Ot.prp. nr. 55 (2006-2007)

Om lov om register for frivillig virksomhet

Til innhaldsliste

9 Klagerett ved registreringsnekt

9.1 Forslaget frå arbeidsgruppa

Arbeidsgruppa føreslår at det skal vera klagerett på vedtak om registreringsnekt, og drøftar kva for organ som skal vera klageorgan for Frivilligregisteret sine vedtak. Arbeidsgruppa føreslår at det opprettast ei eiga klagenemnd med representantar for frivillig verksemd, styresmaktene (departementet) og ein uavhengig leiar som bør ha juridisk kompetanse, jf. punkt 3.7.9 (s. 47–48) i utgreiinga.

9.2 Høyringsfråsegner

Frivillighet Norge stiller seg positiv til forslaget frå arbeidsgruppa om å oppretta av ei eiga klagenemnd, men føreset at det er Frivillighet Norge som skal velja dei to representantane som skal peikast ut av frivillig sektor.

Når det gjeld sletting av registrering, saknar Actis

«at det verken i § 12 eller § 18 er gitt en mulighet til å slette virksomheter som etter godkjent registrering skulle bryte mot bestemmelsene i § 3 og 4. Actis foreslår at slike bestemmelser tas inn i loven.»

9.3 Departementets vurderingar

Departementet legg til grunn at dersom registerføraren finn at vilkåra for registrering ikkje er oppfylte, skal registrering nektast. Eininga skal få informasjon om grunngjevinga for registreringsnekten i vedtaket, og skal så sant det er råd, få nødvendig informasjon og høve til å retta på forholdet. Dersom registeropplysningane ikkje er oppdaterte, eller det er mistanke om at foreininga ikkje lenger er verksam, skal registerføraren gjera det som trengst for å få forholdet i orden. Dersom foreininga ikkje rettar seg etter førespurnad om opplysningar, eller det på annan måte viser seg at det ikkje lenger er grunnlag for registrering, skal registerorganet sletta registreringa til foreininga i Frivilligregisteret. Når det gjeld sletting av registrerte einingar i Frivilligregisteret, har departementet merkt seg dei innvendingane som følgjer av høyringsbrevet frå Actis. Der blir det peika på at sletting kan vera føremålstenleg ikkje berre når det er haldepunkt for at verksemda har stansa, men òg når einingar er registrerte på feil eller mangelfullt grunnlag. Departementet føreslår difor at det, i tillegg til det arbeidsgruppa har lagt til grunn, skal vera heimel for sletting i desse tilfella òg, jf. forslaget til lov om register for frivillig virksomhet § 12 og 18.

Ei klageordning etter reglane i forvaltningslova føreset at eit vedtak om å nekta registrering skal reknast som enkeltvedtak. Om registrering utgjer eit enkeltvedtak, er avhengig av om det å vera registrert inneber ein rett for den aktuelle eininga, jf. forvaltningslova § 2 første ledd bokstav a. Sjølv om det ikkje er avklart kva for rettar som vil følgja av registrering i Frivilligregisteret, rår departementet til at det blir oppretta ein klagerett over vurderinga til registerføraren av om ei eining driv frivillig verksemd, eller elles fyller dei krava som følgjer av forslag til lov om register for frivillig virksomhet etter alminnelege forvaltningsrettslege reglar.

I samsvar med forslaget i NOU 2006: 15 føreslår departementet at det skal opprettast ei særskild nemnd for behandling av klage over vurderingar som registerføraren har gjort av om eininga driv frivillig verksemd, eller elles fyller dei krava som følgjer av lov om register for frivillig virksomhet. Ei slik nemnd bør opprettast som eit kollegialt organ med representantar frå frivillig verksemd, departementet og ein uavhengig representant som har juridisk kompetanse. Sistnemnde blir føreslått som leiar i klageorganet. Heimel for opprettinga av eit slikt klageorgan følgjer av forslag til lov om register for frivillig virksomhet § 19, medan departementet foreslår at reglane for klagebehandlinga skal fastsetjast i forskrift. Det er naturleg at Frivillighet Norge får ei sentral rolle i oppnemninga av representantar for frivillig sektor.

Til forsida