Ot.prp. nr. 44 (2006-2007)

Om lov om endringar i folketrygdlova og i enkelte andre lover

Til innhaldsliste

6 Lovteknisk justering i lov om kommunale og fylkeskommunale eldreråd § 1 andre ledd, § 3, § 4 tredje ledd og § 8 tredje ledd

Lov om kommunale og fylkeskommunale eldreråd § 1 andre ledd viser til «bydelar», «bydelsutval» og «bydelsutvala». Lov om kommuner og fylkeskommuner bruker omgrepa «kommunedel» og «kommunedelsutvalg». Departementet foreslår at omgrepa blir endra slik at dei er i samsvar med kommunelova.

Ved ein inkurie er det blitt ein skrivefeil i overskrifta til § 3. Departementet foreslår at «oppgåvane» i overskrifta blir endra til «oppgåvene».

I § 4 tredje ledd blir det vist til «kommunestyrelova om kommunale nemnder». Denne lova er oppheva, og er frå 1. januar 1993 avløyst av lov 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommuner. Ein foreslår derfor at tilvisinga i § 4 tredje ledd blir endra til «lov 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommuner».

I § 8 tredje ledd blir det vist til «fylkeskommunelova om fylkeskommunale nemnder». Denne lova er oppheva, og er frå 1. januar 1993 avløyst av lov 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommuner. Ein foreslår derfor at tilvisinga i § 8 tredje ledd blir endra til «lov 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommuner».

Departementet viser til lovforslaga.

Endringane har ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar, og ein foreslår at dei trer i kraft straks.

Til forsida