Ot.prp. nr. 44 (2006-2007)

Om lov om endringar i folketrygdlova og i enkelte andre lover

Til innhaldsliste

4 Presiseringar og lovtekniske justeringar i folketrygdlova

4.1 Lovteknisk justering i § 2-9 fjerde ledd andre punktum

Folketrygdlova § 2-9 fjerde ledd omhandlar sjukepengedekning til personar som er frivillig trygda etter folketrygdlova § 2-8. I føresegna står det at sjukepengar frå trygda ikkje kan bli utbetalt dei første 14 dagane etter at vedkommande blei arbeidsufør. Arbeidsgivarperioden blei utvida til 16 dagar frå 1. april 1998, men ved ein inkurie er § 2-9 fjerde ledd ikkje justert i samsvar med denne endringa.

Departementet foreslår at dette blir gjort ved at talet 14 blir bytta ut med talet 16 i § 2-9 fjerde ledd andre setning.

Endringa har ingen økonomiske eller administrative konsekvensar, og ein foreslår at endringa tar til gjelde straks.

4.2 Oppheving av reglane om pensjonsgivande inntekt frå føretak - folketrygdlova § 3-15 fjerde ledd og § 19-6 andre ledd

Folketrygdlova § 3-15 fjerde ledd gir reglar om fastsetting av pensjonsgivande inntekt for personar som får ytingar frå folketrygda som blir påverka av inntekt. Reglane gir heimel til å sette ned pensjonsgivande inntekt for aktive eigarar i selskap i relasjon til inntektsprøvinga av dei aktuelle ytingane (uførepensjon o.a.). Dette gjeld når det er eit vesentleg misforhold mellom tilrekna personinntekt eller godtgjering for arbeid og normal lønn for tilsvarande arbeidsinnsats.

Regelen har bakgrunn i den såkalla delingsmodellen, som er oppheva frå og med 2006. Delingsmodellen er erstatta med skjermingsmetoden, som medfører at det ikkje lenger blir rekna personinntekt for aktive deltakarar i selskap, jf. Ot.prp. nr. 92 (2004-2005) kapittel 1 og 2 og Ot.prp. nr. 1 for same året kapittel 5. Etter skjermingsmetoden blir personinntekt og pensjonsgivande inntekt for aktive deltakarar i selskap fastsett gjennom uttak av lønn/særskilt godtgjering for arbeid, og ikkje andre måtar i tillegg. Det at personinntekt berre blir fastsett ved lønnsuttak o.a. frå selskap, gjer at reglane i folketrygdlova § 3-15 fjerde ledd ikkje lenger kan brukast for deltakarar i selskap. Departementet foreslår derfor at leddet blir oppheva.

Folketrygdlova § 19-6 andre ledd andre punktum har denne ordlyden:

«For året etter at pensjonisten avsluttet sitt arbeid eller sin virksomhet helt, skal pensjonen ikke reduseres på grunnlag av pensjonsgivende inntekt som stammer fra arbeidet eller virksomheten, herunder eierinntekt fra aksjeselskap som pensjonisten ikke lenger er aktiv eier i.»

Bortfallet av delingsmodellen medfører mellom anna at det berre vil vere aktuelt å fastsette pensjonsgivande inntekt for deltakarar i aksjeselskap for år dei har vore aktive i selskapet. Passusen «herunder eierinntekt fra aksjeselskap som pensjonisten ikke lenger er aktiv eier i» er på bakgrunn av dette unødvendig, og ein foreslår at passusen blir tatt ut. Det er likevel framleis aktuelt å bruke regelen i den siterte setninga i høve til feriepengar som blir utbetalt i kalenderåret etter oppteningsåret.

Departementet viser til lovforslaget. Endringane, som ein foreslår skal tre i kraft straks, har ingen administrative eller økonomiske konsekvensar.

4.3 Presisering av § 4-20 femte ledd

Ved lovendring 17. juni 2005 nr. 57 fikk folketrygdlova § 4-20 eit nytt fjerde ledd som innebar ei lemping av sanksjonar knytt til tidsavgrensa bortfall av yting ved at ein unngjekk å møte opp hos (daverande) Aetat. Endringa innebar at bortfall av ei yting blei redusert frå åtte til fire veker. Nytt femte ledd stiller vilkår om at det som følgje av dei tidlegare forholda må ha vore gjort vedtak om tidsavgrensa bortfall av dagpengar etter denne paragrafen eller vedtak om forlenga ventetid etter § 4-10. Første ledd viser derimot ikkje til tredje ledd. Resultatet er at vilkåret i femte ledd tilsynelatande berre gjeld for fjerde ledd og ikkje for utmåling av sanksjonen ved forhold etter første ledd bokstav a-d. Nytt femte ledd seier heller ikkje noko om man kan auke lengda på sanksjonen dersom det skulle vere brot på reglane både for forhold etter første ledd bokstav a-d og bokstav e. Departementet foreslår ei tilvising til tredje ledd bokstav b og c i føresegna sitt femte ledd. Ein viser til lovforslaget.

Presiseringa har ingen økonomiske eller administrative konsekvensar, og ein foreslår at endringa trer i kraft straks.

4.4 Lovteknisk justering i § 8-24 tredje ledd bokstav b

Ein arbeidstakar har rett til sjukepengar i arbeidsgivarperioden på grunnlag av eigenmelding etter nærmare reglar. Dersom arbeidsforholdet blir avbrote i meir enn to veker, kan eigenmelding først nyttast etter at arbeidstakaren igjen har vore i arbeid i to månader. Føresegna i § 8- 24 tredje ledd gir unntak i visse tilfelle, mellom anna gjeld det permisjon etter arbeidsmiljølova kapittel 12.

Tilvisinga i § 8-24 tredje ledd bokstav b til permisjon etter arbeidsmiljølova §§ 12-1 til 12-6 er ikkje i samsvar med føresegnene som gir rett til permisjon etter kapittel 12 i arbeidsmiljølova. Departementet foreslår at tilvisinga i § 8-24 tredje ledd bokstav b blir endra til arbeidsmiljølova §§ 12-2, 12-3, 12-4, 12-5 og 12-9, 12-10.

Forslaget har ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar. Departementet foreslår at endringa trer i kraft straks.

4.5 Lovteknisk justering i overskrifta til § 8-36

Føresegna i § 8-36 gir reglar om sjølvstendig næringsdrivande sin rett til å teikne tilleggsforsikring for å få betre sjukepengedekning. Føresegna omfattar også foreldrepengar som blir utrekna etter dei same reglane som sjukepengar frå folketrygda. Omgrepet «fødselspenger» i overskrifta til § 8-36 blei ikkje endra samtidig med at omgrepet «foreldrepenger» blei innført til erstatning for omgrepa fødselspengar og adopsjonspengar frå 1. januar 2007 i folketrygdlova kapittel 14 om ytingar ved svangerskap, fødsel og adopsjon. Departementet foreslår at omgrepet «fødselspenger» i overskrifta til § 8-36 blir endra til «foreldrepenger».

Forslaget har ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar. Departementet foreslår at endringa trer i kraft straks.

4.6 Loveteknisk justering i § 8-48 tredje ledd

Etter føresegna i § 8-48 tredje ledd skal den som fyller vilkåra for sjukepengar og for rehabiliteringspengar samtidig ha rett til høgste yting. Tilsvarande regel er gitt i § 10-16 første ledd. Tilvisinga til § 10-14 første ledd i folketrygdlova § 8-48 tredje ledd er feil og skal bli erstatta med § 10-16 første ledd.

Forslaget har ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar. Departementet foreslår at endringa trer i kraft straks.

4.7 Lovteknisk justering i § 8-49 tredje ledd

Føresegna i § 8-49 tredje ledd omhandlar rett til sjukepengar til personar som mottar stønad under arbeidsmarknadsopplæring. Føresegna viser til lov 27. juni 1947 nr. 9 om tiltak til å fremme sysselsetting, kapittel III. Denne lova er no erstatta av arbeidsmarknadslova. Departementet foreslår at tilvisinga blir erstatta med ei tilvising til lov 10. desember 2004 nr. 76 om arbeidsmarkedstjenester §§ 12 og 13. Ein viser til lovforslaget.

Forslaget har ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar. Departementet foreslår at endringa trer i kraft straks.

4.8 Lovteknisk justering i innleiinga til folketrygdlova kapittel 9

Ved lov 16. desember 2005 nr. 119 blei det innført ein ny § 9-11 a om graderte pleiepengar. Samtidig fikk innleiinga til kapittel 9 eit nytt femte strekpunkt med ei tilvising til den nye føresegna. Ved ein feil blei ikkje sistnemnde endring satt i kraft samtidig med føresegna. Departementet foreslår at dette blir gjort og at det setjast i kraft straks.

4.9 Presisering i § 15-6 fjerde ledd om at forlenging av stønadsperioden i påvente av arbeid, utdanning o.a. også skal gjelde når einslege forsørgjarar har fått forlenga overgangstønad ut skuleåret

Einslege forsørgjarar under nødvendig utdanning fikk frå 1. januar 2003 rett til overgangsstønad ut påbegynt skuleår, sjå § 15-6 fjerde ledd første punktum. Det var også den gongen heimel i § 15-6 fjerde ledd til å gi overgangstønad i opptil seks månader i påvente av skulestart, eit konkret arbeid eller barnetilsyn og dei første seks månadene etter at vedkommande hadde meldt seg som arbeidssøkar hos Arbeids- og velferdsetaten. Ei slik forlenging av stønadsperioden var det høve til å gi umiddelbart etter overgangstønad som blei yta etter andre og tredje ledd. Ved ei forgløyming blei det ved ovannemnde lovendring i første punktum fjerde ledd ikkje gitt heimel til å forlenge stønadsperioden til forsørgjarar som har fått forlenga tida med overgangsstønad ut skoleåret. Det var aldri meininga at desse ikkje skulle vere omfatta av reglane om forlenging i fjerde ledd andre og tredje punktum. Reglane har heller ikkje vore praktisert slik.

Departementet foreslår at § 15-6 fjerde ledd siste punktum blir endra slik at det gis heimel til å forlenge stønadsperioden i påvente av arbeid, utdanning mv. også når forsørgjaren har fått forlenga stønadsperioden ut skuleåret. Ein viser til lovforslaget.

Endringa har ingen økonomiske og administrative konsekvensar, og ein foreslår at ho trer i kraft straks.

4.10 Presisering av føresegna i folketrygdlova § 22-3 første ledd om refusjon til arbeidsgivarar som har utbetalt lønn under sjukdom oa.

Etter folketrygdlova § 22-3 første ledd kan ein arbeidsgivar som gir full lønn under sjukdom eller fødselspermisjon, krevje å få ytingane utbetalte til seg. Arbeidsgivaren sitt krav om refusjon blir satt fram i samband med innsendinga av inntekts- og skatteopplysningsskjemaet for arbeidstakaren.

Etter fast praksis i etaten er arbeidsgivaren sitt krav på refusjon avgrensa til det arbeidstakaren har krav på å få utbetalt frå trygda. For å få ei yting frå folketrygda må den som har rett til ytinga sette fram krav, og arbeidsgivaren sitt refusjonskrav kan bli avgrensa fordi arbeidstakaren er for sein med å sette fram kravet. Reglane om fremming av krav og avgrensingar i retten når kravet blir satt fram for seint, går fram av folketrygdlova § 22-13.

I mars 2006 gjorde Rikstrygdeverket departementet merksam på at Trygderetten i ei avgjerd av 13. mai 2005 hadde lagt til grunn ei tolking av reglane som ikkje var i samsvar med praksis og etter Rikstrygdeverket si meining heller ikkje med intensjonen bak reglane. I avgjerda går det fram at retten meiner at arbeidsgivaren har eit sjølvstendig krav, utan omsyn til når medlemmet setter fram sitt krav. Dette synet kan knapt reknast for å vere i samsvar med ordlyden i føresegna, som seier at det arbeidsgivaren kan få utbetalt til seg, er ytinga til arbeidstakaren. I noko mon kan det gi rom for tvil at § 22-3 første ledd refererer til den ytinga som arbeidstakaren «har rett til». Ein kan eventuelt forstå dette som den ytinga arbeidstakaren i prinsippet kan få utbetalt dersom kravet blir sett fram i rett tid. Det er likevel ikkje noko som taler for at arbeidsgivaren skulle kunne få utbetalt til dømes foreldrepengar for ein lengre periode enn arbeidstakaren.

Det er her viktig å vere merksam på at folketrygdlova § 22-3 ikkje er ein paragraf som etablerer sjølvstendig rett til ytingar. Paragrafen etablerer berre eit unntak frå regelen om at ei yting skal utbetalast til den som har rett til henne. Dette går greitt nok fram av plasseringa i kapittel 22 Utbetaling.

På bakgrunn av dette meiner departementet at lova bør presiserast for å unngå tolkingar i strid med intensjonen med reglane, som er å sikre at arbeidsgivarar som gir full lønn i dei aktuelle periodane, kan få utbetalt til seg dei ytingane (foreldrepengar eller sjukepengar o.a.) som arbeidstakaren konkret har krav på etter lova når ein tar omsyn til reglane i § 22-13 om fristar for å sette fram krav o.a. Det skulle ikkje vere vanskeleg for arbeidsgivaren å syte for at arbeidstakaren kjem med kravet i rett tid. Tilhøvet er òg nemnd i informasjonen som arbeidsgivarar får i slike saker.

Departementet foreslår etter dette ei presisering i eit nytt andre punktum i folketrygdlova § 22-3 første ledd om at utbetalt beløp ikkje kan vere høgare enn den ytinga som medlemmet kunne ha fått utbetalt når ein tar omsyn til reglane i § 22-13. Departementet viser til lovforslaget.

Refusjonskravet til ein arbeidsgivar kan i tillegg vere avgrensa av regelen i lova § 22-13 femte ledd om at refusjon berre blir gitt for inntil tre månader før refusjonskravet blei sett fram.

Departementet viser til lovforslaget.

Endringa blir foreslått å tre i kraft straks og har ikkje administrative eller økonomiske konsekvensar.

4.11 Oppretting i folketrygdlova kapittel 25

Lov 16. juni 2006 nr. 20 om arbeids- og velferdsforvaltningen (i kraft frå 1. juli 2006) førte mellom anna til at ein oppheva folketrygdlova § 21- 9 om teieplikt. Innhaldet blei innarbeidd i arbeids- og velferdsforvaltningslova § 7. Ved ein feil blei ein referanse i folketrygdlova § 25-1 til § 21-9 ikkje retta opp. Departementet foreslår derfor at referansen til § 21-9 i § 25-1 fjerde ledd fjerde punktum blir endra til å gjelde arbeids- og velferdsforvaltningslova § 7.

Arbeids- og velferdsforvaltningslova medførte òg oppheving av folketrygdlova § 25-10 og § 25-10 a. Innhaldet blei innarbeidd i den førstnemnde lova § 8. I strekpunkta i innleiinga til folketrygdlova kapittel 25 blir det likevel framleis vist til §§ 25-10 og 25-10 a. Departementet foreslår at dette blir retta opp og viser til lovforslaget.

Endringane blir foreslått å tre i kraft straks. Dei har ikkje administrative eller økonomiske konsekvensar.

Til forsida