Ot.prp. nr. 74 (2001-2002)

Om lov om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportlova)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn

Samferdselslova 4.juni 1976 nr. 63 løyveregulerer yrkesmessig vegtransport og persontransport i rute med fartøy. Lova er i store trekk ei vidareføring av tidlegare lov frå 1964. Tidlegare var hovudprinsippet å styre transportfordelinga ved hjelp av reguleringar. Kapasitetsregulering gjennom bruk av ulike løyveordningar (behovsprøving) var eit viktig ledd i denne styringa.

Dei seinare åra har ein gradvis gått bort frå behovsprøving som styringsmiddel. Behovsprøvde løyveordningar har i stor grad vorte erstatta med av kvalitetsprøvde løyveordningar utan kapasitetsavgrensing. Andre rammevilkår for transportnæringa, som m.a. omfattar regelverk om tilsette, trafikktryggleik og kontrollordningar er utforma slik at dei ikkje lenger skaper ulike konkurransevilkår i transportnæringa.

I samsvar med utviklinga har samferdselslova vorte endra ved fleire høve sidan iverksetjinga 10. juni 1977.

På 80-talet vart følgjande løyveordningar oppheva :

  • løyve for hotellvogn

  • løyve for transport med ambulanse

  • løyve for godstransport i rute til sjøs

  • løyve til utleige av motorvogn

  • løyve til formidling av transportoppdrag

  • løyve til samlasting

I tillegg vart behovsprøvinga for løyver for godstransport fjerna.

På 90-talet er behovsprøvinga for turvogn(persontransport med buss utanfor rute) tatt bort og erstatta av ei kvalitetsprøvd autorisasjonsordning tilsvarande som for godstransport. Det er vidare gitt heimel i lova til å kunne nytte anbod ved tildeling av løyve til rutetransport.

Gjennom EØS-avtala er Noreg ein del av den indre transportmarknaden i EØS-området. Såleis har EØS-avtala ikkje berre hatt verknad for internasjonal transport, men har òg ført til store endringar i rammevilkåra for utøving av yrkestransport generelt, t.d. gjennom fastsetjing av felles reglar som skal gjelde for å etablere seg i transportyrket.

Samstundes som det har skjedd endringar i reguleringane har det òg vorte gjort endringar i lova som følgje av omleggingar i forvaltningssystemet, m.a. ved oppretting av fylkeskommunane og overføring av oppgåver som tidlegare låg til departementet.

Samla sett har utviklinga ført til at samferdselslova er blitt uoversiktleg og vanskeleg tilgjengeleg. Det er ønsket om ei klarare framstilling av dei prinsipp som ligg til grunn for lova som har vore avgjerande for at det vert fremja eit utkast til ny lov, framfor å tilpasse ytterlegare endringar i den gamle lovstrukturen. Behovet for materielle endringar i lova har såleis vore mindre, etter som naudsynte tilpasningar har vorte gjort etter kvart, anten i lova eller i forskrifter med heimel i lova.

Likeins som gjeldande lov er den nye lova i stor grad utforma som ei fullmaktslov, ut frå behovet for tilpassingar til endringar i transportmarknaden.

Departementet har vurdert alternative modellar som t.d. eigne lover om ulike slag transportar, om tilgang til yrket, om lov om behovsprød løyve m.v. Ut frå ei totalvurdering av det som er felles for dei ulike løyveordningane, og at omfanget av materielle endringane er beskjedne, meiner departementet at regelverket vil framstå som meir ryddig med ei lov om yrkestransport framfor å splitte opp i fleire lover.

Til forsida