Ot.prp. nr. 12 (2000-2001)

Om lov om endring i lov 24. juni 1994 nr. 39 om sjøfarten (sjøloven)

Til innhaldsliste

4 Det nordiske sjørettssamarbeidet

Jamvel om Noreg innfører 1996-reglane for ansvarlege som høyrer heime i Noreg, vil Noreg ha plikt til å nytte 1976-konvensjonen sine reglar på dei ansvarlege som høyrer heime i andre 1976-stater. Det gjeld òg andynes dei andre nordiske landa. Dette er omtalt av Nordisk Skibsrederforening i den høyringsfråsegna som er siteres i punkt 3 ovanfor, og departementetviser til det som er sagt der.

Dei nordiske landa har på fleire punkt valt ulike modellar for gjennomføringa av 1996-protokollen. Det er gjort greie for dette i Ot.prp. nr. 90 (1998-99) kapittel 6.2. Difor vert det ikkje noka nordisk rettseining i overgangstida fram til 1996-konvensjonen sine reglar vert einerådande i Norden.

I det nordiske sjørettssamarbeidet har ein på denne bakgrunnen drøfta om det ville la seg gjere å kome fram til ei særleg nordisk avtale om å nytte 1996-konvensjonens regler i overgangstida, for å bøte på ulempene ved mangel på nordisk rettseining i denne tida. I Ot.prp. nr. 90 (1998-99) sa departementet følgjande om dette på side 12-13:

«Som nevnt foran, er signalene fra Danmark (pr. mai 1999) at Danmark, i motsetning til de øvrige nordiske land, ikke tar sikte på å ratifisere 1996-protokollen med det første. Det diskuteres i det nordiske sjørettssamarbeidet å inngå en avtale om at de nordiske land seg i mellom uansett skal anvende 1996-protokollens regler, i perioden mens vi ennå er bundet av 1976-konvensjonen. Fra dansk side ønsker man at en slik avtale skal gjelde bare for passasjerskader, mens de andre nordiske land ønsker at avtalen skal gjelde generelt. Det er for tidlig å si hva som blir resultatet av samtalene om en slik nordisk avtale. En slik avtale kan bl a bli forhindret av at det ikke ellers er oppnådd nordisk rettsenhet om overgangsreglene».

I Innst.O. nr. 6 (1999-2000) uttaler justiskomiteen (side 3) mellom anna:

«Komiteen har videre, med interesse, merket seg det nordiske sjørettssamarbeidet om å inngå en avtale om å innføre reglene i 1996-protokollen i Norden, mens vi ellers er bundet av 1976-konvensjonen. Komiteen regner med at Stortinget på en egnet måte blir orientert om resultatet av disse samtalene.»

Departementet nytter høvet til å seie frå om at det ikkje har lukkast å få til semje om ei slik nordisk avtale. Årsaka ligg framfor alt i skilnadene mellom dei ulike nordiske landa i gjennomføringsmåten for overgangen frå 1976-reglene til 1996-reglene.

Ut frå dei uformelle signala som ulike land har gitt om ratifisering av 1996-protokollen, kan det no sjå ut til at det kan liggje føre nok ratifikasjoner til at protokollen kan tre i kraft alt om 2 - 3 år. Også Danmark har no i et høyringsbrev 18. september 2000 bede om synspunkter på om Danmark skal gå inn for ratifikasjon av protokollen. Men ein lyt naturleg nok leggje til at det er uråd å seie noko om dette føreåt med full visse. Likevel gjer det at trongen til ei særleg nordisk avtale er mindre enn ein rekna med opphavleg, då departementet ottast at ikraftsetjinga av 1996-protokollen ville ta monaleg lenger tid.