Ot.prp. nr. 56 (2005-2006)

Om lov om endringar i lov 7. juni 1996 nr. 33 om ­Opplysningsvesenets fond

Til innhaldsliste

3 Generelle merknader frå departementet

Den bokførte grunnkapitalen til fondet (kapitalfondet) har hatt ein stor auke dei siste femten åra, i første rekkje som følgje av sal av eigedommar og ved avsetjing av vinstar ved sal av verdipapir. Fordi verdiane av eigedommane av historiske grunnar i liten grad er bokførte, er verdien av kapitalfondet langt på veg samanfallande med verdien av finanskapitalen.

Forvalting av finanskapitalen ved aktiv plassering i verdipapir tok til omkring 1990. Finanskapitalen er i dag plassert i renteinstrument (obligasjonar m.m.) og i eigenkapitalinstrument (aksjar m.m.). Departementet har gitt reglar om rammer for plasseringane. Elles er det styret for fondet som har ansvaret for den daglege forvaltinga og porteføljestyring gjennom avtaler med nasjonale og internasjonale meklar- og finansinstitusjonar. Verdiutviklinga og avkastinga av finanskapitalen til Opplysningsvesenets fond er dermed relatert til økonomiske konjunkturar og utviklinga i finansmarknadene i Noreg og i utlandet. Eksponeringa i finansmarknadene kan på den eine sida gi ein verdiauke for fondet som er langt høgare enn inflasjonen. På den andre sida kan nedgang i finansmarknadene føre til verdifall som er større enn det inflasjonssikringa skal kompensere for.

Å sikre kapitalen mot verditap som følgje av inflasjon, slik lovreglane tek sikte på, er eit viktig mål. For kapitalen vil verditap eller verdiauke likevel ha mest samanheng med nedgang eller oppgang i finansmarknadene. Departementet ser dette som eit viktig moment i spørsmålet om det er grunn til å ha eit særskilt og lovfesta krav om sikring av kapitalen mot verditap som følgje av inflasjon.

Departementet vil dessutan peike på at det kvart år, etter ei konkret vurdering av den finansielle situasjonen for fondet og dei utgiftsoppgåvene som fondet har, vert gjort vedtak om korleis resultatet frå fondet (overskottet) skal disponerast. Med bakgrunn i tilråding frå styret for fondet er det departementet som gjer vedtak om disponeringa. Ved lovreglane om inflasjonssikring står ikkje departementet fritt til å vurdere spørsmålet om inflasjonssikring. Ein sum som svarer til inflasjonen skal i alle tilfelle avsetjast til kapitalen.

Etter departementet sitt syn bør behovet for inflasjonssikring stillast likt med andre omsyn som departementet i alle tilfelle må vurdere ved disponeringa av overskottet kvart år. Slike andre omsyn er til dømes behovet for å styrkje den frie eigenkapitalen og å øyremerke deler eller heile overskottet til særskilte formål. Både kortsiktige og langsiktige omsyn vil vere med i denne vurderinga. Ved ei oppheving av lovreglane om inflasjonssikring vil behovet for inflasjonssikring kvart år bli vurdert konkret av departementet. Spørsmålet om inflasjonssikring av kapitalen vil dermed vere med i ei brei og heilskapleg vurdering. Departementet meiner dette er ei betre tilnærming til spørsmålet om inflasjonssikring enn det som følgjer av lovreglane om dette i dag.

Departementet viser elles til vedtaket frå Kyrkjemøtet i 2005, der det heiter:

«Kirkemøtet ber departementet vurdere om det fortsatt er behov for å inflasjonssikre fondet. Kirkemøtet finner det viktig at fondet har tilstrekkelig frie fond (buffer- eller disposisjonsfond) til å dekke sine lovpålagte utgifter selv i tider hvor finansmarkedet gir negativ avkastning.»

Etter det som er sagt over, kan ikkje departementet sjå at det er tenleg å ha eit lovfesta krav om inflasjonssikring av kapitalen til Opplysningsvesenets fond. Ved å fjerne kravet om inflasjons­sikring, fell óg det indirekte lovfesta avkastingskravet til fondet bort. Til understrekinga frå Kyrkjemøtet om behovet for å byggje opp den frie eigenkapitalen, viser departementet til at avkastinga frå fondet i seinare år ikkje har vore stor nok til å kunne byggje opp den frie eigenkapitalen i særleg grad. At det ikkje har vore grunnlag for dette, trass i positiv utvikling i finansmarknadene, har samanheng med omfanget av dei årlege utgiftsoppgåvene som fondet har.

Kyrkjerådet har hatt til uttale forslaget om å oppheve reglane om inflasjonssikring. Kyrkjerådet har ikkje hatt invendingar. Departementet viser til brev 10. mars 2006 frå Kyrkjerådet, der det heiter:

«Kirkerådet finner det fremlagte forslaget i tråd med det som ble vedtatt i Kirkemøtet høsten 2005, og har ingen innvendinger mot at kravet til inflasjonssikring oppheves. Kirkerådet finner det tilfredsstillende at departementet hvert år vil foreta en bred og helhetlig vurdering av hvordan avkastningen på en best mulig måte kan disponeres. En ser det som ønskelig at denne vurderingen skjer i samråd med Kirkerådet.

Det er viktig for Kirkerådet at de kirkelige formålene som fondet skal tilgodese blir ivaretatt på en tilfredsstillende måte, og slik at størrelsen på de midler som stilles til disposisjon blir mest mulig forutsigbare. Det er viktig at det derfor i år med god avkastning settes av tilstrekkelige midler til disposisjons- og bufferfond for å dekke utgiftene til kirkelige formål i år med dårligere avkastning. Avsetningen til disposisjons- og bufferfond må imidlertid også avveies opp mot behovet for midler til kirkelige formål slik at avsetningen ikke går på bekostning av tilskudd til disse formålene.»

Departementet vil i tida framover særskilt vurdere spørsmålet om oppbyggjing av bufferfond og behov for avkastingskrav for Opplysningsvesenets fond.