Ot.prp. nr. 30 (2007-2008)

Om lov om endring i arbeidsmiljøloven— (rett til redusert arbeidstid for arbeidstakarar som har fylt 62 år)

Til innhaldsliste

6 Merknader til lovteksten

Til § 10-2 fjerde ledd

Føresegna fastset at arbeidstakar som har fylt 62 år, i utgangspunktet skal ha rett til å arbeide redusert tid. Retten til redusert arbeidstid for denne arbeidstakargruppa er formulert generelt og ikkje avgrensa til «helsemessige, sosiale eller andre vektige velferdsgrunner», slik som for andre arbeidstakarar. Arbeidstakar som har fylt 62 år, treng med andre ord ikkje vise til eit særskilt behov for å ha rett til redusert arbeidstid.

Retten til redusert arbeidstid er som elles avhengig av at arbeidstidsordninga kan gjennomførast utan «vesentlig ulempe» for verksemda. Om det ligg føre ei vesentleg ulempe for verksemda eller ikkje, må tuftast på ei konkret skjønnsvurdering. Eit relevant moment i ulempevurderinga vil vere korleis den reduserte arbeidstida skal takast ut. Føresegna fastset ingen grenser for kor mykje arbeidstida kan reduserast, eller korleis arbeidstidsreduksjonen kan organiserast. Ein arbeidstidsreduksjon kan for eksempel takast ut i form av kortare dagleg arbeidstid eller færre arbeidsdagar per veke eller samlast opp til lengre arbeidsfrie periodar.

Arbeidsgivaren må akseptere ei generell ulempe for eksempel ved å måtte tilsetje ekstra personale eller gjennomføre ei viss omorganisering av arbeidet. Det er først når ulempa er «vesentlig» – for eksempel dersom arbeidstakaren har ein spisskompetanse det er nødvendig å erstatte, og dette ikkje er mogleg å gjere i ein liten stillingsbrøk – at arbeidsgivaren etter ei konkret vurdering kan setje seg imot arbeidstidsreduksjonen.

Arbeidstakar som har fylt 62 år, har same fortrinnsrett som andre arbeidstakarar til å auke arbeidstida si etter føresegna i § 10-2 fjerde ledd tredje punktum. Føresegna vil gjelde i dei tilfella der arbeidstakaren ønskjer å auke arbeidstida si før avtaleperioden er omme.

Dersom det er usemje mellom arbeidsgivaren og arbeidstakaren om det ligg føre ein rett til redusert arbeidstid eller ikkje, skal tvisten kunne leggjast fram for tvisteløysingsnemnda for avgjerd, jf. arbeidsmiljølova § 10-13 og § 17-2.