Ot.prp. nr. 74 (2001-2002)

Om lov om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportlova)

Til innhaldsliste

4 Felles transportmarknad i EØS-området

Etter EØS-avtala har Norge forplikta seg til fri utveksling av transporttenester i EØS-området.

Viktige føresetnader for konkurranse i internasjonal transport er m.a. at det er samsvar i vilkåra for å kunne etablere seg i næringa, og at nasjonalt regelverk ikkje diskriminerer ut frå nasjonalitet.

Det er sett minstekrav til vandel, fagleg kompetanse og økonomi for å kunne etablere seg i yrkesmessig godstransport og persontransport med buss. Krava går fram av Rådsdirektiv 26/96/EF med endringsdirektiv 98/76/EF, dagsett 1. oktober 1998.

Regelverket for tilgang til marknaden er gjeve som forordningar, som har karakter av forskrift med lite spelerom for tilpassingar i det nasjonale regelverket.

4.1 Godstransport med motorvogn

Dei sentrale forordningane når det gjeld godstransport er Rfo (EF) nr. 881/92 om marknadstilgang og Rfo (EF) 3318/93 (kabotasje).

Med kabotasje meinast høve til mellombels å utføre innanlandsk transport ( med utanlandsk registrert køyretøy) i eit anna land enn der transportøren høyrer heime.

Dei som fyller krava som er sett for tilgang til yrket i godstransport, har i medhald av dei nemnde forordningane fri tilgang til marknaden i EØS-området, basert på eit særskilt fellesskapsløyve. I prinsippet er godtransporten fullt ut liberalisert, utan særskilt regulering av løyvetalet.

4.2 Persontransport med motorvogn

Regelverk for persontransport er gitt i Rfo (EF) 684/92 om internasjonal busstransport med endringsforordning Rfo (EF) 11/98 og Rfo (EF) 12/98 som erstattar tidlegare Rfo (EF) 2454/92 (kabotasje). Regelverket gjeld persontransport med turvogn og buss, dvs. køyretøy registrert for transport av meir enn 9 personar inkludert førar.

Innafor yrkestransportlova sitt område er det no særleg liberalisering av internasjonal persontransport med buss utanfor rute og utviding av høvet til kabotasje som har innverknad på utforminga av regleverket for innanlandsk transport. Regelverket for kabotasje gjeld formelt sett berre for utanlandske transportørar, og norske transportørar får tilsvarande rettar til å drive transport i EØS-området som transportørar etablert i EØS har i Noreg. I den grad rammevilkåra for å drive kabotasje i Noreg har vore betre enn det nasjonalt regelverk gjev høve til for innanlandsk etablere transportørar, har ein gjennom endringar i forskriftene til samferdselslova tilpassa nasjonalt regelverk for å gje like konkurransevilkår.

I Rfo (EF) 12/98 om kabotasje og Rfo (EF) 11/98 om endringar i Rfo (EF) nr. 684/92 om internasjonal busstransport har ein gått bort frå eit tidlegare komplisert system med omsyn til skiljeliner mellom transport utanfor rute som kan drivast fritt og ruter som treng særskilt løyve.

Rutetransport er definert som transport som:

«sikrar regelmessig transport av passasjerar langs bestemte ruter der passasjerane blir tatt opp og sett av på stoppestader som er fastsette på førehand. Rutetransport skal kunne nyttast av alle, utan omsyn til om det eventuelt må reserverast plass.»

All persontransport som ikkje fell inn under ruteomgrepet skal som hovudregel reknast som transport utanfor rute som kan utførast fritt. Dette gjeld og med tanke på t.d. kabotasje.

Tilrettelegging av parallell eller mellombels transport som tek sikte på same passasjerkretsen som ei eksisterande rute, skal likevel handsamast som rute. (Rfo (EF) 11/98, art 1 nr. 3.1.)

4.3 Sjøtransport

Innan skipsfartsområdet vart Rfo (EF) 3577/92 om retten til å yte sjøtransporttenester innafor medlemsstatane (maritim kabotasje) gjennomført i norsk rett ved endring i juni 1998 i lov av 4. desember 1992 nr. 121 om fri utveksling av tenester innan sjøtransport. Rådsforordninga gir rett for skip heimehøyrande i eit av medlemslanda å transportere passasjerar og /eller gods mellom hamnar i kvar av dei andre medlemslanda. Etter norsk rett har det ikkje vore forbod for utanlandske skip å drive trafikk mellom norske hamner. Slikt forbod gjeld berre skip registrerte i Norsk Internasjonalt Skipsregister (NIS). Den viktigaste verknaden av at forordninga vart innlemma EØS-avtala var for Noreg at skip registrerte i Norsk Ordinært Skipsregister (NOR) fekk tilgang til å yte tenester i den felles indre marknaden.I samband med lovendringa i 1998 vart det vurdert om gjeldande ordning med behovsprøving av løyve for personrutetransport med fartøy etter samferdselslova kunne vere i strid med forordninga om fri rett til yting av sjøtransporttenester. Det vart konkludert med at løyveordninga ikkje var i strid med forordninga. Ved vurderinga vart det lagt vekt på at den behovsprøvde løyveordninga ikkje har krav om nasjonalitet og såleis ikkje er diskriminerande. Det er dessutan fleire viktige unntak frå kravet om løyve, m.a. gjeld det alle former for godstransport med fartøy, persontransport med fartøy utanom rute og alle rutegåande passasjerfartøy mellom Noreg og utlandet, her medrekna innanlandstransport mellom norske hamner som del av ei slik utanlandsrute. Det særeigne topografi- og busetnadsmønsteret i Noreg gjer det dessutan naturleg med ei likearta regulering av den innanlandske rutegåande sjøtransporten og landtransporten. Båt- og ferjeruter er viktige delar av den almenne kollektivtransporten i Noreg til og frå øysamfunn og for kryssing av fjordar.

I framlegget til ny lov er gjeldande ordning med behovsprøvd løyve for personrutetransport med fartøy vidareført, med eit nytt unntak frå kravet om slikt løyve. Dette gjeld fartøy i rutefart som driv godstransport og tar med eit avgrensa tal passasjerar utan krav om eige passasjersertifikat etter sjøfartslovgivinga.

I forhold til hovudspørsmålet om ei slik regulering er i samsvar med forordninga, er det såleis ikkje etter departementet si vurdering grunnlag for eit anna standpunkt i dag. Praktiseringa av Rfo (EF) 3577/92 er relativt ny innafor EU. I lys av rettsutviklinga gjennom avgjerder i domstol og tolkingar elles frå Kommisjonen, kan spørsmålet om løyveordninga i framtida måtte vurderast på nytt.

4.4 Offentleg støtte

Gjennom EØS-avtala er Noreg også bunden opp av generelle reglar om offentleg støtte som og får verknad for reguleringsområdet etter denne lova. Etter artikkel 61 i EØS-avtala er det fastsett eit generelt forbod mot konkurransevridande offentleg støtte. Forbodet er sektorovergripande. Det er vidare gitt eigne reglar for transportverksemd i Artikkel 47-52. Desse har forrang på sitt felt i høve til dei generelle reglane ved overlappande regulering. Etter artikkel 49 reknast støtte som svarar til behov for samordning av transportar, eller som er godtgjering for plikter i samanheng med offentleg teneste, som lovleg.

Sjølve EØS-avtala er teken inn i lov av 27. november 1992 nr. 109. Det er vidare gitt ei eiga lov 27. november 1992 nr. 117 om offentleg støtte. Reglane føreset at tilskottsordningane innan transportsektoren er utforma og blir praktisert slik at det ikkje blir gitt overkompensasjon i høve til dei tenestene som er avtala/pålagde. Eventuell overkompensasjon kan krevjast tilbakebetalt etter regelverket. Ved bruk av anbod vil ein til vanleg kunne rekne med at ordninga ikkje vil kome i strid med regelverket. Der anbod ikkje vert nytta, vil spørsmålet om det ligg føre ein overkompensasjon og dermed ulovleg støtte kunne kreve nærare dokumentasjon om dei økonomiske tilhøva.

Til forsida