Ot.prp. nr. 62 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (dagpengar under arbeidsløyse m.m.)

Til innhaldsliste

4 Endringsforslag som i hovudsak inneber lovfesting av gjeldande praksis

4.1 Presisering av kravet til arbeidstidsreduksjon - folketrygdloven § 4-3

4.1.1 Innleiing

Departementet foreslår at det i § 4-3 klart skal gå fram at ein arbeidstidsreduksjon berre kan leggjast til grunn for ein stønadsperiode.

4.1.2 Gjeldande rett

Eit hovudvilkår for rett til dagpengar er at medlemen har hatt tilstrekkeleg arbeidsinntekt, jf. folketrygdloven § 4-4. Etter § 4-4 tredje ledd kan ein inntekt berre leggjast til grunn for ein full stønadsperiode. I praksis blir § 4-3 andre ledd tolka slik at ein arbeidstidsreduksjon berre kan leggjast til grunn for ein full stønadsperiode, sjølv om regelen ikkje går direkte fram av lovteksten.

4.1.3 Vurderingar og forslag til endringar

Regelen om at ein arbeidstidsreduksjon berre kan leggjast til grunn for ein full stønadsperiode er etter departementets oppfatning vel grunngitt ut i frå omsynet til formåla i dagpengeregelverket. Ei slik tolking av folketrygdloven § 4-3 andre ledd motverkar at delvis sysselsette skal kunne ha fleire stønadsperiodar i samanheng på grunnlag av den same arbeidstidsreduksjonen, og styrker med dette insentivet til full sysselsetjing. Tolkinga er etter departementet si oppfatning også fullt forsvarleg ut i frå intensjonane i folketrygdloven. Departementet meiner likevel at regelen har et slikt materielt innhald at den bør gå klart fram av lovteksten, slik som når det gjeld inntekt, jf. § 4-4 tredje ledd.

Ingen av dei høyringsinstansane som har uttalt seg, har hatt innvendingar mot dette forslaget.

Departementet foreslår på bakgrunn av dette å ta regelen inn i § 4-3 som eit nytt fjerde ledd.

4.2 Heimel for å fastsetje vanleg arbeidstid - folketrygdloven § 4-3

4.2.1 Innleiing

Departementet foreslår å gi heimel i § 4-3 til å fastsette forskrifter om fastsetjing av vanleg arbeidstid.

4.2.2 Gjeldande rett

Etter folketrygdloven § 4-3 er det eit vilkår for rett til dagpengar at arbeidstida er redusert med minst 50 prosent i forhold til arbeidstida slik ho var før ho blei redusert. Fastsetjing av vanleg arbeidstid har først og fremst noko å seie for dagpengane til dei delvis arbeidslause, sidan dagpengane til desse blir graderte etter hans eller hennar vanlege arbeidstid. Lovteksten gir ikkje retningsliner for kva som reknast som vanleg arbeidstid, ut over at det er arbeidstida forut for arbeidstidsreduksjonen som skal leggjast til grunn.

I praksis er hovudregelen at arbeidstida i følgje den siste arbeidsavtala forut for arbeidstidsreduksjonen blir lagt til grunn for fastsetjinga av den vanlege arbeidstida. For om lag 75 prosent av tilfella vil dette gi eit riktig bilde av den arbeidstida den arbeidslause har hatt. I dei resterande tilfella må den vanlege arbeidstida reknast ut i frå andre kriterium, t.d. fordi ein ikkje har ei avtale som seier noko om kva arbeidstida har vore, eller fordi avtala ikkje stemmer med den faktiske arbeidstida.

4.2.3 Vurderingar og forslag til endringar

Fastsetjing av vanleg arbeidstid er avgjerande for dei delvis sysselsette sin rett til graderte dagpengar. Dette tilseier at reglar om korleis ein finn fram til kva som reknast som vanleg arbeidstid, bør vere formelt regulerte. Ei formell regulering sikrar i tillegg ein klar og eintydig praksis.

§ 4-3 andre ledd gir ikkje heimel for å gi forskrifter om berekninga av vanleg arbeidstid, og departementet foreslår å ta inn ein slik heimel i loven. Vidare foreslår departementet å utarbeide ei forskrift om fastsetjing av vanleg arbeidstid, kor ein i større grad enn etter gjeldande praksis legg vekt på kor sterkt medlemene har vore knytte til arbeidslivet i tida forut for arbeidstidsreduksjonen.

Kommunenes Sentralforbundmeiner at ein framfor å fastsetje reglar om vanleg arbeidstid i forskrift, heller burde setje i gang arbeid med sikte på å finne eit eins prinsipp for fastsetjing og gradering av folketrygdytingar, som ikkje er avhengig av om det er trygdekontoret eller Aetat som forvaltar ytinga. Kommunenes Sentralforbundviser vidare til at ei forskriftsfesting vil føre til at regelverket blir meir fragmentert.

Departementet viser til at dei ulike trygdeytingane har ulike formål, og at det derfor ikkje alltid er naturleg å fastsetje dei etter like prinsipp. Departementet meiner vidare at alternativet til ei forskriftsregulering vil vere å regulere fastsetjing av vanleg arbeidstid i loven. Dette ville føre til ei detaljregulering på eitt område, som ikkje samsvarer med det systemet som elles gjeld i folketrygdloven kapittel 4. Eksisterande forskrift om dagpengar regulerer allereie ei rekke spørsmål som det ikkje er naturleg å ta inn i sjølve loven.

Dei andre høyringsinstansane støtter forslaget om forskriftsregulering, eller har ikkje merknader til det.

Departementet foreslår å ta ein forskriftsheimel inn i § 4-3 som nytt fjerde ledd.

4.3 Klargjøre heimel for dagpengar for medlemer i arbeidsmarknadstiltak- folketrygdloven § 4-6

4.3.1 Innleiing

Departementet foreslår ei presisering av heimelen for å gi forskrift om dagpengar ved deltaking i arbeidsmarknadstiltak.

4.3.2 Gjeldande rett

I § 4-6 gis departementet heimel til å fastsette forskrifter om rett til dagpengar i samband med kortvarig utdanning. Med heimel i denne paragrafen er det i dagpengeforskrifta gitt reglar om rett til dagpengar for dei som tek del i arbeidsmarknadstiltak. Ordlyden her blei endra i samband med fastsetjing av forskrift om arbeidsmarknadstiltak 20. desember 2001 nr. 1544.

4.3.3 Vurderingar og forslag til endringar

Det bør gå klart fram av § 4-6 at departementet har heimel til å gi forskrift om dagpengar under deltaking i arbeidsmarknadstiltak, og ikkje berre den generelle nemninga «kortvarig utdanning». Departementet foreslår å endre § 4-6 i samsvar med dette. Ingen av dei høyringsinstansane som har uttalt seg, har innvendingar mot forslaget.

4.4 Samordning mellom dagpengar under arbeidsløyse og avtalefesta pensjon - §§ 4-24 og 4-25

4.4.1 Innleiing

Departementet foreslår å endre folketrygdloven §§ 4-25 og 4-25. Det vil då gjelde dei same reglane for samordning av dagpengar og avtalefestet pensjon med og utan statstilskott, i samsvar med intensjonane i samordningsreglane.

4.4.2 Gjeldande rett

Etter § 4-24 fell retten til dagpengar under arbeidsløyse bort når ein person har full avtalefesta pensjon med statstilskott (AFP). Etter § 4-25 blir dagpengar under arbeidsløyse samordna med redusert avtalefestet pensjon med statstilskott (AFP). Formuleringa «avtalefestet pensjon med statstilskott» kom inn i dagpengeregelverket i samband med at ei slik ordning ble innført i privat sektor gjennom avtaler mellom partane i arbeidslivet. Like førtidspensjonsordningar blei seinare innførte også i kommunal og statleg verksemd. Desse ordningane får likevel ikkje statstilskott.

4.4.3 Vurderingar og forslag til endringar

Det har vore intensjonen at dei aktuelle reglane også skulle gjelde personar som har avtalefesta pensjonar i offentlig sektor, da det ikkje ligg føre grunner som taler for at disse skulle behandlast forskjellig frå personar i privat sektor. Det er også slik reglane er forstått og praktiserte i Aetat.

Departementet foreslår derfor å fjerne orda «med statstilskott» i §§ 4-24 og 4-25. Vidare bør det tas inn i lovteksten at regelen både gjeld private og offentlege pensjonsordningar.

Til forsida