Ot.prp. nr. 29 (1999-2000)

Om lov om endring i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste

Til innhaldsliste

4 Administrative og økonomiske konsekvensar

Forslaget får direkte økonomiske følgjer for dei private rettshøve som forslaget gjeld for. Forslaget hindrar ikkje at festeavgiftene i mange høve vil gå opp når den gjeldande prisreguleringa blir oppheva. Men det set ei grense for kor langt opp avgifta kan bli sett ved revisjon av festeavgifta etter at tomtefestelova 1996 blir sett i kraft. Kor mange festehøve som forslaget vil få verknad for, veit ein likevel ikkje. Dermed kan ein heller ikkje seie noe nærmare om dei totale økonomiske følgjene. Departementet har ikkje eit slikt samla oversyn over norske festeavtaler, relevante tomteverdiar m. m. at ein kan seie meir om dette. Departementet viser her likevel til høyringsfråsegnene frå Oslo kommune, advokat Bjørn Trygve Nilsen og Norges Bondelag, sjå foran under punkt 2.2. Desse fråsegnene gir samla sett ei teikning av dei økonomiske verknadane for private av lovendringa.

Der det offentlege - stat eller kommune - opptrer likeins som private som bortfestar eller som tomtefestar, vil også det offentleges festehøve bli omfatta av lovforslaget, på same måte som private sine festehøve. Attåt dette får ikkje lovforslaget nemnande administrative eller økonomiske konsekvensar for det offentlege.