Ot.prp. nr. 62 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (dagpengar under arbeidsløyse m.m.)

Til innhaldsliste

5 Endringsforslag av teknisk karakter

5.1 Endring av folketrygdloven § 4-12 som følgje av at ferietillegget tidlegare er fjerna

5.1.1 Innleiing

Departementet foreslår å fjerne presiseringa i folketrygdloven § 4-12 tredje ledd om at ferietillegg ikkje skal reknast med i maksimale dagpengar på 90 prosent av dagpengegrunnlaget.

5.1.2 Gjeldande rett

Av folketrygdloven § 4-12 tredje ledd går det fram at dagpengane maksimalt kan vere 90 prosent av dagpengegrunnlaget, medrekna eventuelt barnetillegg, men utan ferietillegg.

5.1.3 Vurderingar og forslag til endringar

Ferietillegget blei fjerna frå dagpengane ved lovendringa som blei sett i kraft 1. januar 2003. Det er derfor ikkje naudsynt med ein presisering som gjeld ferietillegget i folketrygdloven § 4-12 tredje ledd. Departementet foreslår å ta ut presiseringa.

5.2 Unntak i folketrygdloven § 22-13 for dagpengar under arbeidsløyse

5.2.1 Innleiing

Departementet foreslår at det uttrykkeleg bør gå fram at reglane om å setje fram krav og etterbetaling etter § 22-13 tredje og sjette ledd ikkje gjeld krav om dagpengar.

5.2.2 Gjeldande rett

Folketrygdloven § 22-13 regulerer generelt fristar for å setje fram krav på trygdeytingar og etterbetaling. Etter første ledd er det eit vilkår for rett til ytingar at det blir sett fram krav. § 22-13 tredje og sjette ledd gjer unntak frå hovudregelen i første ledd, slik at stønad under visse føresetnader også kan gis for tida før det er sett fram krav. Reglar som gjer unntak frå hovudføresetnaden etter kap. 4 om å vere tilmeldt Aetat som arbeidssøkjar og ha sett fram krav om dagpengar, reiser særskilde problem.

5.2.3 Vurderingar og forslag til endringar

I prinsippet gjeld dei generelle reglane i andre kapittel i loven som etter sitt innhald gjeld for dagpengar i kap. 4, med mindre det er gjort uttrykkjeleg unntak eller er gitt særskilde reglar som går framfor meir generelle reglar. Det er ikkje gjort noko eksplisitt unntak for dagpengar i folketrygdloven § 22-13. Derimot må det leggast til grunn at regelen i § 4-9, om at dei som krev dagpengar må ha vore tilmeldt Aetat som arbeidssøkjar for å ha rett til dagpengar, går framfor dei meir generelle reglane i § 22-13. I tillegg må det å setje fram krav i samband med dagpengeordningen, vere eitt av vilkåra for rett til stønad, og vilkåra for ytinga må ha vært oppfylt i den tida det etter § 22-13 er aktuelt å gi etterbetaling for.

Departementet har på dette grunnlaget konkludert med at korkje tredje eller sjette ledd i § 22-13 gir grunnlag for etterbetaling av dagpengar for tida før det er sett fram krav om dagpengar.

Sjølv om ein allereie legg til grunn at § 22-13 ikkje gjeld dagpengar etter kapittel 4, foreslår departementet at dagpengar uttrykkjeleg blir unnatekne i nytt sjuande ledd i § 22-13.

5.3 Terminologiske endringar i folketrygdloven kapittel 4

Arbeids- og administrasjonsdepartementet fastsette i mai 2000 nye eigennamn på arbeidsmarknadsetaten og dei organa som høyrer til etaten. Den nemninga som no blir brukt om arbeidsmarknadsetaten er «Aetat». Nemninga er også gjennomført i lov 10. desember 2004 nr. 76 om arbeidsmarknadstenester som mellom anna regulerer verksemda i Aetat.

Fleire stader i folketrygdloven kapittel 4 er dei gamle nemningane «arbeidskontoret» og «arbeidsformidlingen» framleis nytta.

I folketrygdloven § 4-8, som gjeld meldeplikta, heiter det mellom anna at arbeidssøkjaren må melde seg til «arbeidskontoret» på den måten som «arbeidskontoret» fastset. Slik meldeplikta no er organisert i Aetat, skjer meldinga anten ved at ein sender meldekort eller e-melding over internett til Meldekortsentralen, som er ein del av Aetat Servicesenter i Mo. Det er Aetat Arbeidsdirektoratet som har fastsett melderutinane, og dei lokale kontora kan ikkje fråvike desse rutinane. Dette er i samsvar med den fullmakta som Aetat Arbeidsdirektoratet har til å organisere verksemda etter sysselsetjingsloven.

Departementet meiner at ein bør unngå å seie noko i lovteksten om på kva for eit nivå innanfor Aetat ein skal gjere kva, så lenge Aetat har fullmakt til å bestemme noko anna, jf. ovanfor.

På bakgrunn av dette foreslår departementet at orda «arbeidskontoret» og «arbeidsformidlinga» blir bytta ut med den nøytrale nemninga «Aetat».

Endringane gjeld folketrygdloven §§ 4-8 første ledd, andre ledd andre punktum og tredje ledd, 4-10 femte ledd og 4-20 sjuande ledd.

Til forsida