Ot.prp. nr. 111 (2004-2005)

Om lov om endring i barnevernloven (opplysningsplikt mv. for krisesenter til barneverntenesta)

Til innhaldsliste

5 Synspunkt frå høyringsinstansane

Fleirtalet av høyringsinstansane, Fylkesmannen i Rogaland, Fylkesmannen i Oslo og Akershus, Fylkesmannen i Vest-Agder, Fylkesmannen i Hedmark, Utlendingsdirektoratet, Oslo kommune, velferd og sosiale tjenester, Oslo kommune, Barne- og familie­etaten, Advokatforeningen, Fagforbundet, Barneombudet, Redd Barna, Norsk Krisesenterforbund, JURK og ATV, støttar forslaget om ei opplysningsplikt for krisesentra til barnevernet. Her er dei viktigaste momenta i fråsegnene frå desse instansane:

Advokatforeningen peiker på at dei ulike driftsmåtane for krisesentra og det faktum at dei tilsette ofte har svært ulik bakgrunn, erfaring og utdanning, gjer at det er viktig at det blir innført ei opplysningsplikt til barnevernet for alle krisesenter, uavhengig av driftsform, der ei mor med opphald på senteret flyttar tilbake til ein valdeleg partnar saman med barna sine.

NorskKrisesenterforbund støttar forslaget og viser til at erfaringane frå dei krisesentra som alt har opplysningsplikt til barnevernet, viser at dette i seg sjølv ikkje har representert noko problem.

Barneombudet peiker mellom anna på at opplysningsplikt ved krisesentra kan vere med og gi tryggleik for kvinnene som oppsøkjer sentra og også for barna deira. Barneombudet vurderer ein situasjon der krisesenteret veit at eit barn flyttar tilbake til ein valdeleg forelder utan at det blir gripe inn, som uhaldbar og som brot på artikkel 19 i Barnekonvensjonen. Barneombudet meiner også at det må reknast som alvorleg omsorgssvikt, jf. barnevernlova § 6–4 andre ledd, dersom eit barn veks opp i ein heim der barnet eller ein av dei nære føresette blir utsett for vald. Barneombudet ser også store fordelar ved at teiepliktproblematikken blir formalisert, at det blir gitt ein klar definisjon av krisesenter, og at ansvaret til frivillige blir avklart, slik at opplysningsplikta også kan gjelde desse.

Kommunenes Sentralforbund, Krisesentersekretariatet, Forum for Menn og Omsorg og BarneFaren er imot forslaget. Her følgjer dei viktigaste momenta i fråsegnene frå desse instansane:

Krisesentersekretariatet viser til at dei har vedteke ein felles føresegn om teieplikt som regulerer melderett, og at praksis fungerer til beste for mor og barn. Opplysningsplikt kan føre til at kvinner med barn ikkje oppsøkjer krisesenteret, men held fram samlivet med overgriparen. Kvinner med innvandrarbakgrunn som har dårleg nettverk i Noreg, som har dårlege norskkunnskapar, og som opplever eit sterkt press både frå mannen og eigen familie, kan vere særleg utsette. Krisesentersekretariatet viser også til at dei har fleire døme på at barnevernet blir kontakta utan at det blir følgt opp av barnevernet, og at før det blir pålagt ei meldeplikt, bør ein i alle fall sørgje for at barnevernet har tilstrekkeleg personell som har kompetanse når det gjeld vald og overgrep, og har ressursar til å følgje opp familien.

BarneFaren viser til at det berre er framstillinga til mora som blir lagd til grunn, utan at faren blir høyrd, og reiser spørsmål ved at arbeidsgruppa ikkje har vurdert risikoen for at påstandane om overgrep er overdrivne eller falske dersom ei mor vel å flytte tilbake til mannen/sambuaren. Ba­rneFaren gir uttrykk for at ei opplysningsplikt ikkje vil vere anna enn ei vidareføring av sladder så lenge det berre er framstillinga til mora som blir lagd til grunn.