Ot.prp. nr. 76 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 4. desember 1992 nr. 127 om kringkasting

Til innhaldsliste

5 Oppheving av ordninga med tvisteløysingsorgan i visse typar saker

5.1 Gjeldande rett

Kringkastingslova § 4-6 inneheld reglar om klage m.v. på vedtak som gjeld vidaresending av kringkasting i kabelnett.

§ 4-6 første ledd inneheld for det første reglar om klagerett som i hovudsak er dei same som finst i forvaltningslova § 28 første ledd. Det gjeld typisk den klageretten ein kabeleigar har i høve til enkeltvedtak som Medietilsynet gjer etter § 4-5 om forbod mot vidaresending av visse kanalar. Abonnentane vil òg ha rettsleg klageinteresse etter forvaltningslova i høve til mange av dei enkeltvedtaka Medietilsynet gjer i medhald av kapittel 4.

§ 4-6 første ledd inneheld også ei form for konfliktløysingsordning for dei tilfella der abonnentar og kabeleigar eller den som disponerer kabelnettet ikkje blir samde om programtilbodet i nettet etter § 4-4, jf. Ot.prp. nr. 53 (1987-88) Lov om kabelsendingar. Dei vala som kabeleigar gjer av kringkastingssendingar i nettet er ikkje vedtak etter forvaltningslova, men det er høve for abonnentar å klaga på valet kabeleigar har gjort. Bruken av omgrepet vedtak i § 4-6 første ledd kan derfor verka forvirrande. Medietilsynet har eit generelt ansvar for å sjå til at kabeleigarar og abonnentar følgjer kringkastingsregelverket, m.a. reglane om plikt til vidaresending og val av kringkastingssendingar. Ein del av dette tilsynet inneber ei plikt til å sjå til at kabeleigar presenterer eit breitt programtilbod som grunnlag for valet, og at framgangsmåten for valet sikrar reelle val for abonnentane. Abonnentar som meiner at kabeleigar har brote reglane om abonnementsval, kan uavhengig av føresegna i § 4-6 første ledd be Medietilsynet ta saka opp med kabeleigar.

5.2 Framlegg om å oppheva § 4-6 i høyringsnotatet

Det er ei svært omfattande og vanskeleg oppgåve å ta stilling til usemje om eit abonnementsval, t.d. der eit mindretal meiner at interessene deira er underkjent av fleirtalet, men der valet er gjennomført i samsvar med regelverket. Departementet ser ikkje dette som ei naturleg oppgåve for Medietilsynet og gjorde i høyringsnotatet framlegg om å oppheva denne føresegna. For å sikra at abonnementsvalet skjer i samsvar med regelverket gjorde departementet framlegg om at det blir innført ein heimel til å påleggja kabeleigar eller den som disponerer kabelnettet å gjennomføra eit nytt abonnementsval i dei tilfella der reglane ikkje er følgde. Den naturlege plasseringa av ein slik heimel er i § 4-4.

§ 4-6 andre ledd slår fast at partar skal retta seg etter vedtak som Medietilsynet gjer. Denne føresegna inneheld ingenting i tillegg til det som gjeld generelt.

Departementet meinte derfor at regelen ikkje trengst.

§ 4-6 tredje ledd gjev Kongen heimel til å gje nærmare reglar om klagebehandling. Departementet såg ikkje behov for spesielle reglar for klagebehandlinga i tillegg til dei føresegnene som kan bli gitt med heimel i forvaltningslova. Det vart derfor gjort framlegg om å oppheva denne føresegna.

På denne bakgrunn gjorde departementet i høyringsnotatet framlegg om å oppheva kringkastingslova § 4-6.

5.3 Høyringsmerknader

Seks høyringsinstansar ( Forbrukarrådet, Norsk Kabel-TV Forbund, Nærings- og handelsdepartementet, Samferdsledepartementet, Telenor og Statens medieforvaltning)har spesielle merknader til dette framlegget. Samferdsledepartementet og Statens medieforvaltning stør framlegget. SMF peika på at omsynet til praktisering av framlegget krev konkret regulering av abonnentval i forskrift. Det same nemner Nærings- og handelsdepartementet i si høyringsfråsegn.

Norsk Kabel-TV Forbund (NKTF) vurderer framlegget som ei skjerping av dagens regelverk, og går imot framlegget. Dette gjeld særleg at Medietilsynet skal kunna gi pålegg om gjennomføring av nytt abonnementsval utan at det ligg føre klage frå abonnent. NKTF meiner framlegget forsterkar den reguleringsmessige ubalansen mellom ulike teknologiar, i strid med det teknologinøytrale målet som mange av framlegga byggjer på. Anten må regulering av abonnentval gjelda for alle plattformer eller for ingen. Kostnader med gjennomføring av abonnentval gjer at kabeldistribusjon kjem i ein ugunstig kostnadsmessig situasjon i forhold til distribusjon over satellitt, IP og bakkenett. NKTF meiner på denne bakgrunn at alle plattformer må ha fridom til å forma sine programtilbod på kommersielt grunnlag.

Telenormeiner framlegget er problematisk all den tid reglane for kanalval er uklare og at departementet heller burde, saman med aktørane, arbeida fram klarare retningslinjer for korleis kanalval skal skje. Ein regel om førehandsgodkjenning av planar for gjennomføring av kanalval er etter Telenors vurdering betre enn framlegget om heimel til å krevja omval.

5.4 Departementets vurdering

Departementet sluttar seg til dei høyringsinstansane som har peika på at det er nødvendig med klarare reglar om abonnementsval og at dei skal fastsetjast i forskrifts form. Pålegg om gjennomføring av nytt abonnementsval er ei alvorleg sak, og fråviket frå reglane bør stå i høve til inngrepet. Reine bagatellar skal ikkje kunna føra til nytt abonnementsval. Forbrukarrådet opplyser i si høyringsfråsegn at det får ei rekkje klager frå forbrukarar i samband med gjennomføring og implementering av kanalval i kabelnett. Mange abonnentar som vender seg til Forbrukarrådet opplever liten reell valfridom i høve til val av fjernsynstilbodet. Departementet er samd med Forbrukarrådet i at framgangsmåten for kanalval faktisk skal sikra at abonnentane har reelle val.

Reglar om abonnementsval gjeld berre for kabelnett. I Ot. prp. nr. 107 (2001-2002) kommenterte departementet Konvergensutvalet sitt forslag om å oppheva abonnementsvalordninga. Departementet foreslo at ordninga vart vidareført. Stortinget hadde ikkje innvendingar til dette standpunktet. Departementet vil òg peika på at fleire av dei som er tilknytta kabelnett ikkje kan få eit fleir-kanal-tilbod på nokon annan måte enn gjennom kabelen, t.d. på grunn av bygningsmessige restriksjonar. Abonnentanes innverknad på kanal-utvalet blir då viktig.

Dei fleste avvika frå reglar om abonnementsval vil bli kjende gjennom klager til Medietilsynet. Det normale vil såleis vera at Medietilsynet reagerer på klager. Det må likevel kunna reagerast i somme tilfelle sjølv om det ikkje ligg føre klage om Medietilsynet sjølv oppdagar klare brot.

Departementet vil utarbeide meir detaljerte reglar om abonnementsval før ordninga med at Medietilsynet kan påleggja omval blir tatt i bruk. Dei nye reglane bør vera enkle å praktisera for kabeleigarane og gjera valet reelt og lettfatteleg for abonnentane. Reglane bør m.a. seia noko om den praktiske framgangsmåten for val, representativitet blant veljarane, korleis kanalane i valet skal veljast ut og det minste talet kanalar ein kan velja blant. Det bør òg vera ei vurdering av om det skal vera ulike framgangsmåtar for abonnementsval for analoge og digitale kabelnett på grunn av at det i digitale kabelnett i større grad kan vera teknisk mogeleg å gi abonnentane dei kanalane dei ynskjer. Slike reglar må på ei særskilt høyring og deretter fastsetjast i forskrifta til lova. Departementet har derfor ikkje funne grunnlag for å endra det framlegget til lovendring som vart presentert i høyringsnotatet.