Ot.prp. nr. 60 (2008-2009)

Om lov om endringar i yrkestransportlova og jernbaneloven (tilsette sine rettar ved bruk av konkurranse i kollektivtransporten o.a.)

Til innhaldsliste

7 Innføring av løyveplikt for motorvogn med tilhengar i godstransport

7.1 Gjeldande rett

Etter yrkestransportlova § 5 er det løyveplikt for motorvogner i godstransport med tillaten totalvekt over ei vektgrense som Samferdselsdepartementet fastset. Med motorvogn i denne samanheng meiner ein lastebil, kombinert bil og trekkbil tillatne brukt på offentleg veg. Vektgrensa er fastsett til 3500 kg i yrkestransportforskrifta § 2 (1) bokstav a.

Artikkel 2 nr. 1 i direktiv 96/26/EF seier:

«Dette direktiv får ikke anvendelse på foretak som utøver yrket som godstransportør på vei med motorvogner eller kjøretøykombinasjoner med tillatt totalvekt som ikke overstiger 3,5 tonn. Medlemsstatene kan imidlertid senke ovennevnte grense for alle eller visse transportkategorier.»

Direktivet krev med andre ord at både motorvogner og kombinasjonar av kjøretøy som har samla tillaten totalvekt på meir enn 3500 kg blir omfatta av løyveplikt. Ut frå ordlyden i yrkestransportlova § 5 (1) er det ikkje tydeleg at kjøretøykombinasjonane som nemnd i direktivet er omfatta av verkeområdet for løyveplikta.

7.2 Høyringsframlegg

Samferdselsdepartementet foreslo å presisere ordlyden i yrkestransportlova § 5. Til dømes vil ein trekkbil med tillaten totalvekt på 3500 kg som dreg ein tilhengar og ordinære varebilar som dreg tilhengar bli omfatta av endringa.

Etter som dei kjøretøykombinasjonane eller vogntoga som etter endringa blir omfatta av løyvekravet driv godstransport i konkurranse med transportørar som i dag har lastebilar og vogntog i ei vektklasse som er underlagte løyveplikt, vil endringa føre til likare konkurransetilhøve, meinte Samferdselsdepartementet.

7.3 Høyring

Statens vegvesen meiner at forslaget også må omfatte traktor med tilhengar, når desse blir nytta til godstransport mot vederlag.

Rogaland fylkeskommune peiker på at forslaget vil krevje omfattande informasjonsbehov for å utføre kontrollar.

7.4 Vurdering

Samferdselsdepartementet kan ikkje sjå at framlegget i nokon særleg grad vil krevje meir informasjon for å utføre kontrollar enn det yrkestransportregelverket krev i dag. Samferdselsdepartementet merkar seg synspunktet om løyveplikt for traktor, og viser til at eit slikt framlegg må på høyring før det kan fremjast.

Samferdselsdepartementet har vurdert bruken av omgrepet «kjøretøykombinasjonar» i lovframlegget på nytt. Kjøretøy er eit vidare omgrep enn motorvogn, og det er ikkje intensjonen å utvide løyveplikta til å gjelde kjøretøykombinasjonar utan motorvogn. Samferdselsdepartementet meiner at «motorvogn med tilhengar» er meir presist. Som tilhengar til bil reknar ein òg semitrailer, jf. kjøretøyforskrifta § 2-2 nr. 4.

Samferdselsdepartementet har òg funne eit behov for å utvide kva som blir rekna for motorvogn etter yrkestransportlova § 5 (2) til å omfatte varebilar. Varebil er etter kjøretøyforskrifta § 2-2 nr. 3 bokstav a, bil for transport av gods med tillaten totalvekt ikkje over 3500 kg. Etter framlegget blir varebil med tilhenger med samla tillaten totalvekt på over 3500 kg løyvepliktig.

Til forsida