Ot.prp. nr. 44 (2006-2007)

Om lov om endringar i folketrygdlova og i enkelte andre lover

Til innhaldsliste

2 Retten til pleiepengar etter folketrygdlova § 9-10 blir knytt til poliklinisk behandling i sjukehus

2.1 Innleiing

Departementet foreslår at retten til pleiepengar ikkje lenger berre skal vere knytt til barnet si innlegging i helseinstitusjon, men at det skal vere tilstrekkeleg at barnet er poliklinisk behandla i sjukehus.

2.2 Bakgrunn. Gjeldande rett

Etter folketrygdlova § 9-10 kan det ytast pleiepengar til den som har omsorg for barn under 12 år som har vore innlagt i helseinstitusjon, når barnet treng kontinuerleg tilsyn og pleie. Pleiepengar ytast frå åttande dag etter at pleiebehovet oppstod. (Dei første sju dagane blir dekka gjennom omsorgspengar.) Pleiepengar kan også ytast etter at barnet er utskriven frå helseinstitusjonen dersom barnet treng kontinuerleg tilsyn og pleie.

Innlegging har til no vore sett som teneleg avgrensingskriterium som uttrykk for den alvorsgrad som fører til slikt pleiebehov som ein har meint skulle kunne gi rett til ytinga.

I samband med Arbeids- og sosialkomiteen si behandling av dokument nr. 8:20 (2005-2006), peika komiteen på at ei av tilbakemeldingane frå høyringsorgana var at vilkåret i folketrygdlova § 9-10 om innlegging i helseinstitusjon for rett til pleiepengar blei oppfatta som for strengt. Det blei vist til at utviklinga i behandlingsmetodar går i retning av mindre bruk av innlegging. Arbeids- og inkluderingsministeren uttalte til komiteen at han ville vurdere lovendringar med omsyn til vilkåret om innlegging, sjølv om dette ikkje var tatt opp i det private lovforslaget.

Departementet er merksam på at stadig meir medisinsk behandling skjer poliklinisk, og at det inneber at sjukdomstilfelle som tidlegare førte til at barnet blei innlagt på sjukehus no ofte blir behandla utan innlegging. I følgje opplysningar som Arbeids- og velferdsdirektoratet har innhenta frå mellom anna regionale helseforetak, gjeld det til dømes frakturar og andre ortopediske tilfelle, astma i dårleg fase, epilepsi med mangelfull anfallskontroll, psykiske sjukdomar, langvarige infeksjonssjukdomar, revmatisk og infeksiøs artritt, vondarta sjukdomar, hjartesjukdom, medfødde misdanningar og barn med tarmlidingar som har behov for sondeernæring. Det er relativt sjeldan at sjukdomstilstander etter ambulant behandling medfører behov for pleie i heimen i lang tid. I ein del tilfelle er det likevel behov for ei rekke polikliniske kontrollar med etterfølgjande korte pleiebehov i eitt og same sjukdomstilfelle. Det er hovudsakeleg barneavdelingar, ØNH-avdelingar og ortopediske avdelingar som behandlar slike tilfelle, i tillegg til legevakt/skadepoliklinikkar. Det kan også vere tilfelle i barne- og ungdomspsykiatrien.

2.3 Departementet si vurdering og forslag

På bakgrunn av at fleire sjukdomstilfelle etter kvart blir behandla poliklinisk framfor ved innlegging, meiner departementet at gjeldande vilkår i folketrygdlova § 9-10 om innlegging i helseinstitusjon ikkje gir ei rett avgrensing av dei tilfella ein tidlegare har lagt til grunn at det er behov for å yte pleiepengar. Vilkåret om innlegging gir ikkje rett til pleiepengar etter folketrygdlova § 9-10 i mellom anna sjukdomstilfelle som nemnt i punkt 2.2, sjølv om barnet etter behandlinga/inngrepet framleis har behov for kontinuerleg tilsyn og pleie i ein periode. Graden av funksjonssvikt, og ikkje innlegging eller sjukdomsdiagnosen aleine, vil vere avgjerande for om barnet har behov for pleie i heimen.

Departementet foreslår derfor at folketrygdlova § 9-10 blir endra slik at ikkje berre innlegging i helseinstitusjon kan utløyse rett til pleiepengar, men også poliklinisk behandling i sjukehus. Ein meiner at det gir ei avgrensing som vil omfatte den målgruppa som ein tidlegare har lagt til grunn skulle vere omfatta av retten til pleiepengar, men som no på grunn av medisinsk utvikling ikkje fyller kravet til innlegging. Departementet understrekar at tilfella som er nemnt over i punkt 2.2 ikkje gir ei uttømmande liste over dei tilfella som skal kunne gi rett til pleiepengar ved poliklinisk behandling. Ein viser til lovforslaget.

2.4 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Ordninga som gjeld i dag har for åra 2004 og 2005 medført vel eitt tusen pleiepengetilfelle etter folketrygdlova § 9-10 for kvart av åra, med rekneskapsført beløp på 22.5 og 25 millionar kroner. I ein del tilfelle dekker eigenmeldingsdagar (omsorgspengar) opp for foreldra sitt fråvær når barn har eit særleg pleiebehov. Når retten til omsorgspengar er «brukt opp», er det Arbeids- og velferdsforvaltninga si erfaring at det ikkje sjeldan hender at ein av foreldra sjukemelder seg når sjuke barn har særleg behov for pleie i heimen. Ordninga kan også virke i retning av at sjukehusa i ein del tilfelle vil kunne føle seg pressa til å legge inn barnet for å sikre foreldra rett til pleiepengar.

Ved å gi rett til pleiepengar også på bakgrunn av pleiebehov som oppstår i samband med poliklinisk behandling i sjukehus, vil ein i nokon grad kunne motverke at foreldre blir sjukmeldte og at det skjer unødvendige innleggingar. Ein konsekvens av at posteringar blir endra frå foreldra si sjukmelding til pleiepengar for barna vil vere ein noko høgare kostnad for Arbeids- og velferdsforvaltninga, idet folketrygdlova § 9-10 dekker kostnader frå åttande dagen, mens det offentlege gir refusjon for sjukepengar frå 17. dagen.

Det er ei rekke sjukdomsdiagnosar og behandlingsformer som kan utløyse behov for pleie i heimen etter poliklinisk behandling. Pleiebehovet i kvar enkelt sak vil gå fram etter ei heilskapleg vurdering av barnets funksjon. Det har ikkje vore muleg å skaffe fram tal for å berekne kostnad ved å gi rett til pleiepengar også berre ved poliklinisk behandling. Det er likevel grunnlag for å tru at dei aller fleste aktuelle tilfella vil føre til relativt kortvarige pleieperiodar og at ei slik endring av folketrygdlova § 9-10 ikkje vil gi store meirutgifter.

Ein foreslår at endringa tar til å gjelde straks.

Til forsida