Ot.prp. nr. 76 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 4. desember 1992 nr. 127 om kringkasting

Til innhaldsliste

6 Økonomiske og administrative konsekvensar

Framlegga har små administrative eller økonomiske konsekvensar. Dei fleste av dei nye reglane vil berre bli brukt om det ligg føre brot på kringkastingsregelverket. Reglane vil som no bli administrerte av Medietilsynet. Etter departementets vurdering er det ikkje behov for auke i Medietilsynets administrasjon på grunn av framlegga. Det er heller ikkje behov for auke i utgiftsramma for institusjonen på grunn av framlegga.

For dei kringkastingsformidlarane som blir omfatta av framlegget til nytt andre ledd i § 4-5 kan framlegget innebera at dei må etablera noko utvida kontrollrutinar for kringkastingsinnhaldet dei formidlar.