Ot.prp. nr. 60 (2008-2009)

Om lov om endringar i yrkestransportlova og jernbaneloven (tilsette sine rettar ved bruk av konkurranse i kollektivtransporten o.a.)

Til innhaldsliste

5 Gebyr for mindre alvorlege brot på yrkestransportlova

5.1 Gjeldande rett

Sanksjonsmoglegheitene for brot på yrkestransportlova er tilbakekall av løyve etter § 29, bruksforbod etter § 40 eller straff etter § 41. For mindre alvorlege brot på lova er tilbakekall av løyve eller bruksforbod ofte ikkje eigna. For desse lovbrota er straff i form av bot aktuelt, noko som krev at det blir reist påtale.

Det er ikkje høve til å gje gebyr for brot på yrkestransportlova i dag.

5.2 Høyringsframlegg

Samferdselsdepartementet viste i høyringsframlegget til at mindre alvorlege lovbrot bør kunne handsamast gjennom eit effektivt og nyansert sanksjonssystem med mindre bruk av straff, sjå NOU 2003:15 «Fra bot til bedring». Det er ein føresetnad for ei effektiv handheving av yrkestransportlova at reaksjonane ved lovbrot står i høve til art og alvor i lovbrotet. Samferdselsdepartementet skreiv:

«Framlegget gjer at det skjer ei gradering av reaksjonane etter yrkestransportlova i høve til graden av alvor i brotet. Det kan vere naturleg å skilje mellom brot som er knytte til sjølve løyveplikta og vilkår for løyvedrifta på den eine sida, og brot på § 38 om plikt til å ha med seg visse dokument og legitimasjonar under transporten på den andre sida. Dei sist nemnde brota er ofte reine forgløymingar, og det kan vere rimeleg å reagere på dette med eit overtredingsgebyr. Brot som er knytte til sjølve løyveplikta bør framleis vere straffbare av omsyn til den avskrekkande verknaden dette vil ha.

Ei tilsvarande ordning med overtredingsgebyr har ein etter vegtrafikkloven, der det m.a. fører til overtredingsgebyr å kjøre utan førarkort eller vognkort, sjå forskrift 17. september 1993 nr. 855 om gebyr for visse overtredelser av vegtrafikklovgivningen.

Både forsettlege og aktlause brot på § 38 vil kunne føre til overtredingsgebyr. Overtredingsgebyr skal kunne ileggjast ved lovbrot som lett kan konstaterast, som til dømes manglande løyvedokument, internasjonal transporttillating, kjøresetel eller leasingavtale. Det vil vere tilstrekkeleg for kontrolløren å slå fast at dei dokumenta eller legitimasjonane som det er sett krav om skal følgje med i køyretøyet ikkje kan framvisast ved kontrollen. Skyldkravet om aktløyse vil i dei fleste praktiske situasjonar vere oppfylt.

At tenestemenn frå kontrollmakta, dvs. politi og Statens vegvesen, får høve til å ileggje overtredingsgebyr vil medføre ei arbeidslette ved at tenestemenn slepp å skrive rapportar, meldingar og liknande. Samstundes vil ei slik ordning vere ein fordel for den som vert ilagt overtredingsgebyr, ved at saka kan gjerast opp på staden.

Overtredingsgebyr skal ikkje registrerast i bøteregisteret eller strafferegisteret. Krav fastsett i medhald av lov eller forskrift er særlig tvangsgrunnlag, jf. tvangsfullbyrdelseslova § 4-1, tredje ledd. Klage over ilagt overtredingsgebyr skal følgje reglane om klagehandsaming i forvaltningslova.»

5.3 Høyring

Politidirektoratet stiller seg positiv til framlegget, men understrekar at det i eit kontrollperspektiv er naudsynt med eit sentralt køyresetelregister. Politidirekoratet og Utrykningspolitiet gjer framlegg om å utsette ei ordning med innføring av gebyr til det er etablert eit sentralt køyresetelregister.

Oslo politidistrikt peiker på at det er viktig å knytte løyvet direkte til køyretøyet, og ei slik ordning er naudsynt før man kan tilråde ei gebyrordning for ikkje medbringa løyvedokument.

Rogaland fylkeskommune og Norges Taxiforbund meiner at i tilfelle der kontrolldokument ikkje berre manglar, men ikkje finst, bør dette bli handsama etter yrkestransportlova § 41 og ikkje etter den framlagte regelen i § 40 a.

Statens vegvesen meiner at i dei høve der den aktuelle transporten kjørar utan påbode løyve, bør det framleis vere mogleg å fatte vedtak om forbod mot bruk etter yrkestransportlova § 40.

Statens vegvesen og Norges Taxiforbund meiner at framlegg til ny forskrift om fastsetjing og gjennomføring av lovbrotsgebyr også må ut på høyring.

5.4 Vurdering

Sanksjonen det her er tale om, vil i det følgjande bli omtala som «lovbrotsgebyr». Ordet «overtredingsgebyr» som vart brukt i høyringsframlegget er ikkje ei godkjent nynorskform.

Samferdselsdepartementet viser til at det er sett i gang eit arbeid med utvikling av landsomfattande køyresetelregister. Samferdselsdepartementet viser til at det framleis vil vere mogleg å handsama lovbrot etter yrkestransportlova § 40 og § 41. Fastsetjing av forskrift med nærare vilkår for å gje lovbrotsgebyr vil skje etter regelen i forvaltningsloven § 37, som inneber at utkast til forskrift bør sendast ut på høyring.

Samferdselsdepartementet held fast ved framlegget i høyringsutkastet.

5.5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Framlegget om gebyr for mindre lovbrot vil vere arbeidssparande for Statens vegvesen, politiet og påtalemakta.

Til forsida