Ot.prp. nr. 49 (2001-2002)

Om lov om endringar i lov 7. juni 1996 nr. 31 om Den norske kirke (kirkeloven)

Til innhaldsliste

4 Generelle merknader frå departementet

I alle kommunar skal det vere eit kyrkjeleg fellesråd. Kyrkjelova § 14 regulerer ansvaret og oppgåvene til det kyrkjelege fellesrådet. Fellesrådet er sett saman av medlemer frå dei valde sokneråda i kommunen. I tilfelle det berre er eitt sokneråd i kommunen, har soknerådet dei oppgåvene fellesrådet har etter kyrkjelova.

Det økonomiske ansvaret som kommunen har for kyrkja, er regulert i kyrkjelova § 15. Etter kyrkjelova § 15 første leddet, bokstav f, skal kommunen, etter forslag frå fellesrådet, utgreie «utgifter til reiser, kontorhold og boligtelefon for prester.» Etter kyrkjelova § 14 andre leddet, bokstav f, er det fellesrådet som er ansvarleg for «utbetaling av godtgjørelser til prester for reiser og boligtelefon for prester etter regler gitt av departementet.» Etter kyrkjelova har dermed kommunen det finansielle ansvaret for reiseutgiftene og bustadtelefon til prestane, medan fellesrådet har ansvaret for å administrere og utbetale desse godtgjerslene.

Som nemnd vart spørsmålet om statleg overtaking av reiseutgiftene for prestane omtala i St.meld. nr. 14 (2000-2001), der departementet foreslo slik omlegging. I meldinga heiter det om dette:

«Vesentlege delar av prestetenesta gjeld oppgåver i samband med gudstenester og kyrkjelege handlingar, heimebesøk, sjelesorg m.m. Dei økonomiske rammevilkåra for tenestereisene kan mange stader ha stor verknad for prestetenesta i det heile. Særleg i landdistrikt og i kyststrok er reiseutgiftene til prestane ein vesentleg del av dei utgiftene kommunane har til kyrkja. Både kommunane og dei kyrkjelege fellesråda må sjå desse utgiftene i samanheng med andre utgiftsområde innanfor kyrkjesektoren.

Sidan ansvaret for styringa og leiinga av prestetenesta ligg til biskopane og bispedømmeråda, som i denne samanhengen er statlege forvaltningsorgan, meiner departementet - av prinsipielle og styringsmessige grunnar - at det økonomiske ansvaret for reiseutgiftene til prestane bør liggje til staten. Forsøka med nyorganisering av prestetenesta viser dessutan at det kan bli vanskeleg å realisere ei nyorganisering på rasjonell måte utan at reiseutgiftene til prestane blir førte over til staten. Slik endring av ansvarsfordelinga mellom kommune og stat vil òg vere meir i samsvar med det finansielle ansvarsprinsippet, som går ut på at den som har ansvaret for ei oppgåve, òg skal ha finansieringsansvaret. Det er elles slik at visse reiseutgifter som gjeld prestetenesta, blir dekte av staten i dag, mellom anna reiser for vikarar. Dersom staten tek det fulle ansvaret for reiseutgiftene til prestane, vil det samla sett kunne bli ei forenkling på området.

Departementet viser til dette og legg til grunn at staten bør ta over det ansvaret kommunane i dag har for reiseutgiftene til prestane.»

I Innst. S. nr. 187 (2000-2001) slutta Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen seg til forslaget. I Innst. S. nr. 187 (2000-2001) heiter det:

«Komiteen viser til at Regjeringen vil videreføre den direkte statlige finansiering av presteskapet. Komiteen er enig i dette. Videre er komiteen enig i at staten overtar ansvaret for reiseutgiftene.»

Av omsyn til tenesta har alle prestar krav på å få dekt utgifter til bustadtelefon av det offentlege etter dei allmenne reglane som gjeld. Det finansielle ansvaret her ligg til kommunen etter kyrkjelova § 15. Spørsmålet om staten burde ta over desse utgiftene, vart ikkje behandla i St.meld. nr. 14 (2000-2001). Fordi prestane er statstenestemenn, meiner departementet det er naturleg at staten har ansvaret for desse utgiftene, slik som for reiseutgiftene, og kan ikkje sjå det ligg føre praktiske eller andre omsyn for at desse utgiftene framleis bør vere eit kommunalt ansvar. Utgiftene til kontor og kontorhald for prestar kjem i ei anna stilling. Desse utgiftene må bli sedde i samanheng med utgifter til kontor og kontorhald for andre kyrkjeleg tilsette i kyrkjelydane, for slik å få ei rasjonell samordning og integrering av prestekontoret og det lokale kyrkjekontoret. Den statlege løyvinga til kontorhaldet for prestar vart på denne bakgrunnen innarbeidd i det generelle tilskottet frå staten til dei kyrkjelege fellesråda frå 1. januar 1999, jf. St.prp. nr. 1 (1998-1999).