Ot.prp. nr. 60 (2008-2009)

Om lov om endringar i yrkestransportlova og jernbaneloven (tilsette sine rettar ved bruk av konkurranse i kollektivtransporten o.a.)

Til innhaldsliste

6 Fjerning av ordninga med eigentransporterklæring

6.1 Gjeldande rett

I dag har vi ei ordning om at motorvogn som blir nytta til transport av eige gods skal vere utstyrt med eigentransporterklæring som skal takast med i motorvogna og synast fram ved kontroll, jf. yrkestransportlova § 16 (4). Omsynet bak innføringa av eigentransporterklæring var ein effektiv registreringskontroll, jf. m.a. Ot.prp. nr. 86 (1984-85). I dag blir slik eigentransporterklæring utferda ved registrering av motorvogna.

6.2 Høyringsframlegg

I høyringsframlegget skreiv Samferdselsdepartementet mellom anna:

«Nokre transportørar oppfattar utferding av eigentransporterklæring som eit samtykke frå styresmaktene på at all den transporten bileigaren driv er friteken frå løyveplikta, sjølv om det ikkje er tilfelle. Mange kontrollørar har gitt uttrykk for at fleire transportørar som driv løyvepliktig transport, legg fram eigentransporterklæring ved kontroll og hevdar seg fritekne frå løyveplikta sjølv om dei driv løyvepliktig transport. Departementet meiner at dette tyder på at ordninga i seg sjølv kan medverke til å skapa misoppfatting om når det oppstår løyveplikt. Fjerning av eigentransporterklæringa vil difor i seg sjølv kunne medverke til at kravet om løyve for godstransport mot vederlag står tydelegare fram.»

Samferdselsdepartementet trakk vidare fram at omsynet til ein effektiv registreringskontroll ikkje er så sterkt i dag når det er bruken av motorvogna som avgjer om det føregår eigentransport eller løyvepliktig transport, og ikkje tilhøva ved registreringa. Samferdselsdepartementet fann heller ikkje særskilt behov for ei ordning med eigentransporterklæring når ein ser dette i samband med at eigentransport er eit unntak frå løyveplikta, når det blir drive godstransport i eiga næringsverksemd.

Samferdselsdepartementet skreiv:

«Det enklaste er å krevje eit kontrolldokument (løyvedokument) når det vert drive løyvepliktig transport, medan det ikkje er krav om eit særskilt dokument når det vert utført transport som er friteken frå løyveplikta. Det er ikkje krav om noko særskilt kontrolldokument for transport som er unnateken frå løyveplikt i høve til annan transport som krev løyve etter yrkestransportlova.

Fjerning av eigentransporterklæringa vil difor medføre betre samordning av regelverket for løyver.»

6.3 Høyring og vurdering

Det var ingen merknader til høyringsutkastet, og Samferdselsdepartementet held fast ved framlegget.

6.4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Både Statens vegvesen og næringsdrivande med eigentransport vil få lette i administrative byrder om eigentransporterklæringa blir fjerna.

Til forsida