Ot.prp. nr. 44 (2006-2007)

Om lov om endringar i folketrygdlova og i enkelte andre lover

Til innhaldsliste

10 Merknader til dei enkelte paragrafane

10.1 Endringar i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd

Til § 2-9 fjerde ledd andre setning

Føresegna blir endra slik at den blir i samsvar med føresegna i folketrygdlova § 8-19 første ledd om at sjukepengar frå folketrygda blir utbetalt frå den 17. dagen med fråvær. Ein viser til punkt 4.1.

Til § 3-15 fjerde ledd

Reglane i noverande fjerde ledd er blitt overflødige som følgje av endringar i skattelovgivinga og blir derfor foreslått oppheva. Ein viser til punkt 4.2.

Noverande femte, sjette og sjuande ledd blir nye fjerde, femte og sjette ledd.

Til § 4-20 femte ledd

Presiseringa gjer det klart at femte ledd også er meint å gjelde føresegna sitt tredje ledd. Ein viser til punkt 4.3.

Til § 8-24 tredje ledd bokstav b

Tilvisinga til permisjonsreglane i arbeidsmiljølova kapittel 12 er endra slik at ein viser til riktige føresegner i kapittel 12. Ein viser til punkt 4.4.

Til § 8-36

I overskrifta til føresegna er omgrepet «fødselspenger» erstatta med omgrepet «foreldrepenger». Ein viser til punkt 4.5.

Til § 8-48 tredje ledd

Ein person som fyller vilkåra for sjukepengar og rehabiliteringspengar samtidig, har rett til å få utbetalt høgste yting. Tilvisinga til § 10-14 er feil og er erstatta med § 10-16. Ein viser til punkt 4.6.

Til § 8-49 tredje ledd

Tilvisinga til lov 27. juni 1947 nr. 9 om tiltak til å fremme sysselsetting er erstatta med arbeidsmarknadslova. Ein viser til punkt 4.7.

Til innleiinga til kapittel 9

Femte strekpunktet er ikkje sett i kraft, og ein foreslår at dette blir sett i kraft straks. Ein viser til punkt 4.8.

Til § 9-10 første ledd første punktum

Lovforslaget gir rett til pleiepengar ikkje berre der pleiebehovet oppstår i samband med innlegging i helseinstitusjon, men også ved poliklinisk behandling i sjukehus. Ein viser til punkt 2.

Til § 11-14 første ledd

Føresegna regulerer at retten til, og utbetaling av, attføringsytingar i regelen oppretthaldast ved avbrot som følgje av sjukdom i inntil fire veker. I nytt andre punktum er tatt inn at perioden skjønnsmessig kan bli forlenga i ytterlegare fire veker. Det er ein føresetnad at sjukdomssituasjonen er forbigåande/tidsavgrensa og at planlagt attføring på tross av avbrotet kan skje som planlagt, utan utsetjing. Ein viser til punkt 3.

Til § 15-6 fjerde ledd siste punktum

Lovforslaget gir heimel for å gi overgangsstønad i opptil seks månader i påvente av skulestart, eit konkret arbeid o.a. når forsørgjaren har fått forlenga stønadsperioden ut skuleåret. Ein viser til punkt 4.9.

Til § 19-6 andre ledd

Tilvisinga til tidlegare aktive deltakarar i aksjeselskap i føresegna sitt andre punktum blir foreslått fjerna som overflødig. Ein viser til merknaden til folketrygdlova § 3-15 fjerde ledd og til punkt 4.2.

Til § 22-3 første ledd

Tilføyinga av et nytt andre punktum i leddet tar sikte på å presisere at det arbeidsgivar kan krevje utbetalt etter føresegna er den ytinga arbeidstakaren konkret kan få utbetalt etter lova når det er tatt omsyn også til reglane om fristar for framsetting av krav o.a. Ein viser til punkt 4.10.

Til folketrygdlova si innleiing til kapittel 25

Ein viser til punkt 4.11.

Til folketrygdlova § 25-1

Ein viser til punkt 4.11.

10.2 Endringar i lov 17. juni 2005 nr. 62 om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv.

Til § 7-1 første ledd

Uttrykket «verne- og helsepersonalet» er erstatta med «bedriftshelsetjenesten» som er det som blir brukt i lova elles, jf. mellom anna § 7-1 fjerde ledd. Ein viser til punkt 5.1.

Til § 7-2 femte ledd

Ein skrivefeil i fjerde punktum er oppretta. Ein viser til lovforslaget.

Til § 10-4 fjerde ledd

Ordlyden er oppretta ved at den manglande preposisjonen «i» er tatt inn.

Til § 15-3 tiande ledd

Ein skrivefeil i andre punktum er oppretta. Ein viser til lovforslaget.

Til § 15-14 fjerde ledd

Ein feil i første punktum er oppretta. Ein viser til lovforslaget.

Til § 15-17

Ein feil i første punktum er oppretta. Ein viser til lovforslaget.

10.3 Endringar i lov 8. november 1991 nr. 76 om kommunale og fylkeskommunale eldreråd

Til § 1 andre ledd

Endringane er berre ei lovteknisk justering for at bruken av omgrepa skal bli i samsvar med omgrepa som er brukt i kommunelova.

Til § 3

Endringane er berre ei lovteknisk justering.

Til § 4 tredje ledd

Endringane er berre ei lovteknisk justering for at bruken av omgrepa skal bli i samsvar med omgrepa som er brukt i kommunelova.

Til § 8 tredje ledd

Endringane er berre ei lovteknisk justering for at bruken av omgrepa skal bli i samsvar med omgrepa som er brukt i kommunelova.

10.4 Endringar i lov 17. juni 2005 nr. 58 om råd eller anna representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for menneske med nedsett funksjonsevne m.m.

Til § 10

Det er ikkje gjort materielle endringar i føresegna. Endringa er ei lovteknisk justering samt ei presisering av gjeldande rett.

10.5 Endringar i lov 29. april 2005 nr. 20 om innkreving av underholdsbidrag mv.

Til § 37 tredje ledd

Ein viser til punkt 8.

10.6 Endringar i lov 23. desember 1988 nr 110 om statstilskott til ordninger for avtalefestet pensjon

Til § 5 i lov om statstilskott til ordninger for avtalefestet pensjon

Ein viser til punkt 9.

Til forsida