Ot.prp. nr. 56 (2005-2006)

Om lov om endringar i lov 7. juni 1996 nr. 33 om ­Opplysningsvesenets fond

Til innhaldsliste

2 Opplysningsvesenets fond og inflasjonssikring av kapitalen

2.1 Opplysningsvesenets fond

Opplysningsvesenets fond har sitt grunnlag i eigedommar som frå gammalt av høyrde til det einskilde presteembetet som underhald for presten. Verdiar er seinare lagt til fondet, i første rekkje ved sal og kjøp av eigedommar og ei aktiv finansforvalting. Fondet vart oppretta ved lov i 1821. I dag er fondet regulert i Grunnlova § 106 og i lov 7. juni 1996 nr. 33 om Opplysningsvesenets fond.

Verdiane i fondet femner om eigedommar (bygningar, jord- og skogbrukseigedommar, festetomter) og finanskapital. Til eigedommane høyrer rundt 440 prestebustader og 45 prestegardar, 850 000 dekar skog og 10 000 festetomter. Mark­nadsverdien av eigedommane er rekna til 4,3 mrd. kroner, medan marknadsverdien av finanskapitalen er nær 1,7 mrd. kroner pr. 31. desember 2005. Den bokførte grunnkapitalen (kapitalfondet) var på noe over 1,6 mrd. kroner ved årsskiftet 2005/2006.

Fondet vert forvalta av eit forvaltingsorgan med eige styre, innanfor ramma av lovgivinga for fondet og dei instruksane og retningslinjene som er gitt av departementet.

Av § 5 i lova om fondet går det fram at avkastinga først skal dekkje fondet sine eigne utgifter (til drift og vedlikehald av eigedommane, til forvaltinga av fondet m.m.). I samsvar med lovendringa i 2003 skal det av avkastinga dessutan setjast av midlar til inflasjonssikring. Ut over dette kan avkastinga avsetjast til grunnkapitalen, til disposisjonsfond eller givast til kyrkjelege formål.

Resultata frå finansforvaltinga har i siste femårsperiode vore sterkt skiftande. Nedgangen i finansmarknadene i 2002 representerte eit verditap for fondet på rundt 220 mill. kroner. Finansmarknadene har hatt ein generell oppgang i åra 2003–2005. Den bokførte verdien av finanskapitalen var pr. 31. desember 2005 på 1,5 mrd. kroner. Kursreserven, dvs. differansen mellom bokført verdi og marknadsverdi, var 160 mill kroner. Det er i åra 2003–2005 sett av i alt 332 mill. kroner frå sal av eigedommar.

Oversikt over korleis verdien av eigedelane til fondet er sette saman, oversyn over resultatrekneskapen for Opplysningsvesenets fond dei seinaste åra, viktige prinsipp for forvaltinga m.m, er seinast presentert i St.meld. nr. 41 (2004–2005) Om økonomien i Den norske kirke, jf. Innst. S. nr. 108 (2005–2006). Departementet viser elles til St.prp. nr. 1, der det kvart år er med ei omtale av fondet, resultata dei siste åra, hovudutfordringar m.m.

Det er avkastinga frå finanskapitalen som i dei seinare åra i første rekkje har sikra store nok inntekter til å dekkje dei årlege utgiftsoppgåvene til Opplysningsvesenets fond. Vedlikehaldet og drifta av prestebustadene og prestegardane, som i dei fleste tilfelle er bygningar med stor kulturhistorisk verdi, representerer dei største utgiftene på eigedomssida. Inntektene frå desse eigedommane er langt lågare enn utgiftene, noko som er hovudårsaka til at den samla eigedomsforvaltinga regelmessig har hatt eit negativt driftsresultat.

Avkastinga dei siste åra har ikkje gitt rom for å byggje opp fri eigenkapital av særleg storleik. Ved årsskiftet 2005/2006 var den frie eigenkapitalen på 75,8 mill. kroner. Av dette er 25,5 mill. kroner disponert for felleskyrkjelege tiltak i 2006.

2.2 Inflasjonssikringa – lovreglane og praktiseringa

Lovreglane om inflasjonssikring

Under behandlinga av Budsjett-innst. S. nr. 12 (2001–2002) gjorde Stortinget dette vedtaket:

«Stortinget ber Regjeringen fremme forslag slik at grunnkapitalen til Opplysningsvesenets fond inflasjonsjusteres. Regjeringen bes vurdere om regler for fondets grunnkapital bør innarbeides i fondets lover.»

På dette grunnlaget vart forslaget om inflasjonssikring teke opp i Ot.prp. nr. 97 (2001–2002). I Innst. O. nr. 2 (2002–2003) slutta fleirtalet i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen seg til forslaget, medan mindretalet mellom anna peika på at ein lovregel om inflasjonssikring ville redusere handlefridomen. Dei nye reglane om inflasjonssikring vart innarbeidde i §§ 5 og 6 i lova om fondet. I lova § 5 kom det inn ei formulering som stadfesta at kapitalen skal sikrast mot inflasjon. § 6 fekk følgjande ordlyd:

«Avkastinga frå fondet skal først brukast til å inflasjonssikre kapitalen og dekkje fondet sine utgifter. Kapitalen skal inflasjonssikrast ved at det av avkastinga frå fondet kvart år vert sett av eit beløp til kapitalen som svarer til inflasjonen dette året. Ut over dette kan avkastinga leggjast til kapitalen eller til disposisjonsfond og givast til kyrkjelege formål etter nærare avgjerd av Kongen.»

I Ot.prp. nr. 97 (2001–2002) heiter det at formålet med inflasjonssikring er at pengeverdien av kapitalen ikkje skal minke som følgje av inflasjon. Kapitalen er definert som den bokførte grunnkapitalen til fondet, dvs. kapitalfondet. I Ot.prp. nr. 97 (2001–2002) er det gjort greie for den historiske utviklinga av kapitalfondet i perioden 1990–2001. I proposisjonen vart det elles presisert at ei lovfesting av inflasjonssikring ikkje ville vere nokon garanti for at inflasjonssikring reint faktisk kunne gjennomførast. Den finansielle situasjonen for fondet til kvar tid, storleiken på avkastinga kvart år og dei årlege utgiftsoppgåvene som fondet har ansvaret for, ville vere avgjerande.

Om behovet for realsikring av dei verdiane som eigedommane til fondet representerer, heiter det i proposisjonen:

«Etter § 5 i lova om Opplysningsvesenets fond skal salssummane leggjast til kapitalen (kapitalfondet). Behovet for realsikring av den verdien eigedommane til fondet representerer, er dermed tilfredsstillande løyst gjennom prinsippet om at marknadsprisen skal gjelde ved sal, og at salssummane skal leggjast til kapitalen.»

Inflasjonssikringa i 2004 og 2005

Lovreglane om inflasjonssikring tok til å gjelde frå 2004. Kravet til inflasjonssikring var dette året rekna til 13,6 mill. kroner. Overskottet til fondet i 2004 var ikkje stort nok til å dekkje heile summen. For å oppfylle lovkravet om inflasjonssikring, vart om lag 11 mill. kroner ført over til kapitalfondet frå bufferfondet. Kravet om inflasjonssikring i 2005 er rekna til 26,8 mill. kroner. Heile summen vert dekt av overskottet til fondet i 2005.