Ot.prp. nr. 21 (2003-2004)

Om lov om endringar i lov 15. desember 1995 nr. 74 om forbud mot kjønnslemlestelse

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn

Omgrepet kjønnslemlesting refererer til inngrep der større eller mindre delar av det kvinnelege kjønnsorganet blir fjerna, heilt eller delvis, jf. kapittel 3. Kjønnslemlesting er eit diskriminerande og helsefarleg overgrep mot kvinner og eit alvorleg brot på menneskerettane. I Noreg har vi hatt ei eiga lov om forbod mot kjønnslemlesting sidan 1995, lov 15. desember 1995 nr. 74 om forbud mot kjønnslemlestelse. Førearbeid til lova er Ot.prp. nr. 50 (1994-95) og Innst. O. nr. 9 (1995-96).

Eit viktig siktemål med lova er å gjere det klart at norske styresmakter tek avstand frå kjønnslemlesting. Lova bruker ordet «kjønnslemlestelse» framfor omskjering av kvinner for å få fram at kjønnslemlesting er eit øydeleggjande inngrep og mishandling av dei ytre delane av kjønnsorganet hos den kvinna som blir utsett for det. I daglegtale og i kommunikasjon mellom personell og personar som kan bli ramma av kjønnslemlesting, er det oftast ordet omskjering som blir nytta.

I 2000 blei det i media avslørt historier om kjønnslemlesting av unge kvinner. Det blei klart at arbeidet mot kjønnslemlesting måtte intensiverast på fleire område dersom ein skulle få bukt med problemet. Under trontaledebatten 11. oktober 2000 vedtok Stortinget å be regjeringa utarbeide ein handlingsplan mot kjønnslemlesting. Regjeringa Stoltenberg la fram «Handlingsplan mot kjønnslemlestelse» 20. desember 2000. Det heiter i forordet til handlingsplanen at arbeidet med å få sett ein stoppar for kjønnslemlesting står høgt på den politiske dagsordenen.

I Dokument 8:93 (2000-2001) fremja stortingsrepresentant Carl I. Hagen forslag om å innføre regelmessig og pliktig helseundersøking av jenter i dei kulturmiljøa som praktiserer kjønnslemlesting, og å innføre straffeansvar for foreldra til mindreårige jenter som blir kjønnslemlesta, med mindre éin eller begge foreldra har meldt frå om forholdet.

Fleirtalet i sosialkomiteen meinte at målsetjinga om å hindre kjønnslemlesting blei teken vare på gjennom regjeringa sin handlingsplan mot kjønnslemlesting og gjennom «Veileder for helsepersonell i Norge om kvinnelig omskjæring», gitt ut av Statens helsetilsyn, og forslaget fekk såleis ikkje tilslutning, jf. Innst. S. nr. 303 (2000-2001). Forslaget blei behandla og vedlagt protokollen 12. juni 2001.

I Dokument 8:50 (2001-2002) fremja stortingsrepresentantane Per Sandberg, Jan Arild Ellingsen og Karin S. Woldseth forslag om ei rad tiltak mot bruk av truslar, vald og kjønnslemlesting i utsette familiemiljø, inkludert eit forslag tilsvarande det som blei fremja i Dokument 8:93, jf. omtalen ovanfor.

I Innst. S. nr. 129 (2001-2002) uttaler kommunalkomiteen at dei meiner at det er nødvendig å gjere det klart at helsepersonell, lærarar, barnevernarbeidarar, sosialarbeidarar og andre har plikt og rett til å melde frå om tilfelle av kjønnslemlesting til politiet. Komiteen ber regjeringa vurdere behovet for eventuelle endringar i lover eller forskrifter for å oppnå ei slik klargjering. Komiteen peikar på at ei meldeplikt til påtalemakta for tilsette i hjelpeapparatet må vegast opp mot det behovet for støtte og hjelp den kjønnslemlesta har i den aktuelle situasjonen. Komiteen meiner at dersom ein har kvalifisert mistanke om at kjønnslemlesting vil bli utført, må nødvendige tiltak setjast i verk for å førebyggje og hindre at overgrep skjer.

For å styrkje innsatsen mot kjønnslemlesting la Regjeringa Bondevik II, ved barne- og familieminister Laila Dåvøy, justisminister Odd Einar Dørum og kommunal- og regionalminister Erna Solberg, i mai 2002 fram ein tiltaksplan med 33 tiltak. I revidert nasjonalbudsjett, jf. St.prp. nr. 63 (2001-2002) og Innst. S. nr. 255 (2001-2002), blei det tildelt nærmare 10 millionar kroner til Regjeringa sin innsats mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Det nasjonale prosjektet «OK-omsorg og kunnskap mot kvinnelig omskjæring» vil samla få tildelt 15 millionar kroner over tre år i perioden 2001-2004.

Denne proposisjonen er ei oppfølging av tiltak nr. 1 i tiltaksplanen:

«Regjeringen vil foreslå at det i Lov om forbud mot kjønnslemlestelse (1995) tas inn en ny bestemmelse om plikt til å avverge brudd på loven for aktuelle yrkesgrupper som lærere, ansatte i barnevernet, i sosialtjenesten, helsepersonell og forstandere i trossamfunn.»

Helsepersonell på helsestasjonar, i skulehelsetenesta og på ungdomshelsestasjonar har fått nytt informasjonsmateriell som ei støtte i arbeidet med å hindre kjønnslemlesting (tiltak 14). Eit døme på slikt materiell er «Vi er OK. Kvinnelig omskjæring - det angår deg!». Det er meir informasjonsmateriell, tilpassa fleire ulike målgrupper, under utarbeiding.

Vidare er det sett i gang kartlegging av behovet for kunnskap, og det er etablert nettverksgrupper i alle helseregionane for å auke kunnskapen i ressursgrupper og styrkje helsesektoren i det førebyggjande arbeidet mot kjønnslemlesting. Det blir lagt vekt på å utvikle og ta i bruk metodar for å endre holdningar i grupper som tradisjonelt praktiserer kjønnslemlesting. Det er sett i gang eit arbeid for å nå både kvinner og menn, og både foreldre og andre medlemmer av storfamiliar.

For å intensivere implementeringa av «Veileder for helsepersonell i Norge om kvinnelig omskjæring», gitt ut av Helsetilsynet (tiltak 27), er det sett i verk stimuleringstiltak i spesialisthelsetenesta i alle helseregionane. Siktemålet er å auke kunnskapen og betre kompetansen i andrelinjetenesta for å få oppfylt den informasjonsplikta andrelinjetenesta har overfor førstelinjetenesta. Fylkesmenn og deltakarar i OK-prosjektet samarbeider om å arrangere kurs og seminar for helsepersonell for å auke kunnskapen om kvinneleg omskjering/kjønnslemlesting. Det blir bygd opp ressursgrupper i alle regionane for å styrkje helsesektoren i handteringa av saker der det blir klart at det er fare for omskjering/kjønnslemlesting av ei jente.

Faglege retningslinjer for helsestasjonar, skulehelsetenesta, svangerskapsomsorga og helsestasjonar for ungdom er under arbeid, og her blir temaet kvinneleg omskjering/kjønnslemlesting teke opp.

Til forsida