Ot.prp. nr. 30 (2007-2008)

Om lov om endring i arbeidsmiljøloven— (rett til redusert arbeidstid for arbeidstakarar som har fylt 62 år)

Til innhaldsliste

5 Administrative og økonomiske konsekvensar

For verksemdene kan ein utvida rett til redusert arbeidstid innebere visse administrative konsekvensar, for eksempel dersom arbeidsgivaren må erstatte den reduserte arbeidstida ved å tilsetje nye arbeidstakarar, men forslaget inneber ein reservasjon dersom ulempa for verksemda er vesentleg.

Vidare vil forslaget kunne innebere ei viss utviding av arbeidsoppgåvene for tiltvisteløysingsnemnda.

Forholdet til pensjonsreglene

Ein rett til redusert arbeidstid frå fylte 62 år heng naturleg saman med forslaget til endringar i pensjonssystemet som inneber større fridom til å kombinere arbeid og pensjon. Departementet legg til grunn at ein regel om redusert arbeidstid for arbeidstakarar over 62 år, saman med varsla endringar i pensjonssystemet, vil gi eldre arbeidstakarar betre høve til og sterkare motivasjon for å stå lenger i arbeid enn dei elles ville ha gjort.

Ein reduksjon i stillinga frå 62 år kan innebere at den totale pensjonen som arbeidstakaren får, blir mindre, fordi pensjonen i mange tenestepensjonsordningar blir rekna ut frå sluttlønna. Det blir likevel teke omsyn til om ein tidlegare har hatt høgare eller lågare stillingsbrøk. I offentlege tenestepensjonsordningar blir pensjonen rekna ut frå gjennomsnittleg stillingsbrøk i heile medlemstida, eller i dei 30 åra med størst stilling. Det er reglar som sikrar at ein person med full opptening (30 år), ikkje får lågare pensjon ved overgang til deltid. For private tenestepensjonsordningar er det ein liknande regel i føretakspensjonslova som seier at dersom ein arbeidstakar ved oppnådd pensjonsalder har ei samla tenestetid som er meir enn det som er fastsett som full tenestetid, så kan det ses bort frå at tenestetid utover det som er fastsett for full opptening, er i deltidsstilling.

Dei pensjonsmessige konsekvensane i forhold til folketrygda av å bruke retten til redusert stilling, vil blant anna vere avhengig av om vedkommande har opptening etter noverande eller nye oppteningsreglar. Det gjeldande pensjonssystemet opererer med 40 år for full opptening, og besteårsregel. Det er derfor i prinsippet mogleg å trappe ned inntektsgivande arbeid ved 62 år utan å tape på det pensjonsmessig. I ny oppteningsmodell vil det få større konsekvensar å redusere inntekta, sidan all opptening over heile livet tel med.