Ot.prp. nr. 62 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (dagpengar under arbeidsløyse m.m.)

Til innhaldsliste

7 Merknader til dei enkelte paragrafane

Til § 4-3

Nytt tredje ledd er ei lovfesting av gjeldande praksis, og inneber inga materiell endring. Nytt fjerde ledd gir departementet heimel for å gi forskrifter om korleis ein reknar ut den vanlege arbeidstida til dagpengemottakaren.

Til § 4-6

Endringa inneber ei presisering av heimelen for å gi forskrifter om at ein kan ha rett dagpengar medan ein deltar i arbeidsmarknadstiltak, og inneber inga materiell endring.

Til § 4-11

Endringa utvidar dagpengegrunnlaget med svangerskapspengar jf. folketrygdloven kap. 14, og omsorgs-, pleie- og opplæringspengar, jf. folketrygdloven kap. 9. Desse ytingane er lønnssubstitutt som kan samanliknast med dei ytingane som etter gjeldande rett er ein del av dagpengegrunnlaget.

Det er ikkje lenger behov for å ha ein regel om avrunding av dagpengegrunnlaget, og tredje og fjerde leddet blir derfor endra.

Til § 4-12

Etter at ordninga med ferietillegg blei fjerna frå 1. januar 2003 er presiseringa i fjerde leddet, om at ferietillegget ikkje reknast med i dagpengegrunnlaget, ikkje lenger naudsynt.

Til § 4-13

Paragrafen regulerer retten til graderte (avkorta) dagpengar.

Som følgje av forslaget om at dagpengane som hovudregel skal graderast i forhold til ein meldeperiode, og ikkje i forhold til ei veke, blir gjeldande femte ledd oppheva. Her gjerast det no unntak frå det gjeldande prinsippet, og eit slikt unntak er det ikkje lenger bruk for.

I forslag til nytt femte ledd får departementet heimel til å gi forskrifter om gradering. Dette gjeld også heimel til å gi forskrift for særskilde grupper, som nemnd i kapittel 3.4, med reglar som fråviker § 4-13 elles.

Til § 4-16

Paragrafen gjeld rett til å ta opp att eit stønadsforhold etter eit avbrot. Som hovudregel gjeld denne retten berre avbrot som har vart i inntil 52 veker. Unntaket i andre ledd blir utvida, slik at kvinner som har vore sjukmelde som følgje av graviditet, på visse vilkår får rett til å ta opp att stønadsforholdet, sjølv om avbrotet har vore lengre enn 52 veker. Ein slik regel gjeld no for avbrot som følgje av verneplikt, eller at stønadsmottakar har deltatt i arbeidsmarknadstiltak. Utvidinga er naudsynt for at dagpengeregelverket skal vere i samsvar med generalklausulen i likestillingsloven § 3 andre ledd.

Til § 4-20

Paragrafen gjeld tidsavgrensa bortfall av dagpengar. Dei foreslåtte endringane inneber at reaksjonen mot dei som utan rimeleg grunn lar vere å møte ved Aetat etter ei innkalling, blir noko mildare enn tidlegare.

Til §§ 4-24 og 4-25

Paragrafane gjeld samordning av dagpengar med fulle og reduserte folketrygdytingar og avtalefesta pensjon.

Reglane om samordning med uførepensjon/tidsavgrensa uførestønad endrast m.a. som følgje av innføringa av ordninga med såkalla kvilande pensjonsrett. Sjå kapittel 3.7.

Vidare blir det innført heimel for å samordne dagpengar og svangerskapspengar, sjå kapittel 3.8.

Overskrifta i begge paragrafane, og §§ 4-24 tredje ledd og 4-25 tredje ledd endrast slik at det kjem klart fram at avtalefesta pensjon skal samordnast med dagpengar, uavhengig av om ordninga har statstilskott eller ikkje, sjå kapittel 4.4.

Til § 4-26

Paragrafen gjeld m.a. samordning av dagpengar med ytingar utanfor folketrygda. Reglane om samordning med redusert uførepensjon endrast som følgje av innføringa av ordninga med kvilande pensjonsrett. Sjå kapittel 3.7.

Til § 22-13:

Paragrafen inneheld reglar om å setje fram krav om ytingar, om etterbetaling og forelding av krav. Nytt sjuande ledd inneber ei presisering av regelen som allereie går fram av reglane om å setje fram krav om dagpengar i folketrygdloven kapittel 4.

Til forsida