Ot.prp. nr. 41 (2000-2001)

Om lov om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova)

Til innhaldsliste

9 Økonomisk oppgjer etter grenseendringar

9.1 Gjeldande rett

Kommuneinndelingslova kapittel II har reglar for økonomisk oppgjer mellom kommunane. Økonomisk oppgjer mellom kommunar kan vere aktuelt ved grensejustering og deling. Ved samanslåing trengst det ikkje reglar om økonomisk oppgjer.

9.1.1 Hovudregel (gjeldande lov § 3)

Ei utførleg drøfting av bakgrunnen for dei gjeldande reglane om det økonomiske oppgjeret finst i Ot.prp. nr. 28 (1955). Etter lova § 3 skal det gjennomførast eit økonomisk oppgjer mellom kommunane «dersom det finst grunn til det». Med dette tek ein først og fremst sikte på å halde unna situasjonar der det går føre seg ei full samanslåing, slik at økonomisk oppgjer ikkje har nokon meining.

Utgangspunktet for lova er at dei kommunane det gjeld skal søkje å komme fram til ei løysing på minneleg vis når det gjeld økonomisk oppgjer. Dersom ei slik løysing ikkje kjem i stand, skal oppgjeret utførast av ei skjønnsnemnd etter nærmare reglar fastsette i lova. Det hender likevel i praksis at Fylkesmannen blir kopla inn som «meklar» før skjønnsnemnd eventuelt blir oppnemnd, med sikte på å få til ei minneleg løysing.

Reglane i gjeldande lov §§ 4-7 skal leggjast til grunn under eit eventuelt skjønn. Reglane gjeld ikkje direkte når kommunane søkjer å komme fram til ei minneleg ordning. Det vil likevel ofte vere naturleg å bruke desse reglane som eit utgangspunkt også ved etablering av avtalebaserte ordningar.

Reglane er noko forskjellige, alt etter om det gjeld overføring av eit område i ein kommune til ein annan (§ 4) eller deling av ein kommune (§ 5). Generelt omfattar reglane fordeling av rett til «forvaltningsmessig eiendom» (som vegar, offentlege plassar osv.) og «annen eiendom», og likeins fordeling av gjeld. Reglane er mest utførlege når det gjeld deling av kommunar; med nærmare opplysning om forholdstal basert på skattekraft ved fordeling av fast eigedom, gjeld, andre tilgodehavande og plikter, og anlegg med rettar og plikter.

9.1.2 Oppgjer ved grensejusteringar (gjeldande lov § 4)

Når eit område blir overført frå ein kommune til ein annan, går det fram av lova § 4 første ledd at den retten som den første kommunen har til vegar, gater, bruer, offentlege plassar og annan «forvaltningsmessig eiendom» som berre - eller for det aller meste - tener vedkomande område, skal overførast til den andre kommunen. Dersom kommunane ikkje blir samde, er det skjønnsnemnda (jf. § 8) som avgjer kva for eigedom(ar) overføringa skal omfatte.

Etter § 4 andre ledd kan «annen eiendom» fordelast mellom kommunane eller påbydast brukt i fellesskap, dersom dette er rimeleg og formålstenleg ut frå kommunale omsyn. Skjønnsnemnda avgjer korleis ei eventuell fordeling eller samarbeid skal skje, og kan fastsetje nærmare vilkår. Kva form eit eventuelt samarbeid skal ha, må også skjønnsnemnda ta stilling til. Formålet med slike samarbeidsordningar må først og fremst vere å ordne tilhøva i ein overgangsperiode.

Etter § 4 tredje ledd kan skjønnsnemnda fastsetje at gjeld som ein kommune har stifta til kjøp eller påkostnad på eigedom som nemnt i første og andre ledd, heilt eller delvis skal takast over av den kommunen som eigedommen blir overført til, eller at vedkomande kommune skal betale eit vederlag for eigedommen i pengar.

Dersom det ikkje blir gjort særskilte vedtak om dei rettane og pliktene som er nemnt tidlegare, blir desse rettane og pliktene verande hos den kommunen som er att, jf. § 4 fjerde ledd.

9.1.3 Oppgjer ved delingar (gjeldande lov § 5)

§ 5 regulerer situasjonen når ein kommune blir delt i to eller fleire nye kommunar, eller dersom ein kommune blir delt og dei enkelte delane lagt til andre kommunar.

Reglane i § 4 første ledd skal da brukast tilsvarande på forvaltningseigedom som berre eller i overvegande grad tener eit visst område. Annan eigedom og andre plikter blir å fordele mellom dei kommunane som områda blir lagt til. Det må da gjerast eit fullstendig skifte mellom dei kommunar som tek over område frå ein annan, både med omsyn til rettar og plikter. Dersom den oppheva kommunen heilt ut går inn i ein annan kommune, er det tale om ei kommunesamanslåing. Da trengst det som nemnt ikkje noko oppgjer fordi den samanslegne kommunen da tek over alle rettar og plikter.

Rettar og plikter blir delte mellom kommunane på grunnlag av eit forholdstal som blir rekna ut etter skattekrafta i dei siste 8 åra i kvart av områda, om ikkje skjønnsnemnda av særlege grunnar avgjer noko anna. Bakgrunnen for at ein valte eit så langt tidsrom som 8 år, var ønsket om å redusere faren for at svingingar i skattekrafta skulle føre til eit tilfeldig fordelingstal. Dersom det ligg føre sakleg grunn, skal det likevel ved skjønnet kunne fastsetjast ei anna fordeling.

§ 5 andre ledd fastset at oppgjeret om mogleg skal gå føre seg på følgjande måte:

  1. Fast eigedom blir lagt til den kommunen som etter folketal, behov og slik eigedomen ligg til eller høyrer saman med andre anlegg, må reknast for å ha størst rett til eigedomen.

  2. Gjeld blir fordelt i forhold til dei realisable verdiane som blir overtekne.

  3. Andre tilgodehavande og plikter blir overtekne av den kommunen som etter tilhøva blir rekna å vere nærmast til å overta dei.

  4. Anlegg med rettar og plikter som det etter delinga ikkje er rimeleg at nokon enkeltkommune overtek, kan påbydast nytta i fellesskap av to eller fleire av kommunane.

Har nokon kommune ved fordelinga av rettar og plikter teke over meir eller mindre enn det som følgjer av forholdstalet, skal det gjerast ei utjamning i pengar.

9.1.4 Erstatning (gjeldande lov § 6)

Dersom ein kommune blir svekt økonomisk på grunn av endring i kommunale grenser etter det oppgjeret som blir gjennomført i medhald av §§ 4 eller 5, kan ein annan av dei aktuelle kommunane påleggjast å betale erstatning, der det synest rimeleg. Slik erstatning skal etter lova betalast med eit eingongsbeløp, eller i årlege ratar i ein viss overgangsperiode. Det går fram av førearbeida at det jamvel etter eit mønstergyldig skifte kan finnast rimeleg at den eine kommunen yter den andre ei handsrekking i ei overgangstid. (Ot.prp. nr. 28 (1955) s. 30.)

Etter gjeldande rett er det to vilkår som må vere oppfylte dersom det skal bli aktuelt med erstatning. Vilkåra er at ein kommune blir «svekket økonomisk» og at det «anses rimelig» med erstatning. Praksis frå skjønnsnemnda viser at langt frå alle krav om erstatning vinn fram.

Ingen kommune har krav på erstatning berre fordi inndelingssaka fører til at kommunen «mistar» nokre innbyggjarar. Kommunane «eig» ikkje sine innbyggjarar, dei kan fritt flytte på seg. I praksis har det blitt lagt til grunn at erstatning berre skal tilkjennast når det trengst for at kommunen skal kunne halde oppe sin kommunale standard. Det er såleis ikkje nok at ein kan konstatere eit økonomisk tap for ein av kommunane.

Erstatningsspørsmålet må avgjerast ut frå ei vurdering av kva som er rimeleg. Ved denne vurderinga må det også takast omsyn til den utvida kommunen. Er den nokonlunde likeverdig med den minska kommunen både når det gjeld skattetrykk og standard, bør det som regel ikkje bli snakk om erstatning. I Ot. prp. nr. 28 (1955) s. 49 er det vist til Innstilling II frå Kommuneinndelingskomiteen, avgitt desember 1951, s. 103 der det heiter:

«Begrunnelsen for erstatning må være at sviktende inntekter eller økte utgifter ved grenseendringen ikke skal medføre noen vesentlig forrykkelse av kommunens økonomiske forhold, at ikke denne midlertidig eller for alltid skal synke ned i økonomisk uføre eller få sin økonomiske eller sosiale standard forringet.»

I proposisjonen er denne uttalen kommentert slik:

«I anledning herav skal departmentet bemerke at det ikke bør bli spørsmål om å foreta en grenseendring dersom en kommune som følge herav ikke i fremtiden vil kunne opprettholde en rimelig økonomisk standard. Hensikten med endringer i kommunal inndeling er jo tvert imot å bl.a. skape økonomisk bærekraftige kommuner.»

9.1.5 Garantiar (gjeldande lov §7)

Lova har ei eiga føresegn i § 7 om kommunale garantiar ved grensejusteringar og delingar. Det er her spørsmål om garanti som ikkje har blitt effektiv, og plikter som derfor ikkje kan reknast ut.

Ved grensejusteringar beheld den minska kommunen garantiansvar udelt etter hovudregelen i § 4 fjerde ledd. Kreditor må akseptere at kommunen sitt areal blir minska.

Garanti som er knytt til fast eigedom eller bedrift, blir likevel, både ved justering og deling, overført til den kommunen der eigedommen eller bedrifta ligg etter endringssaka.

Om ein kommune blir delt, må ein fordele garantiar som ikkje er knytte til fast eigedom eller bedrift mellom dei nye kommunane. Fordelinga skal skje etter forholdstalet for det økonomiske oppgjeret i det heile og på grunnlag av ei vurdering av den økonomiske risikoen i kvart enkelt tilfelle. Sjølv om garantiansvar blir fordelt mellom kommunane, heftar dei solidarisk i høve til kreditor, om denne ikkje har gitt samtykke til ei anna ordning.

Etter at vi fekk den nye kommunelova i 1993, har det vore forbod mot å gi kommunal garanti for lån knytt til næringsverksemd, jf. kommunelova § 51.

§ 7 tredje ledd har ikkje lenger nokon verknad, da aktuelle regelverk tilknytt Husbanken m.fl. er oppheva.

9.1.6 Skjønnsnemnd (gjeldande lov § 8)

Som eit utgangspunkt legg lova til grunn at kommunane blir samde om det økonomiske oppgjeret. Dersom kommunane ikkje blir samde, skal oppgjeret gjennomførast ved skjønn. Det er ikkje nærmare reglar i gjeldande inndelingslov om framgangsmåten ved krav om skjønn eller førebuing av skjønnssaker. § 8 fastset at det til ei kvar tid skal vere oppnemnt ei skjønnsnemnd og ei overskjønnsnemnd. Kongen nemner opp leiaren for skjønnsnemnda med varamedlem for eit tidsrom på 4 år. Skjønnsnemnda skal ha tre medlemmer, og dei to andre medlemmene nemner departementet opp for kvar enkelt sak. Formannen og varaformannen skal ha dei eigenskapane som er føreskrivne for dommarar (i domstolslova).

Gjeldande lov § 8 inneheld også nokre særskilde habilitetsreglar/valførleiksreglar som utelét oppnemning av personar som er busette i det eller dei fylka der dei aktuelle kommunane ligg. Formannen kan heller ikkje gjere teneste dersom ho/han er busett i det aktuelle fylket.

Når skjønnsnemnda har avgjort ei sak, kan kvar av partane innan tre månader krevje saka behandla av overskjønnsnemnda. Nemnda skal ha 5 medlemmer. Formann med varaformann blir utnemnd av Kongen for ein periode på 4 år. Dei skal ha dommarkompetanse. Dei fire andre medlemmene nemner departementet opp for kvar enkelt sak. Habilitetsreglane/valførleiksreglane er tilsvarande som for skjønnsnemnda.

Skjønnsnemndene er sjeldan i funksjon. Det viser at kommunane stort sett blir samde om det økonomiske oppgjeret etter grenseendringar. I 90-åra har tre saker gått til skjønnsbehandling. Overskjønnsnemnda har vore i funksjon i eitt tilfelle i denne perioden. I denne saka kom overskjønnsnemnda til same resultat som skjønnsnemnda. Siste skjønnssak om oppgjer etter deling av to kommunar gjekk føre seg i 1976.

9.2 Høyringsnotatet - vurdering av reglane om økonomisk oppgjer

9.2.1 Innleiing

Etter det departementet kjenner til, fungerer reglane om økonomisk oppgjer tilfredsstillande. Av den grunn la departementet til grunn i høyringsnotatet at det berre er aktuelt å gjere mindre endringar og nødvendige klargjeringar i dei enkelte reglane. Det blir gjort framlegg om å endre overskrifta på kapitlet i lova til «Økonomisk oppgjer ved grensejustering og deling av kommunar og fylke». Dermed kjem det klart fram at det ikkje går føre seg noko økonomisk oppgjer ved samanslåing av kommunar.

9.2.2 Avtale om det økonomiske oppgjeret.

I dei fleste inndelingssaker vil kommunane som er involverte trenge ein avtale seg imellom om det økonomiske oppgjeret. Det er kommunane sine behov som skal dekkjast, og det bør derfor ikkje vere eit pålegg om økonomisk oppgjer dersom kommunane ikkje treng eit slikt oppgjer, til dømes ved mindre grensejusteringar. Det bør gå fram av ordlyden at kommunane sjølve avgjer om eit økonomisk oppgjer skal finne stad.

Kommunane kan finne det tenleg å søkje hjelp hos Fylkesmannen i slike høve. Dette er ein funksjon som alt har utvikla seg i praksis. Departementet meiner at det bør lovfestast ei plikt for Fylkesmannen til å hjelpe kommunane, dersom dei ber om det. Dette krev at kommunane er samde om å bruke Fylkesmannen.

9.2.3 Oppgjer etter grensejustering

Departementet meinte i høyringsnotatet at reglane i dag fører til ei naturleg og formålstenleg fordeling av eigedom.

Skiljet mellom lova sitt omgrep «forvaltningseigedom» og annan eigedom er ikkje fastsett i sjølve lovteksten. Departementet meinte likevel at regelen i gjeldande lov bør førast vidare, sidan konkret bruk av prinsippa kviler på anten ein avtale eller ei avgjerd av skjønnsnemnda.

For gjeld som er stifta i samband med kjøp eller påkostnad på eigedom som blir ført over til ein annan kommune, er utgangspunktet etter gjeldande rett at den kommunen som stifta gjelda, skal halde fram med å hefte for ho. Skjønnsnemnda kan bestemme at gjelda heilt eller delvis skal gå over til den kommunen som eigedommen blir overført til. Departementet vurderte om denne typen gjeld automatisk burde overførast til den kommunen som får eigedommen overført til seg. Ein slik regel ville ha klare praktiske fordelar. Det er også innvendingar mot ei slik ordning. Mellom anna kan det føre til at ansvaret for gjeld som har oppstått kort tid før grensejusteringa, heilt ut må berast av ein annan kommune enn den som tok opp lånet. Departementet meiner at ordninga i dag opnar for ei meir fleksibel løysing, og gjorde ikkje framlegg om lovendring på dette punktet.

9.2.4 Oppgjer etter deling

Etter gjeldande lov skal forvaltningseigedom fordelast på same måten som for grensejusteringar, medan annan eigedom blir delt etter eit forholdstal som refererer seg til «skattekrafta» i kvart av dei utskilde områda.

Departementet vurderte i høyringsnotatet om andre typar forholdstal, til dømes innbyggjartal eller storleiken på området, vil vere betre eigna som fordelingsnøkkel. Storleiken på området vil vere lite eigna dersom kommunen blir delt i ein kommune med til dømes store landbruksareal og ein kommune med hovudsakleg tett busetnad. Innbyggjartalet vil vere eit enkelt utgangspunkt for forholdstalet. Problemet melder seg ved fordeling av gjeld. Når ein bruker innbyggjartalet som forholdstal, må «rike og fattige» innbyggjarar betale forholdsvis like mykje av gjelda. Departementet kom til at skattekrafta framleis er eit veleigna omgrep å nytte som grunnlag for forholdstal. Denne kan lett reknast ut for dei ulike delane av kommunen. Innbyggjartalet og storleiken på området kan eventuelt skjønnsnemnda ta med i vurderinga i dei tilfella den finn grunn til å leggje inn andre vurderingskriterium, jf. gjeldande lov § 5 andre ledd andre punktum.

Etter som «skattekraft» ikkje er noko vanleg økonomisk omgrep, fann departementet at det burde endrast til «skatteinntektene til kommunane». Endringa tek ikkje sikte på nokon realitetsendring. Skatteinntektene til kommunen er eit uttrykk meir i samsvar med ordbruken i dag. Omgrepet omfattar etter lovgivinga i dag inntektsskatt, formuesskatt, naturressursskatt og eigedomsskatt.

Skattekrafta skal etter reglane i dag reknast ut frå dei siste åtte åra i kvart av dei aktuelle områda. Åtte år er eit langt tidsrom som kan føre til at det blir eit omfattande arbeid å få klarlagt dei nødvendige tala. Departementet meinte i høyringsnotatet at fem år vanlegvis vil vere nok til å utlikne eventuelle svingingar i skatteinntektene.

Det er vanskeleg å finne eit fordelingsgrunnlag som kan høve for alle tilfelle. Det kan vere at skatteinntektene ikkje alltid vil gje eit rettferdig utgangspunkt for berekninga. Rett nok vil ein kunne rette større slagsider ved ei erstatningsordning. Departementet kom likevel til at dersom det ligg føre særlege grunnar, bør skjønnsnemnda framleis ha moglegheit til å vike av frå skatteinntektene til kommunane som fordelingsgrunnlag.

9.2.5 Erstatning

Departementet meiner at gjeldande lov kan gi inntrykk av at kommunane får erstatta alle økonomiske tap, jf. omgrepet «svekket økonomisk». Dersom ordlyden blir endra til «vesentleg svekt økonomisk», vil det gi eit betre uttrykk for gjeldande rett. Departementet føreslo i høyringsnotatet på denne bakgrunnen ei endring i ordlyden, og la altså til grunn at eit vilkår om «vesentleg svekt økonomisk», langt på veg vil vere i samsvar med gjeldande praksis.

Vesentlegkriteriet knyter seg til kva som er vesentleg for den enkelte kommunen eller fylkeskommunen som blir svekt. Når ein vurderer omgrepet «anses rimelig» må ein også ta omsyn til den økonomiske stillinga i den utvida kommunen. Dersom den utvida kommunen er nokonlunde likeverdig med den minska kommunen når det gjeld skattetrykk og standard, bør det ikkje vere aktuelt med erstatning.

9.2.6 Garantiar

Departementet føreslo i høyringsnotatet at føresegnene i § 7 første og andre ledd blei ført vidare fullt ut. Etter som regelen i gjeldande § 7 tredje ledd om nedskrivingsbidrag ytt etter Husbanklova m.fl. ikkje lenger har relevans, blei den føreslegen oppheva.

9.2.7 Systemet med skjønnsnemnd og overskjønnsnemnd

I høyringsnotatet vurderte departementet alternativ til ordninga med skjønnsnemnd og overskjønnsnemnd. Forutan ei vidareføring av gjeldande ordning, drøfta ein om økonomisk oppgjer kunne skje ved domstolane etter skjønnsprosesslova eller ved ei ordning der Kongen/departementet fekk fullmakt til å gjere vedtak om økonomisk oppgjer.

Alle alternativa har sine sterke og veike sider. Vidareføring av lovreglar om særskilt skjønnsnemnd og overskjønnsnemnd har sine fordelar i at det inneber ei kjent ordning som har fungert tilfredsstillande etter gjeldande lov. Nemndene har ein funksjonsmåte som legg til rette for ei enkel behandling, tilpassa den situasjonen ein er oppe i.

Alternativet med å overføre det økonomiske oppgjeret til skjønnsretten har også klare fordelar, særleg vurdert på bakgrunn av at sakene er av judisiell karakter. Dette momentet vil likevel ikkje ha så stor vekt, sidan også skjønnsnemndene er sett saman med både juridiske dommarar og leke medlemmer.

Fastsetjing av det økonomiske oppgjeret ved vedtak i departementet eller hos Fylkesmannen ville medføre at viktige økonomiske konsekvensar kunne vere utgreidde før sjølve endringsvedtaket blir fatta. Dette kunne i og for seg vere ein fordel. På den andre sida bør ikkje økonomiske tilhøve mellom dei kommunane det gjeld få avgjerande vekt i hovudspørsmålet om grensene mellom kommunane er formålstenlege. Eit anna viktig argument mot ei slik ordning er at forvaltninga er lite eigna til å avgjere denne typen saker, som i realiteten inneber å felle «dom» i konfliktsaker mellom enkeltkommunar.

Departementet kom etter ei samla vurdering til at den beste modellen ville vere å føre vidare ordninga med oppnemning av særskilt skjønnsnemnd og overskjønnsnemnd på permanent basis. Alle medlemmer og varamedlemmer, ikkje berre leiarane, som i dag, bør likevel oppnemnast for fire år om gongen.

Den nye lova bør klargjere at det berre er kommunane, eventuelt fylkeskommunane, sjølve som kan krevje at skjønnsnemnda tek det økonomiske oppgjeret. Kravet må setjast fram innan eitt år etter at inndelingsendringa er sett i verk, og det må innehalde ei utgreiing om dei krav og faktiske synspunkt som vedkomande kommune legg til grunn. Etter at synspunkta til den andre kommunen også er innhenta, bør nemnda kalle saman til ein munnleg konferanse. Nemnda kan be om ytterlegare dokumentasjon frå kommunane. Den vidare behandlingsprosessen meiner departementet det er lite gagnleg å gi særskilde lovreglar om, sidan det må vere viktig at skjønnsnemndene har det nødvendige spelerommet for å få til ein smidig og formålstenleg prosess i den enkelte saka.

Avgjerda i skjønnsnemnda bør framleis kunne påklagast til overskjønnsnemnda. Fristen for dette bør svare til ankefristen i sivile saker, det vil seie to månader. Departementet meinte vidare at lova bør klargjere at avgjerda til overskjønnsnemnda ikkje kan leggjast fram for domstolane til overprøving, det vil seie at saka er endeleg avgjort.

Både skjønnsnemnda og overskjønnsnemnda bør ha fullmakt til å fastsetje kostnadsspørsmålet, mellom anna fordeling av sakskostnadene mellom kommunane. Dei vanlege kriteria i tvistemålslova bør leggjast til grunn. Vidare blei det gjort framlegg om at departementet framleis bør dekkje godtgjersle og reise- og opphaldsutgifter til medlemmene i nemndene. I lovutkastet blei det teke inn ein heimel til å gi forskrifter om godtgjersle og dekning av kostnader i tilknyting til arbeidet i skjønnsnemndene.

9.3 Høyringsinstansane

Det er berre få av høyringsinstansane som har merknader til framlegget om økonomisk oppgjer etter grenseendringar.

Til framlegget om reglar om oppgjeret etter deling av kommunar og fylke, støttar nokre kommunar i Telemark fylke fellesuttalen ei arbeidsgruppe har utarbeidd for KS Telemark:

«En ser flere vanskelige delingsforhold som vil kunne komme inn under lovforslagets § 19, 2. ledd nr. 4. Det er derfor grunn til å gi nærmere regler for de vanskeligere tilfeller: Eksempelvis gjelder dette deling av rettigheter i henhold til industrikonsesjonsloven og vassdragsreguleringsloven samt deling av andre rettigheter/forpliktelser for kraftsektoren. Forholdene innen dette området er komplisert fra før. Alle forhold taler for klare regler og forutsigbarhet innen disse områder».

Til framlegget om å føre vidare systemet med skjønnsnemnd og overskjønnsnemnd uttalte desse kommunane:

«Kommunen er uenig i at sammensetningen av skjønnsnemda etter lovforslagets § 22. Skjønnsnemnda skal ta standpunkt til viktige vurderinger for kommunenes framtid og det vil derfor være rimelig at det i tillegg til de foreslåtte medlemmer også sikres kommunene plass i en slik nemnd. Det foreslås at skjønnsnemnda etter lovforslagets § 22, 2. ledd suppleres med en representant fra hver kommune som direkte berøres av endringsvedtaket. For så vidt gjelder overskjønnsnemnda etter § 3. ledd må få det samme tillegg til medlemstallet.»

9.4 Departementets endelege vurdering og forslag

Departementet opprettheld dei fleste av forslaga frå høyringsnotatet uendra.

Departementet gjorde i høyringsnotatet framlegg om lovfesting av kreditor si stilling i samband med det økonomiske oppgjeret. Etter ei nærmare vurdering har departementet funne at det ikkje er naturleg å regulere allmenne privatrettslege tilhøve i denne lova. Departementet har heller ikkje kjennskap til særskilde problem som gjer lovregulering ønskjeleg. Framlegget er såleis stroke.

§ 22 om garantiar er supplert med ei presisering av at garanti for gjeld eller plikter som ikkje er knytte til fast eigedom eller bedrift, blir verande hos den opphavlege kommunen ved grensejustering.

Departementet ser at det kan oppstå vanskelege delingsforhold under lovforslaget § 20 andre ledd nr. 4 (§ 19 andre ledd nr. 4 i høyringsnotatet) og at det er vanskeleg å finne eit fordelingsgrunnlag som kan høve for alle tilfelle. Som KS Telemark viser til, er forholda på område som til dømes industrikonsesjon, vassdragsregulering og kraftsektoren kompliserte. Departementet er likevel av den oppfatning at lovregulering vanskeleg kan løyse dette, og meiner at spørsmåla kan løysast best i tilknyting til konkrete saker.

Etter framlegget om erstatning ved grensejustering eller deling er det eit vilkår at kommunen eller fylkeskommunen blir «vesentleg svekt økonomisk». I høyringsnotatet blei det sagt at det som ligg i omgrepet «vesentleg svekt» er at erstatning trengst for at kommunen skal kunne halde oppe sin kommunale standard. Dette er likevel ikkje det einaste kriteriet for vurderinga. Når ein skal vurdere om svekkinga er vesentleg, vil ein måtte gjere ei breiare vurdering av den totale økonomien til kommunen. Mellom anna må ein ta omsyn til korleis inndelingsendringa vil påverke overføringane frå staten gjennom inntektssystemet. Under vurderinga må ein og sjå kva for moglegheiter kommunen har for å tilpasse seg tapet. Tap av kronebeløp som kan synast store, kan vise seg å liggje innafor dei årvisse variasjonar eit kommunebudsjett av aktuelle storleik må vere budd på å bere.

Det kan spørjast om det eigentleg er behov for ein regel om erstatning. Dei statlege overføringane til kommunane og rammetilskotet gjennom inntektssystemet, skal nettopp fange opp endringar i til dømes folkesamansetjinga til ei kvar tid. På den andre sida er det vanskeleg å føresjå alle moglege tilfelle, og med ein regel om erstatning får vi ein tryggingsventil. Erstatning er såleis ikkje meint å vere nokon hovudregel.

Når det gjeld skjønnsnemndsystemet, har departementet, etter ei nærmare vurdering, kome fram til at det ikkje er grunn til å oppretthalde systemet med at overskjønnsnemnda skal ha så mange som fem medlemmer. Det er ei fordyrande og tungvint ordning, som ikkje er nødvendig for å sikre gode og rettferdige avgjerder. Departementet gjer såleis framlegg om at også overskjønnsnemnda skal ha tre permanente medlemmer med varamedlemmer.

Med omsyn til samansetjinga av skjønnsnemnda/overskjønnsnemnda er det etter forslaget ikkje lenger noko forbod mot at medlemmene er busette i aktuelle fylke eller kommunar. Det blir lagt opp til bruk av vanlege prinsipp for habilitet og valførleik. Når det gjeld framlegget frå KS Telemark om at representantar for involverte kommunar skal vere representerte i skjønnsnemnda, er departementet av den oppfatning at dette neppe vil vere ei god ordning. Det er ikkje uvanleg med høgt konfliktnivå i denne type saker. Blir skjønnsnemnda sett saman med partsrepresentantar, er det fare for at nemnda blir eit «konfliktorgan», og at arbeidet med å kome fram til ei løysing blir vanskeleggjort. Det er dessutan ei føresetnad at oppgjeret skal skje på grunnlag av objektive, saklege kriterium. Når ei sak har kome heilt til skjønnsnemnda, må ein tru at kommunane har prøvd, men ikkje lukkast i å kome fram til ei løysing på eiga hand. Det er likevel opplagt at det bør oppnemnast representantar med god kjennskap til kommunesektoren, noko som også er i samsvar med praksis/gjeldande lov.

Til forsida