Ot.prp. nr. 36 (1998-99)

Om lov om endringar i lov 24 juni 1994 nr 39 om sjøfarten (sjøloven) (dispasjøreksamen)

Til innhaldsliste

8 Økonomiske og administrative konsekvensar

Lovendringa vil gi ei administrativ forenkling. Oppnemning av dispasjørar skal ikkje lenger skje i statsråd, men i departementet. Antallet dispasjørar er lite, og oppnemning krev difor lite arbeid. (Det er i dag berre ein dispasjør i Noreg.) Men departementet meiner at det ikkje er nokon grunn til at regjeringa skal ha arbeid med slike oppnemningar, når departementet kan gjere det.

Det vil jamvel gje ei lita økonomisk innsparing at eksamen ikkje lenger skal verte halden av departementet.