Ot.prp. nr. 111 (2004-2005)

Om lov om endring i barnevernloven (opplysningsplikt mv. for krisesenter til barneverntenesta)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn

Krisesentra gir råd, støtte og rettleiing og eit mellombels butilbod til personar som har vore utsette for mishandling, vald og overgrep i heimen. Dei barna som kjem saman med mor si til eit krisesenter, har ofte sjølve vore utsette for overgrep, anten direkte eller ved å ha vore vitne til vald. Å oppsøkje krisesenteret kan vere det første steget for kvinner på veg ut av eit valdeleg forhold. Det er likevel kjent at kvinna i ein del tilfelle flyttar tilbake til overgriparen med barn som ho har omsorga for.

Det er vel dokumentert at det kan ha alvorlege skadeverknader for barnet å bli utsett for vald og overgrep, anten direkte eller som vitne til vald. Departementet viser her til NOU 2003: 31 Retten til et liv uten vold, der det går fram at barn som er vitne til vald, har tilsvarande skadeverknader som dei som blir direkte utsette for valden. Det at omsorgspersonen til barnet blir utsett for vedvarande vald, utgjer ein uhaldbar omsorgssituasjon for barnet og må derfor i utgangspunktet reknast som ein alvorleg omsorgssvikt.

Av St.meld. nr. 29 Om familien – forpliktende samliv og foreldreskap (Familiemeldinga) går det fram at regjeringa vil vurdere å påleggje krisesentra ei plikt til å melde frå til barnevernet dersom ei mor flyttar tilbake til ein valdeleg far/partnar, og det er grunn til å frykte at barnet kjem til å lide overlast.

I NOU 2003: 31 Retten til et liv uten vold blir det også tilrådd at krisesentra får ei plikt til å melde frå til barnevernet etter barnevernlova § 6–4.

Barne- og familiedepartementet sette våren 2003 ned ei arbeidsgruppe med representantar frå Justisdepartementet, Politidirektoratet, Oslo ting­rett og Barne- og familiedepartementet. Gruppa fekk i oppgåve å drøfte tiltak for å verne barn mot overgrep, under dette innføring av ei opplysningsplikt for krisesentra til barnevernet i situasjonar der barn er involverte.

Arbeidsgruppa leverte rapporten «Tiltak for å beskytte barn mot overgrep. Forslag om endringer i barneloven m.v.» 16. februar 2004. Rapporten blei send på høyring 5. april 2004, med høyringsfrist 2. juli 2004 til desse instansa:

  • Aleneforeldreforeningen

  • Alternativ til Vold, Drammen

  • Alternativ til Vold, Oslo

  • Alternativ til Vold, Telemark

  • Amnesty International Norge

  • Barne- og familieetaten i Oslo

  • Organisasjonen mot offentlig diskriminering

  • Norsk Politiforbund

  • Lensmannsetatens Landslag

  • Politiembetsmennenes Landsforening

  • Universitetet i Oslo

  • Barneombudet

  • Den Norske Advokatforening

  • Den norske Dommerforening

  • DIXI ressurssenter for voldtatte

  • Domstoladministrasjonen

  • Forum for Menn og Omsorg

  • Foreningen 2 Foreldre

  • Fylkeskommunene

  • Fylkesmennene

  • Fylkesnemndene for sosiale saker

  • Høyesterett

  • Incestsenteret for menn

  • Institutt for menneskerettigheter

  • Juridisk rådgivning for kvinner

  • Juss-buss

  • Kirkelig ressurssenter for mishandlede kvinner

  • Kommunenes Sentralforbund

  • Kompetansesenter for voldsofferarbeid

  • Kriminalpolitisentralen

  • Krisesenterbevegelsen i Norge

  • Krisesentersekretariatet

  • Krisesenterforbundet

  • Kvinnegruppa Ottar

  • Landsforeningen for voldsofre

  • Likestillingsombudet

  • Likestillingssenteret

  • Norsk Kommuneforbund

  • Politidirektoratet

  • Redd barna

  • Reform ressurssenter for menn

  • Riksadvokaten

  • Universitetet i Bergen

  • Universitetet i Oslo

  • Universitetet i Tromsø

  • Sentralkontoret for folkeregistrering

  • Sivilombudsmannen

  • Støttesenter mot Incest

  • Departementer, alle

Desse instansane har gitt realitetsfråsegner når det gjeld spørsmålet om opplysningsplikt for krise­sentra til barnevernet:

  • Utlendingsdirektoratet

  • Oslo kommune, Byrådsavdeling for velferd og sosiale tjenester

  • Oslo kommune, Barne- og familieetaten

  • Kommunenes sentralforbund

  • Fylkesmannen i Rogaland

  • Fylkesmannen i Oslo og Akershus

  • Fylkesmannen i Vest-Agder

  • Fylkesmannen i Hedmark

  • Krisesentersekretariatet

  • Norsk Krisesenterforbund

  • Den Norske Advokatforening

  • Fagforbundet

  • Barneombudet

  • Redd Barna

  • Juridisk rådgivning for kvinner (JURK)

  • Stiftelsen Alternativ til Vold (ATV)

  • Forum for Menn og Omsorg (FMO)

  • BarneFaren