, skal det være helligdagsfred i samsvar med reglene i denne lov.

Etter departementa si vurdering inneber dagens regulering av handel på søndagar og andre helgedagar ein rimeleg balanse mellom omsynet til den alminnelege fred på helgedagar og omsynet til at forbrukarane skal ha eit tilfredsstillande tilbod på nødvendige varer. På denne bakgrunn meiner departementet at hovudregelen framleis bør vere at utsalsstader skal halde stengt på søndagar og andre helgedagar, samtidig som ein fører vidare dei unntak frå hovudregelen som gjeld i dag.

For å oppnå intensjonen om å fjerne reguleringa av opningstidene må ein også oppheve det vern i arbeidsmiljølova som arbeidstakarane har mot å arbeide utover normalarbeidstida, dvs. etter kl. 21 og fram til kl. 06. Fleire av høringsinstansane har av den grunn gått imot forslaget. Dette gjeld særleg dei organisasjonane som representerer arbeidstakarinteressene. Departementet vil her vise til at allereie etter dagens system er vernet oppheva for arbeidstakarar som er knytte til dei utsalsstadene som er unnatekne frå lova. Vidare må ein rekne med at marknadsstyring av opningstidene på kvardagar - i staden for lovregulering - neppe vil føre til at utsalsstader held ope etter kl. 21 i vesentleg større omfang enn i dag.

3.2 Hovudregel om handel på helgedagar

Departementet foreslår at det i lov om helligdager og helligdagsfred blir teke inn ein ny § 5 som regulerer sal frå faste utsalsstader på helgedagar. Her er utgangspunktet og hovudregelen at på helgedagar skal faste utsalsstader som sel varer til forbrukar, halde stengt.

Denne hovudregelen skal etter forslaget gjelde også for 1. og 17. mai.

Det er foreslått at faste utsalsstader skal stengje kl. 16 på jul-, påske- og pinseaftan, mot kl. 15 etter gjeldande lov. Denne endringa gir samsvar med føresegna i § 3 i helgedagslova om atdet på desse dagane skal vere helgedagsfred frå kl. 16.

3.3 Unntak frå hovudregelen

Departementet går inn for å tillate søndags- og helgehandel som i gjeldande opningstidslov. Det er derfor foreslått å føre vidare unntaka i gjeldande lov. Dette inneber at faste utsalsstader framleis kan halde ope dei tre siste søndagane før julaftan mellom kl. 14 og kl. 20. Vidare inneber det vidareføring av følgjande spesifiserte unntak:

  • utsalsstader som i det vesentlege sel kiosk- eller daglegvarer, og som har ei samla salsflate som ikkje overstig 100 m2

  • utsalsstader som aleine eller i kombinasjon med kiosk- eller daglegvarer i det vesentlege sel bensin, olje og andre varer som er nødvendige for drift av eller vedlikehald av motorkjøretøy og motorbåtar, og som har ei samla salsflate som ikkje overstig 150 m2

  • utsalsstader på campingplassar i campingsesongen

  • utsalsstader på område som etter vedtak av fylkesmannen er rekna som typiske turiststader

  • sal frå serveringsstad

  • sal ved auksjon

  • sal av utstilte gjenstandar frå kunstgalleri og liknande

  • sal frå utstillingar eller varemesser

  • utsalsstader som i det vesentlege sel blomster, plantar og andre hageartiklar

  • utsalsstader som i det vesentlege sel lokale husflids- og suvenirvarer

  • utsalsstader i terminalbygningar på lufthamner som har løyve til avgiftsfritt sal

Særskilt om vareutval og arealgrense

I dei forskjellige fasane av opningstidsreguleringar har det alltid vore unntak frå dei alminnelege opningstidene for visse kiosk- og daglegvarer. Avgrensinga av vareslaga har i det meste av lova si historie skapt betydelege problem.

I revisjonen i 1998 vart fleire alternativ vurderte, m.a. å differensiere etter vareslag. Konklusjonen var at unntak baserte på areal for utsalsstader som i det vesentlege sel kiosk- eller daglegvarer, var den beste løysinga. Arealgrensa vart sett til 100 m2. Denne løysinga er av enkelte blitt oppfatta som ei innstramming og byråkratisering. I realiteten innebar føresegna ei klar utviding av lovleg sal utover utsalstidene i lova, og for første gong eit avgrensingskriterium som har skapt få problem.

Departementet meiner at det framleis bør vere unntak for visse kiosk- og daglegvarer, og at den gjeldande arealgrensa bør førast vidare.

Klargjering av unntaket for sal frå utstillingar eller varemesser

Lova i dag har eit unntak for salg fra utstillinger eller varemesser.

Unntaket for utstillingar eller varemesser er berre meint å gjelde sal i eit avgrensa tidsrom frå lokale som normalt ikkje er nytta til anna salsverksemd, jf. Ot.prp. nr. 75 (1996-97) Om lov om åpningstider for utsalgssteder (åpningstidsloven) s. 31. For å gjere denne føresetnaden klarare foreslår departementet at lovteksten blir presisert til å gjelde salg fra tidsbegrensede utstillinger og varemesser som finner sted i lokaler som normalt ikke blir brukt til salgsvirksomhet.

Forslag til nytt unntak for sal av varer i tilknyting til produksjonsstader m.m. som er tilrettelagde for turisme

Ut frå erfaringane med den gjeldande opningstidslova reknar Barne- og familiedepartementet med at det kan vere aktuelt å vurdere eit nytt unntak for ein type sal på søn- og helgedagar. I lovutkastet er det derfor foreslått å ta inn unntak for salg av varer i tilknytning til produksjonssteder m.v. som er tilrettelagt for turisme.

Bakgrunnen er m.a. den dispensasjonen som er gitt for Porsgrunds Porselænsfabrik, som har fått løyve til å selje produkt i samband med omvising på fabrikken også på søndagar. Forslaget vil m.a. dekkje sal av varer til personar som får tilbod om omvisningar og liknande på fabrikkar og anlegg der dei får innblikk i delar av produksjonsprosessen. Det finst også eksempel på at verkstader for keramikk, annan brukskunst, lys osv. har liknande arrangement. Staden må vere tilrettelagd for turisme, og varene må i vesentleg grad vere knytte til aktiviteten på anlegget. Salsverksemda må ikkje stå som det einaste formålet.

Det er ikkje formålet å opne generelt for fabrikkutsal på søn- og helgedagar.

Føresegna vil også kunne omfatte nedlagde produksjonsanlegg som er utvikla til kulturminne og turistattraksjonar.

3.4 Straffeføresegn

Brot på føresegner om helgedagsfreden er straffbart, jf. straffelova § 348, som lyder: Den som overtræder de angaaende Helligdagsfreden gjældende Bestemmelser, straffes med Bøder. Straffebodet rettar seg mot brot på både føresegner i helgedagslova og føresegner om helgedagsfred i anna lovgiving. I samsvar med hovudregelen i straffelova § 40 første ledd vil straff vere aktuell berre når det ligg føre forsett.

Etter § 5 opningstidslova blir den straffa med bøter som forsettleg eller aktlaust bryt lova eller forskrifter gitt i medhald av lova. Medverknad blir ramma på same måten.

Når dei føresegnene som set grenser for at utsalsstader kan halde ope på helgedagar, blir overførte frå opningstidslova til helgedagslova, er det naturleg å overføre også straffeføresegna i gjeldande opningstidslov § 5 til lov om helligdager og helligdagsfred.

Å flytte straffeføresegna frå opningstidslova til helgedagslova § 6 vil ha som konsekvens at også aktlaust brot på §§ 3 og 4 i helgedagslova vil vere straffbart. Vidare vil også medverknad til brot på desse føresegnene vere straffbar. Dette inneber ei utviding av straffeansvaret. Departementet ser likevel liten grunn til å reservere aktløyse- og medverknadsansvaret for opningstidsføresegna.

I samsvar med fråsegna frå Riksadvokaten vil departementet også foreslå at straffelova § 348 blir oppheva. Sjølv om straffelova § 348 ikkje berre rettar seg mot brot på helgedagslova, men også mot brot på føresegner om helgedagsfred i anna lovgiving, legg departementet til grunn at straffeboda i den aktuelle spesiallovgivinga er tilstrekkelege.

3.5 Arbeidstidsføresegner

For å gjennomføre intensjonen med frie opningstider på kvardagar er det foreslått å gjere unntaket frå forbodet mot nattarbeid i arbeidsmiljølova § 42, andre ledd l) for arbeidstakarar ved utsalsstader generelt, dvs. at tilvisinga til anna lovgiving blir fjerna.

Søn- og helgedagsarbeid er i samsvar med arbeidsmiljølova § 44 andre ledd bokstav k) tillate ved utsalsstader innenfor de åpningstidsrammer som er fastsatt i eller i medhold av annen lovgivning. Vidareføring av opningstidsreglane i lov om helligdager og helligdagsfred medfører altså ikkje behov for endring i arbeidsmiljølova § 44.

I § 2 i lov om 1 og 17 mai som høgtidsdager er det sagt at arbeid som etter gjeldande lovgiving ikkje kan haldast i gang på søndagar, skal slutte seinast kl. 22 dagane før 1. og 17. mai. Departementet kan ikkje sjå tungtvegande grunnar til å ha særlege avgrensingar for desse to dagane, og foreslår ei ny siste setning i § 2 om at føresegna om å avslutte arbeidetseinast kl. 22 ikkje skal gjelde for arbeid ved faste utsalsstader.

3.6 Tilsyn og handheving

Brot på føresegnene i lov om helligdager og helligdagsfred vil bli handheva av politiet slik som brot på den gjeldande opningstidslova. Eventuelle meldingar av ei verksemd for brot på § 5 i lov om helligdager og helligdagsfred må etterforskast og følgjast opp av politiet på vanleg måte. Som ledd i etterforskinga av ei slik melding kan det for eksempel vere nødvendig å avklare om utsalsstaden kan halde ope på søndagar og andre helgedagar i medhald av forslaget til ny § 5. I samband med etterforsking av verksemder som driv kioskar, daglegvareforretningar og bensinstasjonar m.m., kan det i spesielle tilfelle bli nødvendig å sjå til at det faktiske salsarealet stemmer med den framlagde dokumentasjonen.

Reglane i arbeidsmiljølova om søndags- og helgearbeid vil framleis gjelde for arbeidstakarar ved utsalsstader. Som ledd i tilsynet med at arbeidsmiljøet er tilfredsstillande, vil Arbeidstilsynet også kunne kontrollere om arbeidstida er i samsvar med lova. I tilsynsverksemda må Arbeidstilsynet ta stilling til om den konkrete utsalsstaden fell inn under hovudregelen i arbeidsmiljølova, eller om han er omfatta av unntaka i § 5 i lov om helligdager og helligdagsfred. Når det gjeld unntaka for kioskar og bensinstasjonar, vil dette kunne gjerast ved å sjå til at utsalsstaden oppfyller dei krav til tilfredsstillande dokumentasjon som er stilte etter lov om helligdager og helligdagsfred § 5 andre ledd nr. 1 og nr. 2, og fjerde ledd. Dersom utsalsstaden ikkje har slik dokumentasjon tilgjengeleg, vil det normalt ikkje vere høve til søn- eller helgedagsarbeid ved verksemda, og Arbeidstilsynet vil kunne gi pålegg for brot på arbeidsmiljølova. Arbeidstilsynet sin tilsynskompetanse knyter seg på denne bakgrunn berre til dei rettane arbeidstakarane har når det gjeld arbeidsforhold i samsvar med arbeidsmiljølova.

Forslaget inneber at eit eventuelt brot på reglane kan vere straffbart både etter arbeidsmiljølova og etter lov om helligdager og helligdagsfred, alternativt lov om 1 og 17 mai som høgtidsdager.