Ot.prp. nr. 12 (2000-2001)

Om lov om endring i lov 24. juni 1994 nr. 39 om sjøfarten (sjøloven)

Til innhaldsliste

6 Økonomiske og administrative konsekvensar

Det er gjort greie for dei administrative og økonomiske konsekvensane av gjennomføringa av 1996-protokollen i Ot.prp. nr. 90 (1998-99) kapittel 7. Det går der fram at gjennomføringa av 1996-protokollen vil gje auka kostnader, særskilt for små skip. Den endringa som departementet gjer framlegg om i proposisjonen her, inneber ikkje anna enn at denne kostnadsauken for norske fartyeigarar vil kome på frå noko før den internasjonale ikraftsetjinga av 1996-protokollen.

Tida har for lengst løpt frå ansvarsavgrensinga etter 1976-konvensjonen. Prisstiginga i Noreg frå 1976 har vore rundt 240%, og det verkelege verdet av avgrensingssummane er minka tilsvarande. Storleiken av avgrensingssummane er no difor uakseptabelt låg i høve til dei skadelidne. Den kostnadsauken som næringa får ved at summane vert heva til eit rimelig nivå, er difor etter departementet sitt syn ikkje til å kome vekk frå.