Ot.prp. nr. 55 (2006-2007)

Om lov om register for frivillig virksomhet

Til innhaldsliste

11 Merknader til dei enkelte paragrafane

Til § 1 Formål

Paragrafen svarar til § 1 i forslaget frå arbeidsgruppa, men teksten er redigert ved at paragrafen er delt opp i to setninger og departementet har gjort ei mindre endring ved at det avslutningsvis i første punktum er tatt inn følgjande tekst «men uten at dette går ut over den frivillige virksomhetens selvstendige stilling». Dette er lagt til for å synleggjera at føresegna ikkje skal innskrenka den uavhengige stillinga til frivillig verksemd.

Lovutkastet har fleire føremål. For det første er det eit føremål å betra og forenkla samhandlinga mellom frivillig verksemd og offentlege styresmakter. Det gjeld spesielt søknadssaker o.l., der frivillig verksemd har behov for kontakt med det offentlege, og der det skal utformast og hentast inn opplysningar og informasjon. Det gjeld òg meir generelt, der det offentlege har behov for innsyn i detaljopplysningar om forholda i ein enkeltståande organisasjon, og når saksbehandlinga ikkje er initiert av ein søknad frå ein organisasjon. Samtidig skal frivillig verksemd framleis ha ei autonom stilling i samfunnet, slik at Frivilligregisteret ikkje blir eit verktøy for overvaking og instruering av frivillig verksemd.

Eit anna føremål er å leggja forholda til rette for politikken som det offentlege fører overfor frivillig verksemd. Dette må sjåast i samanheng med at lovforslaget legg opp til at dei einingane som vel å registrera seg i registeret, pliktar å registrera opplysningar om kategorien (aktivitetsområdet) som eininga høyrer inn under, jf. utkastet § 6 første ledd. Tanken er at det offentlege kan nytta seg av opplysningane om aktivitetsområde i samband med tildeling av stønad, utforming av skatte- og avgiftspolitikk, osv.

Eit tredje føremål er å styrkja og ta vare på grunnlaget for frivillig verksemd og dermed gje slik verksemd legitimitet. Frivilligregisteret er basert på at registreringseiningane er sjølvstendige rettssubjekt, at dei kan ha rettar og plikter, formue og gjeld, jf. utkastet § 4. Det er òg basert på offentleg innsyn i dei registrerte opplysningane, jf. utkastet § 16. Desse forholda vil venteleg medverka til å realisera dette føremålet.

Dessutan skal Frivilligregisteret medverka til å leggja forholda til rette for forsking omkring den tredje sektoren, i og med at forskarar kan nytta seg av dei registrerte opplysningane om registreringseiningane. Det vil venteleg få noko å seia for utarbeiding av offentleg statistikk. Men desse føremåla er av subsidiær karakter og er ikkje nemnde uttrykkjeleg i lovutkastet.

Til § 2 Register for frivillig virksomhet (Frivillighetsregister). Organisasjon mv.

Paragrafen svarar til forslaget frå arbeidsgruppa til § 2, men i det første leddet i paragrafen er det lagt til eit nytt andre punktum om at Kongen oppnemner eit registerorgan for Frivilligregisteret.

I første ledd legg departementet opp til at etableringa av eit register for frivillig verksemd er ei offentleg oppgåve, og at organiseringa og drifta av eit slikt register ligg under staten, jf. første punktum.

Departementet legg opp til at Brønnøysundregistra får oppgåva med å drifta registeret, men vel å fastsetja dette i forskrift. Detaljerte reglar om organisasjon, administrasjon og føring av eit register for frivillig verksemd blir òg føresett regulert i forskrift.

Det er gjennomføringa på detaljplanet forskriftsheimelen i andre leddet rettar seg mot. Meir om organisering osv. av eit register for frivillig verksemd i NOU 2006: 15 Frivillighetsregister punkt 3.4 (s. 18 flg.). Tilsvarande gjeld for føringa av registeret. Lovutkastet inneheld ei rekkje reglar om dette, jf. utkastet §§ 8 - 20, og forskriftsheimelen tek berre sikte på å dekkja meir detaljerte rutinar som det kan visa seg å bli behov for å regulera.

Departementet føreset at oppslag mot registeret som hovudregel skal vera gratis, sjå utkastet § 16 første ledd, men at det kan krevjast gebyr for spesielle tenester, til dømes samanstilling av opplysningar, sjå punkt 10.3.2 ovanfor.

Sjølve finansieringa av registeret er det gjort greie for ovanfor i punkt 10.3.3. Der blir det lagt opp til at finansieringa dels skal skje gjennom eit etableringsgebyr (i form av ei eingongsavgift) og dels gjennom ei årleg avgift for å stå i registeret. Utkastet § 2 andre ledd andre punktum gjev departementet heimel for å utforma reglar om fastsetjing av gebyr og avgift.

Til § 3 Registreringsrett. Frivillig virksomhet

Paragrafen svarar til forslaget frå arbeidsgruppa til § 3, men det er lagt til eit nytt tredje ledd som gjev høve til å nekta registrering av frivillig verksemd som ikkje er rekna som allmennyttig, jf. det som er sagt om dette i punkt 7.3.1 ovanfor. Departementet har gjort enkelte språklege endringar for å presisere innhaldet i paragrafen. Første ledd, første punktum er omformulert, slik at det lyder: «Registreringsenheter etter § 4 som driver frivillig virksomhet, har rett til å registrere seg i registeret.» I første ledd andre punktum er «aktiviteter som ikke er fortjenestebasert» erstatta med «virksomhet som ikke har til formål å skaffe økonomisk utbytte».

Departementet legg opp til at bruksområdet til registeret blir fastsett ved å jamføra føresegna i utkastet § 3 om frivillig verksemd med føresegna i utkastet § 4 om registreringseiningar. Utkastet § 3 definerer frivillig verksemd. Dermed blir det saklege virkesområdet til lovutkastet og registreringsordninga peika ut, samtidig som det blir markert ei «nedre» grense for kva Frivilligregisteret og lova tek sikte på å omfatta. Paragraf 4, som stiller krav til registreringseiningane, inneber at ikkje all aktivitet som ut frå ei vurdering av aktivitetsområde etter § 3 kan reknast som frivillig verksemd, høyrer under lova som registreringseiningar. Dermed fell ikkje all frivillig verksemd inn under Frivilligregisteret. På den andre sida er det berre aktivitetar som kan reknast som frivillig verksemd etter § 3, som kan gjerast til registreringseiningar etter § 4.

Arbeidsgruppa har vurdert fleire alternative måtar å peika ut verksemdsområdet til lova og registeret på, jf. NOU 2006: 15 punkt 3.6 (s. 23–30). Utfordringa er å velja eit avgrensingskriterium som eignar seg både til å inkludera og ekskludera dei livs- og aktivitetsområda ein ut frå ei lovgjevingspolitisk vurdering ynskjer i og utanfor eit slikt register, og samtidig oppnå ei avgrensing som lovteknisk er gjennomførbar og rimeleg eintydig. Når det gjeld avgrensingskriterium, har departementet valt å la det avgjerande vera om registreringseininga kan seiast å driva «frivillig virksomhet», og har valt å definera frivillig verksemd som aktivitetar som «virksomhet som ikke har til formål å skaffe økonomisk utbytte», jf. utkastet § 3 første ledd andre punktum.

Kjerneområdet for definisjonen er aktivitetar der det ikkje går føre seg økonomisk verksemd, og der det ikkje er utdeling til eigarar. Eit typisk døme på frivillig verksemd er aktivitetar som skjer i regi av ei ideell, ikkje-økonomisk foreining. Men det gjeld òg frivillig verksemd i regi av stiftingar, som praktiserer utdeling («aktivitetsstifting»). Lovutkastet opnar for at visse andre stiftingar og visse selskap kan få stilling som registreringseining, jf. utkastet § 4. Stiftingar gjer utdelingar, og selskap driv økonomisk verksemd, men lovutkastet byggjer likevel på at desse aktivitetane i den aktuelle samanhengen ikkje er fortenestebaserte, i og med at utdelinga berre skjer til frivillig verksemd. Avgrensinga av verkeområdet i utkastet § 3 må samanliknast med den institusjonelle avgrensinga av registreringseiningane i utkastet § 4, for at det skal gje eit samla bilete av kva som fell innanfor og utanfor registeret. Når det gjeld det nærare innhaldet i omgrepet frivillig verksemd, sjå NOU 2006: 15 Frivillighetsregister punkt 3.6.3 (s. 24–30) og punkt 7.3.2 ovanfor.

Andre ledd fastset nokre aktivitetar som fell utanfor området for frivillig verksemd. Oversikta er ikkje uttømmande. Ho kan altså ikkje tolkast antitetisk (motsetningsvis), slik at all annan aktivitet som det kan vera tvil om, og som ikkje fell innanfor andre ledd, utgjer frivillig verksemd. Grunngjevinga for at arbeidsgruppa vel å peika spesielt på to område som fell utanfor verkeområdet for registreringsordninga, står i NOU 2006: 15 punkt 3.6.3 (s. 27, første spalte, femte avsnitt). Det heng først og fremst saman med at ordlyden i lova – her andre ledd – gjev eit tolkingsgrunnlag for å halda stiftingar som det offentlege har full organisatorisk kontroll med, utanfor registreringsordninga, jf. andre ledd bokstav a. Avgrensinga i andre ledd bokstav b er teken med for å gjera det klart at aktivitetar som er baserte på samvirkeprinsipp, fell utanfor.

Tredje ledd gjev registerføraren høve til å nekta å registrera einingar som elles oppfyller vilkåra for registrering, men når registrering i Frivilligregisteret synest urimeleg. Departementet meiner at det må reknast som føremålstenleg å avgrensa negativt i forhold til aktivitet som ikkje synest å ha eit allmennyttig føremål, og at dette vil kunna styrkja legitimeringsfunksjonen til registeret. Denne avgrensinga tek sikte på å halda ute aktivitet som er klart samfunnsskadeleg, og som ikkje er representativ for dei interessene registeret skal tena. Føresegna bør brukast med varsemd, og ho tek berre sikte på å ramma klart klanderverdige tilfelle. Det blir vist til det som er sagt om dette i punkt 7.3.2 ovanfor.

Til § 4 Registreringsenheter

Paragrafen svarar til forslaget frå arbeidsgruppa til § 4.

Det er ein grunnleggjande premiss at dei einingane som får registreringsrett, må vera juridiske personar som i kraft av å vera nettopp det kan ha rettar, plikter, formue og gjeld og kan haldast ansvarlege i høve til rettsreglar. Meir om det i punkta 7.1.2 og 7.3.2 ovanfor.

Departementet legg til grunn at fysiske personar ikkje kan vera registreringseining, og at heller ikkje enkelmannsføretak kan vera registreringseining. Grunnen til det er at inkludering av slike einingar vil sprengja ramma for det som naturleg kan reknast som frivillig verksemd, og gjera det mogleg å omgå reglane slik at einskildpersonar tilgodeser seg sjølve, medan det går ut over den frivillige verksemda. Heller ikkje ansvarlege selskap kan gjerast til registreringseining. I praksis er det sjeldan at ansvarlege selskap har nokon funksjon i samband med frivillig verksemd, og det er neppe behov for at slike selskap skal kunna registrera seg i Frivilligregisteret. Å opna registeret for ansvarlege selskap vil òg leggja forholda til rette for omgåing, ettersom slike selskap typisk driv økonomisk verksemd og har eigarar utanfor den tredje sektoren som det blir gjort utdelingar til.

Foreiningar bør derimot inngå som registreringseining, ettersom dei fleste frivillige organisasjonar er foreiningar eller forbund (som juridisk er det same), jf. utkastet § 4 første ledd bokstav a. Men det er neppe grunn til at foreiningar som driv økonomisk verksemd (økonomiske foreiningar) skal kunna vera einingar med registreringsrett. Slike foreiningar er elles oftast organiserte som samvirkeføretak og fell av den grunn utanfor lovutkastet, jf. utkastet § 3 andre ledd bokstav b. Kva ei foreining er, må fastsetjast konkret ut frå rettspraksis og juridisk teori, jf. allmenne merknader i NOU 2006: 15 punkt 3.6.4.2 (s. 31–32) og Woxholth: Foreningsrett , andre utgåva, Oslo 1999, s. 42 flg.

Stiftingar bør òg få status som registreringseining, jf. utkastet § 4 første ledd bokstav b, sjølv om ei stifting typisk er mindre demokratisk oppbygd enn ei foreining. Stiftingar bør inkluderast fordi ein god del frivillig verksemd er organisert i stiftingsform («aktivitetsstiftingar»). Departementet viser til at å generelt stengja ute stiftingar som gjer utdelingar, vil femna for vidt, ettersom det vil gjelda stiftingar som til dømes deler ut midlar til ei foreining som driv frivillig verksemd. Difor blir stiftingar inkluderte – både alminnelege (utkastet § 4 første ledd bokstav b) og næringsdrivande (utkastet § 4 første ledd bokstav c) – som berre gjer utdelingar til frivillig verksemd. Dette ekskluderer registrering av familiestiftingar, som i lovutkastet ikkje er rekna som frivillig verksemd. Det er òg lagt opp til at stiftingar som har høve til eller gjer utdelingar til einskildpersonar, fell utanfor, jf. den generelle føresegna i forslaget § 4 andre ledd. Meir om grunngjevinga for desse avgrensingane i punkt 7.1.2 og 7.3.2 ovanfor og i NOU 2006: 15 punkt 3.6.4.3 (s. 32–36).

Kva for kriterium som gjeld ved fastsetjinga av stiftingsomgrepet, må avgjerast på bakgrunn av legaldefinisjonen i stiftingslova § 2, sjå Woxholth: Stiftelser etter stiftelsesloven 2001 , Oslo 2001, s. 125 flg., og Knudsen og Woxholth: Stiftelsesloven med kommentarer , Oslo 2004, s. 26 flg.

Eit særleg spørsmål er om aksjeselskap bør kunna få status som registreringseining (sjå om ansvarleg selskap ovanfor). Dette reiser prinsipielle spørsmål i forhold til grunnkravet om frivillig verksemd, ettersom det typiske ved selskap er at dei er fortenestebaserte. For aksjeselskap dukkar spørsmålet om dei kan få status som registreringseining, opp, fordi det i praksis er ein del frivillig verksemd som har organisert «sideaktivitetar» i aksjeselskapform, til dømes selskap som sel produkt og/eller tenester til eller for den ideelle verksemda, og som har som føremål å realisera eller finansiera denne verksemda. Departementet ser at det er eit visst behov for at slike selskap skal kunna få status som registreringseiningar, og finn ikkje avgjerande omsyn som talar mot det. Føresetnaden er at eventuelle utdelingar berre går til den frivillige verksemda, jf. forslaget § 4 første ledd bokstav d. Sjå utgreiinga i NOU 2006: 15 punkt 3.6.4.5 (s. 37).

Andre ledd peikar på at einingar som har høve til å gjera utdelingar til fysiske personar, eller som gjer slike utdelingar, ikkje kan få stilling som registreringseining. Ikkje-økonomiske foreiningar kan ikkje i det heile dela ut til eigarar, og det er upraktisk at dei gjer utdelingar til andre einskildpersonar, så problemstillinga er i første rekkje aktuell for stiftingar og aksjeselskap. Særleg for stiftingar som praktiserer utdeling til familiemedlemmer, alminneleg trengande (som i praksis er einskildpersonar), studentar o.a., er det likevel viktig å presisera at slike stiftingar ikkje kan få plass i registeret. Sjå drøftinga ovanfor. Tilsvarande gjeld for aksjeselskap med registreringsrett. Her er grunngjevinga for å nekta registrering i første rekkje omgåingsomsyn ved at aksjeselskap som tilsynelatande berre gjer utdelingar til frivillig verksemd, i realiteten (òg) deler ut til eigarar som fysiske personar.

Til § 5 Forholdet til Enhetsregisteret

Paragrafen svarar til § 5 i forslaget frå arbeidsgruppa.

Føresegna tek sikte på å definera og forklara relasjonen mellom Frivilligregisteret og Einingsregisteret. Departementet legg opp til ei enkel registreringsordning utan dobbel lagring av opplysningar, jf. punkt 5.3.2 ovanfor, der Einingsregisteret blir brukt som «grunnmur» for Frivilligregisteret. I praksis inneber det at Einingsregisteret og registerføraren får opplysningar som er fastsette i einingsregisterlova § 5 og 6, medan Frivilligregisteret og registerføraren der får (tilleggs)opplysningar om forhold som er nemnde i lovforslaget her, jf. utkastet § 6. I tillegg blir rekneskapsopplysningar registrerte i Rekneskapsregisteret, jf. utkastet § 7. Departementet føreset at brukarar av Frivilligregisteret skal kunna henta alle opplysningar om einingar som er registrerte der, på ein og same staden, sjølv om opplysningane fysisk ligg i ulike databasar. Meir om registreringsordninga og forholdet til Einingsregisteret i punkt 5.1.2 ovanfor. Om plikt til å registrera opplysningar om styret, sjå punkt 8.1.1 ovanfor.

Til § 6 Registreringspliktige og registreringsberettigede opplysninger

Paragrafen svarar til § 6 i forslaget frå arbeidsgruppa, men det er gjort ei mindre endring i ordlyden i første ledd for å hindra mistydingar. Vidare er omgrepet «relasjonelle forhold» erstatta med «tilknytning til en gruppe enheter» i første ledd.

Føresegna tek sikte på å gjera greie for dei opplysningane som skal og kan registrerast i Frivilligregisteret. Ein må sjå henne i samanheng med utkastet § 5, som seier at det er registreringsplikt for visse opplysningar i Einingsregisteret.

Første ledd fastset registreringsplikt for opplysningar om kategorien til eininga og eventuell tilknytning til ei gruppe einingar, (relasjonelle forhold) i samsvar med kriterium for kategorisering fastsette i forskrift. Føresetnaden for plikta er at eininga nyttar seg av retten til å registrera seg. Føresegna må sjåast i samanheng med politikkutformingsfunksjonen, jf. NOU 2006: 15 punkt 3.2.2 (s. 13–15) og punkt 3.1 ovanfor, og bruken av malen for kategorisering frå Johns Hopkins-prosjektet, jf. punkt 8.1.5 ovanfor. Når det gjeld opplysningar om relasjonelle forhold har ein tenkt på einingar som høyrer inn under ein paraplyorganisasjon eller er eit lokallag i ei større eining, t.d. Norges Fotballforbund, jf. ovanfor under pkt. 8.1.3.

Andre ledd slår fast ein registreringsrett for vedtektene og set opp minstekrav for vedtektene til ei foreining, dersom foreininga bruker registreringsretten. Det blir presisert at det må skiljast mellom det å leggja fram vedtekter for registerføraren ved første gongs registrering ,og det å velja å registrere vedtektene i Frivilligregisteret. Vedtektene som følgjer søknad om registrering kan alle få innsyn i ved å venda seg til registeret og det er eit krav at vedtektene skal framleggast for alle foreiningar som ynskjer å registrera seg, jf. utkastet § 8 andre ledd andre punktum. Men det er berre dersom vedtektene blir registrerte, at foreininga har plikt til å registrera vedtektsendringar, jf. utkastet § 10. Det inneber at det berre er for foreiningar som bruker registreringsretten for vedtekter, at det er mogleg å få innsyn i oppdaterte vedtekter. Vedtektene til ei stifting og eit selskap (og endringar i dei) skal registrerast etter stiftingslova og føretaksregisterlova, og det er unødvendig å slå fast registreringsplikt i lov om register for frivillig virksomhet. Meir om grunngjevinga for frivillig registrering av vedtektene til ei foreining i punkta 8.1.2 og 8.3.2 ovanfor.

Tredje ledd byggjer på den føresetnaden at det er stiftingar og aksjeselskap av registreringseiningane i eit register for frivillig verksemd som har ufråvikeleg rekneskapsplikt etter rekneskapslova og innsendingsplikt til Rekneskapsregisteret etter rekneskapslova kapittel 8. Berre visse foreiningar har slike plikter, jf. punkt 8.1.4 ovanfor. Tredje ledd gjeld einingar – i praksis foreiningar – som likevel på frivillig basis vel å rapportera rekneskapsopplysningar til Rekneskapsregisteret, slik det blir opna for i utkastet § 7. For slike einingar er det i tredje ledd fastsett at dei pliktar å registrera opplysningar i Frivilligregisteret om datoen for den siste mottekne rekneskapsrapporteringa i Rekneskapsregisteret.

Til § 7 Rapportering av regnskapsopplysninger

Paragrafen svarar til forslaget frå arbeidsgruppa til § 7.

I første punktum er det for ordens skuld – som informasjon – teke med at rapportering av rekneskapsopplysningar for stiftingar, aksjeselskap og rekneskapspliktige foreiningar skjer etter reglane i rekneskapslova kapittel 8.

I andre punktum er det heimla ein særleg rett for foreiningar som ikkje er rekneskapspliktige etter rekneskapslova, til å rapportera rekneskapsopplysningar til Rekneskapsregisteret. Føresetnaden er at slike foreiningar, sjølv om det ikkje er obligatorisk etter lovgjevinga, legg fram rekneskap. Departementet viser til at arbeidsgruppa har vurdert nærare om det i lov om register for frivillig virksomhet bør innførast rekneskaps- og revisjonsplikt for foreiningar som ikkje er rekneskapspliktige etter rekneskapslova, men har kome til at det ikkje er god nok grunn til det, jf. NOU 2006: 15 punkt 3.7.5 (s. 42–43). Arbeidsgruppa har òg vurdert grunnleggjande forhold omkring rekneskapsrapportering til Rekneskapsregisteret, NOU 2006: 15 punkt 3.7.6 (s. 44). Departementet føreslår at detaljkrav til rekneskapsrapportering blir fastsett i forskrift, jf. tredje punktum.

Til § 8 Dokumentasjon av opplysningene

Paragrafen svarar til forslaget frå arbeidsgruppa til § 8.

Føresegna har einingsregisterlova § 8 som førebilete, men er dels «smalare» og dels «vidare» enn denne føresegna. Ho tek sikte på å sørgja for at dei opplysningane som registeret får, samsvarar med dei verkelege forholda. Departementet nemner i samband med det at Frivilligregisteret ikkje siktar mot å ha eit positivt og negativt truverd for dei registrerte opplysningane, slik som eit næringsregister, som t.d. Føretaksregisteret. Ei registrering etablerer såleis ikkje legitimasjonsverknader i forhold til tredjemenn, til dømes medkontrahentar. Det er likevel viktig å sikra at dei registrerte opplysningane er mest mogleg i samsvar med det som faktisk er tilfellet. Difor blir det kravt ei erklæring som stadfester at dei melde opplysningane er rette, jf. første ledd.

I andre ledd første punktum får registerføraren heimel for å krevja den dokumentasjonen som han meiner er nødvendig for å kunna vurdera om det som blir meldt, er rett. Det kan vera dokument som gjeld stiftinga, rekneskapsopplysningar eller anna.

Andre ledd andre punktum slår fast at ei foreining ved første gangs registrering skal leggja fram vedtektene. Det blir altså føresett at foreiningar med registreringsrett har vedtekter. Plikta til å leggja fram vedtektene gjeld heilt uavhengig av om foreininga vel å registrera dei, jf. om det sistnemnde, utkastet § 6 andre ledd. Grunngjevinga for plikta til å leggja fram vedtektene er at dette er det sentrale dokumentet registerføraren har for å kunna vurdera om eininga i juridisk meining er ei foreining.

Til § 9 Oppfyllelse av meldingsretten ved førstegangsmelding

Paragrafen svarar til forslaget frå arbeidsgruppa til § 9.

Utkastet § 9 har ein parallell i einingsregisterlova § 13, men er spesielt tilpassa Frivilligregisteret, der det er registrerings- og meldingsrett og ikkje registrerings- og meldingsplikt. Føresegna er strengt teke ikkje nødvendig, fordi utkastet § 5 og 6 fastset kva for opplysningar som skal og kan registrerast. Ho er likevel teken med i lovutkastet for å gje informasjon til registreringseiningane og brukarane av Frivilligregisteret, og må sjåast i samanheng med utkastet § 10 om endringsmelding (som altså kjem i tillegg til førstegangsmeldingane). Ved å jamføra utkastet § 9 med utkastet § 10 får ein oversikt over korleis alle former for meldingar blir oppfylte, både førstegangsmelding og endringsmelding.

Vel ei eining først å registrera seg i Frivilligregisteret, pliktar eininga å melda og registrera opplysningar som er nemnde i utkastet til lov om register for frivillig virksomhet § 5 til Einingsregisteret, og opplysningar som er nemnde i utkastet § 6 første ledd til Frivilligregisteret. Dersom ei foreining vel å nytta seg av retten til å registrera vedtektene sine, skal det skje til Frivilligregisteret etter utkastet § 6 andre ledd. Dersom ei foreining som ikkje er rekneskapspliktig, vel å rapportera rekneskapsopplysningar, skal det skje til Rekneskapsregisteret, jf. utkastet § 7.

Til § 10 Endringsmelding

Paragrafen svarar til forslaget frå arbeidsgruppa til § 10, men departementet har moderert ordlyden, slik at registreringseininga skal oppfylla meldingsplikta si om endringar «innen rimelig tid» og ikkje «uten ugrunnet opphold», slik arbeidsgruppa opphavleg føreslo. Denne endringa er gjord for å hindra at føresegna verkar urimeleg streng. Det er òg lagt til eit nytt siste punktum for å sikra at plikta til å senda inn endringsmelding òg omfattar endringar som gjer at vilkår som følgjer av § 3 og 4, ikkje lenger er oppfylte.

Føresegna har einingsregisterlova § 15 som førebilete. Ho er nødvendig for at registeret alltid skal vera oppdatert om dei verkelege forholda. Dersom det berre blir vedteke reglar om førstegangsmelding og ikkje om endringsmelding, vil det føra til at registeret ikkje blir oppdatert om endringar som har skjedd etter førstegongsmeldinga. Det siste punktet rettar seg mot einingar som ikkje lenger innfrir dei grunnleggjande krava til å stå i registeret, og som difor skal slettast, jf. § 12.

Til § 11 Hvem plikten til å melde opplysninger påligger ved utøvelse av meldingsrett

Paragrafen svarar til forslaget frå arbeidsgruppa til § 11.

Regelen har ein parallell i einingsregisterlova § 14, men er spesielt tilpassa registreringa i Frivilligregisteret. Det er tilstrekkeleg at eitt av dei nemnde pliktsubjekta sørgjer for at opplysningane blir melde. Plikta gjeld likevel prinsipielt alle pliktsubjekta, som kvar for seg har eit sjølvstendig ansvar for at opplysningane blir melde. Regelen er ikkje til hinder for at samanslutningar skal ha høve til å senda melding om relasjonelle forhold, jf. punkt 8.3.3 ovanfor.

Til § 12 Pålegg om melding. Sletting

Paragrafen svarar til forslaget frå arbeidsgruppa til § 12, men departementet har i tredje ledd lagt til eit nytt siste punktum, som uttrykkjeleg slår fast at eininga kan slettast dersom ho ikkje lenger oppfyller vilkåra etter § 3 og 4.

Føresegna samsvarar i det store og heile med einingsregisterlova § 16. Men det er nødvendig med ei særleg lovregulering for at ho òg skal kunna brukast for Frivilligregisteret. Føresegna sikrar at registerføraren kan kvalitetssikra opplysningane i Frivilligregisteret.

Føresegna i første ledd gjev registerføraren rett til å henta inn opplysningar når det er mistanke om brot på meldingsplikta etter § 11. Registerføraren kan setja ein frist for å oppfylla krav om opplysningar.

Andre ledd gjev registerføraren heimel for å gjera eigne kontrollundersøkingar når det er mistanke om brot på meldingsplikta i § 11. Departementet føreslår at nærare reglar for at registerføraren skal ha høve til å gjera kontrollar, blir fastsette i forskrift.

Tredje ledd første punktum heimlar sletting av einingar som ikkje følgjer pålegg etter første og andre ledd. Andre punktum heimlar sletting dersom dei grunnleggjande vilkåra for registrering i § 3 og 4 ikkje lenger er oppfylte.

Til § 13 Innføring i registeret

Paragrafen svarar til forslaget frå arbeidsgruppa til § 13.

Regelen er bygd over einingsregisterlova § 17 og er spesielt tilpassa Frivilligregisteret. Føresegna seier at registerføraren har plikt til å vurdera om dei innkomne meldingane er i samsvar med vilkår og føresegner i lova.

Til § 14 Underretning til registreringsenheten

Paragrafen svarar til forslaget frå arbeidsgruppa til § 14.

Føresegna har einingsregisterlova § 18 som førebilete, og har same føremål og tilnærma same verkefelt.

Til § 15 Registreringsnektelse

Paragrafen svarar til forslaget frå arbeidsgruppa til § 15.

Føresegna svarar til einingsregisterlova § 19 og opplyser om klagerett ved registreringsnekting. Klagen skal sendast registerføraren og behandlast av ei eiga klagenemnd, dersom registerføraren ikkje finn å kunna godta klagen, jf. meir om klage og klagenemnd i punkt 9.3 ovanfor.

Til § 16 Innsyn. Utlevering av opplysninger

Paragrafen svarar til forslaget frå arbeidsgruppa til § 16.

Føresegna har ein parallell i einingsregisterlova § 22. Ho slår fast at når det gjeld Frivilligregisteret, har alle rett til å få tilgang til og utskrift av opplysningar i registeret. Utgangspunktet er at oppslag mot registeret er gratis. Men i andre ledd får departementet heimel for å gje nærare reglar om korleis opplysningane skal gjerast tilgjengelege, og om at det skal betalast gebyr for tenestene. Departementet viser til drøftingane til arbeidsgruppa i NOU 2006: 15 punkt 3.8.3 (s. 50–51) og punkt 10.3.2 ovanfor. Det er ein føresetnad at gebyr berre skal kunna krevjast når Frivilligregisteret yter spesielle tenester, til dømes set saman opplysningar frå og om fleire einingar.

Til § 17 Retting av feil

Paragrafen svarar til forslaget frå arbeidsgruppa til § 17.

Føresegna samsvarar med einingsregisterlova § 25. Ved retting av feil i registeret skal den eininga det gjeld, blir informert om rettinga og korleis feilen vil bli retta. Departementet viser til at i tilfelle der eininga urettmessig har rapportert relasjonelle forhold til ei sentral samanslutning utan at det er grunnlag for det, jf. § 6 første ledd, vil registerføraren retta den urette opplysninga dersom han får melding frå samanslutninga om feilen.

Til § 18 Sletting av opphørte enheter

Paragrafen svarar til forslaget frå arbeidsgruppa til § 18.

Føresegna i forslaget § 18 første punktum samsvarar med einingsregisterlova § 26 første ledd første punktum. Føresegna er utforma for å sikra at registerføraren oppdaterer og sikrar at dei registrerte einingane er verksame.

Andre punktum må sjåast i samanheng med forslaget § 2 andre ledd andre punktum og merknadene i punkta 10.1.3 og 10.3.3 ovanfor om finansiering av registeret gjennom ei avgiftsordning.

Til § 19 Klage

Paragrafen svarar til forslaget frå arbeidsgruppa § 19.

Føresegna må sjåast i samanheng med vurderingane til arbeidsgruppa og standpunkt i NOU 2006: 15 punkt 3.7.9 (s. 47–48) og i punkt 9.3 ovanfor. Det blir lagt opp til at vedtak som registerføraren gjer, ikkje skal påklagast etter vanlege reglar i forvaltningslova til den overordna instansen, som i dette tilfellet er departementet, men til ei eiga klagenemnd oppnemnd av departementet. Føremålet er å sikra medverknad frå brukarane, særleg når det gjeld vurdering av kva som naturleg kan reknast som «frivillig virksomhet», slik det er meint i lova. Departementet legg til grunn at representantar for frivillig verksemd, spesielt når det gjeld dette spørsmålet, har kunnskap og røynsler som kan koma til nytte i ei klagesaksbehandling, og som utfyller den juridiske kompetansen både hos registerføraren som førsteinstans og departementet som andreinstans etter alminnelege reglar om klage i forvaltningslova.

Til § 20 Elektronisk kommunikasjon

Paragrafen svarar til forslaget frå arbeidsgruppa til § 20.

Føresegna er eit resultat av at det i mange lover er innført reglar om at elektronisk kommunikasjon skal vera likestilt med papirbasert kommunikasjon, jf. Ot.prp. nr. 67 (2005–2006). Men det føreset at forholda blir lagde til rette for elektronisk kommunikasjon. Føresegna er altså ingen regel som heimlar krav om å få kommunisera elektronisk med registeret, men ein regel som – når forholda er lagde til rette for det – gjev grunnlag for å likestilla elektronisk kommunikasjon med papirbasert kommunikasjon.

Til § 21 Forskrifter

Paragrafen svarar til forslaget frå arbeidsgruppa til § 21.

Fleire stader i lovutkastet er det gjeve sær­skilde forskriftsheimlar til departementet. Utkastet § 21 gjev departementet ein generell heimel for å gje forskrifter til utfylling og gjennomføring av lova, i første rekkje om tilfelle som ikkje er dekte direkte av dei andre forskriftsheimlane.

Til § 22 Lovens anvendelse på Svalbard og Jan Mayen

Paragrafen svarar til forslaget frå arbeidsgruppa til § 22.

Føresegna svarar til einingsregisterlova § 29 og gjev Kongen fullmakt til å gje nærare reglar om bruken av lova i forhold til frivillig verksemd på Svalbard og Jan Mayen.

Til § 23 Ikrafttreden

Paragrafen svarar til forslaget frå arbeidsgruppa til § 23.

§ 23 i forslaget heimlar ein rett for Kongen til å fastsetja kva tid lova skal ta til å gjelda.

Til forsida