Ot.prp. nr. 49 (2001-2002)

Om lov om endringar i lov 7. juni 1996 nr. 31 om Den norske kirke (kirkeloven)

Til innhaldsliste

5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Prestane er statstenestemenn. Lønn og andre driftsmidlar til prestetenesta vert løyvd over statsbudsjettet kap. 341. Det er bispedømmeråda som forvaltar driftsløyvinga til presteskapet. Utgiftene til reiser og bustadtelefon for prestane vil for framtida bli budsjettert som del av den statlege driftsløyvinga til presteskapet.

Departementet har for åra 1999 og 2000 innhenta oppgåver frå dei kyrkjelege fellesråda om omfanget av reiseutgiftene til prestane. Oppgåvene frå fellesråda for desse åra viser at utgiftene kan reknast til mellom 20 og 25 mill. kroner per år. Dei samla utgiftene til bustadtelefon for prestane er rekna til om lag 4 mill. kroner per år. Etter omlegginga vil det vere bispedømmeråda som får ansvaret for å utbetale reisegodtgjersle til prestane, og for å dekkje utgiftene til bustadtelefon. Dei oppgåvene fellesråda har hatt på desse områda, vil falle bort. Det er i dag om lag 1 250 prestestillingar som omlegginga har verknad for.

I tråd med St.meld. nr. 14 (2000-2001), sjå Innst. S. nr. 187 (2000-2001), er det ein føresetnad at staten ikkje skal få meirutgifter ved omlegginga. Som følgje av at kommunane og fellesråda får redusert sine oppgåver og sitt ansvarsfelt ved at staten får det direkte økonomiske ansvaret for utgiftene til reiser og bustadtelefon for prestane, vil omlegginga bli finansiert ved reduksjon i rammetilskottet frå staten til kommunane. Departementet tek sikte på at nyordninga skal gjelde frå 1. januar 2003. Dei budsjettmessige konsekvensane vil departementet komme tilbake til i statsbudsjettet for 2003.