Ot.prp. nr. 29 (1999-2000)

Om lov om endring i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste

Til innhaldsliste

Forslag til lov om endring i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste

I

I lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste skal § 15 nytt andre ledd lyde:

Rett til å oppregulere til eit høgare beløp enn det som følgjer av endra pengeverdi, er avgrensa for avtaler om feste av tomt til bustadhus og fritidshus som er inngått 26. mai 1983 eller tidlegare. I desse høva skal den årlege festeavgifta ikkje bli sett høgare enn til kr. 9.000,- for kvar dekar tomt. Er tomta mindre enn eit dekar, blir grensa kr. 9.000,-. Høgstebeløpet etter andre og tredje punktumet skal regulerast ved kvart årsskifte i samsvar med utviklinga i konsumprisindeksen frå Statistisk sentralbyrå.

Noverande § 15 andre til femte ledd blir nye tredje til sjette ledd.

II

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.