Ot.prp. nr. 62 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (dagpengar under arbeidsløyse m.m.)

Til innhaldsliste

6 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

6.1 Innleiing

Departementet foreslår at endringane skal gjelde alle tilfelle, med unntak for forslaget om å utvide dagpengegrunnlaget. Denne endringa gjerast berre gjeldande for nye tilfeller. Behovet for overgangsreglar vil bli vurdert.

Departementet tar sikte på at dei materielle endringane som er omtalte i kapittel 3, kan ta til å gjelde frå 1. juli 2005.

Dei endringane som er omtalte i kapittel 4 har ikkje noko materielt innhald, og kan ta til å gjelde straks loven er vedtatt.

Endringane vil ha relativt sett små verknader på utbetalingane av dagpengar. Med unntak av forslaga som er nemnde nedanfor i kap. 6.2-6.6, vil endringane mest truleg ha ingen eller berre marginale økonomiske konsekvensar.

Endringane vil ha minimale administrative konsekvensar. Forslaget om særskilte graderingsreglar for medlemer som yter samfunnstenleg innsats, jf. kap. 3.4, vil krevje manuelle oppfølgingsrutinar i Aetat. Ordninga er meint å gjelde relativt få, slik at endringa likevel ikkje vil ha omfattande konsekvensar. Forskrifta bør dessutan etter departementet si oppfatning, vere skriven slik at det vil vere den enkelte som skal ha ansvar for å kontakte Aetat dersom dagpengane skal graderast på ein annan måte enn etter hovudregelen. Departementet vil komme attende til dette i samband med utarbeidinga av forskrifta.

6.2 Utviding av dagpengegrunnlaget

6.2.1 Svangerskapspengar

Det er svært få personar i aldersgruppa mellom 20 og 40 år som mottar svangerskapspengar, om lag 1 000 personar. Det må leggjast til grunn at få av desse vil vere dagpengemottakarar. Effekten av å inkludere svangerskapspengar i dagpengegrunnlaget må derfor vere marginal.

6.2.2 Pleie-, omsorgs- og opplæringspengar

Basert på opplysningar frå tidlegare år om utbetalinga av omsorgspengar, er det grunn til å tru at den langsiktige effekten av å ta ytinga med i dagpengegrunnlaget, blir svært liten.

Det blei utbetalt 198,5 mill. kroner i pleiepengar og i 28,4 mill. kroner i opplæringspengar 2002. På eit usikkert grunnlag kan ein rekne med at endringane fører til ei auke i dagpengeutbetalingane på om lag 0,5 mill. kroner i 2005 og 3,5 mill. kroner på lang sikt.

6.3 Endring av graderingsmåten frå veke til meldeperiode

Ein kan leggje til grunn at dei foreslåtte endringane vil føre til reduserte utgifter til dei dagpengemottakerne som i løpet av ei meldeperiode arbeider meir enn 50 prosent av tidlegare vanleg arbeidstid, men som etter gjeldande reglar likevel får dagpengar fordi arbeidstida i ei av vekene i meldeperioden er redusert med minst 50 prosent. Dette vil gjelde gjennomsnittleg 2 200.

Regelverksendringane medfører auka dagpengeutbetalingar til personar som arbeider mindre enn 50 prosent av tidlegare vanleg arbeidstid i ei meldeperiode, men som etter gjeldande reglar mister dagpengar fordi arbeidstida i ei av vekene i meldeperioden ikkje er redusert med minst 50 prosent. Dette vil gjelde om lag 4 100 personar.

Regelverksendringane vil også føre til at stønadsperioden blir raskare brukt opp. Dette vil truleg gjelde gjennomsnittleg 1 100 personar.

Samla gir dette ei innsparing i 2005 på om lag 35 mill. kroner. På lang sikt legg ein til grunn ei årleg innsparing under kap. 2541 med 90 mill. kroner. I berekningane er det ikkje tatt omsyn til ei venta tilpassing til nytt regelverk. Det er heller ikkje tatt omsyn til at nokon fleire på lang sikt vil kunne få rett til ventestønad under kap. 634.

6.4 Særskild gradering av dagpengar ved arbeidsinntekt frå tillitsverv, omsorgsarbeid m.m.

Departementet vil først kunne berekne økonomiske og administrative konsekvensar når innhaldet i ei ny forskrift er fastsett. Fordi ein legg til grunn at det vil vere få personar som vil kunne få gradering etter dei særskilde reglane, legg ein til grunn at endringa ikkje vil få økonomiske konsekvensar av nemneverdig omfang.

6.5 Utvida rett til å ta opp att stønadsperioden i samband med graviditetsrelatert sjukdom

På grunnlag i opplysningar frå Rikstrygdeverket kan ein leggje til grunn at om lag 600 stønadsmottakarar vil kunne ha rett til å ta opp att stønadsperioden etter avslutta fødselspermisjon, med den endringa departementet foreslår. Dette er om lag 500 fleire stønadstilfelle enn etter gjeldande rett. Med ein gjennomsnittleg stønadsperiode og ei gjennomsnittleg utbetaling, inneber dette ei årleg auke i utbetalingane på om lag 7 millionar kroner i 2005 og om lag 15 millionar kroner på lang sikt.

6.6 Tidsavgrensa bortfall av dagpengar i dei tilfella medlemmen let vere å møte opp ved Aetat lokal

På grunnlag av statistikk frå tidlegare år kan ein rekne med at det årleg vil bli fatta om lag 700 vedtak om tidsavgrensa bortfall på grunn av at arbeidssøkjarar ikkje møter ved Aetat. Dersom bortfallsperioden blir korta ned til fire veker vil dette medføre ein kostnad på om lag 7 mill. kroner på lang sikt, om lag 1,5 mill. kroner i 2005.

Til forsida