Ot.prp. nr. 111 (2004-2005)

Om lov om endring i barnevernloven (opplysningsplikt mv. for krisesenter til barneverntenesta)

Til innhaldsliste

3 Situasjonen i dag og gjeldande rett

Krisesentra tilbyr akutthjelp til offer for vald i nære relasjonar, og dei er eit supplement til det offentlege hjelpeapparatet. Det finst i alt 50 krisesenter, spreidde over heile landet. 15 senter er organiserte i Norsk Krisesenterforbund, dei andre er organiserte i Krisesentersekretariatet, med unntak av nokre få senter som ikkje er organiserte i nokon av paraplyorganisasjonane. Krisesentra har ulike former for eigarskap, og dei blir drivne på ulike måtar. Fem av sentra er offentlege (kommunale), dei andre 45 er private.

Statistikk for krisesentra i 2004, utarbeidd av Universitetet i Oslo (Nasjonalt kunnskapssenter for vold og traumatisk stress), viser at i 2004 hadde 1752 kvinner og 6 menn opphald på krisesenter. Det overnatta 1219 barn på dei 44 sentra som var med i undersøkinga. På landsbasis inneber det at 1571 barn hadde opphald på krisesentra. I statistikken frå 2003, då 42 prosent av kvinnene hadde barn med på krisesenteret, meinte 78 prosent av desse kvinnene at barna hadde høyrt eller sett valden som var årsaka til at kvinnene hadde kome til krisesenteret.

Det finst inga eiga lov som regulerer verksemda i krisesentra, til dømes om teieplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett. Teieplikta er viktig i denne samanhengen fordi ho set grenser for kva for opplysningar ein kan gi vidare.

Den teieplikta, opplysningsplikta og opplysningsretten krisesentra har, varierer og er avhengig av om det er eit privat eller eit offentleg drive krisesenter. For dei private sentra varierer det igjen, avhengig av om ein vurderer det slik at dei behandlar personopplysningar og såleis fell inn under regelverket i personopplysningslova. Dei fleste av sentra har utarbeidd eigne erklæringar om teieplikt. I retningslinjene for statstilskot til krisesentra går det vidare fram at alle som arbeider ved krisesentra, skal ha teieplikt. I tillegg kan profesjonsutøvarar ved krisesenteret vere omfatta av profesjonsbestemt teieplikt. Alle er omfatta av avverjeplikta etter straffelova § 139.

Offentlege krisesenter:

Barnevernlova § 6–4 gir offentlege styresmakter pålegg om opplysningsplikt til barnevernstyresmaktene, utan hinder av teieplikt, når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen, eller når det har skjedd andre former for alvorleg omsorgssvikt. På lik linje med offentlege styresmakter reknar ein organisasjonar og private som utfører oppgåver for staten, fylkeskommunar eller kommunar. Opplysningsplikta gjeld både av eige tiltak og etter pålegg frå barneverntenesta. Dei krisesentra som er i offentleg eige, er omfatta av denne føresegna og har såleis i dag opplysningsplikt til barneverntenesta.

Barnevernlova § 6–4 har denne ordlyden:

«Opplysninger skal så langt som mulig innhentes i samarbeid med den saken gjelder eller slik at vedkommende har kjennskap til innhentingen.

Offentlige myndigheter skal av eget tiltak, uten hinder av taushetsplikt, gi opplysninger til kommunens barneverntjeneste når det er grunn til å tro at et barn blir mishandlet i hjemmet eller det foreligger andre former for alvorlig omsorgssvikt, jf. §§ 4–10, 4–11 og 4–12, eller når et barn har vist vedvarende alvorlige atferds­vansker, jf. § 4–24. Like med offentlige myndigheter regnes organisasjoner og private som utfører oppgaver for stat, fylkeskommune eller kommune. Også etter pålegg fra de organer som er ansvarlige for gjennomføringen av loven plikter offentlige myndigheter å gi slike opplysninger.

Også yrkesutøvere i medhold av lov om helsepersonell mv., lov om psykisk helsevern, lov om helsetjenesten i kommunene, lov om familievernkontorer og meklingsmenn i ekteskapssaker (jf. lov om ekteskap), samt lov om frittståande skolar plikter å gi opplysninger etter reglene i andre ledd.»

Ved endringslov 17. juni 2005 nr. 65 blei § 6–4 andre ledd endra. Endringa inneber at opplysningsplikta er utvida til også å omfatte opplysningar som er nødvendige i samband med saker som fylkesnemnda skal behandle etter §§ 4–19 (samvær), 4–20 (fråtaking av foreldreansvar og adopsjon) og 4–21 (oppheving av vedtak om omsorgsovertaking). Dei som er omfatta av opplysningsplikta, har plikt til å gi dei opplysningane som er nødvendige for å kunne vurdere om ei flytting tilbake til foreldra, eller samvær med dei, kan føre til ein situasjon eller risiko for barnet som kan føre til ein omsorgssviktsituasjon. Endringa trer i kraft 1. januar 2006.

Medarbeidarane ved dei fem sentra som er i offentleg eige, kjem også inn under reglane om te­ieplikt i forvaltningslova. Forvaltningslova § 13 seier at «enhver som utfører tjeneste eller arbeid for et forvaltningsorgan» har teieplikt. Brot på teieplikta er straffesanksjonert. Når senteret er i offentleg eige, gjeld opplysningsplikta til barnevernet i medhald av barnevernlova § 6–4 utan hinder av teieplikta og uavhengig av om den opplysningane gjeld, har gitt samtykke.

Private krisesenter:

Sidan dei private krisesentra blir finansierte gjennom offentlege midlar, har det vore drøfta om dei må reknast som «private som utfører oppgave for stat, fylkeskommune eller kommune», jf. barnevernlova § 6–4 andre ledd, andre punktum, og såleis er omfatta av føresegna om opplysningsplikt i barnevernlova. Føresegna har likevel vore tolka slik at ho ikkje omfattar desse krisesentra, sidan ein ikkje kan seie at dei utfører offentlege oppgåver. Det politiske fundamentet for krisetiltaka har i stor grad vore at dette skal vere private velferdstilbod.

På bakgrunn av at krisesentra ikkje er lovregulerte tiltak, må dei som ønskjer å oppbevare personopplysningar og sensitiv informasjon elektronisk, søkje konsesjon frå Datatilsynet, i samsvar med personopplysningslova. Dei fleste av krisesentra har konsesjon frå Datatilsynet eller kjem i alle tilfelle inn under verkeområdet for lova, fordi ein vurderer det slik at dei behandlar personopplysningar. Det kan unntaksvis skje at eit senter blir vurdert til ikkje å behandle personopplysningar, og verksemda fell då utanfor verkeområdet for lova.

Etter personopplysningslova kan det i utgangspunktet ikkje utleverast opplysningar utan at den opplysningane gjeld, har gitt samtykke til det. Unntak frå denne teieplikta er mellom anna det forholdet at utlevering er regulert i lov, til dømes barnevernlova § 6–4, som dei offentlege sentra er omfatta av.

Datatilsynet har utarbeidd retningslinjer for å behandle personopplysningar om brukarar ved krisesenter. Retningslinjene gjeld både for dei som har konsesjon, og for dei som ein elles reknar med behandlar personopplysningar. Det går fram av desse retningslinjene at den daglege leiaren kan gi opplysningar til barneverntenesta i kommunen når det er god grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen, eller når det ligg føre andre former for alvorleg omsorgssvikt. Dersom det ikkje er mogleg å innhente samtykke, og situasjonen er prekær for barnet, kan den daglege leiaren rapportere til barnevernet. Grunnlaget for unntaket frå kravet om samtykke er heimla i personopplysningslova §§ 8 bokstav f og 9 tredje ledd.

Retningslinjene frå Datatilsynet skil seg frå opplysningsplikta i barnevernlova ved at det ikkje er ei plikt , men ein rett å gi opplysningar vidare. Det inneber også at barneverntenesta ikkje kan krevje at sentra gir opplysningar. Vidare er kriteriet at situasjonen er «prekær» for barnet, og at det skal vere god grunn til mistanke og ikkje berre grunn til mistanke.

Krisesentersekretariatet har utarbeidd ei rettleiing for teiepliktinstruksen, som er revidert på bakgrunn av og i tråd med retningslinjene frå Datatilsynet. Krisesentersekretariatet krev av sine medlemmer at dei følgjer rettleiinga. Det går fram av denne rettleiinga at krisesenterpersonell har ei moralsk plikt til å melde frå til barnevernet dersom dei har mistanke om at eit barn blir mishandla eller utsett for anna alvorleg omsorgssvikt.

Etter rundskriv Q–1/2005B frå Barne- og familiedepartementet om retningslinjer for statstilskot til krisesenter skal alle som arbeider ved krisesentra, ha teieplikt. Det einskilde senteret kan ta atterhald om unntak frå teieplikta. Unntaket frå teieplikta kan likevel ikkje vere meir omfattande enn opplysningsplikta etter barnevernlova § 6–4. Unntaket frå teieplikta må også vere i tråd med dei avgrensingane i forhold til personopplysningslova som er nemnde ovanfor. Ein føreset at krisesentra opplyser kvinnene om avgrensingar i den sjølvpålagde teieplikta.

Fleire private senter har utarbeidd eigne erklæringar om teieplikt, som går ut på at dei som arbeider ved sentra, har teieplikt om opplysningar dei får tilgang til gjennom arbeidet ved senteret (sjølvpålagd teieplikt). Somme senter med sjølvpålagd teieplikt tek atterhald overfor kvinnene om at dei vil utlevere opplysningar om alvorlege forhold til barnevernet. Unntak frå den sjølvpålagde teieplikta inneber ein rett til å gi opplysningar til barnevernet, men inga plikt for dei private krisesentra. Dei kan derfor heller ikkje bli pålagde å utlevere opplysningane på initiativ frå barnevernet.

Brot på den sjølvpålagde teieplikta er ikkje straffesanksjonert, men krisesentra kjenner seg moralsk forplikta av lovnaden om teieplikt som dei har gitt. Ein del krisesenter ønskjer derfor heller ikkje å vere med i samarbeid eller gi opplysningar om brukarane utan at dei det gjeld, har gitt samtykke til det.

Profesjonsbestemt teieplikt:

Profesjonsutøvarar, til dømes helsepersonell som er knytte til krisesenteret i kraft av profesjonen sin, har profesjonsbestemt teieplikt på vanleg måte i arbeidet sitt i forhold til krisesenteret. Helsepersonell er underlagt opplysningsplikt til barnevernet etter helsepersonellova § 33, jf. barnevernlova § 6–4 tredje ledd. Dette gjeld uavhengig av om senteret er offentleg eller privat drive.

Straffelova § 139 – avverjeplikta:

Uavhengig av all teieplikt har straffelova § 139 eit pålegg om allmenn plikt til å «anmelde til vedkommende myndighet eller på annen måte søke avverget» visse alvorlege brotsverk, dersom det på det tidspunktet vedkomande fekk påliteleg kunnskap, var mogleg å førebyggje brotsverket eller følgjene av det. Den mest aktuelle måten å oppfylle avverjeplikta på er gjennom melding til politiet. For medarbeidarar ved krisesenter kan avverjeplikta etter § 139 særleg vere aktuell ved fare for valdtekt (strl. § 192), incest (strl. §§ 197 og 199), grov lekamsskade (strl. § 231) og drap (strl. § 233). Det er i utgangspunktet straffbart ikkje å rette seg etter denne plikta.

Det er berre dei aller grovaste tilfella av mishandling som utløyser avverjeplikta etter straffelova § 139, medan opplysningsplikta etter barnevernlova § 6–4 blir utløyst av dei meir vidfemnande omgrepa mishandling og alvorleg omsorgssvikt. Det blir også stilt ulike krav til kunnskap for å utløyse høvesvis avverjeplikta og opplysningsplikta. Etter strl. § 139 blir plikta først utløyst ved «pålitelig kunnskap», medan ho etter barnevernlova § 6–4 blir utløyst alt når det er «grunn til å tro».