Ot.prp. nr. 74 (2001-2002)

Om lov om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportlova)

Til innhaldsliste

11 Administrative og økonomiske konsekvensar av lovforslaget

Lovendringa vil innebere at det vert lettare å finne fram i lovverket. Overføring av ansvaret for godsløyve til fylkeskommunen vil føre til ei viss auka arbeidsmengd i fylkeskommunane, etter som fylkeskommunen då òg vil måtte handsame klagesakene om godsløyve. Ut frå erfaringane med handsaming av klagesaker om godsløyve i departementet, vil den auka arbeidsmengda i den einskilde fylkeskommune som følgje av forslaget likevel bli liten. Som følgje av forslaget om at løyvehavarar skal måtte leggje fram oppdatert politiattest etter ein viss tidsperiode, vil det føre til ei viss auke i arbeidsmengda i fylkeskommunen og for politiet som utferdar attestar. Alternativet etter Rdir. 98/76/EF om endringar i Rdir. 96/26/EF om adgang til yrket som godstransportør og persontransportør på vei, ville eventuelt ha vore ein full løyvegjennomgang minst kvart 5. år, noko som samla sett ville føre til høgre adminstrative kostnader enn det aktuelle framlegget.

Hovudføremålet med å gje høve til bruk av anbod ved tildeling av ruteløyve også i ferjedrifta, er at meir konkurranse om løyva vil kunne spore reiarlaga til meir kostnadseffektiv drift. Høvet til å bruke anbod kan òg ha ein effekt sjølv om anbod ikkje vert nytta. Røynsler frå andre sektorar syner at eit trugsmål om anbod kan verke disiplinerande på reiarlaga. Høvet til å bruke anbod vil truleg ikkje i stor grad påverke arbeidsmengda i Statens vegvesen og fylkeskommunane som administrerer ferjedrifta.

Innføringa av ein rett for transportselskapa sine kontrollørar til å halde tilbake reisande utan gyldig billett i § 33 andre ledd vil føre til ei viss auke i det administrative arbeidet i departementet. Arbeidet vil omfatte godkjenning av vilkår i transportvedtektene om å halde reisande utan gyldig billett tilbake. Departementet meiner at meirarbeidet vil kunne verte utført med dei ressursane som allereie er i departementet.

Til forsida