Ot.prp. nr. 66 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 26. juni 1992 nr. 86 om tvangsfullbyrdelse og midlertidig sikring og andre lover

Til innhaldsliste

10 Utveksling av opplysningar namsmaktene imellom - forholdet til teieplikta

Det har vore eit ynskje frå Statens innkrevjingssentral og dei alminnelege namsmaktene at dei alminnelege namsmaktene gjennom Statens innkrevjingssentral skal få tilgang til registerinformasjon frå andre etatar om skyldnarens inntekts- og formuestilhøve. Det er snakk om ei teknisk vidareformidling av informasjonen. Sakshandsamarar hos SI vil verken ta del i vidareformidlinga eller sjå opplysningane før dei vert vidareformidla. Det er mellom anna aktuelt å vidareformidle opplysningar frå arbeidsgjevar- og arbeidstakarregisteret, trygdeutbetalingsfiler og ulike formuesregister. Nokre av desse registra vil innehalde informasjon som er underlagt teieplikt.

Lovframlegga i proposisjonen her bygger vidare på ein føresetnad om at namsmaktene skal ha tilgang til eit sams sakshandsamingssystem der dei kan gå inn og sjå kva for utleggsforretningar som har vore nedlagt mot ein aktuell skyldnar. Det er då ein føresetnad at namsmaktene uavhengig av teieplikt må ha tilgang på opplysningar om utleggsforretningar frå andre namsmakter.

Spørsmålet er i det følgjande korleis formidling av opplysningar om inntekts- og formuestilhøva til skyldnaren og om dei utleggsforretningar som har vore nedlagt, kan bli avpassa til reglar om teieplikt.

For at andre namsmakter skal kunne søkje etter opplysningar hos Statens innkrevjingssentral, må dei gje opplysningar om den saksøktes namn og personnummer. Det følgjer av tvangsl. § 2-6 at domstollova § 63 a gjeld tilsvarande for dei alminnelege namsmennene og andre som gjer teneste eller arbeid for namsmannen. Domstollova § 63 a andre ledd fastset mellom anna at forvaltningslova §§ 13 til 13 e gjeld tilsvarande. Etter forvaltningslova § 13 b nr. 5 kan eit forvaltningsorgan gje andre forvaltningsorgan opplysningar som er naudsynte for å fremje avgjevarorganets oppgåver etter lov, instruks eller oppnemningsgrunnlag. Etter forvaltningslova § 13 b nr. 2 er teieplikta heller ikkje til hinder for at opplysningane vert brukt for å oppnå det formålet dei er gjeve eller innhenta for. Departementet finn på denne bakgrunnen at det er på det reine at dei alminnelege namsmaktene etter gjeldande rett kan gje opplysning om saksøktes namn og personnummer til Statens innkrevjingssentral for å innhente informasjon om inntekts- og formuestilhøve.

Statens innkrevjingssentral er eit forvaltningsorgan, og teiepliktreglane i forvaltningslova § 13 gjeld for sentralen. Det er tvilsamt om utleveringa av opplysningar om inntekts- og formuestilhøva til skyldnaren frå Statens innkrevjingssentral kan einast med teieplikta i forvaltningslova § 13. Utgjevinga av opplysningar fremmer ikkje Statens innkrevjingssentral sine oppgåver som innkrevjar av visse statlege fordringar. Lovavdelinga i Justisdepartementet meinte difor i ei tolkingsuttale 22. september 2003 at teieplikta hindra innkrevjingssentralen i å formidle teiepliktige opplysningar vidare til andre namsmakter. Det er difor naudsynt med ei særskilt regulering av teieplikta for slik vidareformidling.

Når det gjeld tilgang til opplysningar om utleggsforretningar frå andre namsmakter vurderer departementet det slik at teiepliktreglane som gjeld for den einskilde namsmakta ikkje er til hinder for at opplysningar om forretningane vert utlevert til Statens innkrevjingssentral. Ei utveksling av opplysningar vil dels vere naudsynt for å oppfylle dei enkelte namsmaktene sine oppgåver og dels vil det falle inn under unntaket frå teieplikt for opplysningar om avgjerder som er trefte, jf. forvaltningslova § 13 b første ledd nr. 5. Departementet viser òg til at når det gjeld utleggstrekk er det ein føresetnad for samordning at det må skje ei formidling av opplysningar.

Det kan på den andre sida reisast tvil om Statens innkrevjingssentral kan formidle opplysningane vidare utan hinder av teieplikta. Når ein likevel må ha ein regel som tillet vidareformidling av andre opplysningar, kan ein like godt fjerne eventuell tvil ved å fastsette uttrykkeleg at opplysningar om utleggsforretningar kan vidareformidlast.

Departementet foreslår på denne bakgrunnen eit nytt sjette ledd i straffeprosesslova § 456 som går ut på at Statens innkrevjingssentral kan hente inn og vidareformidle opplysningar både om skyldnaren sine inntekts- og formuesforhold og utleggsforretningar mot skyldnaren. Opplysningane kan då vidareformidlast til andre namsmakter til bruk for deira tvangsfullføring. Føremålet med regelen vil vere at dei andre namsmaktene skal kunne ha fordel av dei tekniske moglegheitene som ligg føre for innhenting av informasjon frå register m.v. hos Statens innkrevjingssentral. Departementet viser til merknadane til paragrafen.

Ikkje alle lokale namsmannskontor har eige utstyr for skanning. Det er difor eit behov for at dei sender innkomne dokument i tvangssaker til Statens innkrevjingssentral for skanning. Etter at dokumenta er skanna, skal berre dei lokale namsmaktene ha tilgang til innhaldet av dokumenta i sakshandsamingssystemet. Dokumenta vil innehalde opplysningar underlagt teieplikt. Etter forvaltningslova § 13 b nr. 2 er teieplikt etter § 13 ikkje til hinder for at opplysningane vert brukt for å oppnå «det formål de er gitt eller innhentet for, bl.a. kan de brukes i forbindelse med saksforberedelse ...». Føresegna gjev heimel for å gje opplysningar til andre organ, når det skjer som eit ledd i saksførebuinga, og kommunikasjonen skjer for å oppnå det føremålet opplysningane er innhenta for. Departementet legg til grunn at når det først er etablert eit samarbeid mellom dei alminnelege namsmennene og Statens innkrevjingssentral om skanning av innkomne dokument i utleggssakar, vil forvaltningslova § 13 b nr. 2 gje tilstrekkeleg heimel for at dei som skal arbeide med sjølve skanninga hos SI, kan sjå innhaldet av dokumenta. Desse sakshandsamarane vil då sjølv ha teieplikt om innhaldet.

Til forsida