Ot.prp. nr. 21 (2003-2004)

Om lov om endringar i lov 15. desember 1995 nr. 74 om forbud mot kjønnslemlestelse

Til innhaldsliste

3 Terminologi

Det er fleire typar eller former for kvinneleg omskjering eller kjønnslemlesting. Felles for dei alle er at ein ved inngrepet fjernar ein større eller mindre del av det kvinnelege kjønnsorganet.

Omgrepet kjønnslemlesting viser til at det er eit øydeleggjande inngrep i dei ytre delane av kjønnsorganet hos kvinner. Kjønnslemlesting eller omskjering av kvinner skil seg frå den meir utbreidde omskjeringa av menn, som er utan kjende alvorlege helsemessige konsekvensar.

Verdshelseorganisasjonen (WHO) har føreslått å dele dei ulike formene for kjønnslemlesting inn i fire grupper:

Type I:Fjerning av forhuda på klitoris, med eller utan delvis eller fullstendig fjerning av klitoris.
Type II:Fjerning av forhuda og klitoris, pluss delvis eller fullstendig fjerning av dei små kjønnsleppene.
Type III:Delvis eller fullstendig fjerning av ytre genitalia, og attsying slik at vaginalopninga blir innsnevra.
Type IV:Alle andre former, inkludert prikking og stikking i klitoris, strekking av klitoris og/eller kjønnsleppene, kauterisering ved brenning av klitoris og vevet omkring, innføring av etsande stoff i vagina for å minske lumen, og ein del andre inngrep og skadar.

Andre nemningar som blir brukte:

Klitoridectomi:Delar av eller heile klitoris blir fjerna.
Eksisjon:Klitoris blir fjerna, og dei små kjønnsleppene blir fjerna heilt eller delvis.
Infibulasjon:Klitoris og dei små kjønnsleppene blir fjerna, saman med ein del av dei store kjønnsleppene. Sårflatene blir sydde saman eller blir halde saman på anna vis, slik at det er att ei lita opning for urin og menstruasjonsblod.

I daglegtale bruker ein gjerne uttrykket «lukka» eller «attsydd» om infibulasjon og andre former for type III-omskjering. Tilsvarande bruker ein gjerne uttrykket «opne» for kvinner som ikkje er infibulerte, eller som har fått utført det inngrepet som medisinsk er kalla «deinfibulasjon». Deinfibulasjon er eit lite, plastisk inngrep for å utvide skjedeopninga, og der ein prøver å gjenopprette tilnærma naturleg anatomi.

Til forsida