Ot.prp. nr. 49 (2001-2002)

Om lov om endringar i lov 7. juni 1996 nr. 31 om Den norske kirke (kirkeloven)

Til innhaldsliste

2 Hovudinnhaldet i proposisjonen

I St.meld. nr. 14 (2000-2001) vart det gjort greie for utviklinga av den lokale kyrkjeøkonomien det siste tiåret. I meldinga vart drøfta den økonomiske ansvarsdelinga mellom staten og kommunane på det kyrkjelege området. Det vart foreslått at reiseutgiftene til prestane, som kommunane etter kyrkjelova § 15 har det økonomiske ansvaret for, vart ført over til staten. I Innst. S. nr. 187 (2000-2001) slutta kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen seg til dette.

Departementet viser til dette og foreslår no dei endringane i kyrkjelova som heng saman med denne saka. Det økonomiske ansvaret som kommunane har for reiseutgiftene til prestane etter kyrkjelova § 15, blir etter dette foreslått oppheva.

Etter kyrkjelova § 14 er sjølve utbetalinga av reisegodtgjersle til prestane eit ansvar for det kyrkjelege fellesrådet i kommunen. Dette er eit resultat av at kommunen har det finansielle ansvaret. Departementet foreslår at denne oppgåva til fellesrådet fell bort i samband med at staten tek over det økonomiske ansvaret for reiseutgiftene for prestane.

I tillegg til ansvaret for reiseutgiftene for prestane, meiner departementet det er naturleg at staten òg får det økonomiske ansvaret for å dekkje utgiftene til bustadtelefon for prestane. Etter kyrkjelova § 15 har kommunane dette ansvaret i dag.