Ot.prp. nr. 60 (2008-2009)

Om lov om endringar i yrkestransportlova og jernbaneloven (tilsette sine rettar ved bruk av konkurranse i kollektivtransporten o.a.)

Til innhaldsliste

9 Merknader til dei einskilde paragrafane i lovframlegget

9.1 Endringar i yrkestransportlova

Til § 5 om løyve for godstransport med motorvogn

§ 5 (1) får ei presisering i første punktum om at også motorvogn med tilhengar med samla tillaten totalvekt over ei nærare fastsett vektgrense blir løyvepliktig. Ein reknar her òg semitrailer som tilhengar. Dette fører til at yrkestransportforskrifta § 2 første ledd bokstav a må endrast tilsvarande, sidan det er her ein finn vektgrensa på 3500 kg. Ordet «tillatt» blir bytta ut med «tillaten» som er riktig nynorsk her.

I § 5 (2) blir varebil teken inn i definisjonen av motorvogn. Varebilar kan ikkje ha tillaten totalvekt på over 3500 kg. Etter framlegget blir varebil med tilhenger med samla tillaten totalvekt på over 3500 kg løyvepliktig.

Til § 8 om tildeling av løyve ved konkurranse

I § 8 (1) blir uttrykket «anbod» bytta ut med «konkurranse». Elles blir gjeldande § 8 første setning vidareført. Sjå punkt 2.1 siste avsnitt.

Ny § 8 (2) slår fast at reglane i arbeidsmiljøloven §§ 16-2 til 16-7 skal gjelde ved bruk av konkurranse ved tildeling av løyve. I tillegg blir det slått fast at regelen berre gjeld i dei tilfella der verksemda etter konkurranse blir driven med same type transportmiddel som tidlegare. Sjå punkt 3.3.2, 3.3.3 og 3.3.4.

Ny § 8 (3) gjev løyvestyresmakta plikt til å gje relevant informasjon til leverandørar som vil delta i konkurransen, om dei tilsette i den ruteverksemda som blir konkurranseutsett. Det er berre opplysningar om dei tilsette som har slik tilknyting til den aktuelle rutetenesta at dei fell inn under reglane om overdraging av verksemd i ny § 8 (2), som det skal informerast om. Retten etter andre ledd gjeld berre dei arbeidstakarane som er tilsett på det tidspunkt overføringa skjer, dvs. når den som er tildelt løyve og kontrakt etter konkurranse startar opp drifta av den aktuelle rutetenesta. Informasjon om tilsette sine vilkår o.a. som skal gjevast leverandørar som vil delta i konkurransen, må derfor reint praktisk gjelde dei som er tilsette på eit tidspunkt som ligg nær opp til utlysinga av konkurransen. Sjå punkt 3.3.5.

Ny § 8 (4) gjev løyvestyresmakta heimel til å krevje inn nødvendig informasjon frå noverande løyvehavar om dei tilsette i den verksemda som skal lysast ut på konkurranse. Sjå punkt 3.3.5.

Ny § 8 (5) flytter forskriftheimelen som sikrar mot sosial dumping frå forskrift og fram i lova. Ordlyden er tilpassa regelen i lov om offentlige anskaffelser, jf. forskrift om lønns- og arbeidsvilkår i offentlige kontrakter. § 4 tredje ledd i forskrift om anbud i lokal rutetransport vil bli oppheva. Sjå punkt 3.3.6.

Ny § 8 (6) viser til at reglane om tilsette sine rettar ved konkurranse òg skal gjelde for konkurransar arrangerte av administrasjonsselskap. Det skal ikkje vere mogleg å organisere seg bort frå plikta til å sikre tilsette sine rettar. Sjå punkt 3.3.7.

Ny § 8 (7) vidarefører gjeldande § 8 andre setning, med noko tilpassing i ordlyden.

For fartøy over 650 bruttotonn som blir brukt i fastlandskabotasje, og som er registrert i eit anna EØS-land enn Noreg, vil reglane om mannskap ikkje vere bindande, jf. punkt 3.2.2 om forholdet til forordninga om maritim kabotasje.

Til § 16 om eigentransport av gods

§ 16 blir endra ved at fjerde ledd om krav om eigentransporterklæring blir opphevd. Tilsvarande krev dette at yrkestransportforskrifta § 13 blir endra. Sjå punkt 6.

Til § 22, 24 og 27 om lokal rutetransport, riksvegferjer og kor lenge eit løyve gjeld

I §§ 22, 24 og 27 blir uttrykket «anbod» bytta ut med «konkurranse». Sjå punkt 2.1 siste avsnitt.

Til § 37 a om virkeområde

§ 37 a tredje ledd blir endra slik at aldersgrensa for kjøresetel blir heva frå 70 til 75 år. Det blir teke inn eit krav om at innehavarar over 70 år må ha med gyldig legeattest under kjøring. Legeattesten kan ikkje vere eldre enn eit år. Av legeattesten må det gå fram at innehavaren fyller krava til helse o.a. etter yrkestransportlova § 37 b andre ledd. Dette er same helseattest som blir brukt for å dokumentere helsekrava for førarkort klasse D. Sjå punkt 4.

Til § 37 h om klage og unntak

I § 37 h blir «Statens helsetilsyn» bytta ut med «Helsedirektoratet». Sjå punkt 8.

Til ny § 40 a om lovbrotsgebyr

Ny § 40 a inneheld reglar om lovbrotsgebyr. Slikt gebyr er ein administrativ sanksjon som både tenestemenn frå politiet og Statens vegvesen kan gje ved brot på § 38, jf. yrkestransportforskrifta § 13 som spesifiserer kva for kontrolldokument ein er pliktig til vise fram under løyvepliktig transport. Samferdselsdepartementet legg vekt på at i dei tilfella der årsaka til at ei legitimasjon ikkje følgjer med under transporten er at vedkommande transportør ikkje har løyve, eller ikkje har tilstrekkeleg tal løyve, vil reaksjonen ikkje lenger vere brot på § 38, men på t.d. § 4 eller § 5. Slikt brot kan framleis sanksjonerast etter § 40 og/eller § 41.

Det kan i forskrift bli fastsett nærare vilkår for å gje lovbrotsgebyr. Det kan bli lagt opp til at slik forskrift òg inneheld faste satsar for størrelsen på gebyret, og ein katalog over kva for legitimasjonar som kan føre til lovbrotsgebyr når dei ikkje følgjer med under transport. Det er òg heimel for å gje føretak lovbrotsgebyr. Det er løyvehavar som har ansvaret for at vilkåra som er sette til løyve er oppfylde. Drift av løyvepliktig verksemd kan vere organisert på ulike måtar, gjennom ulike selskapsformer og som småføretak med berre eitt løyve, der løyveinnehavar sjølv er sjåfør på løyvet.

For at formålet med gebyr etter § 38 skal kunne oppnåast, er det viktig at gebyr kan gjevast på staden uavhengig av eigar/organisasjonsform i den løyvepliktige verksemda. Det er derfor naudsynt at heimelen til å kunne gje gebyr òg omfattar føretaket som løyvehavar, utan at det skal kunne krevjast at gebyret skal kunne gjevast ein einskild person.

Klage på vedtak om lovbrotsgebyr vil følgje reglane i forvaltningsloven. Krav om innbetaling av lovbrotsgebyr som er forfalne vil vere tvangsgrunnlag for utlegg etter reglane i tvangsfullbyrdelsesloven, men berre når vedtaket er endeleg. Vedtak om lovbrotsgebyr kan bringast inn for domstolane gjennom sivilt søksmål på line med andre forvaltningsvedtak.

Sjå òg punkt 5.

9.2 Endringar i jernbaneloven

Til ny § 8 g om arbeidstakernes rettigheter ved konkurranse om avtale om persontransport med jernbane, herunder sporvei, tunnelbane og forstadsbane

Første ledd slår fast at reglane i arbeidsmiljøloven §§ 16-2 til 16-7 skal gjelde ved bruk av konkurranse om tildeling av avtale om persontransport med jernbane. Føresegna gjeld både ved konkurranse om avtale om persontransport på det nasjonale jernbanenettet og andre jernbanenett som sporveg, tunnel- og forstadsbane, og utan omsyn til om det er staten eller fylkeskommunen som er oppdragsgjevar for konkurransen. Dette inneber at føresegna vil ha eit vidare verkeområde enn resten av føresegnene i kapitlet. I tillegg blir det slått fast at føresegna berre gjeld i tilfelle der verksemda etter konkurranse blir driven med same type transportmiddel som tidlegare. Sjå punkt 3.3.2, 3.3.3, 3.3.4 og 3.3.8.

Andre ledd krev at oppdragjevar gjev relevant informasjon til leverandørar som vil delta i konkurransen, om dei tilsette i den verksemda som blir konkurranseutsett. Det er berre opplysningar om dei tilsette som fell inn under reglane om overdraging av verksemd i første leddet, som det skal informerast om. Retten etter første ledd gjeld berre dei arbeidstakarane som er tilsett på det tidspunkt overføringa skjer, dvs. når den som er tildelt kontrakt etter konkurranse startar opp drifta av den aktuelle tenesta. Informasjon om tilsette sine vilkår o.a. som skal gjevast leverandørar som vil delta i konkurransen, må difor reint praktisk gjelde dei som er tilsette på eit tidspunkt som ligg nær opp til utlysinga av konkurransen. Sjå punkt 3.3.5.

Tredje ledd gir fylkeskommunen heimel til å krevje opplysningar som nemnt i andre ledd frå ein kvar verksemd som driv persontransport med jernbane, når fylkeskommunen gjennomfører konkurranse om avtale om persontransporttenester. Sjå punkt 3.3.5. Regelen i § 8f gir allereie departementet ein vid heimel til å krevje ulike typar informasjon frå verksemder som driv persontransport på det nasjonale jernbanenettet.

Fjerde ledd innfører eit forbod mot sosial dumping innan jernbanesektoren. Ordlyden er tilpassa regelen i lov om offentlige anskaffelser, jf. forskrift om lønns- og arbeidsvilkår i offentlige kontrakter. Sjå punkt 3.3.6.

9.3 Reglar om iverksetjing og overgangsreglar

Samferdselsdepartementet legg opp til at dei fleste endringane gjeld frå 1. januar 2010.

Det er innført ein lempeleg praksis for søknader om dispensasjon for kjøresetel for personar mellom 70 til 75 år. Praksisen er meint å vere mellombels inntil ei lovendring er på plass. Samferdselsdepartementet legg difor opp til at regelen om heving av aldersgrensa for kjøresetel gjeld allereie frå 1. juli 2009

Reglane om tilsette sine rettar skal ikkje gjelde for konkurransar som er lyst ut når regelverket trer i kraft. Vidare skal lovbrotsgebyr berre kunne påleggjast for brot som har skjedd etter at lova tek til å gjelde. Reglane om løyveplikt for motorvogn med tilhengar og om fjerning av ordninga med eigentransporterklæring gjeld frå den tida Kongen fastset. Samferdselsdepartementet legg opp til at desse reglane òg kan gjelde frå 1. januar 2010, men det er avhengig av om forskriftsendringar er klare.

Til forsida