Ot.prp. nr. 36 (1998-99)

Om lov om endringar i lov 24 juni 1994 nr 39 om sjøfarten (sjøloven) (dispasjøreksamen)

Til innhaldsliste

6 Merknader til dei einskilde føresegnene

Til § 462:

Endringa i § 462 første og andre leddet inneber at myndigheita til å oppnemne dispasjørar vert flytta frå Kongen til departementet. Oppgåva vil bli lagt til Justisdepartementet.

Til § 467

Endringa i § 467 første leddet inneber at departementet ikkje lenger skal arrangera ein særskild dispasjøreksamen. Departementet si rolle vil berre vere å godkjenne slik eksamen etter forskrifta gitt med heimel i det nye andre leddet i § 467.

Framlegget til eit nytt andre ledd i § 467 inneheld ein heimel for Kongen til å gje forskrift med reglar om krav til kunnskap og praksis for dispasjørar. Ei slik forskrift vil kome i stadenfor lovreglane om dette i § 468 første leddet, som blir oppheva.

I § 467 første leddet andre setninga, er ordet «juridisk embedseksamen» bytta ut med det meire tidsriktige «juridisk profesjonsutdanning (cand. jur). Endringa innber ikkje nokon endring av realiteten.