Ot.prp. nr. 76 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 4. desember 1992 nr. 127 om kringkasting

Til innhaldsliste

7 Merknader til dei einskilde paragrafane

Til § 1-1 femte ledd

Definisjonen ligg nær opp til definisjonen av skjult reklame i artikkel 1 bokstav d i TV-direktivet. Opprekninga i første setning ( «vare, tjeneste, sak eller ide») er lik opprekninga i reklamedefinisjonen i § 1-1 fjerde ledd og er meint å dekkja det som ein produsent eller leverandør kan ha kommersiell interesse i å marknadsføra. Definisjonen av skjult reklame i framlegget vil byggja på tre kriterium: framvisinga må vera tilsikta, framvisinga må ha ein marknadsførande effekt, og den må vera egna til å villeia publikum med omsyn til om det er eit tilsikta marknadsførande innslag. Det siste momentet tilseier at vurderinga er strengare i barneprogram, sidan barn er mindre røynde i å oppfatta om eit innslag kan vera gjort ut frå marknadsføringshensikter. I vurderinga av om eit innslag er skjult reklame vil Medietilsynet òg kunna leggja vekt på om presentasjonen av eit produkt, teneste m.v. er overdriven eller påfallande i samanhengen.

Det er ikkje eit krav om at presentasjonen skal skje mot vederlag for at det skal reknast som skjult reklame. På dette punktet skil definisjonen seg frå definisjonen av reklame i fjerde ledd. Om den marknadsførande framvisinga skjer mot betaling eller anna vederlag er det særleg grunn til å rekna den som skjult reklame. Dette vil vera brot på reglane om at reklame skal vera annonsert, jf. lova § 3-2 og forskrifta § 3-9. I forhold til reklame for livssyn og politiske bodskap er det framleis berre reklame etter § 1-1 fjerde ledd som skal råkast, jf. § 3-1 tredje ledd, og eventuelle brot på krava om at reklamen skal vera annonsert. Medietilsynet må leggje vekt på i kva grad det er sannsynleg at reglane er brotne. Definisjonen vil òg dekkja slike marknadsførande innslag i program som kringkastaren sjølv ikkje har produsert. I praksis vil Medietilsynet vere meir varsame med å slå ned på slike innslag i program som ikkje er produsert etter bestilling frå kringkastaren eller der kringkastaren på annan måte har kunna påverka produksjonen. Filmar som ikkje fyrst og framst er produsert for fjernsynvising og innslag der kringkastaren ikkje har kunna veta at det er skjult reklame fell utanfor.

Til § 2-2

Endringa skal sørgje for at omgrepet lokalkringkastingerstattar det tidlegare brukte nærkringkasting i heile lova. Vidare blir referansen til den tidlegare lov 23. juni 1995 nr. 39 om telekommunikasjon endra til referanse til lov 4. juli 2003 nr. 83 om elektronisk kommunikasjon, som har erstatta telelova.

Til § 3-3

Føresegna er ny i lova og finst i dag i kringkastingsforskrifta. Føresegna gjeld både for sponsa og andre program og både for radio- og fjernsynssendingar. Den nye regelen byggjer på omsyna til å skilja redaksjonelt stoff og innslag som er marknadsføring overfor publikum. Sjå merknaden til nytt femte ledd i § 1-1 om handheving m.v.

Til § 3-4

Endringa i tredje ledd skal presisere at salsfremjande omtale av dei nemnde produkta og tenestene er eit kvalifisert døme på oppmuntring til kjøp eller leige av sponsors eller tredje parts varer eller tenester. Dette er i tråd med slik Statens medieforvaltning (no Medietilsynet) har praktisert regelen.

Til § 3-5

Denne føresegna er flytta frå kringkastingsforskrifta til lova. Den er eit unntak frå forbodet mot skjult reklame i § 3-3 og mot salsfremjande omtale eller framvising av produkt i sponsa program i § 3-4. Føresegna gjeld såleis både sponsa og andre program. Det er eit legitimt behov for kringkastarar å kunna presentera premiar i program som inneheld det, men det er sett grenser for omfanget av presentasjonen og gjevar av premien.

Til § 4-4 tredje ledd

Kringkastingssending er meint å dekkja alle sendingar som definisjonen av kringkasting og lokalkringkasting i lova § 1-1 femner om. Medietilsynet skal ved brot på reglane om gjennomføring av abonnementsval ha høve til krevja nytt val. Det er føresett at det skal utarbeidast nærmare reglar om abonnementsval i kabelnett før den nye heimelen kan takast i bruk. Det vil liggja ei skjønnsmessig vurdering til grunn for ei avgjerd om nytt val skal krevjast eller ikkje. Vurderinga vil skje etter dei nye og meir presise reglane om abonnementsval som skal utformast. Desse reglane skal gjera det klarare for kabeleigar og abonnentar kva for absolutte krav som må oppfyllast. Dei nye reglane om abonnementsval vil gå på ei særskilt høyring før dei blir fastesette i forskrift til lova. Vedtak om omval kan påklagast etter reglane i forvaltningslova. Kraftig innsnevring i informasjonsfridomen, jf Den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 10, bør normalt føra til omval. Reine detaljar bør ikkje føra til omval.

Til § 4-5

Innleiingsvis i første ledd er det presisert at eventuelle forbod skal gjerast anten i forskrift eller ved enkeltvedtak. Tillegget i første ledd bokstav b gjer at Medietilsynet skal kunne forby vidaresending av program frå andre land når programma innhaldsmessig klart ville ha vore forbode etter lova § 2-7, jfr. artikkel 22 nr. 1 i direktivet og § 2-5 i forskrifta. Regelen byggjer på artikkel 2a nr. 2 i TV-direktivet. Vurderinga av innhaldet i sendingane vil i utgangspunktet vere lik den som Medietilsynet allereie praktiserer etter § 2-7. I tillegg kravst at brotet er «åpenbart, vesentlig og alvorlig». Det vil i praksis seie at det først og framst er sendingar i strid med forboda mot pornografi og valdsskildringar i straffelova som vil bli stansa. Sendingar frå vedkomande kringkastar må òg ha vore i strid med artikkel 22 nr. 1 minst to gonger dei siste tolv månadene før Medietilsynet kan starte ein stansingsprosedyre, jf. artikkel 2a nr. 2 bokstav b og forskrifta § 4-5.

Innretningar og tenester i andre ledd gjeld slike som har til formål å gjera ulovleg programinnhald tilgjengeleg. Det skal ikkje ramma innretningar og tenester som har til formål å formidla lovleg programinnhald. Det inneber i praksis at ulovlege kanalar må takast ut av tilgangskort som er for sal, og at det ulovlege programinnhaldet ikkje kan nyttast i marknadsføringa av korta. Medietilsynet skal alltid sikre at vedtak om forbod er proporsjonale. Det skal derfor vurderast om det er mogeleg å stanse formidling berre av dei ulovlege programma og ikkje heile kanalar, slik praksis i dag er når det gjeld stansing av vidaresending i kabelnett.

Til § 10-1

Verkeområdet for straff er kraftig redusert i forhold til gjeldande § 10-1. Straff skal berre nyttast for brot på reglar i lova som vernar særs viktige interesser. Dessutan skal berre grove eller gjentekne brot på reglane forfylgjast med straff. Svært kortvarige brot på reglane skal ikkje straffast, med mindre brota tek seg oppatt. Sidan departementet legg til grunn at gebyr er å rekna for straff etter EMK art. 6 kan regelbrot som er sanksjonert med gebyr ikkje også føre til straff etter § 10-1.

Til § 10-2

Verkeområdet for åtvaring er utvida til også å femna om andre som er ansvarlege etter lova enn dei som har rett eller er gitt konsesjon til kringkastingstilknytta verksemd etter §§ 2-1 og 2-2. Dette skal gjere det klårt at òg kabeleigar, forhandlar av fjernsynsmottakar m.v. kan få åtvaring når desse bryt plikter dei har etter lova.

Til § 10-3

Dei føresegnene det kan vera aktuelt å nytta gebyr for brot på er presiserte i lovteksten. Verkeområdet for gebyr er utvida i forhold til gjeldande føresegn, noko som delvis har samanheng med innskrenking av verkeområdet for straff. Vedtak om gebyr kan det klagast over, og det kan også takast inn for domstolane. Vedtak om gebyr reknast for straff i høve til EMK art. 6. Dei særskilde sakshandsamingskrava som dette medfører er det gjort greie for i kap. 2.

Til § 10-4

Første ledd fastset kva for føresegner det kan vera aktuelt å nytta tvangsmulkt i høve til. Tvangsmulkt skal fremje oppfylling av plikter som er fastsette i eller i medhald av lova. Ved bruken av heimelen til å fastsetje tvangsmulkt vil Medietilsynet leggje vekt på at det er klart kva for handlingar plikta omfattar etter den enkelte regel.

Tvangsmulkta blir gitt den som etter den enkelte regel har ansvaret for at han blir etterlevd. Til dømes vil den juridiske personen som har fått konsesjon etter lova § 2-1 vera ansvarleg for at konsesjonsvilkåra blir oppfylt. På same vis vil den enkelte kringkastar vere ansvarleg for at reklamen og sponsinga i sendingane hans er i tråd med kap. 3 i lova. Kabeleigar eller den som disponerar det aktuelle kabelnettet vil vera den ansvarlege for at reglane i t.d. § 4-4 blir oppfylt. Føremålet med tvangsmulkta er å vera eit pressmiddel og dermed sikra at pliktene som relaterer seg til føresegnene blir oppfylte.

Andre ledd definerer kva type mulkt som kan gjevast og kva tid tvangsmulkta skal verka. Medietilsynet kan i kvart enkelt tilfelle utsetje iverksettinga av vedtaket om tvangsmulkt etter forvaltningslova § 42, t.d. om vedtaket blir påklaga.

Fjerde ledd gir Medietilsynet høve til å redusera eller å fråfalla gjeven mulkt. Det kan til dømes ha skjedd noko etter vedtaket om tvangsmulkt som gjer det urimeleg å oppretthalda mulkta fullt ut. Det kan også skje at ei tvangsmulkt ikkje er avgrensa i tid eller storleik, og at det etter ei samla vurdering, der lang tid, høg sum, framferda til den betalingspliktige, om vedkomande har tent på ikkje å oppfylla plikta og andre moment kan gjera det aktuelt å redusera mulkta om sterke grunnar taler for det.